{"id":75159,"date":"2025-10-31T18:50:09","date_gmt":"2025-10-31T18:50:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/75159\/"},"modified":"2025-10-31T18:50:09","modified_gmt":"2025-10-31T18:50:09","slug":"1800-tilsette-har-mista-tilgangen-til-datasystem-pa-sjukehusa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/75159\/","title":{"rendered":"1800 tilsette har mista tilgangen til datasystem p\u00e5 sjukehusa"},"content":{"rendered":"<p>Ein feil i eit system f\u00f8rte til at 1800 tilsette i Helse M\u00f8re og Romsdal har mista tilgang til \u00e5 logge p\u00e5 kjernejournal, signere sjukemeldingar og e-resept.<\/p>\n<p>\u2013 Det skapar sj\u00f8lvsagt utfordringar at ein ikkje f\u00e5r gjort jobben sin, utan journalsystem kjem ein ikkje langt, seier Igor Jokic, tillitsvalt for overlegane i Helse M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ein alvorleg feil, spesielt med tanke p\u00e5 at folk skal p\u00e5 jobb og ikkje har tilgang p\u00e5 journalsystemet, seier han.<\/p>\n<p>Han understrekar at dei klarar \u00e5 handtere det som er sv\u00e6rt akutt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann med en i kvite legeklede tar seg oppgitt til ansiktet framfor eit sjukehusbygg.\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Igor Jokic understrekar at dei skal klare dei mest akutte tilfella. <\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Jokic seier til NRK at sjukehuset i \u00c5lesund har gitt beskjed om at dei held Servicetorget opent gjennom heile helga for \u00e5 hjelpe tilsette til \u00e5 f\u00e5 nytt id-kort.<\/p>\n<p>\u2013 Oppgitt<\/p>\n<p>Etter kvart fekk ein opp ei avgrensa l\u00f8ysing med p\u00e5logging til Helseplattforma med BankID, men med funksjonar som mangla.<\/p>\n<p>\u2013 Feilen vil ikkje f\u00e5 konsekvensar for pasientbehandlinga, bedyrar medisinsk e-helsesjef Henrik Erdal i Helse MR.<\/p>\n<p>Han skriv at dei jobbar med \u00e5 l\u00f8yse feilen, og at dei tilsette f\u00e5r informasjon om korleis dei skal handtere situasjonen.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er sj\u00f8lvsagt sv\u00e6rt uheldig, men vi m\u00e5 vise vidare til Hemit som driftar det tekniske, seier Erdal.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rachel DilleAmdam sitter vendt mot en dobbel dataskjerm. P\u00e5 skjermen ser man litt av hvordan Helseplattformen ser ut. DilleAmdam er ufokusert i bildet. \" title=\"Foto: Morten Waag\u00f8\"\/><\/p>\n<p class=\"\">1422 tilsette ved \u00c5lesund sjukehus mista tilgangen, 264 i Molde og Kristiansund og 150 i Volda.<\/p>\n<p>Foto: Morten Waag\u00f8<\/p>\n<p>\u2013 Beklagar det ekstra bryet<\/p>\n<p>\u2013 Vi beklagar det som har skjedd og den ekstra bryet som dette skaper for tilsette i Helse M\u00f8re og Romsdal, seier kommunikasjonssjef Nina Kotte i Hemit<\/p>\n<p>Hemit er teknologiforetaket som driv IKT-systema for sjukehusa i Tr\u00f8ndelag og M\u00f8re og Romsdal. Kotte seier dei har sitte i m\u00f8te med beredskapsleiinga og Helse Midt-Noreg i ettermiddag for \u00e5 handtere saka, etter at dei oppdaga feilen fredag morgon.<\/p>\n<p>\u2013 Kva gjer de for at det ikkje skal skje igjen?<\/p>\n<p>\u2013 Vi g\u00e5r gjennom rutinane v\u00e5re for \u00e5 sirke at det ikkje kan skje igjen.<\/p>\n<p>Ho seier ein teknisk feil gjorde at tilgangen for 1800 tilsette blei sletta. Kotte seier ho ikkje kan uttale seg om det er menneskeleg svikt som er bakgrunnen for feilen.<\/p>\n<p>Som f\u00f8lgje av feilen m\u00e5 dei 1800 tilsette f\u00e5 nye tilgangskort. For \u00e5 f\u00e5 nytt kort m\u00e5 tilsette ta med pass eller nasjonalt ID-kort p\u00e5 jobb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"1800 mista tilgangen\" title=\"Foto: Tipser \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Tipser \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>31.10.2025, kl. 18.46<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>31.10.2025, kl. 19.48<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein feil i eit system f\u00f8rte til at 1800 tilsette i Helse M\u00f8re og Romsdal har mista tilgang&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":75160,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-75159","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115470285241676532","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/75159","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=75159"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/75159\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/75160"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=75159"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=75159"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=75159"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}