{"id":68930,"date":"2025-10-24T13:00:18","date_gmt":"2025-10-24T13:00:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/68930\/"},"modified":"2025-10-24T13:00:18","modified_gmt":"2025-10-24T13:00:18","slug":"ardal-okonomi-og-naeringsliv-tente-nesten-540-millionar-til-saman-i-tredje-kvartal-den-globale-uroa-paverkar-oss","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/68930\/","title":{"rendered":"\u00c5rdal, \u00d8konomi og n\u00e6ringsliv | Tente nesten 540 millionar til saman i tredje kvartal: \u2013 Den globale uroa p\u00e5verkar oss"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Som f\u00f8r er det valseblokk som held seg godt i ein marknad prega av mykje uvisse, men me skulle \u00f8nskt at marknaden for st\u00f8ypelegeringar til bilindustrien hadde vore betre, seier fabrikksjef Anveig Halkjelsvik i ei pressemelding.<\/p>\n<p>Fredag presenterte Hydro \u00c5rdal eit overskot f\u00f8r renter, skatt og avskrivingar p\u00e5 430 millionar kroner for tredje kvartal 2025. Resultatet er l\u00e5gare enn for same periode i 2024, d\u00e5 det landa p\u00e5 596 millionar kroner.<\/p>\n<p><b>Men trass i l\u00e5gare aktivitet i den europeiske marknaden og auka kostnadsniv\u00e5, er likevel salsvolumet h\u00f8gare enn for same periode i fjor. Bakgrunnen er den store etterspurnaden etter valseblokk. <\/b><\/p>\n<p>Rustar seg for framtida<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 sett produksjonsrekord i elektrolysen, og metallverket gjer stadig fleire grep for \u00e5 henga med i det gr\u00f8ne skiftet.<\/p>\n<p>Nyleg vart det f\u00f8rste elektriske arbeidsk\u00f8yret\u00f8yet og nye lastebilar med kapasitet p\u00e5 60 tonn levert. Det inneber meir volum og f\u00e6rre turar mellom \u00d8vre \u00c5rdal og \u00c5rdalstangen.<\/p>\n<p><b>For \u00e5 gjera konsernet meir robust for framtida i ei verd prega meir uvisse, er det gjort ein gjennomgang av bemanningsbehovet. Det gjeld s\u00e6rleg stabs- og st\u00f8ttefunksjonar som har resultert i nedbemmaning p\u00e5 tvers av heile verksemda. <\/b><\/p>\n<p>\u2013 Den globale uroa p\u00e5verkar oss. For tilsette direkte knytt til metallverket vil det ikkje bli oppseiingar, men nokre f\u00e5r tilbod om tidleg pensjon. For nokre funksjonar innan forsking og utvikling, IT og administrasjon er ikkje konsekvensane av nedbemanninga endeleg avgjort. M\u00e5let er at prosessen skal vera avslutta innan utgangen av november, seier Halkjelsvik.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5052\" height=\"3797\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/Hydro+Open+dag+%C3%851.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5052 \/ 3797;\"\/><\/p>\n<p>      Dei store elektrolysehallane der verdiskapinga g\u00e5r f\u00f8re seg. Her har dei kokt lettmetall i snart \u00e5tte ti\u00e5r.<\/p>\n<p>  Jubileum i H\u00f8yanger<\/p>\n<p><b>Det same gjeld for metallverket i H\u00f8yanger, som i tredje kvartal kan visa til eit resultat p\u00e5 107 millionar kroner f\u00f8r renter, skatt og avskrivingar. Til liks med Hydro i \u00c5rdal, merkar ogs\u00e5 fabrikken i H\u00f8yanger den h\u00f8ge etterspurnaden etter valseblokk. <\/b><\/p>\n<p>\u2013 Dei urolege tidene i Europa sl\u00e5r ut p\u00e5 verksemda v\u00e5r i H\u00f8yanger, b\u00e5de p\u00e5 metallverket og i det nye resirkuleringsanlegget der me har gjort tilpassingar til marknaden. Men etterspurnaden etter valseblokk held seg framleis godt, og me leverer eit godt overskot trass i den krevjande marknadssituasjonen, seier fabrikksjef Ann Synn\u00f8ve \u00d8yg\u00e5rd i ei pressemelding.<\/p>\n<p>I H\u00f8yanger blir det ogs\u00e5 feira jubileum i \u00e5r. Det er nemleg heile 110 \u00e5r sidan aluminiumsverksemda Naco vart etablert, parallelt med at Hydro sj\u00f8lv bygde ut kraftkrevjande industri. Jubileet vart markert i september med open dag og omvisingar p\u00e5 verket.<\/p>\n<p>\u2013 I H\u00f8yanger forvaltar Hydro ein heilt spesiell arv. Sidan 1915 har industriverksemda og lokalsamfunnet vore tett samanvove, og ikkje berre gjennom sysselsetting og verdiskaping. Me er mellom anna stolte over samarbeidet der industrivernet til verket er ein viktig del av beredskapen i kommunen. I \u00e5r feirar ogs\u00e5 Hydro sj\u00f8lv 120 \u00e5r, og me skal bidra til \u00e5 halda hjula i gang ogs\u00e5 i framtida, seier \u00d8yg\u00e5rd.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/5_115_1092377+IMG_8802.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Fr\u00e5 desse elektrolyseovnane i H\u00f8yanger blir det produsert kring 100.000 tonn aluminium per \u00e5r, som mellom anna g\u00e5r til bilindustri i Europa<br \/>\n      Foto: Bj\u00f8rn Borkamo\/arkiv\n    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Som f\u00f8r er det valseblokk som held seg godt i ein marknad prega av mykje uvisse, men&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":68931,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[5342,9741,36,60,61,914,4958,537,62,30,28,29,216,1510],"class_list":{"0":"post-68930","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-naeringsliv","8":"tag-ardal","9":"tag-ardal-metallverk","10":"tag-art","11":"tag-business","12":"tag-economy","13":"tag-hoyanger","14":"tag-hydro","15":"tag-industri","16":"tag-naeringsliv","17":"tag-no","18":"tag-norge","19":"tag-norway","20":"tag-okonomi-og-naeringsliv","21":"tag-story"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115429272790793869","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/68930","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=68930"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/68930\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/68931"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=68930"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=68930"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=68930"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}