{"id":70339,"date":"2025-10-26T09:24:10","date_gmt":"2025-10-26T09:24:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70339\/"},"modified":"2025-10-26T09:24:10","modified_gmt":"2025-10-26T09:24:10","slug":"leserbrev-krf-krf-lova-eit-desentralisert-tannhelsetilbod-no-vil-dei-leggje-ned-15-28-klinikkar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70339\/","title":{"rendered":"Leserbrev, KrF | KrF lova eit desentralisert tannhelsetilbod \u2013 no vil dei leggje ned 15\/28 klinikkar"},"content":{"rendered":"\n<p>F\u00f8r valet stod KrF i Agder tydeleg p\u00e5 l\u00f8ftet sitt: Tannhelsetenesta skulle vere desentralisert og tilgjengeleg der folk bur. Det st\u00e5r svart p\u00e5 kvitt i partiprogrammet &#8211; \u00abKrF vil arbeide for et desentralisert tannhelsetjenestetilbud\u00bb, men no, to \u00e5r etter valet, foresl\u00e5r KrF, H\u00f8gre, Venstre og Frp \u00e5 leggje ned 15 av 28 tannklinikkar i Agder. Det betyr at over halvparten av tilbodet forsvinn \u2013 og det er distrikta som blir ramma aller hardast.<\/p>\n<p>Senterpartiet st\u00e5r fast ved det vi sa f\u00f8r valet: Vi kjempar for at folk skal ha tannhelsetilbod der dei bur. Dette handlar ikkje berre om geografi \u2013 det handlar om tryggleik, helse og rettferd. N\u00e5r reisevegen blir lang, blir barrieren for \u00e5 kome seg til tannlegen end\u00e5 st\u00f8rre for mange. KrF, H\u00f8gre, Venstre og Frp foresl\u00e5r \u00e5 \u00abprivatisere\u00bb klinikkar som eit slags kompromiss. Men det er i r\u00f8ynda ei nedlegging forkledd som privatisering. N\u00e5r det offentlege trekkjer seg ut, finst det inga garanti for at private akt\u00f8rar vil etablere seg. Det er ikkje eit reelt alternativ for folk flest.<\/p>\n<p>KrFs snuoperasjon svekkjer tilliten til politikarar som seier \u00e9in ting i valkampen og gjer noko anna n\u00e5r makta er fordelt. Vi meiner at tannhelse er ein del av det offentlege helseansvaret, og at det skal vere likeverdig \u2013 uansett kvar i Agder du bur. Folk fortener politikarar som st\u00e5r opp for l\u00f8fta sine \u2013 ogs\u00e5 etter valet. Me vonar fylkespolitikarane i KrF lyttar til sine lokalpolitikarar og medlemmer, og snur i denne saka.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"F\u00f8r valet stod KrF i Agder tydeleg p\u00e5 l\u00f8ftet sitt: Tannhelsetenesta skulle vere desentralisert og tilgjengeleg der folk&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":7879,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,2987,24,25,15,1754,22,23,38,13,30,28,29,14,1533,16,1963,26,27],"class_list":{"0":"post-70339","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-fb","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-krf","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-leserbrev","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-senterpartiet","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115439747921884265","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70339","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=70339"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70339\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/7879"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=70339"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=70339"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=70339"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}