{"id":78602,"date":"2025-11-05T00:32:11","date_gmt":"2025-11-05T00:32:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78602\/"},"modified":"2025-11-05T00:32:11","modified_gmt":"2025-11-05T00:32:11","slug":"kunsten-a-oydeleggje-eit-lokalsamfunn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78602\/","title":{"rendered":"Kunsten \u00e5 \u00f8ydeleggje eit lokalsamfunn"},"content":{"rendered":"<p>Hausten 2023 stilte kommunalsjefen til eit orienteringsm\u00f8te om Dalsfjord skule der han freda skulen. Dalsfjord skule vart l\u00f8fta fram som ein viktig del av kommunens beredskap, som s\u00e6rleg kom til syne i ei tid da kommunen tok i mot eit stort antal flyktningar. Knappe to \u00e5r seinare er situasjonen snudd p\u00e5 hovudet, og kommunalsjefen meiner n\u00e5 det vil g\u00e5 utover f\u00e6rrast barn i kommunen dersom ein legg ned heile Dalsfjord skule: \u00abDei fleste vil f\u00e5 plass p\u00e5 \u00d8yra skule\u00bb.<\/p>\n<p>Som forelder er det vanskeleg \u00e5 ikkje reagere emosjonelt. Vi snakkar om \u00e5 rykkje opp barn med rota, p\u00e5legge dei godt over ein times reiseveg til skulen med b\u00e5de buss og ferje, splitte kull og klasser og skape ein enda meir krevjande situasjon for oss som av ulike grunnar har valt \u00e5 busetja oss utanfor kommunesenteret. Mot slutten av dette \u00e5ret vil vi ha n\u00e6r 40 barn under skulealder i Dalsfjorden, og fleire er p\u00e5 veg. Vi er eit lokalsamfunn i vekst, og fleire unge \u00f8nsker \u00e5 etablere seg her. Dette er ikkje tida for \u00e5 gje opp Dalsfjorden.<\/p>\n<p>Det er ingen tvil om at norske kommunar har store utfordringar knytt til \u00f8konomien i \u00e5ra som kjem, og i b\u00e5de distrikt og by vil ein m\u00e5tte gjera grep i skulestrukturen. S\u00e5leis er det naturleg at Volda kommune vil diskutere om det er mogleg \u00e5 legge ned Dalsfjord skule, eller andre skular i kommunen, for den saks skuld. Volda kommune har spreidd busetnad, med lange fjordar, ferjer og tuneller mellom bygdene. Det er klart at det legg press p\u00e5 ein trong kommune\u00f8konomi. Sp\u00f8rsm\u00e5let er om innsparinga vil svare seg \u00f8konomisk, og om det vil vera verd prisen barna, familiane og lokalsamfunna vil m\u00e5tte betale.<\/p>\n<p>Ved Dalsfjord skule er elevane hovudsakleg delt i tre klasser: 1.\u20134. klasse, 5.\u20137. klasse og 8.\u201310. klasse. Elevane er van med \u00e5 g\u00e5 saman med yngre og eldre barn, og har jamleg aktivitetar og prosjekt p\u00e5 tvers av heile skulen. Ein f\u00e5delt skule er dyr i drift, men det er ogs\u00e5 verdiar \u00e5 hente som ikkje kan reknast i kroner og \u00f8re. Ein trygg skulekvardag i eit moderne skulebygg med kompetente og engasjerte l\u00e6rarar gjev robuste og kunnskapsrike barn som meistrar b\u00e5de skule og liv. Ved ei eventuell nedlegging vil klassene bli splitta og fordelt p\u00e5 fleire skular, for sentrumsskulane har ikkje plass til alle. I Dalsfjorden har vi to barneskular, og sj\u00f8lv om foreldra \u00f8nsker og arbeider for at barna skal leike p\u00e5 tvers av desse, ser ein kor stor rolle barneskulen spelar for barn n\u00e5r det gjeld relasjonar og vennskap. Kva skjer n\u00e5r ungane i Dalsfjorden skal g\u00e5 p\u00e5 2\u20133 ulike skular og korleis vil det p\u00e5verke deira sosiale liv? For nokre vil det sikkert g\u00e5 heilt fint, men l\u00f8ftar ein blikket og ser p\u00e5 statistikken knytt til psykisk helse blant barn og unge er det nok til \u00e5 miste nattes\u00f8vnen av. For det kan like gjerne vera dei mest ressurssterke og livsglade barna som utviklar angst og ufrivillig skulefr\u00e5v\u00e6r.<\/p>\n<p>B\u00e5de FNs barnekonvensjon og Oppl\u00e6ringslova sl\u00e5r fast at \u00abved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn\u00bb (\u00a7 10-1). Dette blir ofte omtala som \u00abbarnets beste\u00bb. Barnekonvensjonen og lova sikrar ogs\u00e5 elevane sin rett til \u00e5 ytre seg fritt, medverke og bli h\u00f8yrt (\u00a7 10-2). Saman med barnets beste, er s\u00e6rleg artikkel 31 i FNs barnekonvensjon verd \u00e5 merke seg for kommuneadministrasjonen og politikarane. Han gir alle barn rett til kvile, fritid og leik og ta del i kunst og kulturliv. \u00c5 p\u00e5legge grunnskuleelevar ein urimeleg lang reiseveg til skulen vil s\u00e5leis kunne vera i strid med barnekonvensjonen.<\/p>\n<p>For kor lang kan skulevegen eigentleg bli? Bur du p\u00e5 Aksnes eller i Velsvika snakkar vi om over ein times reiseveg. G\u00e5tid, buss, ventetid, ferje og buss \u2013 og ventetid til skulen startar. Det er tidleg nok \u00e5 starte p\u00e5 skulen i ein alder av 5\u20136 \u00e5r om ein ikkje ogs\u00e5 skal m\u00e5tte pendle over to timar kvar dag.<\/p>\n<p>Det er fylkeskommunen som er \u00f8konomisk ansvarleg for skuleskyssen. Ved ei nedlegging av Dalsfjord skule vil eventuelle barn fr\u00e5 Steinsvik til Velsvika ha rett til b\u00e5de \u00abreisef\u00f8lgje og tilsyn i ventetida f\u00f8r og etter oppl\u00e6ringa eller skolefritidsordninga\u00bb (Oppl\u00e6ringslova, \u00a7 4-2). Alts\u00e5 to tilsette som f\u00f8lgjer skuleskyssen fr\u00e5 kvar si retning mot ferjeleiet. Den eine tilsette m\u00e5 vidare f\u00f8lgje elevane fram til skulane dei skal til. Likeins p\u00e5 heimvegen fr\u00e5 skulen, og ogs\u00e5 p\u00e5 veg heim fr\u00e5 SFO, for elevar som treng skyss p\u00e5 grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom (\u00a7 4-1).<\/p>\n<p>Den st\u00f8rste utfordringa i logistikken er og blir ferja. Ein trygg og f\u00f8reseieleg skuleveg f\u00f8reset at ferja g\u00e5r n\u00e5r ho skal og ikkje er ute p\u00e5 ambulanseoppdrag. MS \u00d8rland er beredskapsferje og n\u00e5r ambulansen kallar, blir ferja rekvirert. Ein m\u00e5 \u00f2g sikre at bussen f\u00e5r plass p\u00e5 07.20-ferja. Denne ferja er allereie overfylt av bilar og passasjerar, og det er ofte at k\u00f8yret\u00f8y blir st\u00e5ande att p\u00e5 kaia b\u00e5de morgon og ettermiddag. Eller har kommuneadministrasjonen tenkt at ein kan flytte p\u00e5 ferjetidene eller skuletidene ved \u00d8yra og Bratteberg skular? Og kven skal hente p\u00e5 SFO (gjeve at ein f\u00e5r plass p\u00e5 SFO) n\u00e5r ingen av foreldra arbeider p\u00e5 den sida av fjorden? Kva med einslege foreldre? Eg h\u00e5par de ser utfordringa.<\/p>\n<p>Dersom Volda kommune \u00f8nskjer \u00e5 avfolke Dalsfjorden, er nedlegging av den kommunale skulen eit godt tiltak. Det vil sikre at den positive tilflyttinga stoppar opp, og at barnefamiliane ser seg n\u00f8ydde til \u00e5 flytte, ha heimeskule eller nytte seg av den private barneskulen. Det vil ogs\u00e5 auke mistilliten innbyggjarane langs fjorden har til kommunen.<\/p>\n<p>N\u00e5r kommuneadministrasjonen har kome med sitt framlegg til budsjett denne veka, oppmodar eg politikarane om \u00e5 tenkje seg godt og lenge om kva for eit samfunn de \u00f8nskjer \u00e5 legge til rette for. Vi forventar at de gjer ei solid \u00f8konomisk analyse som kan stadfeste at ei nedlegging av Dalsfjord skule verkeleg vil gje kommunen ei reell innsparing \u2013 ogs\u00e5 p\u00e5 lang sikt.<\/p>\n<p>Og hugs for all del p\u00e5 at \u00abbarnets beste\u00bb er lovfesta, ikkje berre eit vakkert ord i ein budsjettdebatt.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.morenytt.no\/ordskifte\/i\/lw8g2k\/skulesituasjonen-i-dalsfjord-svekker-alle-i-fjorden\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Skulesituasjonen i Dalsfjord svekker alle i fjorden  <\/a> <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Hausten 2023 stilte kommunalsjefen til eit orienteringsm\u00f8te om Dalsfjord skule der han freda skulen. Dalsfjord skule vart l\u00f8fta&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":78603,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,10778,10777,24,25,15,806,22,23,156,13,30,28,29,14,16,1941,26,27,2079],"class_list":{"0":"post-78602","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-dalsfjord","11":"tag-dalsfjorden","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommuneokonomi","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-meninger","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-overskrifter","25":"tag-skule","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories","28":"tag-volda"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115494279119922088","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78602","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=78602"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78602\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/78603"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=78602"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=78602"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=78602"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}