{"id":78646,"date":"2025-11-05T02:26:21","date_gmt":"2025-11-05T02:26:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78646\/"},"modified":"2025-11-05T02:26:21","modified_gmt":"2025-11-05T02:26:21","slug":"oystre-slidre-ingeborg-onstad-for-fyrste-gong-har-ingeborg-21-eit-plateselskap-i-ryggen-eg-foler-meg-sa-ivaretatt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/78646\/","title":{"rendered":"\u00d8ystre Slidre, Ingeborg Onstad | For fyrste gong har Ingeborg (21) eit plateselskap i ryggen: \u2013 Eg f\u00f8ler meg s\u00e5 ivaretatt"},"content":{"rendered":"\n<p><b>OSLO\/GJ\u00d8VIK:<\/b> Ingeborg Onstad fr\u00e5 \u00d8ystre Slidre har allereie p\u00e5 sine 21 \u00e5r gjett ut tre singlar. Fredag 7. november gjer ho ut sin fjerde l\u00e5t, men denne gongen med plateselskap i ryggen.<\/p>\n<p>Sommaren 2025 sende Ingeborg ein mail til Sven Andr\u00e9en, som driv plateselskapet \u00abKlokketru\u00bb. Etter \u00e5 ha vist fram delar av id\u00e9ane til den nye l\u00e5ta vart det laga ei avtale. L\u00e5ta skulle spelast inn i studioet p\u00e5 Gj\u00f8vik.<\/p>\n<p><b>\u2013 Eg hadde noko kjennskap til Klokketru fr\u00e5 f\u00f8r av. Da eg gjekk musikklinja p\u00e5 Gj\u00f8vik vidareg\u00e5ande var vi p\u00e5 bes\u00f8k i studioet deira, \u00abKlokkereint\u00bb, fortel Ingeborg, som no studerer ved Noregs musikkh\u00f8gskule i Oslo. <\/b><\/p>\n<p>Musikaren legg til at ho ogs\u00e5 song p\u00e5 \u00abForbi Savn\u00bb, som artist Vegard Hosar\u00f8ygard har gjett ut gjennom selskapet. Sven hadde difor h\u00f8yrt r\u00f8ysta til Ingeborg f\u00f8r.<\/p>\n<p>\u2013 Det kjendest rett \u00e5 sp\u00f8rje om \u00e5 f\u00e5 spele inn l\u00e5ta mi gjennom Klokketru. Eg fekk positiv tilbakemelding p\u00e5 mailen eg sende til Sven og vi avtalte innspeling i september. L\u00e5ta skulle spelast inn p\u00e5 \u00e9in dag, s\u00e5 d\u00e5 tok eg med meg band fr\u00e5 Oslo med musikarar eg studerer med.<\/p>\n<p><b>I l\u00f8pet av ein dag med iherdig innsats var l\u00e5ta \u00abAlt te sin tid\u00bb spelt inn.<\/b><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.avisa-valdres.no\/5-54-1026977\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/DSC01144.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Ingeborg (20) vet ikke hvordan framtida blir: \u2013 Jeg revurderer valget mitt nesten hver dag\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Fargelegg musikken<\/p>\n<p>I tillegg til bandet med studentar fr\u00e5 Noregs musikkh\u00f8gskole tok Ingeborg denne gongen med seg syster si, Margit, som b\u00e5de spelar langeleik og syng. Eit tilskot til l\u00e5ta som vart naturleg for Ingeborg.<\/p>\n<p><b>\u2013 Det er stor stas \u00e5 f\u00e5 med familie p\u00e5 l\u00e5ta og det var ein visjon eg hadde tidleg. L\u00e5ta plasserer seg innanfor norsk visepop med folkemusikk-inspirasjon. Delane Margit er med p\u00e5 fargelegg musikken, langeleik og kor er med p\u00e5 \u00e5 setja stemninga eg leiter etter. <\/b><\/p>\n<p>Veslesystera g\u00e5r no sj\u00f8lv musikklinja p\u00e5 Gj\u00f8vik vidareg\u00e5ande skule, p\u00e5 lik linje med Ingeborg. Ho hadde derfor kort veg til innspelinga.<\/p>\n<p>\u2013 Da vart det eg som entra hybelen hennar og fekk bu der, fortel musikaren med eit glimt i auga.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1656\" height=\"2208\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/IMG_3489.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1656 \/ 2208;\"\/><\/p>\n<p>      EIN TIDLEG VISJON: Ingeborg hadde tidleg sett for seg \u00e5 ha med syster, Margit, p\u00e5 den nye l\u00e5ta. Her i sofaen under innspelingsdagen.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  Stor hjelp<\/p>\n<p>Ingeborg legg ikkje skjul p\u00e5 at det f\u00f8last bra \u00e5 ha eit plateselskap \u00e5 gje ut l\u00e5ta gjennom denne gongen. Det betyr mindre administrativt arbeid og hjelp til fleire aspekt ved sj\u00f8lve utgjevinga.<\/p>\n<p><b>\u2013 Det f\u00f8last som om eg tek eit skritt opp fr\u00e5 tidlegare. Det er klart det er stas \u00e5 kunne gje ut musikk med eit selskap i ryggen. Det f\u00f8last tryggare. <\/b><\/p>\n<p>Klokkartru s\u00f8rgjer for at l\u00e5ta sendast til str\u00f8ymetenestane og til radiostasjonar, og dei hjelper med promotering av l\u00e5ta. Ting musikaren ikkje har noko i mot \u00e5 f\u00e5 hjelp til.<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig praktisk. Sven, som driv selskapet, er ordentleg hyggeleg i tillegg, s\u00e5 det er berre positivt. Det viktigaste \u00e5 tenke p\u00e5 som musikar n\u00e5r ein lagar avtale med plateselskap er \u00e5 s\u00f8rgje for at dei ikkje k\u00f8yrer over det ein lagar.<\/p>\n<p>Heldigvis har Ingeborg hatt ei sv\u00e6rt positiv oppleving hos Klokketru.<\/p>\n<p><b>\u2013 Der vil dei det beste for meg og musikken min. Det er stas \u00e5 kjenne p\u00e5 at det er nokon andre som har tru p\u00e5 musikken min og vil gje den ut under sitt namn. Eg f\u00f8ler meg s\u00e5 godt ivaretatt. <\/b><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2024\" height=\"1516\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Skjermbilde+2025-11-04+kl.+10.42.05.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2024 \/ 1516;\"\/><\/p>\n<p>      TRUPPEN: Ingeborg Onstad (t.v.) har f\u00e5tt med seg syster, Margit Onstad, Vegard Hosar\u00f8ygard, Henning Lillehaug, Martin Koldem og Anna S\u00f8rum Hagebakken for \u00e5 f\u00e5 ut l\u00e5ta \u00abAlt te sin tid\u00bb.<br \/>\n      Foto: Daniel Holen Berg \/ Klokkereint\n    <\/p>\n<p>  Alt p\u00e5 ein gong<\/p>\n<p>\u00c5 lage nye l\u00e5tar skjer ikkje p\u00e5 kommando for Ingeborg. Ho sett seg ned med opptakar p\u00e5 mobilen og byrjar vampe p\u00e5 langeleiken.<\/p>\n<p><b>\u2013 Eg likar eigentleg ikkje bruke ordet \u00abimprovisere\u00bb, men eg improviserer p\u00e5 ein m\u00e5te fram b\u00e5de melodi og tekst. S\u00e5 spelar eg av det eg har take opp og finn fram det som kan brukast vidare. <\/b><\/p>\n<p>L\u00e5ta \u00abAlt te sin tid\u00bb handlar om det \u00e5 skulle finne ut av alt i livet p\u00e5 ein gong. Kj\u00e6rleik, venskap, veg og karriere. Alt p\u00e5 ein gong.<\/p>\n<p>\u2013 Den handlar om det \u00e5 flytte heimanfr\u00e5 i ung alder og pr\u00f8ve finne seg sj\u00f8lv, noko eg trur dei fleste ein eller annan gong har kjent p\u00e5. Samtidig har eg nokre referansar til det \u00e5 skulle pr\u00f8ve seg som musikar, som kan vere b\u00e5de utfordrande og skummelt, forklarar Ingeborg.<\/p>\n<p>Etter at l\u00e5ta sleppast 7. november er det end\u00e5 uvisst om det blir framf\u00f8ring av songen i Oslo, men Valdrisar kan glede seg til desember.<\/p>\n<p><b>\u2013 Eg og Margit skal halde julekonsert i \u00d8ystre Slidre 13. desember. D\u00e5 blir det mange julesongar, men det er ogs\u00e5 mogleg vi spelar \u00abAlt te sin tid\u00bb i duoversjon. Den konserten trur vi blir koseleg, s\u00e5 vi h\u00e5par dei heime i Valdres vil komme \u00e5 h\u00f8yre, avsluttar ho. <\/b><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.avisa-valdres.no\/5-54-1127710\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Skjermbilde+2025-11-03+kl.+13.51.56.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Mangedobla salget fra i fjor: \u2013 Det er ordentlig artig\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"OSLO\/GJ\u00d8VIK: Ingeborg Onstad fr\u00e5 \u00d8ystre Slidre har allereie p\u00e5 sine 21 \u00e5r gjett ut tre singlar. Fredag 7.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":78647,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,71,10784,410,221,30,28,29,10783,1510,72],"class_list":{"0":"post-78646","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-entertainment","10":"tag-ingeborg-onstad","11":"tag-kultur","12":"tag-musikk","13":"tag-no","14":"tag-norge","15":"tag-norway","16":"tag-oystre-slidre","17":"tag-story","18":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115494727712773403","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78646","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=78646"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/78646\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/78647"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=78646"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=78646"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=78646"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}