{"id":5580,"date":"2025-08-12T05:49:45","date_gmt":"2025-08-12T05:49:45","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/5580\/"},"modified":"2025-08-12T05:49:45","modified_gmt":"2025-08-12T05:49:45","slug":"sogndal-arbeidsliv-deloitte-sogndal-blir-del-av-nytt-nasjonalt-selskap","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/5580\/","title":{"rendered":"Sogndal, Arbeidsliv | Deloitte-Sogndal blir del av nytt nasjonalt selskap"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Me vil vera dei same folka og ha den same kompetansen, men me f\u00e5r nytt namn, fortel Gunn Irene Sviggum Bruheim. Ho er Partner og kontorleiar p\u00e5 Deloitte-kontoret i Sogndal.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag vart det klart at Deloitte sel delar av verksemda si i Noreg til Cedra Noreg, inkludert 13 regionkontor og 290 tilsette.<\/p>\n<p>Deloitte er eit globalt konsulent- og revisjonsselskap som tilbyr tenester innan revisjon, skatt, r\u00e5dgjeving, risiko og finansielle tenester. No planlegg selskapet alts\u00e5 \u00e5 selja og skilja ut 13 regionkontor i Noreg \u2013 blant dei kontoret i Sogndal \u2013 til det nyetablerte r\u00e5dgjevings- og revisjonsselskapet Cedra Noreg, if\u00f8lgje ei pressemelding.<\/p>\n<p>Blir med vidare<\/p>\n<p>Alle dei tilsette p\u00e5 kontoret i Sogndal blir med vidare, og Geir Andre Helle held fram som regionleiar, heiter det vidare i pressemeldinga.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er bra for dei tilsette, for kundane og for n\u00e6ringslivet, seier Helle, som er regionleiar for kontora i Sogn og Fjordane med 28 tilsette, til Sogn Avis.<\/p>\n<p>Han seier kundane ikkje vil merka noko til endringa.<\/p>\n<p>\u2013 Dei vil m\u00f8ta dei same personane, fordi dei tilsette blir med over.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4500\" height=\"3136\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/IMG_8241.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4500 \/ 3136;\"\/><\/p>\n<p>    Geir Andre Helle er regionleiar for kontora i Sogn og Fjordane.<br \/>\n    Foto: Ina Christin L\u00f8vseth\/Firda\n  <\/p>\n<p>  Fr\u00e5 globalt til lokalt<\/p>\n<p>Men for dei tilsette blir det nokre endringar.<\/p>\n<p>\u2013 Me vil merka at me g\u00e5r fr\u00e5 og vera eit av verdas st\u00f8rste konsulentselskap, med over ein halv million tilsette p\u00e5 verdsbasis og strenge retningslinjer, til \u00e5 kunne tilpassa oss kundane lokalt. Det som passar globalt, passar ikkje alltid like godt lokalt. Me vil f\u00e5 nye system, utvikla retningslinjer og program som passar v\u00e5re lokale kundar. Eg trur det blir veldig bra og er veldig positiv.<\/p>\n<p>Bruheim i Sogndal er ogs\u00e5 positiv. <\/p>\n<p>\u2013 Me ser viktigheita av det som skjer og regulatoriske forhold. I staden for \u00e5 jobba mot det globale, kan me no jobba mot det lokale og skreddarsy eit opplegg for sm\u00e5- og mellomstore bedrifter. Me skal framleis ha store bedrifter, men me treng ikkje \u00e5 forhalda oss til strenge reglar globalt.<\/p>\n<p>      Store ambisjonar<\/p>\n<p>Cedra er ein ny akt\u00f8r med store ambisjonar. I pressemeldinga heiter det at m\u00e5let er \u00e5 bli marknadsleiande innan revisjon og r\u00e5dgjeving for sm\u00e5 og mellomstore bedrifter i Noreg og Norden. Selskapet f\u00e5r solid ryggrad med svenske Adelis Equity p\u00e5 eigarsida, som tidlegare i \u00e5r etablerte Cedra i Sverige med over 500 tilsette. Framleis vil lokale partnarar vera medeigarar i det nye selskapet.<\/p>\n<p>\u2013 Me ser positivt p\u00e5 \u00e5 utvikla v\u00e5r marknad og har eit positivt inntrykk av dei me skal samarbeida med, seier Bruheim, og legg til at endringane i verda krev omstilling.<\/p>\n<p>\u2013 Det krev enorm raskt teknologisk utvikling. Verda er i rask endring og me m\u00e5 henga med p\u00e5 det som skjer.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"543\" height=\"426\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/Skjermbilde+2025-08-11+195259.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 543 \/ 426;\"\/><\/p>\n<p>    Gunn Irene Sviggum Bruheim er Partner p\u00e5 Deolitte-kontoret i Sogndal.<br \/>\n    Foto: Wenche Schanke Eikum\/arkiv\n  <\/p>\n<p>  \u2013 Me gler oss<\/p>\n<p>Deloitte-kontoret i Sogndal har mellom 8 til 10 tilsette. Bruheim fortel at dei fekk vita om kj\u00f8pet m\u00e5ndag.<\/p>\n<p>\u2013 Dei tilsette har vore veldig positive.<\/p>\n<p>Avtalen med Cedra Noreg er mellom anna avhengig av godkjenning fr\u00e5 konkurransestyresmaktene og er venta gjennomf\u00f8rt i fjerde kvartal 2025.<\/p>\n<p>\u2013 Me gler oss til fortsettelsen, og skal halda fram med det gode arbeidet, kanskje enno betre enn det me har vore.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-383273\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/Leiinga+1.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Her er alle sjefane kvinner \u2013 for nokre \u00e5r sidan var stoda ei heilt anna: \u2013 Eg jobba berre med menn i 15 \u00e5r\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Me vil vera dei same folka og ha den same kompetansen, men me f\u00e5r nytt namn, fortel&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5581,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[465,36,60,61,62,30,28,29,1029],"class_list":{"0":"post-5580","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-naeringsliv","8":"tag-arbeidsliv","9":"tag-art","10":"tag-business","11":"tag-economy","12":"tag-naeringsliv","13":"tag-no","14":"tag-norge","15":"tag-norway","16":"tag-sogndal"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5580","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5580"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5580\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5581"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5580"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5580"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5580"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}