{"id":70425,"date":"2025-10-26T11:48:31","date_gmt":"2025-10-26T11:48:31","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70425\/"},"modified":"2025-10-26T11:48:31","modified_gmt":"2025-10-26T11:48:31","slug":"klepp-sele-sma-bolger-skil-dei-beste-fra-dei-nest-beste-i-surfe-nm","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70425\/","title":{"rendered":"Klepp, Sele | Sm\u00e5 b\u00f8lger skil dei beste fr\u00e5 dei nest beste i surfe-NM"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Me surfar s\u00e5 ofte me kan, det er mellom anna derfor eg bur p\u00e5 J\u00e6ren ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Edvard Boge (28), som er fr\u00e5 Vestland, tenkar seg litt om f\u00f8r han held fram:<\/p>\n<p>\u2013 Eg har ikkje heilt sj\u00f8lvtilliten til \u00e5 melde meg p\u00e5, kanskje.<\/p>\n<p>J\u00e6rbladet m\u00f8ter Boge, Markus Hagenes (29) og Henrik Ek Hayes (27) i sanddynene p\u00e5 Selestranda. I likskap med mange fleire i n\u00e6r omkrins, speidar dei ut i havgapet for \u00e5 heie fram lokale og tilreisande ut\u00f8varar som gjer sitt beste p\u00e5 b\u00f8lgene.<\/p>\n<p>Konkurransen strekker seg gjennom heile helga.<\/p>\n<p>Alle dei tre er bitne av surfebasillen, og har planar om \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 brett seinare p\u00e5 dagen \u2013 utanom konkurransen.<\/p>\n<p>Sm\u00e5 b\u00f8lgjer, men str\u00e5lande sol<\/p>\n<p>\u2013 Han surfar no, sj\u00e5 no, sj\u00e5 no!<\/p>\n<p>Ein dei kjenner er i elden. Sj\u00f8lv om tilh\u00f8va p\u00e5 land er up\u00e5klagelege, med sol og gode temperaturar, er det verre p\u00e5 havet. B\u00f8lgene skulle helst vore litt st\u00f8rre.<\/p>\n<p>\u2013 Du ser ta dei m\u00e5 jobbe veldig med \u00e5 halde farten, skyt Boge inn.<\/p>\n<p>\u2013 Det er kjekt \u00e5 st\u00e5 og heie p\u00e5 dei som kan det, seier Hagenes.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/IMG_8277.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>      Glen William Imrie og Valentin Launay sit begge i styret til J\u00e6ren surfklubb.<br \/>\n      Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim\n    <\/p>\n<p>Ogs\u00e5 arrang\u00f8r J\u00e6ren surfklubb, representert av styremedlem Valentin Launay, p\u00e5peiker at det er marginale forhold, samanlikna med kva dei \u00f8nskjer \u00e5 ha.<\/p>\n<p>\u2013 Me skulle gjerne hatt st\u00f8rre b\u00f8lger og kraftigare forhold. Men det er eigentleg veldig fine konkurranseforhold sj\u00f8lv om det er litt sm\u00e5tt, fordi me greier \u00e5 skilje mellom dei beste og dei som er mindre gode, om nokon har niv\u00e5 til \u00e5 utnytte b\u00f8lgjene eller ikkje, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Pr\u00f8ver alltid \u00e5 bevare naturen s\u00e5 godt som mogleg<\/p>\n<p>For \u00e5 delta i NM er regelen at ut\u00f8varen m\u00e5 ha norsk pass. Blant dei er b\u00e5de tilreisande fr\u00e5 utland og innland \u2013 og ein del lokale.<\/p>\n<p>I konkurransen er det totalt 49 p\u00e5melde gjennom helga.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ganske bra oppm\u00f8te i dag, skyt styremedlem Glen William Imrie inn.<\/p>\n<p>Launay seier seg einig, men hadde eigentleg sett for seg enda fleire tilskodarar fr\u00e5 sida.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/IMG_8282.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>      Det var sett opp eit slags badstutelt, der folk kunne varme seg mellom slaga.<br \/>\n      Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim\n    <\/p>\n<p>\u2013 Utfordringa her er at det ikkje er s\u00e5 mykje parkeringsplass.<\/p>\n<p>Parkeringsplassane ved b\u00e5de stranda og hamna fylte seg opp gjennom formiddagen, og ein del bilar stod langs vegen. Launay seier dei pr\u00f8ver \u00e5 ha frivillige oppe ved vegen, som dirigerer bilistane.<\/p>\n<p>Han er klar p\u00e5 at dei \u00f8nskjer \u00e5 ha dei lokale p\u00e5 si side.<\/p>\n<p>\u2013 Det beste er ha konkurransen p\u00e5 Bore, med mykje st\u00f8rre parkeringsplass og betre fasilitetar med dusj og do p\u00e5 parkeringsplassen, men b\u00f8lgjene er d\u00e5rlegare der enn her, derfor har me valt \u00e5 vere her.<\/p>\n<p>Dei fortel at dei har s\u00f8kt til Statsforvaltaren om lov til \u00e5 arrangere konkurransen, og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Me pr\u00f8ver alltid \u00e5 bevare naturen s\u00e5 godt som mogleg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Me surfar s\u00e5 ofte me kan, det er mellom anna derfor eg bur p\u00e5 J\u00e6ren ogs\u00e5. Edvard&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":70426,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,24,25,15,1470,22,23,13,30,28,29,14,16,9878,1510,9879,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-70425","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-klepp","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-news","18":"tag-no","19":"tag-norge","20":"tag-norway","21":"tag-nyheter","22":"tag-overskrifter","23":"tag-sele","24":"tag-story","25":"tag-surf","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories","28":"tag-verden","29":"tag-world","30":"tag-world-news","31":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115440314346696690","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70425","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=70425"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70425\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/70426"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=70425"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=70425"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=70425"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}