{"id":70693,"date":"2025-10-26T18:16:06","date_gmt":"2025-10-26T18:16:06","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70693\/"},"modified":"2025-10-26T18:16:06","modified_gmt":"2025-10-26T18:16:06","slug":"meiningar-helse-kutt-i-laerdal-er-mykje-meir-enn-berre-okonomi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/70693\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | Kutt i L\u00e6rdal er mykje meir enn berre \u00f8konomi"},"content":{"rendered":"\n<p>Styret i Helse F\u00f8rde har no vedteke \u00e5 greie ut ei rekkje tiltak for \u00e5 spare pengar. Mellom desse er eit forslag om \u00e5 samle all ortopedisk aktivitet i F\u00f8rde og dermed leggje ned ortopedisk avdeling og skadepoliklinikk ved L\u00e6rdal sjukehus.<\/p>\n<p>Vi legar i Indre Sogn ser med stor uro p\u00e5 dette. For oss er dette ikkje eit n\u00f8ytralt \u00abdriftstiltak\u00bb \u2013 det er eit reelt kutt som vil ramme pasientar, fagmilj\u00f8 og heile lokalsamfunnet.<\/p>\n<p>Kva betyr dette for L\u00e6rdal og Sogn?<\/p>\n<ul>\n<li> Pasientar med heilt vanlege brot og skadar m\u00e5 reise timevis til F\u00f8rde, ofte med ambulanse. Vi veit allereie fr\u00e5 sommarstenging av skadepoliklinikken at dette ikkje fungerer. Legevaktslegar har m\u00e5tta reponere skuldrer og brot sj\u00f8lve \u2013 ein risiko vi ikkje kan akseptere som permanent l\u00f8ysing.<\/li>\n<li>Ortopedi er ein berebjelke for LIS1 \u2013 Legar i Spesialisering (tidlegare kalla turnuslegar) i L\u00e6rdal. I dag f\u00e5r nyutdanna legar 6 m\u00e5nader teneste ved medisinsk avdeling og 3 m\u00e5naders teneste ved ortopedisk avdeling. Deretter m\u00e5 dei ha 3 m\u00e5nader kirurgisk teneste i F\u00f8rde, for s\u00e5 \u00e5 ferde l\u00f8pet med 6 m\u00e5nader ved eit fastlegekontor i ein n\u00e6rliggjande kommune. Stillingane ved L\u00e6rdal sjukehus er viktige og attraktive for rekruttering. Om ortopedi vert lagt ned, forsvinn grunnlaget for rekruttering, b\u00e5de til sjukehuset og omr\u00e5da rundt.<\/li>\n<li> Mange fastlegar har partnarar som arbeider p\u00e5 sjukehuset. N\u00e5r arbeidsplassar forsvinn, er det ikkje sikkert desse legane ser ei framtid i Sogn. Vi risikerer \u00e5 miste b\u00e5de spesialisthelsetenester og fastlegar \u2013 to ting som allereie er kritisk mangelvare.<\/li>\n<li>Vi fryktar med slik nedlegging \u00f2g meir \u00ablekkasje\u00bb av pasientar til Helse Bergen, fordi vegen til F\u00f8rde er for lang, og kapasiteten for liten. Fr\u00e5 legevakt i L\u00e6rdal er vegen til Voss kortare enn til F\u00f8rde. Slik lekkasje vil f\u00e5 negative \u00f8konomiske konsekvensar for Helse F\u00f8rde \u2013 er dette tatt med i utrekningar p\u00e5 innsparingar?<\/li>\n<li> Som legar opplever vi det som uverdig \u2013 og rett og slett flaut \u2013 \u00e5 bu og arbeide i ein region der pasientar m\u00e5 transporterast fleire timar til F\u00f8rde for enkel vurdering. Om ein legg ned ortopedien og eit sjukehus s\u00e5 ikkje eingong kan gipse eit brot, er det eit teikn p\u00e5 alvorleg svikt i b\u00e5de tryggleik og styring. Vi kjenner p\u00e5 skam n\u00e5r ein turist \u2013 eller ein gamal og skr\u00f8peleg pasient \u2013 m\u00e5 liggje timevis i ambulanse for ei rutinehandsaming som trygt kunne vore gjort i L\u00e6rdal. Mange av desse eldre har gjennom eit langt liv betalt for helsetenestene vi alle nyt godt av, men f\u00e5r sj\u00f8lve ei uverdig avslutning n\u00e5r dei treng hjelp mest.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Me som legar gjer ei viktig oppg\u00e5ve og tek stort ansvar for folk her, men det vert ikkje spegla i eit system som gjer pasientbehandlinga un\u00f8dvendig tungvint og umenneskeleg. Dette undergrev tilliten til helsevesenet \u2013 hj\u00e5 b\u00e5de innbyggjarar og tilreisande.<\/p>\n<p>For Helse F\u00f8rde ser dette ut til \u00e5 handle berre om \u00f8konomi, men for oss i Indre Sogn handlar det om mykje meir. Det handlar om tryggleik, rekruttering, beredskap og likeverdige helsetenester. Det er ikkje mogleg \u00e5 kutte bort ortopedien i L\u00e6rdal utan \u00e5 samstundes svekkje tilbodet og tryggleiken for pasientane v\u00e5re.<\/p>\n<p>Legane i Indre Sogn kan ikkje sitje stille og sj\u00e5 p\u00e5 at L\u00e6rdal sjukehus blir svekka bit for bit. Vi oppmodar styret i Helse F\u00f8rde til \u00e5 tenkje seg om ein gong til. Dei tiltaka som no blir kalla \u00abkostnadseffektive\u00bb, kan i realiteten koste oss mykje meir \u2013 b\u00e5de menneskeleg, fagleg og \u00f8konomisk \u2013 i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Styret i Helse F\u00f8rde har no vedteke \u00e5 greie ut ei rekkje tiltak for \u00e5 spare pengar. Mellom&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":70694,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":{"0":"post-70693","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-laerdal","18":"tag-meiningar","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115441839879576628","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70693","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=70693"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/70693\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/70694"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=70693"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=70693"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=70693"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}