{"id":70259,"date":"2025-10-26T07:15:09","date_gmt":"2025-10-26T07:15:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70259\/"},"modified":"2025-10-26T07:15:09","modified_gmt":"2025-10-26T07:15:09","slug":"ja-til-det-grone-skiftet-men-ikkje-til-ein-kvar-pris","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70259\/","title":{"rendered":"Ja, til det gr\u00f8ne skiftet \u2013 men ikkje til ein kvar pris"},"content":{"rendered":"<p>Det b\u00f8r ikkje skje p\u00e5 kostnad av ur\u00f8rt natur og lokalsamfunn. Energiomstillinga m\u00e5 byggje p\u00e5 rettferd, respekt for naturen og lokal sj\u00f8lvr\u00e5derett.<\/p>\n<p>Store ulemper<\/p>\n<p>Vasskrafta har gjeve inntekter, men \u00f2g store ulemper for villrein, dyreliv, vassdrag, landskap og natur. Krypsiv \u00f8ydelegg Otra utan at regulanten tek nok ansvar. Kraftselskapa tener enorme summar, medan grunneigarar sit att med lite og kommunane opplever at kraftinntektene stadig minkar. Det er heller ingen garanti for at kommunane f\u00e5r behalde inntektene fordi storsamfunnet pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 kloa i desse inntektene kvart \u00e5r. Samstundes har innbyggjarane og n\u00e6ringslivet i Setesdal dei h\u00f8gaste straumprisane i landet, og store delar av krafta me produserer vert eksportert ut.<\/p>\n<p>Naturen er livsgrunnlaget v\u00e5rt<\/p>\n<p>No kan det sj\u00e5 ut som om vindkraftutbygging st\u00e5r for tur. N\u00e5r vindkraft vert bygd ut i ur\u00f8rt natur, st\u00e5r energivinsten ikkje i h\u00f8ve til dei store areal og natur inngrepa i landskap og \u00f8kosystem. Det er verken forsvarleg eller berekraftig. Slike utbyggingar trugar fugleliv, dyreliv, villrein, reduserer landbruksareal og \u00f8ydelegg viktige jakt- og friluftsomr\u00e5de. Landskapet vert prega for alltid.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.fvn.no\/mening\/kronikk\/i\/o3XoPj\/hva-med-helseaspektet-i-vindkraft\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Hva med helseaspektet i vindkraft?  <\/a> <\/p>\n<p>\u00c5pen <\/p>\n<p>Skal ein etablere vindm\u00f8lleparkar i dei mest s\u00e5rbare fjellomr\u00e5da med ur\u00f8rt natur? Eg meiner bygging av vindm\u00f8ller m\u00e5 skje der skaden er minst \u2013 p\u00e5 gr\u00e5 industriomr\u00e5de, n\u00e6r vegar eller i tilknytning til eksisterande anlegg. Det gr\u00f8ne skiftet m\u00e5 ikkje bli eit nytt naturinngrep, men heller ei b\u00e6rekraftig og lokal verdiskaping. Eit gr\u00f8nt skifte krev at vi utnyttar energien betre. Energisparing, solenergi p\u00e5 tak og gr\u00e5 flater, bioenergi og sm\u00e5kraftverk er tiltak som gjev energi utan store naturinngrep.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lvr\u00e5derett<\/p>\n<p>Naturen er livsgrunnlaget v\u00e5rt. Som senterpartipolitikar meiner eg at lokalsamfunna m\u00e5 ha styring over utviklinga i sine eigne omr\u00e5der. Eg ynskjer likevel \u00e5 uttrykke min personlege meining og mi oppmoding er kl\u00e5r: Kostnaden er for stor til \u00e5 byggje vindm\u00f8ller i dei ur\u00f8rte og mest s\u00e5rbare naturomr\u00e5da ein har.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det b\u00f8r ikkje skje p\u00e5 kostnad av ur\u00f8rt natur og lokalsamfunn. Energiomstillinga m\u00e5 byggje p\u00e5 rettferd, respekt for&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":70260,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,650,13,30,28,29,14,16,9119,26,27,1454],"class_list":["post-70259","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-natur","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-setesdal","tag-top-stories","tag-topstories","tag-vindkraft"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115439240664568300","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70259","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=70259"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70259\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/70260"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=70259"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=70259"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=70259"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}