{"id":63629,"date":"2025-10-18T10:00:11","date_gmt":"2025-10-18T10:00:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/63629\/"},"modified":"2025-10-18T10:00:11","modified_gmt":"2025-10-18T10:00:11","slug":"debatt-politikk-lokalpolitikk-er-i-ferd-med-a-verta-ein-parodi-denne-mannen-er-utstyrt-med-statleg-tvangstroye","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/63629\/","title":{"rendered":"Debatt, Politikk | Lokalpolitikk er i ferd med \u00e5 verta ein parodi. Denne mannen er utstyrt med statleg tvangstr\u00f8ye."},"content":{"rendered":"\n<p><b>Denne veka la<\/b> finansminister Jens Stoltenberg (Ap) fram statsbudsjettet. Eit budsjett som tilsynelatande inneheldt ei solid satsing p\u00e5 norske kommunar.<\/p>\n<p>Bergen kommune f\u00e5r 969 millionar meir enn i fjor. Det er veldig mykje pengar.<\/p>\n<p><b>Utfordringa er at<\/b> n\u00e5r ein tar h\u00f8gde for l\u00f8nnsvekst, prisvekst, og det faktumet at fleire vert eldre, har veldig mykje av vinninga for lengst g\u00e5tt opp i spinninga.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 \u00e5r til \u00e5r vert det nemleg skremmande mykje dyrare \u00e5 driva ein norsk kommune.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4622\" height=\"3079\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/SE1_7203_kopi.jpg\" alt=\"Jens Stoltenberg bes\u00f8ker NHH\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4622 \/ 3079;\"\/><\/p>\n<p>    Jens Stoltenberg (Ap) gir kommunane veldig mykje pengar. P\u00e5 kj\u00f8pet f\u00f8lger meir og meir statleg detaljstyring.<br \/>\n    Foto: SKJALG EKELAND\n  <\/p>\n<p>Faktisk meiner finansbyr\u00e5d i Bergen, Jacob M\u00e6hle (H), at det eigentleg berre er 55 millionar att i nytt kommunalt handlingsrom.<\/p>\n<p><b>I kommunebudsjettet som<\/b> skal leggast fram neste veke, som er p\u00e5 over 30 milliardar kroner, er ikkje 55 millionar s\u00e5 mykje \u00e5 skryta av lenger.<\/p>\n<p>Likevel er det lett \u00e5 tru at noko skurrar n\u00e5r norske kommunepolitikarar snakkar om kor vanskeleg det er \u00e5 driva kommune.<\/p>\n<p><b>H\u00f8yr berre her<\/b>. P\u00e5 ti \u00e5r, fr\u00e5 2015 til 2025, har kommunebudsjettet til Bergen vorte dobbelt s\u00e5 omfangsrikt, og auka fr\u00e5 15 til 30 milliardar kroner.<\/p>\n<p>Har eigentleg kommunane grunn til \u00e5 klaga?<\/p>\n<p><b>Ja. Dei har <\/b>faktisk det. Grunnen er at det slettes ikkje berre er pengar staten har p\u00f8st ut i kommunane. Dei har \u00f2g p\u00f8st p\u00e5 med minst like store dosar av krav, normer, retningslinjer og rettigheiter.<\/p>\n<p>Alle som ein har vore velsigna med dei aller beste og mest velmeinte intensjonane.<\/p>\n<p><b>Eg nemnde at<\/b> du skulle f\u00e5 eit skuleeksempel. Det kjem her:<\/p>\n<p>Mellom 2020 og 2024 vart det 200 f\u00e6rre elevar i dei kommunale grunnskulane Bergen. Det viktigaste lokalpolitiske m\u00e5let i denne perioden var \u00e5 vri ressursbruken fr\u00e5 skule og mot eldreomsorg.<\/p>\n<p><b>I den same<\/b> perioden, der det alts\u00e5 vart f\u00e6rre elevar og fleire eldre, vart det tilsett over 400 nye \u00e5rsverk i bergensskulen.<\/p>\n<p>Basert p\u00e5 grove anslag kosta dei nytilsettingane Bergen kommune om lag 300 millionar kroner ekstra \u00e5rleg.<\/p>\n<p><b>I den same<\/b> perioden auka inntektene kommunen fekk fr\u00e5 staten med 3,4 milliardar kroner. Det h\u00f8yrest jo fint og flott ut.<\/p>\n<p>Problemet er berre at l\u00f8nns- og prisveksten \u00e5t opp nesten heile denne \u00f8konomiske veksten. Den reelle veksten i dei frie inntektene til kommunen var p\u00e5 om lag 400 millionar kroner i l\u00f8pet av desse fire \u00e5ra.<\/p>\n<p><b>Tre fjerdedelar av<\/b> veksten i handlingsrommet kommunen fekk fr\u00e5 staten gjekk alts\u00e5 med til \u00e5 tilsetta fleire l\u00e6rarar og andre tilsette i bergensskulen.<\/p>\n<p>Den viktigaste grunnen til at talet p\u00e5 dei skuletilsette auka s\u00e5 kraftig, var at Stortinget innf\u00f8rte ei ny l\u00e6rarnorm, som skulle gjelda for alle skular.<\/p>\n<p><b>L\u00e6rarnorma sl\u00e5r fast <\/b>at det ikkje skal vera meir enn 15 elevar per l\u00e6rar p\u00e5 f\u00f8rste til fjerde trinn og ikkje meir enn 20 elevar per l\u00e6rar p\u00e5 femte til tiande trinn.<\/p>\n<p>F\u00f8r l\u00e6rarnorma vart innf\u00f8rt hadde Bergen gjort ei god gammaldags lokalpolitisk prioritering. Bystyret hadde bestemt at ein skulle bruka mest pengar p\u00e5 skular i omr\u00e5de med levek\u00e5rsutfordringar, og derfor bemanna opp p\u00e5 desse skulane med fleire l\u00e6rarar.<\/p>\n<p><b>Medan kommunen overoppfylte<\/b> l\u00e6rarnorma p\u00e5 nokre skular, l\u00e5g dei under dei nye krava p\u00e5 andre.<\/p>\n<p>Konsekvensen av l\u00e6rarnorma var at kommunen m\u00e5tte vatna ut denne satsinga, og i staden bemanna opp p\u00e5 skulane der kommunen meinte at behovet var l\u00e5gare.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5568\" height=\"3712\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/BA03392.jpg\" alt=\"Skoleprosjekt.  Skoler og ulike uteomr\u00e5der i Bergen kommune. &#10; &#10;&#10; &#10;Damsg\u00e5rd skole&#10;\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5568 \/ 3712;\"\/><\/p>\n<p>    Damsg\u00e5rd skole var ein av skulane som kommunen prioriterte \u00e5 bruka ekstra ressursar p\u00e5. Etter l\u00e6rarnorma m\u00e5 dei bruka like mykje l\u00e6rarressursar p\u00e5 alle skulane.<\/p>\n<p>    Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n  <\/p>\n<p><b>Det er ikkje<\/b> berre gjennom l\u00e6rarnorma at Stortinget stramma inn grepet p\u00e5 korleis kommunane skulle styra skulane. I same periode vart mellom anna rettigheitene til elevane styrka og rapporteringskrava til skulane skjerpa.<\/p>\n<p>Akkurat som med l\u00e6rarnorma var det ingenting i vegen med intensjonane. Kven kan vel vera i mot at ein b\u00f8r ha fleire vaksne i skulen, og at elevar som ikkje opplever meistring skal f\u00e5 betre tilpassa undervisning?<\/p>\n<p><b>Ingen. Utfordringa er<\/b> berre at summen av alle statlege krav tar vekk det rommet lokalpolitikarar har for \u00e5 gjera gode lokale tilpassingar.<\/p>\n<p>Konsekvensen er at Bergen og andre kommunar har m\u00e5tta bruka langt meir ressursar p\u00e5 skule, uavhengig av korleis behovet er lokalt. Og pengane som staten hadde sett av til dette, vart i stor grad ete opp av pris- og l\u00f8nnsvekst. Samtidig har akkurat det same skjedd innanfor ei rekke andre sektorar.<\/p>\n<p><b>Det er nemleg<\/b> ikkje berre p\u00e5 skulefeltet at det statlege styringstrykket auka markant i same periode.<\/p>\n<p>Ein rapport fr\u00e5 Direktoratet for forvaltning og \u00f8konomistyring som vart lagt fram i 2024, k<a href=\"https:\/\/www.dfo.no\/sites\/default\/files\/2024-09\/Omr%C3%A5degjennomgang%20rammestyring%20av%20kommunene%20-%20kartleggingsrapport.pdf#page=135&amp;zoom=100,109,832\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">onkluderte med at<\/a> staten sitt samla styringstrykk hadde auka markant fr\u00e5 2015 til 2024, og at det var ein klar samanheng mellom styringstrykket og den stadig meir krevjande kommune\u00f8konomien.<\/p>\n<p><b>Rapporten tar i<\/b> hovudsak for seg fire kommunale ansvarsomr\u00e5de: Skule, barnehage, eldreomsorg og barnevern. Innanfor alle desse sektorane vert det konkludert med at staten i st\u00f8rre grad enn tidlegare legg f\u00f8ringar for kommunane sin aktivitet.<\/p>\n<p>Dette gjer at kommunane i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad er bundne p\u00e5 b\u00e5de hender og f\u00f8ter n\u00e5r det gjeld korleis dei skal utf\u00f8ra tenestene sine.<\/p>\n<p><b>Det var helle<\/b>r ikkje berre innanfor skule at Bergen kommune tilsette langt fleire folk i perioden 2020 til 2024. Nei, faktisk auka talet p\u00e5 utf\u00f8rte \u00e5rsverk i heile kommunen med ti prosent i l\u00f8pet av denne perioden.<\/p>\n<p>Det er ein vekst som kommunen eigentleg ikkje hadde r\u00e5d til, sidan me veit at veksten berre p\u00e5 skulefelter \u00e5t opp store delar av det eigentlege handlingsrommet.<\/p>\n<p><b>I stor grad<\/b> ser veksten p\u00e5 andre felt \u00f2g ut til \u00e5 ha skjedd for \u00e5 m\u00f8ta staten sine forventingar.<\/p>\n<p>Det gjer at det vert enormt krevjande \u00e5 gjera lokalpolitiske prioriteringar. Pengane strekk rett og slett ikkje til.<\/p>\n<p><b>I ein periode<\/b> d\u00e5 Bergen skulle rusta seg for eldreb\u00f8lga, m\u00e5tte lokalpolitikarane \u2013 anten dei ville eller ikkje \u2013 auka ressursbruken p\u00e5 skule. Dei kunne heller ikkje velja om dei ville bruka pengane p\u00e5 betre l\u00e6remiddel, fleire l\u00e6reb\u00f8ker eller andre pedagogiske grep, nei, staten bestemte at det var l\u00e6rarar pengane skulle brukast p\u00e5.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"7917\" height=\"5278\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/5_8_2429819_DSC_1375_kopi_Small.jpg\" alt=\"Vi m\u00f8ter avdelingssykepleier Sandra Dyngeland Riise (i rosa bluse) og  sykepleier Kristin Standal S\u00f8vik p\u00e5 Skjoldtunet sykehjem som forteller om hverdagen p\u00e5 sykehjem i en tid der man opplever stadig mer press p\u00e5 bemanning . \u2013 Sykehjemmene i Bergen mangler over 400 millioner kroner Grunnbemanningen p\u00e5 sykehjem i Bergen er for lav, mener ansatte, tillitsvalgte og etatsdirekt\u00f8ren. \u2013 Vi f\u00e5r ikke l\u00f8ftet bemanningen p\u00e5 ett budsjett, sier den nye helsebyr\u00e5den.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 7917 \/ 5278;\"\/><\/p>\n<p>    Styringstrykk p\u00e5 andre omr\u00e5de, gjer at satsinga p\u00e5 \u00e5 rusta seg for eldreb\u00f8lga vert slappare enn lokalpolitikarane eigentleg skulle \u00f8nska.<br \/>\n    Foto: SKJALG EKELAND\n  <\/p>\n<p>For \u00e5 betra situasjonen for kommunane, har eigentleg Stortinget berre to alternativ.<\/p>\n<p><b>Dei m\u00e5 anten<\/b> l\u00f8yva meir pengar for \u00e5 gje lokalpolitikarane eit reelt handlingsrom, eller senka forventingane til kommunane.<\/p>\n<p>Begge delar ser ut til \u00e5 verta ei vanskeleg oppg\u00e5ve, uansett kven som sit med makta p\u00e5 Stortinget.<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv om regjeringa<\/b> tidlegare har varsla at dei vil sj\u00e5 p\u00e5 grep som kan dempa styringstrykket, er det fint lite som vitnar om dette i forslaget til statsbudsjett.<\/p>\n<p>Med eit ganske uverdig unntak. Regjeringa opnar nemleg for at kommunane skal kunna ta med barnetrygda i berekninga n\u00e5r dei m\u00e5lar ut sosialhjelpa til vanskelegstilte barnefamiliar.<\/p>\n<p><b>Det er alts\u00e5<\/b> \u00abberre\u00bb for dei som har det aller vanskelegast fr\u00e5 f\u00f8r at regjeringa har tillit til at kommunane kan bestemma meir sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Det er heller heldigvis ingenting som tyder p\u00e5 at forslaget kjem til \u00e5 f\u00e5 fleirtal p\u00e5 Stortinget. Det er heilt utenkeleg at SV eller Raudt vil la Arbeidarpartiet la kommunane loppa sosialhjelpsmottakarane for meir pengar.<\/p>\n<p><b>Eksempelet viser likevel<\/b> det som er den store utfordringa. Styringstrykket til staten handlar i veldig stor grad om ekstremt gode intensjonar.<\/p>\n<p>Om staten skal gje kommunane meir makt over eigne pengar, vil dei \u00f2g m\u00e5tta svekka rettigheiter eller normer som er laga for \u00e5 sikra alle eit s\u00e5 likt tilbod som mogleg.<\/p>\n<p><b>Denne hausten er <\/b>det berre eitt alternativ: Stortinget m\u00e5 l\u00f8yva meir pengar til kommunane enn det regjeringa har foresl\u00e5tt.<\/p>\n<p>Likevel kjem dei ikkje unna ein jobb som kan f\u00f8ra til ganske mykje st\u00f8y. Om ikkje staten lempar p\u00e5 alle krava dei stiller til kommunane, vil det lokale sj\u00f8lvstyret snart verta ein rein parodi.<\/p>\n<p><b>Om ein skal <\/b>sleppa ein eksplosiv vekst i kommunale utgifter framover, m\u00e5 faktisk staten stola p\u00e5 at kommunane i st\u00f8rre kan komma fram til gode l\u00f8ysingar heilt p\u00e5 eiga hand.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Denne veka la finansminister Jens Stoltenberg (Ap) fram statsbudsjettet. Eit budsjett som tilsynelatande inneheldt ei solid satsing p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":63630,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-63629","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/63629","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=63629"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/63629\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/63630"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=63629"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=63629"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=63629"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}