{"id":78547,"date":"2025-11-04T22:41:07","date_gmt":"2025-11-04T22:41:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78547\/"},"modified":"2025-11-04T22:41:07","modified_gmt":"2025-11-04T22:41:07","slug":"flere-oppfordrer-til-a-boikotte-spotify-hva-er-alternativene-til-spotify-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78547\/","title":{"rendered":"Flere oppfordrer til \u00e5 boikotte Spotify. Hva er alternativene til Spotify? \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Som forbrukarar kan me bestemma oss for \u00e5 ikkje gje pengane v\u00e5re til plattformer som Spotify, seier Embla Karidotter.<\/p>\n<p>Artisten er ein av mange i sosiale medium som har oppfordra folk til \u00e5 sletta Spotify-kontoen sin og g\u00e5 over til andre str\u00f8ymetenester.<\/p>\n<p>Det gjer dei mellom anna under emneknaggen #boycottspotify. Eit arrangement ved namn \u00abDeath to Spotify\u00bb har \u00f2g f\u00e5tt internasjonal interesse, skriv <a href=\"https:\/\/www.theguardian.com\/technology\/2025\/oct\/12\/spotify-boycott-artists#:~:text=Spotify-,&#039;Death%20to%20Spotify&#039;:%20the%20DIY%20movement%20to%20get%20artists,how%20to%20host%20similar%20events.\" ec-id=\"https:\/\/www.theguardian.com\/technology\/2025\/oct\/12\/spotify-boycott-artists\" ec-name=\"The Guardian\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">The Guardian<\/a>.<\/p>\n<p><strong><a href=\"#Liste\">Vil du hoppa rett til lista over andre str\u00f8ymetenester? Trykk her.<\/a><\/strong><\/p>\n<p>Som artist har Karidotter lenge visst at det ikkje er mykje pengar \u00e5 henta fr\u00e5 Spotify, iallfall ikkje for ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med langt brunt h\u00e5r ser til siden. Hun er ikledd en lysebrun semsket jakke og brun cowboyhatt p\u00e5 hodet\" title=\"Foto: Linn Heidi Stokkedal\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Artist Embla Karidotter har sletta Spotify-kontoen sin og flytta lyttinga si over til ei anna plattform.<\/p>\n<p>Foto: Linn Heidi Stokkedal<\/p>\n<p>Men d\u00e5 det berre gjaldt ho sj\u00f8lv, var Karidotter for lat til \u00e5 bytta. Ho ville heller ikkje miste alle spelelistene ho hadde brukt tid p\u00e5 \u00e5 laga.<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 byrja det \u00e5 hagla med annan kritikk mot Spotify.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Til slutt fekk Karidotter nok. Ho sletta kontoen sin, hoppa over til ei anna plattform og har bede folk ho kjenner om \u00e5 gjera det same.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg hjelpte kona mi og mora mi med \u00e5 bytta over, det tok berre ti minutt, seier ho.<\/p>\n<p>Ei rekke innlegg p\u00e5 <a href=\"https:\/\/community.spotify.com\/t5\/Social-Random\/Is-Spotify-running-advertising-for-ICE-or-Border-patrol\/td-p\/7171030\" ec-id=\"https:\/\/community.spotify.com\/t5\/Social-Random\/Is-Spotify-running-advertising-for-ICE-or-Border-patrol\/td-p\/7171030\" ec-name=\"Spotify sitt eige forum\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Spotify sitt eige forum<\/a> tyder p\u00e5 at ho ikkje er \u00e5leine om \u00e5 byta.<\/p>\n<p><strong>Men kva er alternativa? Dette er nokre av dei:<\/strong><\/p>\n<p><a id=\"Liste\" name=\"Liste\"\/>Qobuz<\/p>\n<p>Dette franske selskapet vart stifta i 2007. Dei har f\u00e5tt positiv merksemd blant fleire i sosiale medium fordi dei betalar ut meir til artistane enn fleire andre str\u00f8ymetenester.<\/p>\n<p>Dei har \u00f2g fokus p\u00e5 h\u00f8g lydkvalitet.<\/p>\n<p>Plattforma har f\u00e6rre spelelister med tilr\u00e5dingar enn andre str\u00f8ymetenester. I staden tilr\u00e5r dei gamle album eller spennande nykomarar.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Kor mange l\u00e5ter har dei?<\/strong> Over 100 millionar.<\/li>\n<li><strong>Kva betalar dei ut per avspeling? <\/strong>I gjennomsnitt 18 \u00f8re, <a href=\"https:\/\/community.qobuz.com\/press-en\/qobuz-unveils-its-average-payout-per-stream\" ec-id=\"https:\/\/community.qobuz.com\/press-en\/qobuz-unveils-its-average-payout-per-stream\" ec-name=\"if\u00f8lge selskapet sj\u00f8lv\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">if\u00f8lge selskapet sj\u00f8lv<\/a>.<\/li>\n<li><strong>Har dei gratisabonnement med reklame?<\/strong> Nei, men dei tilbyr ei gratisperiode p\u00e5 30 dagar.<\/li>\n<li><strong>Mogleg \u00e5 overf\u00f8ra spelelister fr\u00e5 andre tenester? <\/strong>Ja, via Soundiiz. Det finst ein gratisversjon, men du m\u00e5 betala litt viss du vil overf\u00f8ra store spelelister.<\/li>\n<li><strong>Pris: <\/strong>fr\u00e5 133,33 kroner i m\u00e5naden<\/li>\n<\/ul>\n<p>Tidal<\/p>\n<p>Tidal var opphavleg eit norsk selskap, lansert i 2010 under namnet WiMP. Dei har f\u00e5tt ros for \u00e5 tilby h\u00f8g lydkvalitet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Beyonce i cowboyhatt og Jay-Z med store dreadlocks i en menneskemengde\" title=\"Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tidal fekk mykje merksemd d\u00e5 mellom anna Beyonc\u00e9 og Jay Z gikk inn p\u00e5 eigarsida i selskapet. Sidan har superparet delvis selt seg ut.<\/p>\n<p>Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>N\u00f8yaktig kor mange brukarar Tidal har, er ikkje kjend. If\u00f8lge <a href=\"https:\/\/www.billboard.com\/business\/streaming\/tidal-streaming-service-block-financial-services-1235544785\/#:~:text=Given%20TIDAL&#039;s%20modest%20subscriber%20numbers,a%20decade%20at%20Block%20and\" ec-id=\"https:\/\/www.billboard.com\/business\/streaming\/tidal-streaming-service-block-financial-services-1235544785\/\" ec-name=\"Billboard\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Billboard<\/a> hadde dei rundt 2,1 millionar brukarar p\u00e5 verdsbasis i midten av 2020.<\/p>\n<p>If\u00f8lge <a href=\"https:\/\/www.digitalmusicnews.com\/2024\/07\/05\/music-streaming-market-share-us\/#:~:text=Spotify%2C%20Apple%20Music%2C%20and%20Amazon%20Music%20are%20today&#039;s%20%E2%80%9Cbig,more%20than%2090%25%20market%20share.\" ec-id=\"https:\/\/www.digitalmusicnews.com\/2024\/07\/05\/music-streaming-market-share-us\/\" ec-name=\"Digital Music News\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Digital Music News<\/a> hadde dei om lag 721.000 brukarar i USA i 2024, ein marknadsdel p\u00e5 0,5 prosent.<\/p>\n<p>Eigarselskapet Block <a href=\"https:\/\/investors.spotify.com\/home\/default.aspx\" ec-id=\"https:\/\/investors.spotify.com\/home\/default.aspx\" ec-name=\"melde i fjor om kraftig nedgang i inntekter\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">melde i fjor om kraftig nedgang i inntekter<\/a>.<\/p>\n<p>Dei melde \u00f2g at dei kuttar ned p\u00e5 investeringane i Tidal, noko som <a href=\"https:\/\/www.soundguys.com\/the-end-of-tidal-132265\/\" ec-id=\"https:\/\/www.soundguys.com\/the-end-of-tidal-132265\/\" ec-name=\"har vorte tolka som eit teikn p\u00e5 at slutten kanskje n\u00e6rmar seg\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">har vorte tolka som eit teikn p\u00e5 at slutten kanskje n\u00e6rmar seg<\/a>.<\/p>\n<p>\u00d8kokrim har etterforska Tidal etter skuldingar om bedrageri, men <a href=\"https:\/\/www.dn.no\/jus\/okokrim-henlegger-tidal-saken\/2-1-1475401\" ec-id=\"https:\/\/www.dn.no\/jus\/okokrim-henlegger-tidal-saken\/2-1-1475401\" ec-name=\"la vekk saka p\u00e5 grunn av manglande bevis\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">la vekk saka p\u00e5 grunn av manglande bevis<\/a>.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Kor mange l\u00e5ter har dei?<\/strong> Over 110 millionar.<\/li>\n<li><strong>Kva betalar dei ut per avspeling? <\/strong>Uvisst, men i gjennomsnitt 13 \u00f8re, if\u00f8lge mellom anna nettstaden <a href=\"https:\/\/www.soundguys.com\/is-tidal-good-for-artists-140050\/\" ec-id=\"https:\/\/www.soundguys.com\/is-tidal-good-for-artists-140050\/\" ec-name=\"SoundGuys\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">SoundGuys<\/a>.<\/li>\n<li><strong>Har dei gratisabonnement med reklame?<\/strong> Nei, men dei tilbyr ei gratis pr\u00f8veperiode p\u00e5 30 dagar.<\/li>\n<li><strong>Mogleg \u00e5 overf\u00f8ra spelelister fr\u00e5 andre tenester? <\/strong>Ja, via Tunemymusic. Det kostar pengar viss du vil overf\u00f8ra meir enn 500 l\u00e5ter.<\/li>\n<li><strong>Pris: <\/strong>Fr\u00e5 119 kroner i m\u00e5naden.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Apple Music<\/p>\n<p>Apple Music har \u00f2g f\u00e5tt ros for \u00e5 ha betre lydkvalitet enn til d\u00f8mes Spotify, for dei som er opptatt av det.<\/p>\n<p>Inkludert i tenesta er \u00f2g Apple Music Radio, der ein kan oppdaga ny musikk. I tillegg reklamerer dei med eksklusivt innhald fr\u00e5 artistar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kendrick Lamar underholdt i pauseshowet\" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Apple Music stod bak pauseshowet under Super Bowl i februar 2025, der mellom anna Kendrick Lamar opptredde.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Apple har mellom anna f\u00e5tt kritikk for \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/technology-49634866\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/technology-49634866\" ec-name=\"utnytta arbeidarar p\u00e5 ein fabrikk i Kina\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">utnytta arbeidarar p\u00e5 ein fabrikk i Kina<\/a> og har vorte skulda for \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cn8g540wz3jo\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cn8g540wz3jo\" ec-name=\"bruka mineral fr\u00e5 konfliktomr\u00e5de i produkta sine\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">bruka mineral fr\u00e5 konfliktomr\u00e5de i produkta sine<\/a>.<\/p>\n<p>Dette har Apple sagt om kritikken:<\/p>\n<p><strong>Om utnytting av arbeidarar p\u00e5 ein fabrikk i Kina<\/strong>: If\u00f8lge ein rapport fr\u00e5 China Labor Watch fekk ikkje arbeidarane p\u00e5 fabrikken bonus og vart tvungne til \u00e5 jobba overtid. I tillegg skal det ha vore for mange midlertidig tilsette. Apple har erkjent at det var for mange midlertidig tilsette, men har avvist dei andre skuldingane, skriv <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/technology-49634866\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/technology-49634866\" ec-name=\"BBC\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BBC<\/a>.<\/p>\n<p><strong>Om \u00e5 bruka mineral fr\u00e5 konfliktomr\u00e5de: <\/strong>DR Kongo skulda underleverand\u00f8rar av Apple for \u00e5 ha brukt mineral fr\u00e5 konfliktomr\u00e5de i landet. Apple avviser skuldingane p\u00e5 det sterkaste og seier at dei er sv\u00e6rt opptatt av \u00e5 henta ut mineral p\u00e5 ei berekraftig m\u00e5te, skriv <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cn8g540wz3jo\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cn8g540wz3jo\" ec-name=\"BBC\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BBC<\/a>.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Kor mange l\u00e5ter har dei? <\/strong>Over 100 millionar.<\/li>\n<li><strong>Kva betalar dei ut per avspeling? <\/strong>I gjennomsnitt 10 \u00f8re, <a href=\"http:\/\/artists.apple.com\/support\/1124-apple-music-insights-royalty-rate\" ec-id=\"http:\/\/artists.apple.com\/support\/1124-apple-music-insights-royalty-rate\" ec-name=\"if\u00f8lge selskapet sj\u00f8lv\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">if\u00f8lge selskapet sj\u00f8lv<\/a>.<\/li>\n<li><strong>Har dei gratisabonnement med reklame? <\/strong>Nei, men dei tilbyr ei gratis pr\u00f8veperiode p\u00e5 30 dagar.<\/li>\n<li><strong>Mogleg \u00e5 overf\u00f8ra spelelister fr\u00e5 andre tenester? <\/strong>Ja, via SongShift. Tenesta vart nyleg lansert.<\/li>\n<li><strong>Pris: <\/strong>Fr\u00e5 139 kroner i m\u00e5naden.<\/li>\n<\/ul>\n<p>YouTube Music<\/p>\n<p>Plattforma skryt av \u00e5 ha eit stort utval av musikk, liveversjonar og remiksar ein ikkje finn andre stader.<\/p>\n<p>Det er \u00f2g mogleg \u00e5 str\u00f8yma videoar samstundes med l\u00e5tene. Men YouTube Music tilbyr ikkje lyd i like h\u00f8g kvalitet som fleire av konkurrentane.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Flere hvite skjermer med logoen til YouTube p\u00e5\" title=\"Foto: LIONEL BONAVENTURE \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sidan oppstarten i 2005 har YouTube vorte stadig st\u00f8rre. I 2015 lanserte dei YouTube Music.<\/p>\n<p>Foto: LIONEL BONAVENTURE \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>YouTube Music er eigd av Google. Tek-giganten har f\u00e5tt kritikk mellom anna for <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cm21g0052dno\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cm21g0052dno\" ec-name=\"manglande omsyn for privatliv og personopplysingar\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">manglande omsyn for privatliv og personopplysingar<\/a> og for \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.independent.co.uk\/news\/world\/americas\/us-politics\/ice-recruitment-ads-spotify-streaming-b2846634.html\" ec-id=\"https:\/\/www.independent.co.uk\/news\/world\/americas\/us-politics\/ice-recruitment-ads-spotify-streaming-b2846634.html\" ec-name=\"visa reklame for innvandringspolitiet Ice\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">visa reklame for innvandringspolitiet Ice<\/a>.<\/p>\n<p>Dette har YouTube\/Google sagt om kritikken:<\/p>\n<p><strong>Om manglande omsyn for privatliv og personopplysingar: <\/strong>Kritikken kom mellom anna etter at Google i januar tok grep som gjorde det mogleg for annons\u00f8rar \u00e5 henta inn meir informasjon om brukarar, deriblant IP-adresser. Google seier at desse dataa allereie vert brukt av andre selskap og at dei oppmodar til ansvarleg bruk av informasjon, skriv <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cm21g0052dno\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cm21g0052dno\" ec-name=\"BBC\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BBC<\/a>.<\/p>\n<p><strong>Om reklame for innvandringspolitiet Ice: <\/strong>YouTube har, likt fleire andre tenester, hatt reklamer for det kontroversielle innvandringspolitiet i USA, Ice. Dei ville ikkje kommentera saka overfor <a href=\"https:\/\/www.rollingstone.com\/music\/music-news\/ice-ads-all-over-streaming-services-spotify-hbo-pandora-1235447970\/\" ec-id=\"https:\/\/www.rollingstone.com\/music\/music-news\/ice-ads-all-over-streaming-services-spotify-hbo-pandora-1235447970\/\" ec-name=\"Rolling Stones\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Rolling Stones<\/a>, som er blant media som har skrive om ho.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Kor mange l\u00e5ter har dei? <\/strong>Over 100 millionar l\u00e5ter.<\/li>\n<li><strong>Kva betalar dei ut per avspeling? <\/strong>Uvisst. Ulike kjelder oppgir ulike tal, mellom 2 og 15 \u00f8re.<\/li>\n<li><strong>Har dei gratisabonnement med reklame? <\/strong>Nei, men dei tilbyr ei gratis pr\u00f8veperiode p\u00e5 30 dagar.<\/li>\n<li><strong>Mogleg \u00e5 overf\u00f8ra spelelister fr\u00e5 andre tenester? <\/strong>Ja.<\/li>\n<li><strong>Pris: <\/strong>Fr\u00e5 139 kroner i m\u00e5naden.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Resonate<\/p>\n<p>Hos Resonate betalar ein ikkje ein viss sum i m\u00e5naden for eit abonnement. I staden betalar ein for det ein h\u00f8yrer p\u00e5.<\/p>\n<p>N\u00e5r du har h\u00f8yrt p\u00e5 ein l\u00e5t meir enn ni gonger, eig du han og kan h\u00f8yra p\u00e5 han s\u00e5 ofte du vil utan \u00e5 betala.<\/p>\n<p>Dei er dessutan eigd av medlemmane sine: artistar, lyttarar og tilsette.<\/p>\n<p>OBS: Resonate har midlertidig stengt for nye brukarar og seier det er for \u00e5 \u00abjobba med systema\u00bb sine.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Kor mange l\u00e5ter har dei? <\/strong>Uvisst.<\/li>\n<li><strong>Kva betalar dei ut per avspeling? <\/strong>Minst 10 \u00f8re, if\u00f8lge selskapet sj\u00f8lv.<\/li>\n<li><strong>Har dei gratisabonnement med reklame? <\/strong>Nei.<\/li>\n<li><strong>Mogleg \u00e5 overf\u00f8ra spelelister fr\u00e5 andre tenester? <\/strong>Uvisst.<\/li>\n<li><strong>Pris: <\/strong>Avhengig av kor mykje du bruker det.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det finst fleire alternativ, som Amazon Music. Det er f\u00f8rebels ikkje tilgjengeleg i Noreg.<\/p>\n<p>Kritikk over fleire \u00e5r<\/p>\n<p>Spotify har i \u00e5revis f\u00e5tt kritikk for at dei ikkje betalar ut nok pengar til artistar og band for musikken som vert str\u00f8yma.<\/p>\n<p>Dei betalar mellom 3 og 5 \u00f8re per avspeling, if\u00f8lge mellom anna distribusjonsselskapet <a href=\"https:\/\/dittomusic.com\/en\/blog\/how-much-does-spotify-pay-per-stream\" ec-id=\"https:\/\/dittomusic.com\/en\/blog\/how-much-does-spotify-pay-per-stream\" ec-name=\"Ditto Music\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Ditto Music<\/a>.<\/p>\n<p><strong>Selskapet har tidlegare sagt til NRK at dei er ueinige i at dei betalar artistar d\u00e5rleg, og peikar p\u00e5 at forbrukarane st\u00e5r fritt til \u00e5 velja kva plattform dei vil bruka.<\/strong><\/p>\n<p>Men fleire band og artistar har fjerna musikken sin fr\u00e5 Spotify og vist til l\u00e5ge utbetalingar, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/kultur\/valkyrien-allstars-ut-av-spotify_-forsoker-a-fa-med-flere-artister-pa-boikott-1.17619553\" ec-id=\"pp:article:1.17619553\" ec-name=\"mellom anna Valkyrien Allstars\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">mellom anna Valkyrien Allstars<\/a>.<\/p>\n<p>Desse har trekt musikken sin fr\u00e5 Spotify:<\/p>\n<ul>\n<li>Massive Attack<\/li>\n<li>King Gizzard and the Lizard Wizard<\/li>\n<li>Valkyrien Allstars<\/li>\n<li>Godspeed You! Black Emperor<\/li>\n<li>Hotline TNT<\/li>\n<li>Deerhoof<\/li>\n<li>Wu Lyf<\/li>\n<li>Xiu Xiu<\/li>\n<li>David Bridie<\/li>\n<li>Deradoorian<\/li>\n<li>Kadhja Bonet<\/li>\n<li>Young Widows<\/li>\n<li>Chad VanGaalen<\/li>\n<\/ul>\n<p>Musikken til Embla Karidotter ligg framleis ute p\u00e5 str\u00f8ymetenesta, sj\u00f8lv om ho har sletta sin personlege konto.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det eg har mest lyst til \u00e5 gjera, er \u00e5 fjerna musikken min fr\u00e5 Spotify. At eg ogs\u00e5 kan senda ut eit signal, seier ho og viser til Valkyrien Allstars.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fire musikere p\u00e5 en scene\" title=\"Foto: Geir Olsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Norske Valkyrien Allstars trakk nyleg all musikken sin ut fr\u00e5 Spotify i protest mot selskapet.<\/p>\n<p>Foto: Geir Olsen \/ NTB<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ho ikkje tener stort med pengar p\u00e5 \u00e5 ha musikken sin der, veit Karidotter at plattforma er viktig for ho som musikar p\u00e5 andre m\u00e5tar.<\/p>\n<p>\u2013 Det er den str\u00f8ymeplattforma dei fleste har. Det er der folk kan finna oss, der me \u00f2g vert oppdaga av andre. Det er s\u00e5nn me f\u00e5r konsertar, og det er p\u00e5 konsertar me kan tena pengar, seier artisten.<\/p>\n<p>Ho seier ho er i dialog med plateselskapet sitt om saka.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>04.11.2025, kl. 22.52<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Som forbrukarar kan me bestemma oss for \u00e5 ikkje gje pengane v\u00e5re til plattformer som Spotify, seier&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":78548,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-78547","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115493842656153121","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78547","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=78547"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78547\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/78548"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=78547"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=78547"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=78547"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}