{"id":74506,"date":"2025-10-31T00:13:51","date_gmt":"2025-10-31T00:13:51","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/74506\/"},"modified":"2025-10-31T00:13:51","modified_gmt":"2025-10-31T00:13:51","slug":"anmeldelse-chainsaw-man-the-movie-reze-arc-filmpolitiet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/74506\/","title":{"rendered":"Anmeldelse: \u00abChainsaw Man &#8211; The Movie: Reze Arc\u00bb \u2013 Filmpolitiet"},"content":{"rendered":"<p>Tatsuki Fujimoto sin manga \u00abChainsaw Man\u00bb er blant mine personlege favorittar.<\/p>\n<p>Det er kanskje den ultimate forteljinga om \u00e5 vere ung, dum og k\u00e5t i ei verd som er ute etter \u00e5 sluke deg levande, fortald med ein spenstig kombinasjon av hypervald og absurd humor.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En animert figur med flere motorsager p\u00e5 kroppen.\" title=\"Foto: SF Norge\"\/><\/p>\n<p class=\"\">STORMAUGET: Det finst ikkje fred \u00e5 f\u00e5 n\u00e5r du er ein motorsagmann. <\/p>\n<p>Foto: SF Norge<\/p>\n<p>Av den grunn var det ikkje utan forventningar eg gjekk inn i \u00abChainsaw Man \u2013 The Move: Reze Arc\u00bb, som bringar ei av mangaen sine mest minneverdige historier til lerretet.<\/p>\n<p><strong>Eg blei bl\u00e5st av banen. Dette er animert action i toppklasse &#8211; eit spektakul\u00e6rt ritt gjennom kj\u00e6rleik og blodsprut.<\/strong><\/p>\n<p>Sagaen om motorsaga<\/p>\n<p>Denji (Kikunosuke Toya) er ein ung mann som nyleg fekk evna til \u00e5 bli ein mektig motorsag\u00adhybrid.<\/p>\n<p>Av den grunn blei han rekruttert til sikkerheits\u00adtenesta som tar seg av djevlar, skapningar som oppst\u00e5r av menneskeleg frykt.<\/p>\n<p>Etter ein barndom i fattigdom er han sm\u00f8rglad for \u00e5 ha ein plass der han f\u00e5r ete kvar dag, trass i at jobben krev at han konstant risikerer livet.<\/p>\n<p><strong>Samtidig som han begynner \u00e5 bli vant med det livet han lev, treffer han tilfeldigvis Reze (Reina Ueda), ei jente p\u00e5 hans alder.<\/strong><\/p>\n<p>Dei to finn fort tonen. Ho ler av vitsane hans og inviterer han med p\u00e5 ting. Samstundes verkar liva deira uuthaldeleg langt fr\u00e5 kvarandre. Og medan stadig nye farar lurar, m\u00e5 Denji ta eit val om korleis han vil leve framover.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En animert person rir p\u00e5 en hai.\" title=\"Foto: SF Norge\"\/><\/p>\n<p class=\"\">HOPLA!: Denji rir haien Beam inn i kamp. <\/p>\n<p>Foto: SF Norge<\/p>\n<p>Det som f\u00f8lgjer er ei eksplosiv blanding av ten\u00e5rings\u00adkj\u00e6rleik, hjartets kvalar og stilreint blodbad.<\/p>\n<p>Mjuk og hard<\/p>\n<p>Denji er den typen hovudperson som ein nesten f\u00e5r vondt av.<\/p>\n<p><strong>Han snakkar f\u00f8r han tenker og hadde gjort det meste for ei vakker dame. Det er samstundes det som gjer meg s\u00e5 glad i han.<\/strong><\/p>\n<p>Etter ein barndom utan vaksne \u00e5 stole p\u00e5, har han ikkje hatt tid \u00e5 l\u00e6re seg \u00e5 vere eit vanleg menneske f\u00f8r han blei eit ekstra\u00adordin\u00e6rt eit.<\/p>\n<p>Forholdet til Reze blir ein av dei einaste tinga i Denji sitt liv som kan kallast normalt, og det ligg ein nydeleg s\u00e5rheit i det.<\/p>\n<p>Stemme\u00adskodespelet er proppa av kjensler, og eg blei spesielt sjarmert av Reina Ueda sin leikne energi og varme som Reze.<\/p>\n<p>Som ein fan fr\u00e5 f\u00f8r, er det ogs\u00e5 ei glede \u00e5 endeleg f\u00e5 sj\u00e5 ein del av desse karakterane animert. Blant anna Beam (Natsuki Hanae), ein hyper haimann som eg har mykje kj\u00e6rleik for.<\/p>\n<p>Eg kan snakke lenge om kvifor eg er s\u00e5 glad i alle desse karakterane, men d\u00e5 kan ein jo nesten gl\u00f8yme \u00e5 snakke om actionen.<\/p>\n<p>Det hadde vore dumt: \u00abChainsaw Man \u2013 The Movie: Reze Arc\u00bb er nemleg ein spektakul\u00e6r fryd for det valdsglade auget.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En animert figur peker \" title=\"Foto: SF Norge\"\/><\/p>\n<p class=\"\">BANG: Bombedjevelen kjem til Tokyo med eit smell. <\/p>\n<p>Foto: SF Norge<\/p>\n<p><strong>Det kjennest som fyrverkeria p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan d\u00e5 eg var liten.<\/strong><\/p>\n<p>Etter kvart smell og lysglimt tenker ein at no m\u00e5 det vel ha toppa seg, men s\u00e5 freser det til i motorsaga igjen.<\/p>\n<p>Animasjonen er rein, stilig og hard\u00adtreffande. Han blomstrar i stadig nye formar og fargar.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein f\u00f8rst er inne i actionen, er det s\u00e5 vidt plass \u00e5 puste mellom slaga, men det gir ogs\u00e5 meir kraft til dei stille scenene. Roa f\u00f8r den bokstavlege stormen.<\/p>\n<p>Best for fansen<\/p>\n<p>Kan ein hoppe rett inn her?<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det er nok av ting \u00e5 nyte uavhengig av kjennskap til serien, vil eg anbefale \u00e5 plukke opp enten mangaen eller animen p\u00e5 f\u00f8rehand om ein er interessert.<\/p>\n<p>Animeserien er blitt klippa saman til to filmar i forkant av \u00abReze Arc\u00bb, s\u00e5 ein treng ikkje meir enn ein kveld eller to for \u00e5 vere klar.<\/p>\n<p><strong>Om ein allereie liker serien, er det ingen tvil: Dette er ein av dei filmane ein b\u00f8r f\u00e5 med seg p\u00e5 kinolerretet.<\/strong><\/p>\n<p>\u00abChainsaw Man\u00bb som heilskap er ein eksentrisk energi\u00adinjeksjon, samstundes som det er ei menneskeleg forteljing om folk som gjer sitt beste under utolelege omstende.<\/p>\n<p>Med \u00abChainsaw Man \u2013 The Movie: Reze Arc\u00bb har regiss\u00f8r Tatsuya Yoshihara og animasjons\u00adstudioet MAPPA overf\u00f8rt desse kvalitetane til storformat med nydeleg presisjon.<\/p>\n<p><strong>Eg er m\u00e5lgruppa her, og eg fekk akkurat det eg ville ha.<\/strong><\/p>\n<p>Om filmen<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kinoplakat for Chainsaw Man - The Movie: Reze Arc\" title=\"Foto: SF Norge\"\/><\/p>\n<p>Foto: SF Norge<\/p>\n<p>Tittel: \u00abChainsaw Man &#8211; The Movie: Reze Arc\u00bb<\/p>\n<p>Regi: Tatsuya Yoshihara<\/p>\n<p>Skode\u00adspelarar: Kikunosuke Toya, Reina Ueda, Fairouz Ai, Natsuki Hanae og Tomori Kusunoki<\/p>\n<p>Distribut\u00f8r: SF Norge<\/p>\n<p>Sjanger: Anime \/ Action<\/p>\n<p>Lengde: 1 time og 40minutter<\/p>\n<p>Aldersgrense: 15 \u00e5r<\/p>\n<p>Kinopremiere: 29. oktober 2025<\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Eg er frilansar som skriv om film og seriar for NRK.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.10.2025, kl. 14.34<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tatsuki Fujimoto sin manga \u00abChainsaw Man\u00bb er blant mine personlege favorittar. Det er kanskje den ultimate forteljinga om&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":74507,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-74506","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115465896783559745","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/74506","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=74506"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/74506\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/74507"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=74506"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=74506"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=74506"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}