{"id":7231,"date":"2025-08-13T19:06:12","date_gmt":"2025-08-13T19:06:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/7231\/"},"modified":"2025-08-13T19:06:12","modified_gmt":"2025-08-13T19:06:12","slug":"kommentar-debatt-finst-det-byar-der-det-lokale-fotballaget-er-meir-usynlege-enn-i-bergen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/7231\/","title":{"rendered":"Kommentar, Debatt | Finst det byar der det lokale fotballaget er meir usynlege enn i Bergen?"},"content":{"rendered":"\n<p><b>P\u00e5 reise i<\/b> andre byar, har eg ein fiffig metode. Jada, eg vedg\u00e5r gjerne at det er litt nerdete.<\/p>\n<p>For \u00e5 verta litt klokare p\u00e5 korleis dynamikkane i byen eigentleg fungerer, leitar eg etter spor etter dei lokale fotballaga i bybildet.<\/p>\n<p><b>Korleis ein by<\/b> dyrkar fotballklubbane sine fortel nemleg ofte det turistbrosjyrane ikkje bryr seg om.<\/p>\n<p>Fotballklubbane er nemleg ofte eit konsentrat av b\u00e5de identitet og motsetnadar i ein by.<\/p>\n<p><b>I byar med <\/b>fleire fotballag, fortel relasjonen mellom klubbane ofte ei forenkla historie om sosiale og kulturelle skiljelinjer i byane.<\/p>\n<p><b>I byar med<\/b> eitt dominerande fotballag, fortel som regel dyrkinga av fotballklubben alt om korleis byen \u00f8nsker \u00e5 framst\u00e5.<\/p>\n<p>Nyleg var eg i G\u00f6teborg for \u00e5 sj\u00e5 Brann spela mot H\u00e4cken i kvalifisering til Champions League. Turen var ikkje berre vellykka fordi Brann skaffa seg eit godt utgangspunkt f\u00f8r returkampen, men \u00f2g fordi eg fekk eit interessant innblikk i identitet og kultur, gjennom m\u00f8tet med resten av fotballkulturen i byen.<\/p>\n<p><b>I motsetnad til <\/b>Bergen, er G\u00f6teborg ein by med splitta fotballidentitet, ja splitta identitet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det er sm\u00e5klubben H\u00e4cken som representerer byen i Europa denne sesongen, er det heilt andre klubbar som markerer seg i bybildet i den svenske nummer to-byen.<\/p>\n<p><b>Aller mest dei<\/b> to tradisjonelle arbeidarklasseklubbane i byen.<\/p>\n<p>Den eine av desse er streite IFK G\u00f6teborg, som har ein stor supporterbutikk ved Ullevi midt i byen. Her er det lite som minner om m\u00f8kkete arbeidarklasse. Klubben som gjorde enorm suksess og vann to europacup-pokalar p\u00e5 80-talet, ser ut som ein reinkarnasjon av ryktet G\u00f6teborg pr\u00f8ver \u00e5 skaffa seg som ein stor europeisk eventby.<\/p>\n<p><b>Her er det<\/b> god stemning, mysig svensk sommardag, og politisk korrektheit som r\u00e5r. Profileringa av klubben minner om den kommersielle, men effektive m\u00e5ten G\u00f6teborg \u00f8nsker \u00e5 framst\u00e5 som by.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/IMG_0292.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>    Hj\u00e5 IFK G\u00f6teborg er det reine linjer og fint lite som er eigna til \u00e5 provosera.<\/p>\n<p>Klubben som gjev det sterkaste inntrykket er likevel den andre arbeidarklasseklubben i byen. I ei trong bygate finn me nemleg ei sjappe som like godt kunne vore ein platebutikk, ei tatoveringssjappe, eller ein barbershop retta mot hipstermarknaden.<\/p>\n<p><b>Dette er tilhaldsstaden<\/b> til underdogen GAIS. Dette er undergrunnsklubben i byen. Klubben til H\u00e5kan Hellstr\u00f6m. Klubben til dei slitne slitarane. Klubben som har gjort det langt betre som sosial mark\u00f8r enn som fotballklubb dei siste ti\u00e5ra.<\/p>\n<p>Butikken til klubben er vel s\u00e5 mykje ein m\u00f8teplass, og liknar meir p\u00e5 ei slik sjappe der du finn band-t-skjorter, som ein fotballbutikk. Her har alt eit uavhengig preg, og til og med klubbtr\u00f8yene vert i stor grad selt utan reklame.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/IMG_0282.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>    Butikken til GAIS minnar meir om ein butikk for undergrunnsmusikk enn ein fotballbutikk.<\/p>\n<p>Me skal komma tilbake til dette.<\/p>\n<p><b>G\u00f6teborg har \u00f2g<\/b> ein overklasseklubb. Den heiter \u00d6rgryte og spelar p\u00e5 langt meir eksklusive strenger, sj\u00f8lv om klubben spelar p\u00e5 niv\u00e5 to. Den klubben som er minst synleg i bybildet er \u00abnykommaren\u00bb H\u00e4cken som m\u00f8ter Brann.<\/p>\n<p>Konklusjon av det kulturelle feltarbeid: G\u00f6teborg er ein by der klasseskilja har vore tydelege, og der arbeidarklassen har vore ein blanding av det streite svenske, og det meir urbane og undergrunnsprega.<\/p>\n<p><b>Alle dei fire<\/b> klubbane i byen har butikkar som er opne utover p\u00e5 kampdagar, og som p\u00e5 ulikt vis reflekterer kva klubbane st\u00e5r for.<\/p>\n<p>Kva er det s\u00e5 som m\u00f8ter tilreisande i det ein skulle tru var den mest kokande fotballbyen i Norden? Bergen, s\u00e5 klart.<\/p>\n<p><b>Med eit bittelite<\/b> sjarmerande unntak skulle ein, basert p\u00e5 det ein m\u00f8ter i Bergen sentrum, tru at Bergen var ein by som ikkje kunne brydd seg mindre om fotballaget sitt.<\/p>\n<p>Me er inne i den kanskje viktigaste fotballveka i sesongen for Brann. Herrane skal sikra ligaspel i Europa, kvinnene skal sikra avstanden til gulljagande rivalar fr\u00e5 aust i Oslo. Fint lite vitnar om kok eller engasjement i sentrum.<\/p>\n<p><b>Faktisk. Basert p\u00e5<\/b> sortimentet av fotballdrakter som er \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt i Bergen sentrum, skulle ein tru at Mohamed Salah og Erling Braut Haaland konkurrerte om \u00e5 vera den st\u00f8rste fotballstjerna i byen.<\/p>\n<p>Ut over at det finst eit mylder av Brann-klistremerke p\u00e5 lyktestolpar og byromsm\u00f8blar, og ein og annan fris\u00f8r har hengt opp ei gammal Brann-drakt p\u00e5 veggen, er det ingen ting som tyder p\u00e5 at me er i ein by som bryr seg s\u00e6rleg mykje om eit lokalt fotballag.<\/p>\n<p><b>Dei p\u00e5 ferie<\/b> eller jobbreise som kunne tenka seg \u00e5 kj\u00f8pa med seg ei fotballtr\u00f8ye som suvenir, ja det er ganske utbreidd det, vil ikkje finna ei einaste ny Brann-drakt i nokon butikk i byen.<\/p>\n<p>Ved Torshov Sport i Bergen sentrum sel dei det meste av fotballdrakter, men dei har ikkje lov til \u00e5 selja Brann-draftet.<\/p>\n<p>\u2013 I fjor selde me 1500 norske landslagsdrakter til turistar. Dei aller fleste ville eigentleg ha var Brann-drakt. Turistane synst dette er veldig rart, seier butikksjef Andre Gullord til BA.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8256\" height=\"5504\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/RJ8_1433.jpg\" alt=\"Umulig \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt Brann-drakter i Bergen sentrum. Butikksjef Andre Gullord hos Torshov Sport i Bergen fortviler.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8256 \/ 5504;\"\/><\/p>\n<p>    Sidan Brann har avtale med konkurrenten, som ikkje har fysisk butikk i Bergen sentrum, f\u00e5r ikkje Andre Gullord og Torshov Sport selja Brann-drakter. Ettersp\u00f8rselen er stor. S\u00e6rleg blant turistar.<br \/>\n    Foto: RUNE JOHANSEN\n  <\/p>\n<p><b>Eg kan faktisk<\/b> ikkje hugsa \u00e5 ha vore i ein europeisk by der det lokale fotballaget og fotballdraktene deira er meir fr\u00e5verande i byen.<\/p>\n<p>M\u00e5lt mot det reelle engasjementet i byen, burde Bergen ha minna meir om Napoli. Det er ein by som det er klin umogleg \u00e5 bes\u00f8ka utan \u00e5 ha funne ut at religionen er lysebl\u00e5 og guden heiter Diego Maradona.<\/p>\n<p><b>Parallellen i Norge<\/b> er heilt openberr. Ja! Brann og Kniksen, sj\u00f8lvsagt.<\/p>\n<p>Men du kan trygt bes\u00f8ka Bergen utan \u00e5 f\u00e5 med deg at Kniksen, Signe Gaupset eller Fredrik Pallesen Knudsen regjerer i denne byen.<\/p>\n<p>Jau d\u00e5. Om du er ekstremt spesielt interessert, kan du kanskje ha funne ut at Brann-butikken p\u00e5 Stadion heldt ope nokre minutt f\u00f8r og etter kampslutt.<\/p>\n<p><b>Det er likevel<\/b> ganske spinkelt for ein klubb som hevdar at byen er Bergen og laget er Brann, og marknadsf\u00f8rer seg med at byen er laget, og Bergen er Brann.<\/p>\n<p>Det er heller ikkje heilt opplagt at det er Sportsklubben Brann som treng \u00e5 etablera seg p\u00e5 gateplan i Bergen sentrum.<\/p>\n<p><b>Historia har nemleg<\/b> l\u00e6rt oss at Brann kan drita skikkeleg p\u00e5 draget n\u00e5r klubben driv med ting dei ikkje har kompetanse p\u00e5. D\u00e5 gullrusen etter 2007, allereie \u00e5ret etter vart omgjort til ein real nedtur, brann Brann inne med eit varelager p\u00e5 over 16 millionar kroner, fordi dei hadde tatt stor risiko og feilvurdert marknaden etter Brann-produkt.<\/p>\n<p>Den gongen hadde Brann to butikkar opne for publikum. Klubben tok t\u00e6ring etter n\u00e6ring, og slutta med slikt.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4928\" height=\"3280\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/BA70090.jpg\" alt=\"Brann Brannbutikken\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4928 \/ 3280;\"\/><\/p>\n<p>    I fleire periodar har Sportsklubben Brann vore synlege i Bergen Sentrum. Slik s\u00e5g det ut i 2014.<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p><b>No har Brann<\/b> ein utstyrsleverand\u00f8r som har f\u00e5tt monopol p\u00e5 \u00e5 selja Brann-drakter. P\u00e5 dagleg basis betyr det utelukkande netthandel.<\/p>\n<p>Bergen kan likevel ikkje vera kjent av \u00e5 vera ein by der den st\u00f8rste folkelege lidenskapen til dagleg er totalt usynleg.<\/p>\n<p><b>Kanskje kan ein<\/b> henta inspirasjon i G\u00f6teborg? Bula til GAIS eksisterer ikkje for \u00e5 gje klubben st\u00f8rst mogelege inntekter. Truleg er det ei heller marginal kommersiell greie dei driv med. Dei som st\u00e5r bak disken, jobbar nemleg i stor grad frivillig. Fordi dei er supporterar, og er opptekne av at klubben skal ha ein m\u00f8teplass i bykjernen.<\/p>\n<p>Det pregar \u00f2g butikken.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/IMG_0285.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>    Hadde du ikkje visst betre, ville du aldri tenkt at GAIS hadde noko med fotball \u00e5 gjera.<\/p>\n<p><b>Fordi fotballklubben i <\/b>deira auge er noko langt meir enn ein fotballklubb.<\/p>\n<p>Eg var inne p\u00e5 at det \u00f2g i Bergen finst eit lite heiderleg unntak. I G\u00e5gaten har nokre glade entusiastar ei god stund drive Fotballdraktbutikken. Ein bruktbutikk for gamle fotballdrakter fr\u00e5 alle tenkelege krikar og krokar i verda.<\/p>\n<p><b>Ja. Den vesle<\/b> butikken i G\u00e5gaten er den einaste plassen i sentrum der du kan finna deg ei Brann-drakt. Sjansen er st\u00f8rre for \u00e5 finna ei 20 \u00e5r gammal drakt enn ei ny ei. Og, ja. Me snakkar eigentleg ein antikvitetsbutikk for dei som verkeleg bryr seg.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"7728\" height=\"5152\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/TSL_Fotballdraktbutikken_061124-6.jpg\" alt=\"Fotballdrakt-trenden har g\u00e5tt som en farsott gjennom Bergen. I Italia g\u00e5r en mann rundt med en Minde IL-tr\u00f8ye. &#10;&#10;Bergensere leverer inn drakter fra gamle barndomsklubber til fotballdraktbutikken Fdb. 343 i g\u00e5gaten.&#10;&#10;Bak butikken st\u00e5r bergenserne Sindre Lundberg og Joakim Neerg\u00e5rd. De greide ikke helt bestemme seg for hvilken lokaldrakt som skulle p\u00e5 for bildet. Lundberg trer p\u00e5 seg sin gamle Minde-tr\u00f8ye.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 7728 \/ 5152;\"\/><\/p>\n<p>    Sindre Lundberg og Joakim Neerg\u00e5rd er ditt einaste h\u00e5p om du vil kj\u00f8pa deg ei Brann-drakt i Bergen p\u00e5 ein vanleg dag. Dei to entusiastane har drakter fr\u00e5 alle verdshj\u00f8rner.<br \/>\n    Foto: Truls Skram Ler\u00f8\n  <\/p>\n<p>Uavhengig av fotball, er butikken eit av dei friskaste og mest uavhengige tilskota til det bergenske bybildet p\u00e5 lenge.<\/p>\n<p><b>Om Brann skulle <\/b>ein tru at langt fleire brydde seg. Det er p\u00e5 tide at Bergen i st\u00f8rre grad greier \u00e5 reflektera at byen er ein fotballby utanom det vanlege.<\/p>\n<p>Mykje tyder p\u00e5 at b\u00e5de klubben, supporterane, og kanskje \u00f2g n\u00e6ringslivet m\u00e5 engasjera seg.<\/p>\n<p><b>No ser Bergen<\/b> nemleg ut som ein uvanleg daud fotballby.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"P\u00e5 reise i andre byar, har eg ein fiffig metode. Jada, eg vedg\u00e5r gjerne at det er litt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":7232,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,37,266,30,28,29,1533,1382,83,82],"class_list":{"0":"post-7231","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-kommentar","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-solve-rydland","16":"tag-sport","17":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7231","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7231"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7231\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/7232"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7231"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7231"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7231"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}