{"id":79592,"date":"2025-11-06T00:10:11","date_gmt":"2025-11-06T00:10:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/79592\/"},"modified":"2025-11-06T00:10:11","modified_gmt":"2025-11-06T00:10:11","slug":"verdiar-og-livsgrunnlag-er-meir-enn-prinsipp-og-okonomi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/79592\/","title":{"rendered":"Verdiar og livsgrunnlag er meir enn prinsipp og \u00f8konomi"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er me komne dit at Dalsfjord skule er truga av nedlegging. Elevtalet samla i Dalsfjorden er ikkje s\u00e5 h\u00f8gt. No er me nede i ein dal med l\u00e5gt elevtal, men denne dalen har me visst om i nokre \u00e5r, han er forbig\u00e5ande, og tala svingar opp att herifr\u00e5. Me trudde me skulle kome oss gjennom, og signala fr\u00e5 kommunen har vore gode fram til no. F\u00f8r kommunen tek valet, vil eg at de skal tenkje dykk godt om, for dette handlar ikkje berre om \u00f8konomi i samband med drifta av skulen. Kommunen m\u00e5 ogs\u00e5 ta med andre \u00f8konomiske aspekt n\u00e5r de no skal g\u00e5 gjennom saka. Verdiskapinga i Dalsfjorden er stor, og kommunen har gode inntekter fr\u00e5 bedriftene her. Vil ein framleis ha desse, m\u00e5 det vere mogleg for folk \u00e5 bu her.<\/p>\n<p>Den lange og ubeleilige ferjereisa med ferje berre 1 gong i timen vil gjere skuledagen sv\u00e6rt lang og utmattande for borna. Ikkje alle foreldre arbeider i Volda. Nokre arbeider i Dalsfjorden, andre pendlar til Vanylven. Dagane vert uansett lange for borna som har foreldre som arbeider langt unna heimen, men slik det er no har borna moglegheit til \u00e5 starte dagen med ei roleg morgonstund p\u00e5 SFO, og avslutte dagen med leik og ro f\u00f8r foreldra kjem og hentar.<\/p>\n<p>Eg har arbeidd i Vanylven i mange \u00e5r, og det hadde vore umogleg for meg \u00e5 fylgje borna mine til Volda n\u00e5r eg sj\u00f8lv reiste heimanfr\u00e5 7.20 i ei anna retning. Dersom ein skulle fylgje sm\u00e5 skuleborn til Volda m\u00e5tte ein fyrst rekne ferjereisa p\u00e5 25 minutt, levere born, og s\u00e5 vente ein time i Volda til neste ferje, og s\u00e5 retur p\u00e5 25 minutt. Det ville ta 2 timar, og samme opplegget ettermiddag + k\u00f8yring til og fr\u00e5 arbeid p\u00e5 kanskje 30 minutt. Det seier seg sj\u00f8lv at det ikkje fungerer, og det er ikkje sj\u00f8lvsagt at alle sm\u00e5skuleelevar opplever det som trygt \u00e5 reise med ferja saman med ein heil gjeng andre born, utan foreldra, for s\u00e5 \u00e5 g\u00e5 gjennom trafikken i sentrum og opp til \u00d8yra. Korleis skulle de l\u00f8yst det med SFO? Om noko skulle hende med ferja s\u00e5 me ikkje fekk henta borna? Rett som der er, m\u00e5 ferja g\u00e5 ut av ruta si for \u00e5 yte bistand til n\u00f8detatar.<\/p>\n<p>Nedlegging av Dalsfjord skule vil garantert hindre tilflytting og f\u00f8re til fr\u00e5flytting. Eg har sj\u00f8lv meir enn ein gong vore n\u00e6r ved \u00e5 flytte herifr\u00e5 som direkte konsekvens av skulesaka. Korleis ser kommunen p\u00e5 moglegheitene for at barnefamiliar og ogs\u00e5 eldre folk som konsekvens vil flytte fr\u00e5 Dalsfjorden, og d\u00e5 truleg ogs\u00e5 fr\u00e5 kommunen? Kva er planane for bevaring av bygdene? Eller er det beste at bygdene st\u00e5r til forfall? Kva om deler av, eller heile, Dalsfjorden bryt ut av kommunen? Eg vil oppmode kommunen om \u00e5 gjere ei grundig utgreiing av \u00f8konomiske konsekvensar i ulike retningar. Ta med i reknestykket at Dalsfjorden tilf\u00f8rer kommunen store summar i form av n\u00e6ringsaktivitet som t.d. MOWI, og at fr\u00e5flytting vil ha konsekvensar for arbeidskrafta i lokale bedrifter. Kommunen har nok ogs\u00e5 f\u00e5tt nyte godt av kraftverka p\u00e5 Dravlaus og i Steinsvika. Dersom ein framleis vil ha verdiskaping i bygdene, m\u00e5 det vere mogleg og tenleg for folk \u00e5 bu her, elles fell ogs\u00e5 inntektene fr\u00e5 desse bort.<\/p>\n<p>I fylgje SSB utgjer l\u00f8nnskostnader om lag 74-80% av skulebudsjettet. Korleis ser de f\u00f8re dykk at alle l\u00e6rarane som er tilsette ved Dalsfjord skule med fast jobb i Volda kommune skal spare kommunen noko s\u00e6rleg med pengar n\u00e5r de legg ned skulen? Det er mogleg \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 sparetiltak i h\u00f8ve energibruk. Mine born har sagt at det er ofte veldig varmt p\u00e5 skulen, her er det mogleg \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 tiltak. Det same gjeld bassenget. Me er heldige som har basseng i fjorden, men for \u00e5 behalde skulen er det ein liten pris \u00e5 betale om basseng-sesongen vert kraftig nedkorta. Dalsfjord skule er ein sv\u00e6rt god skule. Det er eit lite milj\u00f8, men den faglege og pedagogiske kompetansen er s\u00e6rskilt god. Borna v\u00e5re opplever trygge og gode l\u00e6ringsmilj\u00f8 med trygge, dyktige vaksne som har tid til \u00e5 tilpasse til kvar enkelt elev, og tid til \u00e5 arbeide med milj\u00f8et i elevgruppa.<\/p>\n<p>S\u00e5 m\u00e5 eg tilbake til elevtalet i Dalsfjorden igjen. Dersom alle elevane i krinsen gjekk p\u00e5 same skule, ville det framleis vore ein veldig liten skule. Dette er saka si kjerne. Det er ikkje fleire born her enn som trengst, og at dei f\u00e5 som er her skal verte rivne fr\u00e5 sine gode vener for \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ulike skular, det kan ikkje forsvarast i eit s\u00e5 lite samfunn. Me har tre born. To av dei er ferdige med grunnskulen, og me har sett p\u00e5 n\u00e6rt hald kva det har kosta for borna. I beste fall vil eg sj\u00e5 p\u00e5 dette som eit sosialt eksperiment, og fors\u00f8kspersonane er born i utvikling.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.morenytt.no\/ordskifte\/i\/JbKPXm\/til-volda-kommune\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Til Volda kommune  <\/a> <\/p>\n<p>Til sjuande og sist er det borna som har betalt den h\u00f8gaste prisen. Dette sosiale eksperimentet har gjort mykje med det sosiale milj\u00f8et i Dalsfjorden, b\u00e5de for born og vaksne, og i eit utviklingsmessig perspektiv er det grunn til \u00e5 undre p\u00e5 kva det har gjort med mental helse og sosial og emosjonell utvikling. N\u00e5r ein g\u00e5r gjennom heile barnetrinnet med s\u00e5 f\u00e5 medelevar \u00e5 vere saman med, medan bestevenen g\u00e5r p\u00e5 ein annan skule fordi vaksne har bestemt det, vert det utrygt. Det gjer ogs\u00e5 noko med elevane si l\u00e6ring. \u00c5 trivast er ein f\u00f8resetnad for l\u00e6ring. Etablering av gode venskap i tidleg alder er viktig for utvikling av identitet, sosiale evner, resiliens, oppleving av meistring og l\u00e6ring. Den menneskelege kostnaden av \u00e5 ha ein friskule som konkurrerer med den offentlege skulen i eit s\u00e5 lite samfunn er altfor h\u00f8g. No m\u00e5 borna kome fyrst.<\/p>\n<p>Dalsfjorden har g\u00e5tt glipp av MANGE tilflyttarar og unge nyetablerte familiar, fordi skulesituasjonen med to konkurrerande skular har skremt folk fr\u00e5 \u00e5 kome. Situasjonen har ogs\u00e5 gjort at folk flytta bort. N\u00e5r me no endeleg har kjent at situasjonen har roa seg noko, har det ogs\u00e5 kome fleire tilflyttande, og vi ser positive tal framover. S\u00e5 skal kommunen alts\u00e5 rive heile grunnlaget for barnefamiliar unna f\u00f8tene p\u00e5 oss? Det er ikkje mogleg \u00e5 leve i Dalsfjorden utan \u00e5 ha skule og barnehage her. Legg kommunen ned Dalsfjord skule, legg de ogs\u00e5 ned Dalsfjorden, med alt det inneber. Realiteten er at st\u00f8ttar ikkje foreldra den offentlege skulen, mistar me han for alltid. D\u00e5 er det ikkje lenge me har barnehage heller. Argumentet med at det er ubeleilig \u00e5 k\u00f8yre til Dravlaus held ikkje. Det er gratis skuleskyss, og det g\u00e5r an \u00e5 f\u00e5 til l\u00f8ysingar. No m\u00e5 foreldra i Dalsfjorden st\u00e5 saman for borna sitt beste, og for \u00e5 skape gode veksttilh\u00f8ve for bygdene v\u00e5re.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.morenytt.no\/ordskifte\/i\/lw8g2k\/skulesituasjonen-i-dalsfjord-svekker-alle-i-fjorden\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Skulesituasjonen i Dalsfjord svekker alle i fjorden  <\/a> <\/p>\n<p>Eg vil p\u00e5 det sterkaste oppmode Volda kommune og oppvekstkontoret om \u00e5 snu kvar ein stein for \u00e5 ta vare p\u00e5 bygdeskulane v\u00e5re. I den utrygge tida me lever i no, globalt sett, vil det ogs\u00e5 vere samfunnsteneleg \u00e5 ha kommunale skular i dei bygdene som er avhengige av ferje. Me m\u00e5 ta h\u00f8gde for at uventa ting kan skje og kriser kan oppst\u00e5. Ei fullstendig utgreiing av dei samfunnskritiske og beredskapsmessige konsekvensane ved \u00e5 legge ned bygdeskulane b\u00f8r vere gjort f\u00f8r det i det heile vert vurdert \u00e5 legge ned Dalsfjord og Folkestad skule. Dalsfjord skule er til d\u00f8mes den einaste staden i fjorden der det framleis er bomberom. Verdien av desse b\u00f8r ikkje undervurderast. Ein b\u00f8r ta h\u00f8gde for at det kan oppst\u00e5 situasjonar der infrastrukturen kan verte ramma av kriser, naturkatastrofar eller \u00e5tak, og det er ein stor fordel at bygdene har moglegheit for \u00e5 halde i gang ein normal kvardag for borna ogs\u00e5 dersom det skulle oppst\u00e5 ekstraordin\u00e6re situasjonar. Dalsfjord skule har ogs\u00e5 Vestsida sitt lager og distribusjon av jod, samt kontor for helsesjukepleiar og l\u00e6kjar, noko som ogs\u00e5 er viktig i ei eventuell framtidig krise. Og \u2013 om ein kikar i arkiverte dokument fr\u00e5 Volda og Dalsfjord kommunar p\u00e5 1940-talet, vil der vere dokumentasjon p\u00e5 kor viktige b\u00f8ndene p\u00e5 Vestsida var for regionen under okkupasjonen. \u00c5 avfolke bygdene i ei usikker tid vil vere uklokt.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.morenytt.no\/ordskifte\/leiar\/i\/gwVmjJ\/no-sig-alvoret-inn\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   No sig alvoret inn  <\/a> <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"S\u00e5 er me komne dit at Dalsfjord skule er truga av nedlegging. Elevtalet samla i Dalsfjorden er ikkje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":79593,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,10778,10777,24,25,15,22,23,156,13,30,28,29,14,16,572,1941,26,27,2079],"class_list":{"0":"post-79592","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-dalsfjord","11":"tag-dalsfjorden","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-meninger","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-okonomi","25":"tag-skule","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories","28":"tag-volda"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115499854903554548","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/79592","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=79592"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/79592\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/79593"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=79592"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=79592"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=79592"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}