{"id":57471,"date":"2025-10-10T16:55:15","date_gmt":"2025-10-10T16:55:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/57471\/"},"modified":"2025-10-10T16:55:15","modified_gmt":"2025-10-10T16:55:15","slug":"dette-er-voldsomme-saker","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/57471\/","title":{"rendered":"\u2013 Dette er voldsomme saker"},"content":{"rendered":"\n<ul class=\"_list_o9xde_3 _list_64s2r_85 _unordered_o9xde_106 text-sans-m\">\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Rotteproblemet rundt Stortinget har eskalert og blitt en snakkis blant politikerne.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Politikere som Maren Gr\u00f8the og Bengt Fasteraune deler personlige opplevelser med gnagerne.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Stortinget har intensivert overv\u00e5kning og patruljering for \u00e5 h\u00e5ndtere problemet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Vis mer <\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ein treng ikkje vere David AttenboroughDavid AttenboroughLegendarisk britisk kringkastar, biolog, naturhistorikar og forfattar. 99 \u00e5r. Han vart f\u00f8rst framtredande  som programleiar for Zoo Quest i 1954, og filmografien hans som forfattar, programleiar og forteljar har strekt seg over \u00e5tte ti\u00e5r. Den inkluderer ni naturdokumentarseriar. for \u00e5 f\u00e5 auge p\u00e5 rottene rundt Stortinget. Berre p\u00e5 ein vanleg torsdag f\u00f8remiddag to dagar for Stortinget si h\u00f8gtidelege opning &#8211; aula det av store- og noko mindre rotter &#8211; bak kiosken i Spikersuppa.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_o9xde_25\">\u2013 Det er ikkje veldig hyggjeleg n\u00e5r du skal p\u00e5 jobb, og det spring rotter rundt f\u00f8tene dine, seier Maren Gr\u00f8the (Sp) til VG.<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho er ein av mange nye stortingsrepresentantar. Gr\u00f8the kan med sj\u00f8lvsyn konstatere levande rotter b\u00e5de framom Eidsvoll plass ved Stortinget og lenger oppover mot Slottet.<\/p>\n<p><img alt=\"OSLOROTTE: D\u00f8me p\u00e5 ei rotte - fotografert torsdag f\u00f8remiddag bak kiosken i Spikersuppa rundt hundre meter fr\u00e5 Stortinget sin hovudinngang.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"938\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/8e82225e-e2f8-4ca1-9185-9294e66a0f53\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"1374\"\/>OSLOROTTE: D\u00f8me p\u00e5 ei rotte &#8211; fotografert torsdag f\u00f8remiddag bak kiosken i Spikersuppa rundt hundre meter fr\u00e5 Stortinget sin hovudinngang.  Foto: Helen Wesnes \/ VG<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Gr\u00f8the (24) takka ja til ein liten rotterunde med VG.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho fortel at rotte-populasjonen ved nasjonalforsamlinga har blitt ein snakkis p\u00e5 Stortinget.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">D\u00e5 Sp si partigruppe hadde morgonm\u00f8te torsdag denne veka, kom Gr\u00f8the si partifelle Bengt Fasteraune (61) med ei rottehistorie som ga sj\u00f8lv robuste Sp-folkevalde bakoversveis.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">D\u00e5 VG bad om det, kom Fasteraune utan ugrunna opphald rett ut fr\u00e5 kontoret  sitt for \u00e5 rekonstruere rotte-opplevinga si fr\u00e5 tidlegare i haust.<\/p>\n<p>Rotta i slusa<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_o9xde_25\">\u2013 Eg var slik halvsl\u00f8v p\u00e5 morgonen. Akkurat d\u00e5 eg hadde kome inn i slusa ved inngangen til Stortinget, s\u00e5 s\u00e5g eg at det var ei rotte der. D\u00e5 tenkte eg: F&#8230;, kva gjer du no, liksom?<\/strong> <\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 D\u00e5 gjekk eg inn p\u00e5 Stortinget. Men s\u00e5 tenkte eg at eg kan jo ikkje late den rotta st\u00e5 att i slusa. S\u00e5 gjekk eg inn i slusa igjen &#8211; og d\u00e5 d\u00f8ra opna seg s\u00e5 fekk eg vippa den ut med skotuppen. D\u00e5 havna den nede i trappa og ut p\u00e5 gata her, fortel den robuste stortingsrepresentanten fr\u00e5 Dovre medan han demonstrerar og gestikulerar med b\u00e5de armar og f\u00f8ter.<\/p>\n<p><img alt=\"M\u00d8TTE ROTTE: Sp-politikar Bengt Fasteraune (61) oppdaga at ei rotte hadde blitt med han inn i den strengt vakta inngangsslusa (bak) til Stortinget - heilt utan kort og kode.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"8640\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/a0a4d86c-858d-4028-a49d-1ef72023429a\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"5760\"\/>M\u00d8TTE ROTTE: Sp-politikar Bengt Fasteraune (61) oppdaga at ei rotte hadde blitt med han inn i den strengt vakta inngangsslusa (bak) til Stortinget &#8211; heilt utan kort og kode.  Foto: Helen Wesnes \/ VG<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Like ved inngangen p\u00e5 baksida av Stortinget i Akersgata &#8211; er det sett ut to store rottefeller. <\/p>\n<p>Patruljering<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Det er iverksett dagleg patruljering ved alle inngangspartia samt p\u00e5 Eidsvolls plass og Wessels plass for \u00e5 overvake rottene, f\u00e5r VG vite av gruppeleiar Bj\u00f8rn Erik Rustad i seksjon for eigedomsdrift i Stortinget sin administrasjon.<\/p>\n<p><img alt=\"TILTAKA: Rottefelle langs ytterveggen av Stortinget i Akersgata.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5760\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/17d15cec-edcc-4aab-aa1e-e6b6799097d0\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8640\"\/>TILTAKA: Rottefelle langs ytterveggen av Stortinget i Akersgata.  Foto: Helen Wesnes \/ VGStortinget sine tiltak<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 _paragraph_16v91_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Stortinget\u00a0har etablert eit f\u00f8rebyggande system for skadedyrkontroll:<\/p>\n<ul class=\"_list_o9xde_3 _list_xtcu6_9 _list_16v91_9 _unordered_o9xde_106 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Dagleg tilsyn av Eidsvoll plass og Wessels plass samt ved inngangspartia.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Ofte t\u00f8mming av s\u00f8ppelb\u00f8tter minimerer lukt og tilgjengeleg mat for\u00a0rotter.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Kort responstid ved tilgrising, daglege inspeksjonsrundar.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Vi har ein fast avtale med profesjonelt skadedyrfirma med f\u00f8rebyggande tiltak.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Det er utplassert feller og \u00e5testasjonar b\u00e5de innand\u00f8rs og utend\u00f8rs, som blir inspisert jamnleg.<\/li>\n<li class=\"_item_o9xde_30\">Bygningane blir haldne tette.<\/li>\n<\/ul>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 _paragraph_16v91_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Desse tiltaka har bidrege til at det enno ikkje er registrert problem med\u00a0rotter\u00a0inne i bygningsmassen.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 _paragraph_16v91_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">(Kjelde: Gruppeleiar Bj\u00f8rn Erik Rustad i seksjon for eigedomsdrift i Stortinget sin administrasjon.)<\/p>\n<p>Vis mer<img alt=\"\u2013 EKKELT: Maren Gr\u00f8the (24) kjem sj\u00f8lv fr\u00e5 gard, og har ein katt som tek mus. Men rotter er eklare, meiner ho.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4699\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/f493bba0-fbd5-474a-a3b6-9480d2abfa05\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"6265\"\/>\u2013 EKKELT: Maren Gr\u00f8the (24) kjem sj\u00f8lv fr\u00e5 gard, og har ein katt som tek mus. Men rotter er eklare, meiner ho.  Foto: Helen Wesnes \/ VG<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Maren Gr\u00f8the debuterer med fast stortingsplass. Ho meiner det st\u00e5r respekt av Fasteraune si handlekraft d\u00e5 han fekk stogga inntrengaren.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">B\u00e5de ho og den meir r\u00f8ynde Sp-representanten tykkjer rotter er ekle dyr.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_o9xde_25\">\u2013 Det er jo slik at ein nesten let att augene d\u00e5 ein g\u00e5r p\u00e5 jobb. Her er jo rotter over ein l\u00e5g sko . Er nok diverre mange i <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/tag\/oslo?utm_source=vg-article&amp;utm_medium=auto-tagger&amp;utm_campaign=o3jwrj\" class=\"_link_o9xde_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Oslo<\/a> som kjenner seg att i dette, seier Gr\u00f8the.<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Br\u00e5tt f\u00e5r ho auge p\u00e5 ei rotte. Ho tvingar seg n\u00e6rmast til \u00e5 feste blikket p\u00e5 den. Lynraskt forsvinn den ned i eit rottehol.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Er du redd for rotter?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det finst vel ikkje nokon som er glad i rotter som dette. Er det? Men at eg er redd for rotter, det er det \u00e5 ta i, svarar Gr\u00f8the. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho kjem fr\u00e5 eit sm\u00e5bruk i skistjerna Oddvar Br\u00e5 si heimbygd, H\u00f8londa i Tr\u00f8ndelag.<\/p>\n<p>B\u00f8r vurdere nullvisjon<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Der har dei ein katt som tek mus. Men b\u00e5de Gr\u00f8the og andre trur det nokon vil kalle monsterrottene er for store for ein middels vaksen katt.<\/p>\n<p><img alt=\"EIN AV 169: Maren Gr\u00f8the hadde ikkje trudd ho skulle f\u00e5 \u00abkonkurranse\u00bb av andre som vil inn p\u00e5 Stortinget enn dei 169 som kom inn etter valet 8. september.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"7359\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/81ffbb3e-6e29-4b4d-922b-337051afcc06\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"5519\"\/>EIN AV 169: Maren Gr\u00f8the hadde ikkje trudd ho skulle f\u00e5 \u00abkonkurranse\u00bb av andre som vil inn p\u00e5 Stortinget enn dei 169 som kom inn etter valet 8. september.  Foto: Helen Wesnes \/ VG<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Rottene ved Stortinget og langs Oslo si paradegate Karl Johan opp mot Slottet er uansett blitt eit stort problem som vi b\u00f8r kunne ta tak i, meiner Gr\u00f8the.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho vil helst ikkje sj\u00e5 overskrifter som \u00abRotteSlottet\u00bb i korkje denne avisa eller andre tabloide publikasjonar.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kva tiltak b\u00f8r Stortinget setje inn?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg veit ikkje om det er Stortinget eller byr\u00e5det eller kven som skal setje inn tiltaka. Men p\u00e5 rovdyr s\u00e5 har me jo bestandsm\u00e5l. Eg meinar at me burde kunne ha ein nullvisjon for rotter i Oslo sentrum, seier politikaren fr\u00e5 eit parti som sj\u00f8lv nesten har null (0,8 prosent) i oppslutnad i hovedstaden.<\/p>\n<p> \u2013 Voldsomme saker<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kva synest du om storleiken p\u00e5 rottene her?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er tydeleg at dei f\u00e5r i seg mat. Det er voldsomme saker. Nei, me b\u00f8r f\u00e5 til eit st\u00f8rre uttak av rotter her, seier Gr\u00f8the p\u00e5 attkjenneleg Senterparti-spr\u00e5k.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho minner om at det snart blir rigga til julemarknad langs Karl Johan. Ikkje s\u00e5 hyggeleg med rotteselskap der, \u00e5tvarar ho.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kva med ein eller fleire stortingskattar?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg er redd rottene er for store. Men eg vil ikkje utelukke det, seier Maren Gr\u00f8the til VG.<\/p>\n<p><img alt=\"TUNNELAR: Regjeringa sa nyleg nei til ny skipstunnel ved Stadt. Rottetunnelane i Spikersuppa er kanskje komne for \u00e5 bli.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5088\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/b5333cfd-d5e3-41a4-ad5e-b7015a0ddf68\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"7632\"\/>TUNNELAR: Regjeringa sa nyleg nei til ny skipstunnel ved Stadt. Rottetunnelane i Spikersuppa er kanskje komne for \u00e5 bli.  Foto: Helen Wesnes \/ VG<\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Stortinget sin administrasjon opplyser til VG at det ikkje har vore observasjonar eller fangst av rotter inne i Stortinget sin bygningsmasse p\u00e5 mange \u00e5r. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_o9xde_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Men dei f\u00f8l dette n\u00f8ye opp &#8211; sj\u00f8lv om observasjonar utanfor bygningane blir sett p\u00e5 som eit generelt bymilj\u00f8problem, if\u00f8lgje Bj\u00f8rn Erik Rustad i Stortinget sin administrasjon.<\/p>\n<p><img alt=\"VGs ROTTETEAM: Per Opsahl og Frank Ertesv\u00e5g rapporterer fr\u00e5 Stortinget og Spikersuppa.  Foto: Helen Wesnes \/ VG\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5760\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/7d56d3ed-eed8-4ab6-a7ef-6ba30ccee348\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8640\"\/>VGs ROTTETEAM: Per Opsahl og Frank Ertesv\u00e5g rapporterer fr\u00e5 Stortinget og Spikersuppa.  Foto: Helen Wesnes \/ VG    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Rotteproblemet rundt Stortinget har eskalert og blitt en snakkis blant politikerne. Politikere som Maren Gr\u00f8the og Bengt Fasteraune&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":57472,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[8561,20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,2203,13,30,28,281,29,14,636,16,674,2566,333,26,27,1995],"class_list":{"0":"post-57471","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-bengt-fasteraune","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-hovedoppslag","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-main-news","18":"tag-mainnews","19":"tag-maren-grothe-sp","20":"tag-news","21":"tag-no","22":"tag-norge","23":"tag-norsk-politikk","24":"tag-norway","25":"tag-nyheter","26":"tag-oslo","27":"tag-overskrifter","28":"tag-rotter","29":"tag-skadedyr","30":"tag-stortinget","31":"tag-top-stories","32":"tag-topstories","33":"tag-vghelseoglivet"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/57471","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=57471"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/57471\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/57472"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=57471"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=57471"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=57471"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}