{"id":6065,"date":"2025-08-12T14:31:19","date_gmt":"2025-08-12T14:31:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/6065\/"},"modified":"2025-08-12T14:31:19","modified_gmt":"2025-08-12T14:31:19","slug":"solve-rydland-erna-solberg-erna-solberg-ma-stoppa-partivennane-sitt-meiningslause-tjuvfiske","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/6065\/","title":{"rendered":"S\u00f8lve Rydland, Erna Solberg | Erna Solberg m\u00e5 stoppa partivennane sitt meiningslause tjuvfiske"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Eg snakka nyleg<\/b> med ein fyr eg kjenner fr\u00e5 Troms\u00f8.<\/p>\n<p>\u2013 De m\u00e5 passa dykk for bod\u00f8v\u00e6ringane. Dei er akkurat som storm\u00e5sen, sa han og herma:<\/p>\n<p>\u2013 Skal ha, skal ha. I fleire ti\u00e5r har dei gjort krav p\u00e5 alt Troms\u00f8 har. No st\u00e5r Bergen for tur.<\/p>\n<p><b>Og jammen hadde<\/b> ikkje troms\u00f8v\u00e6ringen rett.<\/p>\n<p>I den stadig meir irriterande fylkeshovudstaden i Nordland g\u00e5r det f\u00f8re seg ein politisk kampanje. Ein kampanje om \u00e5 f\u00e5 kloa i statlege arbeidsplassar.<\/p>\n<p><b>Det er i<\/b> og for seg eit engasjement me kunne ha applaudert. Er det noko norske politikarar fr\u00e5 Finnmark i nord til Agder i s\u00f8r burde ha st\u00e5tt saman om, ja, s\u00e5 er det jo \u00e5 flytta statlege pengar, statleg makt, og statlege arbeidsplassar ut av Oslo.<\/p>\n<p>Problemet er at arbeidsplassane desse nordlendingane vil ha tak i, er arbeidsplassar som i 125 \u00e5r har hatt sin heilt naturlege plass i Bergen.<\/p>\n<p>Me snakkar om ein av dei store suksessane i norsk forvalting.<\/p>\n<p><b>I 1900, ja, <\/b>allereie fem \u00e5r f\u00f8r me vart kvitt svenskane, vart ansvaret for den norske fiskeriforvaltinga plassert i Bergen.<\/p>\n<p>Det er ei suksesshistorie som har vist stor innovasjonskraft. D\u00e5 Havforskingsinstituttet i 1989 vart skild ut av direktoratet, hadde dei for lengst skapt verdsleiande kunnskapsmilj\u00f8, som har autoritet langt ut over norske farvatn.<\/p>\n<p><b>No skal det<\/b> gamle vitale ekteparet, Havforskingsinstituttet med over 1000 tilsette, og Fiskeridirektoratet med nesten 450 \u00e5rsverk, samlokaliserast p\u00e5 Dokken i Bergen.<\/p>\n<p>Ambisjonen er \u00e5 bidra til ei havklynge som verkeleg skal utvikla Norge som havnasjon.<\/p>\n<p><b>Og, nei. Alle<\/b> desse folka skal ikkje jobba i Bergen. I motsetnad til andre delar av forvaltinga, er Fiskeridirektoratet allereie ein desentralisert organisasjon, med 20 kontor mellom Vads\u00f8 i nordaust til Egersund i s\u00f8rvest, ja, og ein liten filial ved Fredrikstad i Ytre Oslofjord.<\/p>\n<p>Det er likevel heilt essensielt at hovudkontoret ligg der kunnskapsmilj\u00f8et er st\u00f8rst og sterkast.<\/p>\n<p><b>Det er i <\/b>dette havgapet Nordland, og s\u00e6rleg H\u00f8gre i Nordland, no pr\u00f8ver seg p\u00e5 tjuvfiske i r\u00f8rt vatn.<\/p>\n<p>Om du googlar \u00ab\u00e5 fiska i ur\u00f8rt vatn\u00bb, vil du finna ut at det er eit bilde p\u00e5 \u00e5 utnytta ein uoversiktleg situasjon p\u00e5 ein lite aktverdig m\u00e5te.<\/p>\n<p><b>Det uoversiktlege med<\/b> denne situasjonen er at Stortinget har bestemt at mandatet til Fiskeridirektoratet skal utvidast, og at det framtidige namnet skal verta Fiskeri- og havbruksdirektoratet.<\/p>\n<p>Det er her Bod\u00f8 og H\u00f8gre har f\u00e5tt blod p\u00e5 tann. I Stortinget har bod\u00f8v\u00e6ringen B\u00e5rd Ludvig Thorheim (H) plaga fiskeriministeren med det som m\u00e5 karakteriserast som eit heller leiande sp\u00f8rsm\u00e5l:<\/p>\n<p><b> \u00abVil statsr\u00e5den<\/b> sikre at havbruksdelen av det nye fiskeri- og havbruksdirektoratet legges til Norges st\u00f8rste sj\u00f8matfylke Nordland?\u00bb.<\/p>\n<p>Her er det fleire ting \u00e5 ta tak i. For det f\u00f8rste, er det diskutabelt kva som eigentleg er det st\u00f8rste sj\u00f8matfylket i landet. Den siste rapporten om verdiskaping og ringverknadar fr\u00e5 sj\u00f8matn\u00e6ringa, viser at det er Vestland verdiskapinga er st\u00f8rst.<\/p>\n<p><b>Men, hallo, skal <\/b>norsk havbruksforvalting styrast etter eit prinsipp om at \u00abeg har st\u00f8rre laks enn du har\u00bb?<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5568\" height=\"3712\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/NTB_y3AhhYB0bC4.jpg\" alt=\"Bod\u00f8 20230727. &#10;Leder i h\u00f8yre, Erna Solberg, reiste til Bod\u00f8 der hun skal se p\u00e5 fotballkampen mellom Bod\u00f8\/Glimt og Bohemians Prague. F\u00f8r kampen skal Bod\u00f8 H\u00f8yre lansere et forslag for \u00e5 bekjempe mobbing i Bod\u00f8skolen.&#10;Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5568 \/ 3712;\"\/><\/p>\n<p>    Erna Solberg kl\u00f8r seg i hovudet f\u00f8r fotballkamp i Bod\u00f8. Bod\u00f8-ordf\u00f8rar Odd Emil Ingebrigtsen (H) og stortingsrepresentant B\u00e5rd Ludvig Thorheim (H) ivrar begge for \u00e5 flytta Fiskeri- og havbruksdepartementet til Bod\u00f8.<br \/>\n    Foto: Rodrigo Freitas\n  <\/p>\n<p>Det viktige her, er at Norge ikkje er tent med \u00e5 bryta opp i eit av dei aller viktigaste kunnskapsmilj\u00f8a me har, uansett bransje, utanfor hovudstadsomr\u00e5det. Distriktspolitisk er det \u00f2g ein h\u00e5plaus man\u00f8ver.<\/p>\n<p><b>Statsr\u00e5den burde sj\u00f8lvsagt <\/b>ha gitt eit ganske kort og konsist svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let. Nemleg: Nei!<\/p>\n<p>Fiskeriminister Marianne Sivertsen N\u00e6ss (Ap), som for ordens skuld er fr\u00e5 Finnmark, var litt meir diplomatisk i stilen, og svara at geografisk plassering av havbruksdelen av direktoratet ikkje er noko tema p\u00e5 noverande tidspunkt.<\/p>\n<p><b>Det hindrar ikkje<\/b> bod\u00f8v\u00e6ringane i \u00e5 kasta seg p\u00e5 den stolte norske paradegreina lokaliseringsstrid.<\/p>\n<p>I juni vart det sendt ut ei <a href=\"https:\/\/www.nfk.no\/politikk\/fylkesting\/pressemeldinger-fra-fylkesting\/hoyre-fiskeri-og-havbruksdirektoratet-ma-til-nordland.120714.aspx\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">underleg pressemelding<\/a> fr\u00e5 Nordland fylkeskommune. Der g\u00e5r det fram at H\u00f8gre krev at Fiskeri- og havbruksdirektoratet m\u00e5 lokaliserast i Nordland.<\/p>\n<p><b>Er det Nordland<\/b> H\u00f8gre eller H\u00f8gre som nasjonalt parti som krev dette? B\u00e5de ut fr\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5la p\u00e5 Stortinget, og kommunikasjonen fr\u00e5 fylkeskommunen i Nordland, er dette h\u00f8gst uklart.<\/p>\n<p>S\u00e5 uklart at statsministerkandidat Erna Solberg snarast b\u00f8r fortelja oss kva som er den offisielle politikken til H\u00f8gre.<\/p>\n<p><b>N\u00e5r Erna Solberg<\/b> reiser p\u00e5 stemmefiske i Nordland, er det ikkje kven som helst ho m\u00f8ter. Sittande Bod\u00f8-ordf\u00f8rar Odd Emil Ingebrigtsen (H) var fiskeriminister i den f\u00f8rre H\u00f8gre-regjeringa, og nettopp mannen som lanserte ideen om Fiskeri- og havbruksdirektoratet.<\/p>\n<p>I 2023 reiste Erna Solberg til Bod\u00f8 for \u00e5 m\u00f8ta Ingebrigtsen i samband med at Bod\u00f8\/Glimt spelte europacupkamp mot tsjekkiske Bohemians.<\/p>\n<p><b>Om ein studerer<\/b> bilda fr\u00e5 bes\u00f8ket, ser ein at Erna Solberg er litt utilpass og p\u00e5 vakt. Kven ville ikkje ha vore det?<\/p>\n<p>Bod\u00f8-ordf\u00f8raren m\u00f8tte Solberg i signert gul Glimt-tr\u00f8ye. I bakgrunnen luska stortingsmannen B\u00e5rd Ludvig Thorheim i gult skjerf.<\/p>\n<p><b>Og det skal <\/b>Erna Solberg ha. P\u00e5 fotballkamp har politikar etter politikar dumma seg ut med \u00e5 kle seg i alskens drakter og supporterskjerf.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1600\" height=\"1088\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/NTB_oclvBbyqPWs.jpg\" alt=\"&#10;Trondheim. Statsminister Thorbj\u00f8rn Jagland trakk i Rosenborg-tr\u00f8ya i valgkampen torsdag. (NTB-foto: Gorm Kallestad)  &#10;&#10;&#10;&#10;\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1600 \/ 1088;\"\/><\/p>\n<p>    Torbj\u00f8rn Jagland tok p\u00e5 seg Rosenborg-tr\u00f8ye p\u00e5 Brakka i Trondheim. Han greidde likevel aldri \u00e5 overtala Nils Arne Eggen til \u00e5 verta statsr\u00e5d, sj\u00f8lv om han pr\u00f8vde.<br \/>\n    Foto: Gorm Kallestad\n  <\/p>\n<p>Ingen, s\u00e5 vidt eg veit, har dumma seg meir ut enn Thorbj\u00f8rn Jagland. Han presterte \u00e5 verta ekskludert fr\u00e5 supporterklubben til Str\u00f8msgodset, etter \u00e5 ha vorte observert p\u00e5 Lerkendal i Trondheim b\u00e5de med Rosenborg-drakt og -skjerf.<\/p>\n<p><b>Slikt driv ikkje<\/b> Erna Solberg med. Heldigvis for oss alle.<\/p>\n<p>Akkurat som Audun Lysbakken (SV) veit Erna Solberg um\u00e5teleg godt kva drakt og skjerf som er akseptabelt \u00e5 bruka p\u00e5 fotballkamp.<\/p>\n<p><b>Dei to lojale <\/b>Brann-supporterane har tidlegare vore heilt sentrale for prosjektet om \u00e5 f\u00e5 samlokalisert Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet p\u00e5 Dokken.<\/p>\n<p>Som statsminister i 2017 kom Solberg til Bergen og lova realisering av planane.<\/p>\n<p><b>Lysbakken, p\u00e5 si <\/b>side, var mannen som redda b\u00e5de flytteprosjektet og omd\u00f8mmet til regjeringa, d\u00e5 Senterpartiet og Arbeidarpartiet pr\u00f8vde for \u00e5 skrinlegga planane i 2022.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8256\" height=\"5504\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/EH9_7717_Behandlet+%281%29.jpg\" alt=\"Brann m\u00f8tte i dag Lillestr\u00f8m LSK i finale i norgesmesterskapet 2022. P\u00e5 grunn av pandemien ble avslutningen av fjor\u00e5rets cup flyttet til i \u00e5r.  Ullev\u00e5l Stadion Cupfinale SK Brann &#10;&#10;Audun Lysbakken&#10;Erna Solberg\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8256 \/ 5504;\"\/><\/p>\n<p>    Audun Lysbakken og Erna Solberg eksemplarisk kledd under cupfinalen i mai 2023. Begge har gjort ein innsats for \u00e5 f\u00e5 Fiskeridirektoratet flytta til Dokken.<br \/>\n    Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n  <\/p>\n<p>No m\u00e5 Erna Solberg p\u00e5 banen, for \u00e5 kommentera det partifellane i Nordland driv p\u00e5 med. Kan ein risikera at H\u00f8gre i regjering vil svekka og vingeklippa fagmilj\u00f8a i Bergen, for \u00e5 flytta store delar av direktoratet til Bod\u00f8?<\/p>\n<p><b>Det vil ikkje<\/b> berre vera uansvarleg ovanfor dei eksisterande kompetansemilj\u00f8a, og dei framtidige visjonane p\u00e5 Dokken. Det vil \u00f2g vera skadeleg for H\u00f8gre sitt regionalpolitiske rykte.<\/p>\n<p>I inneverande periode <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/opposisjonen-pa-stortinget-ser-ut-til-a-redda-bade-bergen-og-regjeringa\/o\/5-8-2249174\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">m\u00e5tte nemleg opposisjonen<\/a> setta den f\u00f8rre Ap- og Sp- regjeringa ettertrykkeleg p\u00e5 plass. Dei \u00f8nskte nemleg \u00e5 endre politikken for utflytting av statlege arbeidsplassar.<\/p>\n<p><b>Fr\u00e5 at arbeidsplassane<\/b> skulle flyttast ut av Oslo, pr\u00f8vde Sp-statsr\u00e5d Sigbj\u00f8rn Gjelsvik \u00e5 legge til at ein \u00f2g burde flytta arbeidsplassar ut av dei andre store byane, som Bergen, Stavanger og Trondheim.<\/p>\n<p>Det ville ha vore ei g\u00e5vepakke til ein norsk by. Den heiter Oslo.<\/p>\n<p><b>No ser det<\/b> ut til at \u00f2g H\u00f8gre treng \u00e5 l\u00e6ra den same leksa.<\/p>\n<p>Det er heilt greitt av Bod\u00f8 \u00e5 henta fotballtrenarar fr\u00e5 Bergen. \u00c5 starta aksjonar for \u00e5 rasera bergenske kunnskapsmilj\u00f8, og \u00e5 bidra til ein splitt-og-hersk-logikk i norsk distrikts- og regionalpolitikk, b\u00f8r bod\u00f8v\u00e6ringane derimot halda seg for gode til.<\/p>\n<p>Fiskeri- og havbruksdirektoratet skal nemleg ingen plass. Bod\u00f8 m\u00e5 ver s\u00e5 god reisa til Oslo for \u00e5 leita etter andre statlege arbeidsplassar \u00e5 gjera krav p\u00e5.<\/p>\n<p><b>Det b\u00f8r \u00f2g<\/b> Erna Solberg gje tydeleg beskjed om.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3022442\" class=\"related-teaser has-image default-opinion-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/3+%284%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Sensasjon: Dette er ein byr\u00e5d som verkeleg fortener skryt!\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3022437\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/Kraftpunkt+BA+%281%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Akvariets \u00abanabole planer\u00bb: \u2013 Utrolig glad\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3020376\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/3.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Presset prisen saftig opp: N\u00e5 gnir byr\u00e5det seg i hendene\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-2182235\" class=\"related-teaser has-image default-opinion-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/Solve.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Regjeringa kastar Bergen under b\u00e5ten\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg snakka nyleg med ein fyr eg kjenner fr\u00e5 Troms\u00f8. \u2013 De m\u00e5 passa dykk for bod\u00f8v\u00e6ringane. Dei&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":6066,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,327,24,25,15,1383,762,22,23,13,30,28,29,14,16,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-6065","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-erna-solberg","13":"tag-featured-news","14":"tag-featurednews","15":"tag-headlines","16":"tag-hogre","17":"tag-hoyre","18":"tag-latest-news","19":"tag-latestnews","20":"tag-news","21":"tag-no","22":"tag-norge","23":"tag-norway","24":"tag-nyheter","25":"tag-overskrifter","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6065","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6065"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6065\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/6066"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6065"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6065"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6065"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}