{"id":60645,"date":"2025-10-14T19:56:15","date_gmt":"2025-10-14T19:56:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/60645\/"},"modified":"2025-10-14T19:56:15","modified_gmt":"2025-10-14T19:56:15","slug":"forde-sport-var-du-ikkje-i-fordehuset-under-vm-kan-du-angre","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/60645\/","title":{"rendered":"F\u00f8rde, Sport | Var du ikkje i F\u00f8rdehuset under VM kan du angre"},"content":{"rendered":"\n<p>Hadde du spurt meg om kva mine topp tre idrettsaugneblink f\u00f8r 2. oktober, hadde lista sikkert sett slik ut:<\/p>\n<ol>\n<li>7. mai 2019: Liverpool \u2013 Barcelona (4-0).<\/li>\n<li>\u00c5 sj\u00e5 Norge ta bronse i beachvolleyball OL i Paris.<\/li>\n<li>D\u00e5 Liverpool vann Champions League 2018\/19.<\/li>\n<\/ol>\n<p><b>No m\u00e5 eg revurdere den lista. <\/b><\/p>\n<p>Fordi eg ikkje er sikker p\u00e5 om eg nokon gong kjem til \u00e5 oppleve noko liknande igjen som det eg har vore vitne til desse ti dagane.<\/p>\n<p><b>Tok du ikkje turen til F\u00f8rdehuset i l\u00f8pet av VM, kan du angre.<\/b><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5051\" height=\"3367\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/251002+Opning+av+VM+i+vektl%C3%B8fting+-+014.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5051 \/ 3367;\"\/><\/p>\n<p>    OPNINGSSEREMONI: Starten p\u00e5 VM var eit frampeik p\u00e5 korleis det ville ende: fullsett hall.<br \/>\n    Foto: Andr\u00e9 Jonassen\n  <\/p>\n<p>I F\u00f8rde kunne ein merke at det skjedde noko. Langs E39 hang det lilla flagg p\u00e5 rekke og rad, p\u00e5 Tangen i sentrum s\u00f8r var det sett opp Vikinglandsby og utanfor Elvetorget var det storskjerm og telt.<\/p>\n<p>Men det var i F\u00f8rdehuset det skjedde. I ein idrettshall der \u00aballe\u00bb har ei eller anna historie fr\u00e5 gymtimen, handballtreninga eller nattcup. No var den ikkje til \u00e5 kjenne igjen.<\/p>\n<p>Tribunar med plass til over 1000 tilskodarar, kamera, ekstremt store TV-skjermar og i midten: Ei scene forma som eit vikingskip. Det kjendest stort.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6000\" height=\"4000\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/1760471775_115_1000043256.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6000 \/ 4000;\"\/><\/p>\n<p>    KONGEN: Det blei ekstra stort d\u00e5 kongen kom p\u00e5 bes\u00f8k.<br \/>\n    Foto: Ina Christin L\u00f8vseth\n  <\/p>\n<p>Eg var spent p\u00e5 korleis sunnfjordingane kom til \u00e5 ta imot verda desse ti dagane, for f\u00f8rdianarar er kanskje kjende for \u00e5 like seg best heime. Vektl\u00f8fting er heller ikkje den mest popul\u00e6re sporten nasjonalt.<\/p>\n<p>Dei f\u00f8rste dagane eg var i salen var det ikkje s\u00e5 mange, men eg vart likevel positivt overraska. Og det merkast at jungeltelegrafen jobba p\u00e5. Det kom berre fleire og fleire jo lenger inn i meisterskapen. Torsdag, fredag og laurdag var det utselt \u2013 kvar einaste dag s\u00e5g eg \u00abNokon som har billett?\u00bb -postar p\u00e5 Facebook.<\/p>\n<p>Eg er imponert over kor flinke folk har vore til \u00e5 m\u00f8te opp. Til \u00e5 heie \u2013 ogs\u00e5 n\u00e5r ingen norske var med. <a rel=\"Follow nofollow noopener\" href=\"https:\/\/www.firda.no\/sarah-azael-og-sirilak-har-reist-langt-for-vm-dette-seier-dei-om-forde\/s\/5-15-1955871\" target=\"_blank\">Det er ogs\u00e5 det dei tilreisande Firda har snakka med tek med seg.<\/a><\/p>\n<p>Men dette hadde aldri g\u00e5tt hadde det ikkje vore for over 800 frivillige. Dei som har st\u00e5tt parkeringsvakt utanfor F\u00f8rdehuset i h\u00f8ljregn, dei som har vore guidar for \u00e5 vise dei tilreisande v\u00e5r flotte natur, dei som har vore billettvakter og dei som har passa p\u00e5 at det er rett vekt p\u00e5 stonga. Det har vore smil og glede \u2013 og stoltheit over \u00e5 vere ein del av dette flott arrangementet.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/251009_VMtelt_Elvetorg_Koanda+%283+av+19%29.jpg\" alt=\"Ragnhild Jensen og Eli Stor\u00f8y\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>    FOLKEFEST: Noko som imponerte meg mest er alle dei som faktisk tok turen ut til teltet ved Elvetorget torsdag og fredag.<br \/>\n    Foto: Marius R\u00f8dseth Berg\n  <\/p>\n<p>Vektl\u00f8fting er ein liten sport i Norge. Vi i Sunnfjord har f\u00e5tt ein kj\u00e6rleik for den p\u00e5 grunn av ein mann: Stian Grimseth.<\/p>\n<p>Det er sj\u00f8lvsagt fleire personar enn Grimseth som skal ha \u00e6re for at dette gjekk s\u00e5 bra, men dette hadde ikkje skjedd utan han. Sidan 2019 har han jobba m\u00e5lretta for VM, ein draum han lanserte kort tid etter eit vellykka EM i 2016. Sidan d\u00e5 har det blitt jobba hardt i kulissane for \u00e5 sikre eit s\u00e5 godt meisterskap som mogleg. Som ein australsk vektl\u00f8ftar-veteran skreiv i ein SMS til Grimseth; \u00abthe best event ever produced.\u00bb Og dette gjer han utan nasjonal krisedekning med fyll og br\u00e5k, men med gratis familieshow i sentrum. Han viser ogs\u00e5 at det er mogleg \u00e5 gjennomf\u00f8re eit VM i Norge utan \u00e5 g\u00e5 i <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/ligg-an-til-millionoverskot\/s\/5-15-1958045\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">kraftig underskot<\/a>.<\/p>\n<p>Dette er mogleg, rett og slett p\u00e5 grunn av hans genuine kj\u00e6rleik til sporten.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 m\u00e5 det nemnast: Kongedagen. Dagen d\u00e5 Solfrid Koanda tok VM-gull p\u00e5 heimebane. Framfor 1700 heiande publikumarar, inkludert kongen og statsministeren. Det var umogleg \u00e5 vere n\u00f8ytral journalist p\u00e5 jobb d\u00e5. Det var rett og slett magisk.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4800\" height=\"3200\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/IMG_0645.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4800 \/ 3200;\"\/><\/p>\n<p>    G\u00c5SEHUD: Eg f\u00e5r framleis g\u00e5sehud av \u00e5 berre tenke p\u00e5 dette augeblinken.<br \/>\n    Foto: Sanne Sl\u00e5tten\n  <\/p>\n<p><b>S\u00e5 om du sp\u00f8r meg no kva mine topp tre idrettsaugneblink er, ser den slik ut:<\/b><\/p>\n<ol>\n<li>\n<p>7. mai 2019: Liverpool \u2013 Barcelona<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p><b>VM-gull til Solfrid Koanda i F\u00f8rdehuset. <\/b><\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>\u00c5 sj\u00e5 Norge ta bronse i beachvolleyball OL i Paris.<\/p>\n<\/li>\n<\/ol>\n<p>Alt i alt trur eg det einaste nokon kan ta oss p\u00e5, er \u00e9in ting: V\u00earet. Kanskje nokon synest det var litt eksotisk?<\/p>\n<p>Om du nokon gong du har ein id\u00e9 som du trur er litt for stor for F\u00f8rde og Sunnfjord b\u00f8r du sp\u00f8rje deg sj\u00f8lv: Kva ville Stian Grimseth gjort?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Hadde du spurt meg om kva mine topp tre idrettsaugneblink f\u00f8r 2. oktober, hadde lista sikkert sett slik&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":60646,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,3687,266,30,28,29,1533,83,82,8714],"class_list":{"0":"post-60645","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-forde","10":"tag-kommentar","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-sport","16":"tag-sports","17":"tag-vm-i-vektlofting"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/60645","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=60645"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/60645\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/60646"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=60645"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=60645"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=60645"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}