{"id":63409,"date":"2025-10-18T04:12:31","date_gmt":"2025-10-18T04:12:31","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/63409\/"},"modified":"2025-10-18T04:12:31","modified_gmt":"2025-10-18T04:12:31","slug":"anmeldelse-vampire-the-masquerade-bloodlines-2","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/63409\/","title":{"rendered":"Anmeldelse: Vampire: The Masquerade &#8211; Bloodlines 2"},"content":{"rendered":"<p>Det er kald, bitter og m\u00f8rk vinter i Seattle. I grunge-hovudstaden, vaknar du fr\u00e5 torpor, den livlause stillstanden ein stake gjennom hjartet f\u00f8rer med seg. Di f\u00f8rste akt er \u00e5 bryte maskeraden, ei n\u00e6r heilag pakt alle vampyrar m\u00e5 f\u00f8lgje. Maskeraden er lovnaden om at ingen skal vite kva som skjer i skuggane. Skal ein unng\u00e5 at menneska vaknar, og innser kva som jaktar dei, er ignoranse det beste v\u00e5pen.<\/p>\n<p>Vampyrar som bryt maskeraden f\u00e5r ei enkel straff: d\u00f8den.<\/p>\n<p>Litt om og men seinare f\u00e5r du likevel behalde ditt vand\u00f8de liv, og endar opp som sheriff i storbyen. Med fritt leie fartar du mellom nattklubbar, snodige sjapper styrt av eit eklektiske ensemble av vampyrar, og det nesten patetisk overd\u00e5dige bygget der prinsen sj\u00f8lv bur.<\/p>\n<p>Vi spelar den eldgamle vampyren Phyre, og vi f\u00e5r velje mellom mann og dame. Du f\u00e5r ikkje bygge din eigen figur, men du f\u00e5r velje vampyrklan. Det er eit mylder av ulike vampyrklanar i Vampire: The Masquerade-universet, og alle kjem med ulike eigenskapar, men i Bloodlines 2 f\u00e5r vi berre velje mellom seks.<\/p>\n<p>Dette b\u00f8r kome som ein nedtur p\u00e5 dei som har spelt rollespelet Bloodlines-spela er baserte p\u00e5, men spelet gjer likevel ein god jobb med det som er her.<\/p>\n<p>                            Samtalene er eit stemningsfullt h\u00f8gdepunkt.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>To for prisen av ein<\/p>\n<p>I rolla som Phyre m\u00e5 du p\u00e5 oppdrag fr\u00e5 prinsen rydde opp i Seatlle. Diverse vampyrar rundt om i byen har \u00f2g oppdrag til deg, kanskje \u00e5 levere noko, eller kanskje \u00e5 snuse ned ein kjeltring som m\u00e5 b\u00f8te med livet. <\/p>\n<p>Det er likevel noko langt st\u00f8rre p\u00e5 gang i Seattle. Det er konflikt mellom forskjellige fraksjonar, og nokon ser ikkje ut til \u00e5 bry seg like mykje om maskeraden som andre. I tillegg er det ein serie med bestialske drap som byrjar \u00e5 bre om seg. Offera er spidda av armeringsstenger k\u00f8yrde ned i jorda, hovuda er rivne av, og eit unikt krusifiks heng om halsen deira.<\/p>\n<p>Det er ei utfordrande oppg\u00e5ve som blir enda meir spanande av at spelet hoppar i tid. Phyre er ikkje aleine i spelet, i hovudet sitt har han Malkavian-vampyren Fabien som pratar med deg gjennom spelet. N\u00e5r Phyre legg seg for dagen, hoppar vi tilbake i tid, b\u00e5de til nylege hendingar f\u00f8r Fabiens tilsynelatande d\u00f8d og atteroppstanding i Phyres hovud, men \u00f2g 100 \u00e5r tilbake i tid, til den glade depresjonen.<\/p>\n<p>Det er eit utruleg artig grep, og eg likar nesten betre \u00e5 spele som Fabien enn som Phyre fordi reisa hans er s\u00e5 utruleg godt skriven. Phyres vampyrkreften handlar ekskulsivt om r\u00e5 styrke i kamp, medan Fabiens handlar om \u00e5 manipulere folk for \u00e5 f\u00e5 den informasjonen han vil ha. Du skj\u00f8nar, Fabien er ein god, gammaldags privatetterforskar med t\u00f8rr sarkasme og r\u00e5 forakt for \u00e5 ta noko som helst meir alvorleg enn han absolutt m\u00e5.<\/p>\n<p>                            Byen er kanskje ikkje s\u00e5 st\u00e5r, men kartet kjem godt med likevel.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Rollespel eller ei?<\/p>\n<p>Fabien kan gjere seg ven med dei han snakkar med for \u00e5 f\u00e5 dei p\u00e5 gli, han kan studere tankane deira, og han kan slette det siste som skjedde, slik at dei ikkje hugsar. Desse eigenskapande kan kanskje manipulerast litt vel mykje. Eg kunne til d\u00f8mes gjere meg til ven om att fleire gongar med same person sidan eg svara feil, og det vitnar om at spelet manglar konsekvensar for feil framgangsm\u00e5te, samt alternative framgangsm\u00e5tar.<\/p>\n<p>Den kanskje beste eigenskapen til Fabien er likevel n\u00e5r han snakkar med ting som strengt tatt ikkje er i live. Han kan ein og annan gong snakke med eit ferskt lik, men og med gjenstandar. Sistnemnde har naturlegvis ikkje eiga stemme, men snakkar gjennom fantasien til Fabien, og det er Fabiens eigen skodespelar som gjennom vanvittig bra skodespel vekkjer alle desse fysiske tinga til live, med sine dialekter, tonefal og personlegdom.<\/p>\n<p>Det er slike sm\u00e5ting som dette som gjer ei oppleving minneverdig, og det er berre toppen i eit spel som er skikkeleg godt skrive.<\/p>\n<p>Der ligg likevel eit \u00f8rlite n\u00f8kkelord for kva du har i vente. Dette er eit forfatta spel med ei sv\u00e6rt tydeleg handling. Eg leika meg gjennom dialogane, og ein f\u00e5r verkeleg kjensla med enkelte at korleis ein ordlegg seg kan styre deira syn p\u00e5 deg, men eg fekk aldri kjensla av at dette er eit rollespel. Som eit spel direkte basert p\u00e5 eit av dei eldste og mest anarkjende bokrollespela i historia, er det ganske synd.<\/p>\n<p>Det vi f\u00e5r er i staden eit eventyr fyllt av interessante personar og dialog, men og eit eventyr som fortel deg kvar du skal vere, n\u00e5r du skal vere der, og korleis du kjem deg dit.<\/p>\n<p>Eg synest p\u00e5 ingen m\u00e5te det er d\u00e5rleg. Eg har kosa meg meir med dette spelet enn med mange vaskekte rollespel, men det er likevel verdt \u00e5 merke seg at rollespelelementa er f\u00e5.<\/p>\n<p>                            \u00c5 gli over byen er vanvittig moro.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Som ein fugl<\/p>\n<p>Om eg skal setje fingeren p\u00e5 kva som er den verkelege hovudpersonen i Bloodlines 2, er det sj\u00f8lve byen, Seattle. Den er isande stemningsfull, m\u00f8rk, og med sn\u00f8 i lufta som saman med den dunkle og m\u00f8rke noir-inspirerte musikken skapar eit perfekt bakteppe for ei historie om vampyrar. Dei mange vampyrane vi m\u00f8ter er eit anna massivt trekkplaster. Dei er uvanleg godt skrivne, og er genuint interessante i eit scenario eg gjerne vil grave meg djupare ned i. Utviklarane har verkeleg f\u00e5tt fram kor ulike dei er, kor sexy dei er, kor arrogante dei kan vere, og ikkje minst kor farlege og likegyldige ovanfor menneske dei kan vere.<\/p>\n<p>Korleis du navigerer deg gjennom denne byen er eit anna h\u00f8gdepunkt. Sj\u00f8lv om du m\u00e5 vere noko forsiktig n\u00e5r du vandrar gatelangs, er du ein fri fugl s\u00e5 snart du snik deg inn i skjulte krokar. Med enorm fart kan du klatre opp ventilasjonssjakter, varmpepumper og branntrapper. F\u00f8r du veit ordet av det er du p\u00e5 taket, og du kan springe og hoppe fr\u00e5 tak til tak med ein fart og ein eleganse som f\u00e5r Assassin&#8217;s Creed til \u00e5 framst\u00e5 som ein d\u00e5rleg vits.<\/p>\n<p>Det er likevel ein litt tom by. Det er mange folk som vandrar gatelangs, men alle bilar st\u00e5r i ro, sj\u00f8lv om eg kan banne p\u00e5 at eg h\u00f8yrer motorduren i det fjerne. Dei f\u00e5 stadane du kan bes\u00f8ke er \u00f2g tydeleg merka i raudt p\u00e5 kartet. I tillegg er eg ikkje heilt overbevist over korleis utviklarane har valt \u00e5 la deg drikke blod. <\/p>\n<p>For Fabien har utviklarane gjort det riktig, han har blodgjevarar han g\u00e5r til og ber om ein liten t\u00e5r. For Phyre er det verre. Han m\u00e5 sj\u00e5 etter dei med sitt vampyrsyn, og gjerne sl\u00e5 av ein kort prat for \u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 f\u00f8lgje han inn i eit smug. Det er tregt og keisamt, og eg skj\u00f8nar ikkje heilt kvifor ein mektig vampyr ikkje er i stand til \u00e5 f\u00e5 det til \u00e5 sj\u00e5 ut som om berre klinar med nokon. <\/p>\n<p>                            Kampar kan vere stor moro, sj\u00f8lv om dei f\u00e5r eit litt for stort fokus.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Alle m\u00e5 d\u00f8<\/p>\n<p>I kamp er du eit monster. Du kan gli ned mot fiendar og drepe dei i det du treff bakken, teleportere deg bak dei for \u00e5 drikke dei tomme for blod, kappe av hovuda fr\u00e5 avstand, og enormt mykje meir avhengig av kva klan du valde i starten. Nye eigenskapar kan l\u00e5sast opp fr\u00e5 ulike klanar, og du f\u00e5r etter kvart eit stort reportoar \u00e5 velje mellom, sj\u00f8lv om du berre kan ha fire aktive eigenskapar.<\/p>\n<p>Likevel er kanskje fokuset p\u00e5 kamp litt stort. N\u00e5r du skal ta deg inn ein stad kan du banne p\u00e5 at ein bande med Anarch Ghouls ventar, gjerne med ein diger j\u00e6vel att\u00e5t. N\u00e5r du spring over hustaka vil garantert nokre av dei kry av fiendar. Fokuset p\u00e5 kamp er hakket for stort, og det er ikkje alltid like moro. Eg vil vere mektig, gli inn og knuse fiendar kjapt, men Bloodlines 2 endar fort opp som eit generisk actionspel, og sender deg mot b\u00f8lingar p\u00e5 fem eller seks fiendar om gongen. <\/p>\n<p>Vidare er det litt snodig korleis spelet med sitt store fokus p\u00e5 kamp ikkje lar deg bruke v\u00e5pen. Du kan plukke opp d\u00f8de fiendars v\u00e5pen med rein tankekraft, men du f\u00e5r berre bruke dei ein gong f\u00f8r du kastar dei fr\u00e5 deg, og dei blir bort?<\/p>\n<p>Kvifor kan eg ikkje halde ein kniv eller eit balltre i handa mi? Det gir ikkje meining. Eg synest likevel det i praksis fungerer fint slik det er gjort. \u00c5 drepe ein fiende betyr ofte at du f\u00e5r tilgang p\u00e5 noko som kan hjelpe deg vidare, men det er vanskeleg \u00e5 sl\u00e5 av den delen av hjernen som fortel meg at eg har to fungerande hender som kunne blitt brukt betre.<\/p>\n<p>                            Dei ulike personane kjem godt fram, gjennom b\u00e5de manus og skodespel.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Konklusjon<\/p>\n<p>Det er vanskeleg \u00e5 sp\u00e5 korleis publikum vil reagere p\u00e5 Vampire: The Masquerade &#8211; Bloodlines 2. Eg vil tippe det blir fleire fraksjonar her, akkurat som i Seattle. Nokon vil avsky det fordi det ikkje held seg mot tradisjonane og leverer eit skikkeleg rollespel, andre vil rose det for \u00e5 tenkje annleis.<\/p>\n<p>Mange ting kunne ha vore betre, men det stoggar ikkje spelet fr\u00e5 \u00e5 vere eit sabla bra eventyr. Det er historia som er i fokus her, og den er skikkeleg underhaldande. Eg elskar denne byen. Eg elskar folka i den, og det er sjeldan vi f\u00e5r spele spel med s\u00e5 tydelege figurar, s\u00e5 god dialog, og s\u00e5 tydeleg identitet.<\/p>\n<p>\u00c5 hoppe fram og tilbake i tid er eit sjakktrekk som stadig gir oss nye tr\u00e5dar og nye spor, og det passar perfekt til spelets tydeleg film noir-trekk.<\/p>\n<p>Etter mitt syn kunne utviklarane hos The Chinese Room fokusert enda meir p\u00e5 historia. Dei kunne redusert kampane, og gjort makta til ein vampyr til eit sjeldnare element som berre kjem fram n\u00e5r ein m\u00e5. Eg skal likevel ikkje klage, dette er eit knallsterkt eventyr med vampyrar i hovudrolla, og dei har vi ikkje for mange av.<\/p>\n<p><strong>Vampire: The Masquerade &#8211; Bloodlines 2 kjem i sal for PlayStation 5 (testa), Xbox Series S\/X og Steam 21. oktober.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er kald, bitter og m\u00f8rk vinter i Seattle. I grunge-hovudstaden, vaknar du fr\u00e5 torpor, den livlause stillstanden&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":63410,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-63409","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/63409","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=63409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/63409\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/63410"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=63409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=63409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=63409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}