{"id":74335,"date":"2025-10-30T20:02:15","date_gmt":"2025-10-30T20:02:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/74335\/"},"modified":"2025-10-30T20:02:15","modified_gmt":"2025-10-30T20:02:15","slug":"debatt-kinn-ostehovelkutt-eller-motorsag-massakre","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/74335\/","title":{"rendered":"Debatt, Kinn | Osteh\u00f8velkutt eller motorsag-massakre?"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Eg har sagt<\/b> mykje av dette f\u00f8r, men eg kan seie det ein gong til:<\/p>\n<p><b>Viss fleirtalet<\/b> i Kinn kommunestyre la ned Raudeberg og Krokane fordi ein trudde at innsparingane i skule skulle kome fr\u00e5 reduksjon i overkapasitet og areal, s\u00e5 har dei tatt avgjerda p\u00e5 feil grunnlag.<\/p>\n<p><b>Kommunedirekt\u00f8ren seier<\/b> at han ikkje ser f\u00f8re seg at klassestorleiken vil endre seg sj\u00f8lv om ein legg ned skular, men det festar eg ikkje lit til, gitt tidlegare offentlege uttaler han har kome med til fordel for innsparing med store klassar og det enorme innsparingspresset ein vert m\u00f8tt med, spesielt etter at kostnader ved rehabilitering og utviding av Flor\u00f8 Barneskole vart dobla til mellom 210 og 260 millionar. Andre realistiske m\u00e5tar \u00e5 spare inn desse summane har vi ikkje f\u00e5tt noko informasjon om. Det handlar om \u00e5 f\u00e5 klassane s\u00e5 n\u00e6rt opp mot 30 elevar som mogleg.<\/p>\n<p><b>Store pengar. <\/b>Titalls millionar i \u00e5ret. 35 stillingar med snitt p\u00e5 600 tusen er 20 millionar i \u00e5ret.<\/p>\n<p><b>Det er det <\/b>same prinsippet som l\u00e5g bak kommunedirekt\u00f8ren sitt ynskje om Skram som ein 400-elevars skule i M\u00e5l\u00f8y. Noko som han var ganske tydeleg p\u00e5.<\/p>\n<p><b>Innsparing i form<\/b> av store klassar og f\u00e6rre l\u00e6rarar. Kommunedirekt\u00f8ren har ymta om dette tidlegare, Norconsult har sagt det ope.<\/p>\n<p><b>Det er difor <\/b>mange i fleirtalet tidlegare stemte for ein Skram-skule p\u00e5 250 elevar i staden. Ikkje fordi ein var dumme, \u00f8konomisk uansvarlege eller for feige til \u00e5 ta eit val.<br \/><b><br \/>Ein tok eit <\/b>verdival om at ein ville ha ein skule med ein mest mogeleg ideell klassestorleik (kring 20 elevar, ikkje 30 ) og st\u00f8rre l\u00e6rartettleik. Sj\u00f8lv om det kostar meir.<\/p>\n<p><b>Ved \u00e5 velje<\/b> ein skule i M\u00e5l\u00f8y p\u00e5 250 elevar s\u00e5 gjorde ein det mykje vanskelegare \u00e5 presse fram at ein skulle ha maksstorleik p\u00e5 klassar og f\u00e6rrast mogeleg l\u00e6rarar. Av og til m\u00e5 ein gjere det slik.<\/p>\n<p><b>Med valet <\/b>som fleirtalet gjorde i kommunestyret f\u00f8rre veke, s\u00e5 sikra ein at ein f\u00e5r ein Flor\u00f8 Barneskole der klassane vil pressast s\u00e5 n\u00e6rt opp i maks p\u00e5 30 som mogeleg (gitt at ein f\u00e5r oppgradert ventilasjonssystemet til at det vert lovleg) og f\u00e5r redusert talet p\u00e5 l\u00e6rarar til eit lovfesta minimum.<\/p>\n<p><b>Slik eg ser<\/b> det, s\u00e5 vil dette vedtaket uunng\u00e5eleg f\u00f8re til at ein ikkje kan hindre at Brands\u00f8y \u00f2g leggast ned om f\u00e5 \u00e5r fordi den vil framst\u00e5 som for ul\u00f8nsam per elev i forhold til stordrift ved Flor\u00f8 Barneskole.<\/p>\n<p><b>Den stemma<\/b> som vart avlagt, spesielt i forhold til Krokane skule, handla ikkje berre om \u00f8konomiske prioriteringar, det handla om eit verdival om kva skule ein ynskjer.<\/p>\n<p><b>Fleirtalet stemte<\/b> for sentralisering, for maks skulestorleik og l\u00e5g l\u00e6rartettleik slik at ein kan spare masse, masse pengar. Ikkje til &laquo;barnas beste&raquo; men for \u00e5 f\u00e5 meir pengar til signalbygg og liknande, vil eg tru.<\/p>\n<p><b>Ein ville ikkje<\/b> ha &laquo;osteh\u00f8velkutt&raquo; i oppvekstsektoren, s\u00e5 ein gjekk inn med motorsag og saga ned til rota i staden.<\/p>\n<p><b>Det er \u00f2g eit verdival.<\/b><\/p>\n<p><b>Eg skulle berre<\/b> ynskje at dei som stemte for nedlegginga faktisk vedkjente seg det verdivalet dei tok, i staden for \u00e5 messe p\u00e5 uriktige p\u00e5standar om at dette handla om \u00e5 eliminere overkapasitet og redusere areal, for det skjer ikkje. Ikkje med nedlegginga av Krokane. Kvar elevplass og det meste av arealet kjem til ekstra til Flor\u00f8 Barneskole.<\/p>\n<p><b>Eg s\u00e5g s\u00e5<\/b> mange som stemte for nedlegging av Krokane som mimra med t\u00e5rer i augene om kor mykje dei elskar den skulen, og kor tungt det var for dei \u00e5 ta det valet. Det er meir synd p\u00e5 dei, m\u00e5 skj\u00f8ne, enn det er p\u00e5 dei i kommunestyret som tapte avstemminga og dei foreldre og born som kjem til \u00e5 miste skulen sin.<\/p>\n<p><b>Det er synd<\/b> p\u00e5 dei som legg ned, m\u00e5 vite.<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv om eg<\/b> har ivra for \u00e5 oppretthalde desse skulane, s\u00e5 har eg ikkje noko personleg forhold til dei. Ingen varme minner. Ingen t\u00e5rer felt ved nedlegging i s\u00e5 m\u00e5te.<\/p>\n<p><b>Det som eg <\/b>bryr meg om er at ein gjer val basert p\u00e5 eit faktagrunnlag og at ein er \u00e6rleg om kva konsekvensar det har og kvifor ein gjer det. Eg er personleg overtydd om at ein middels klassestorleik og minst middels stor l\u00e6rartettleik og god bemanning elles er viktig for eit godt l\u00e6ringsmilj\u00f8. S\u00e5vidt eg veit fr\u00e5 mi lesing s\u00e5 er det solide data til \u00e5 st\u00f8tte opp om dette.<\/p>\n<p><b>Eg opplever ikkje<\/b> prossessen som vi har g\u00e5tt igjennom som tilstrekkeleg opplysande og \u00e6rleg, trass i fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 det til. Eg opplever at grunnen til desse vala er kun for \u00e5 auke klassestorleik og kutte talet p\u00e5 l\u00e6rarar og alt anna av informasjon er forma kring det m\u00e5let. Derav alle dei misvisande tala om elevkapasitet p\u00e5 skulane og p\u00e5viste misvisande utrekningar av kostnader.<\/p>\n<p><b>Alltid, etter eit <\/b>dramatisk tap i ei kontroversiell sak, s\u00e5 vert det snakka om at ein framleis m\u00e5 ha respekt for sine meiningsmotstandarar. Og i prinsippet er eg einig.<\/p>\n<p><b>Men eg kan<\/b> ikkje ha respekt for eit fleirtal som ikkje torer \u00e5 vere \u00e6rlege mot veljarane og med seg sj\u00f8lve om at alle innsparingane ved dette vedtaket kjem fr\u00e5 \u00e5 kutte drastisk i talet p\u00e5 l\u00e6rarar i Kinn-skulen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg har sagt mykje av dette f\u00f8r, men eg kan seie det ein gong til: Viss fleirtalet i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":74336,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,6234,10304,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,3129,884,26,27],"class_list":{"0":"post-74335","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kinn","16":"tag-krokane-skule","17":"tag-latest-news","18":"tag-latestnews","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-skulenedlegging","27":"tag-skulestruktur","28":"tag-top-stories","29":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115464905939486506","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/74335","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=74335"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/74335\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/74336"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=74335"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=74335"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=74335"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}