{"id":80685,"date":"2025-11-07T07:27:21","date_gmt":"2025-11-07T07:27:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/80685\/"},"modified":"2025-11-07T07:27:21","modified_gmt":"2025-11-07T07:27:21","slug":"again-for-the-first-time-av-iris-caltwait-p3-musikkanmeldelser","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/80685\/","title":{"rendered":"\u00abAgain, For the First Time\u00bb av Iris Caltwait \u2013 P3 Musikkanmeldelser"},"content":{"rendered":"<p>\u00abKven d\u00e5?\u00bb kan vere eit freistande sp\u00f8rsm\u00e5l \u00e5 stille n\u00e5r det kjem til Iris Caltwait.<\/p>\n<p><strong>Men, altpop-artisten fr\u00e5 Bergen har, sidan ho i 2019 blei <a href=\"https:\/\/p3.no\/iris-er-arets-urort\/\" ec-id=\"https:\/\/p3.no\/iris-er-arets-urort\/\" ec-name=\"\u00ab\u00c5rets Ur\u00f8rt\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00ab\u00c5rets Ur\u00f8rt<\/a><a href=\"https:\/\/p3.no\/iris-er-arets-urort\/\" ec-id=\"https:\/\/p3.no\/iris-er-arets-urort\/\" ec-name=\"\u00bb\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00bb<\/a>, vore ein artist som stadig fleire har set s\u00f8kelyset p\u00e5. <\/strong><\/p>\n<p>Debutalbumet <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/p3\/musikkanmeldelser\/anmeldelse_-_love-and-other-disasters_-av-iris-1.17228956\" ec-id=\"pp:article:1.17228956\" ec-name=\"\u00abLove and Other Disasters\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00abLove and Other Disasters<\/a><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/p3\/musikkanmeldelser\/anmeldelse_-_love-and-other-disasters_-av-iris-1.17228956\" ec-id=\"pp:article:1.17228956\" ec-name=\"\u00bb\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00bb<\/a> fr\u00e5 2021, d\u00e5 under artistnamnet \u00abIris\u00bb, hausta gode tilbakemeldingar. Deretter har ho vorte str\u00f8ymt over 50 millionar gonger og har blitt handplukka av Spotify som ein yndling innan altpop-sjangeren fleire gonger. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Iris i hvite kl\u00e6r, med langt, l\u00f8st og m\u00f8rkt h\u00e5r ser til siden\" title=\"Foto: Bertine Monsen, promo\"\/><\/p>\n<p>Foto: Bertine Monsen, promo<\/p>\n<p>Vilde Iris Hartveit Kolltveit, som ho eigentleg heiter, er med andre ord ikkje ein amat\u00f8r n\u00e5r det kjem til musikk.<\/p>\n<p>Med fire \u00e5r sidan sist ho slapp album og med eit skifte av artistnamn er forventningane mange, og store. <\/p>\n<p>Maksimalisme p\u00e5 full guffe <\/p>\n<p>\u00abAgain, For the First Time\u00bb er eit album der ingenting er overlate til tilfeldigheitene. Det er heller inga kjensle om at noko er slengt p\u00e5 for \u00e5 gjere musikken meir kunstnarisk enn han faktisk er.<\/p>\n<p><strong>Fr\u00e5 opningsl\u00e5ta \u00abI Remember\u00bb blir lyttaren teken med p\u00e5 eit musikkprosjekt som like s\u00e5 godt kunne ha vore eit storslege teaterstykke.<\/strong><\/p>\n<p>Caltwait si innbydande og hypnotiserande stemme speler hovudrolla, men det betyr ikkje at det instrumentale p\u00e5 noko som helst m\u00e5te blir overskygd. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Iris i midtgangen p\u00e5 et tog med r\u00f8de seter\" title=\"Foto: Sara Westergaard Karlsen, promo\"\/><\/p>\n<p>Foto: Sara Westergaard Karlsen, promo<\/p>\n<p>I dei 16 l\u00e5tane p\u00e5 albumet er elektronisk og akustisk produksjon saumlaust blanda saman til eit lydbilete der ein opplever elles elegante instrument som harpe og strykeinstrument like grandiose som synthar og keyboard. <\/p>\n<p>Samtidig er ikkje \u00abAgain, For the First Time\u00bb eit album med \u00e9in definitiv lyd: Ein f\u00e5r klassisk popmusikk \u00e5 danse til, ein f\u00e5r introspektiv l\u00e5tskriving som riv i hjartet og ein f\u00e5r episk orkestermusikk \u2013 blant anna. <\/p>\n<p>P\u00e5 l\u00e5ta \u00abHoney, Baby\u00bb blir ein noks\u00e5 kraftig tatt p\u00e5 senga d\u00e5 elektrisk gitar og hardtsl\u00e5ande trommespel blir kasta inn i miksen. Alt har ei meining og det er openbert at Caltwait godt veit korleis ho skal formidle ho. <\/p>\n<p>St\u00e5r p\u00e5 skuldrene til gigantar<\/p>\n<p>\u00c5 p\u00e5st\u00e5 at Iris Caltwait har henta inspirasjon fr\u00e5 fleire artistar innanfor same sjanger er mildt sagt ei underdriving.<\/p>\n<p>Likevel er ikkje \u00abAgain, For the First Time\u00bb eit album som berre stel fr\u00e5 andre artistar. Det er djupt og personleg, og i ein musikalsk stil ein ikkje har h\u00f8yrt innanfor norsk popmusikk tidlegare. <\/p>\n<p>Sj\u00f8lve musikken dreg kjensler mot Caroline Polachek og Oklou. Tekstmessig finn ein noko mystisk, som hos Florence Welch, men ogs\u00e5 forfriskande \u00e6rleg som hos Lilly Allen. <\/p>\n<p>N\u00e5r det kjem til korleis Caltwait syng, er det litt krevjande, men likevel givande \u00e5 bli vand med. Det dreg positive kjensler mot Mica Tenenbaum fr\u00e5 Magdalena Bay og legendariske Imogen Heap. <\/p>\n<p><strong>Dette, i tillegg til at det ikkje er ei einaste d\u00e5rleg l\u00e5t p\u00e5 albumet, gjer at \u00abAgain, For the First Time\u00bb er like interessant ved lytt nummer ti som ved f\u00f8rste lytt.<\/strong><\/p>\n<p>Det er alltid noko nytt \u00e5 hente ut eller oppdage. <\/p>\n<p>Reprise ein ikkje blir lei av<\/p>\n<p>Det artigaste ved \u00abAgain, For the First Time\u00bb er at albumet held seg like godt som bakgrunnsmusikk som noko ein aktivt lyttar til. <\/p>\n<p>Meir klassiske popl\u00e5tar som \u00abSpring Rush\u00bb og \u00abAlchemy\u00bb fungerer like godt p\u00e5 dansegolvet som i headsettet p\u00e5 grunn av deira typiske pop-\u00absound\u00bb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Iris i hvite kl\u00e6r mot en lysebl\u00e5 bakgrunn. Hun har langt, l\u00f8st og m\u00f8rkt h\u00e5r og ser en smule bekymret ut\" title=\"Foto: Bertine Monsen, promo\"\/><\/p>\n<p>Foto: Bertine Monsen, promo<\/p>\n<p>Samtidig ville truleg ingen ha reagert negativt om ein sette p\u00e5 \u00abI&#8217;m In the Corner, Alone\u00bb p\u00e5 fest, trass i ein pessimistisk tematikk. <\/p>\n<p>Med mangfaldig produksjon, intrikat og tvitydig tekstskriving, interessant stemmebruk og nydeleg vokal er \u00abAgain, For the First Time\u00bb eit album som ein vil spele av gong etter gong og som ein kan danse, gr\u00e5te eller tenke til \u2013 eller alt samstundes. <\/p>\n<p>Om albumet<\/p>\n<p><strong>Tittel: <\/strong>\u00abAgain, for the first time\u00bb<\/p>\n<p><strong>Artist: <\/strong>Iris Caltwait<\/p>\n<p><strong>Utgitt av: <\/strong>Sounds Like Gold<\/p>\n<p><strong>Sjanger: <\/strong>Pop<\/p>\n<p><strong>Utgivingsdato: <\/strong>7. november 2025<\/p>\n<p><strong>Lengde: <\/strong>45 minutter<\/p>\n<p><strong>Sporliste:<\/strong><\/p>\n<ol>\n<li>\u00ab&#8230;har du problemer?\u00bb<\/li>\n<li>\u00abi remember\u00bb<\/li>\n<li>\u00abi&#8217;m in the corner, alone\u00bb<\/li>\n<li>\u00abhoney, baby\u00bb<\/li>\n<li>\u00abthese are hard times (Say the Words!)\u00bb<\/li>\n<li>\u00abPINHOLE\u00bb<\/li>\n<li>\u00abSerpentine\u00bb<\/li>\n<li>\u00abthis is the place.\u00bb<\/li>\n<li>\u00abTHROW ALL THAT LOVE AWAY\u00bb<\/li>\n<li>\u00abput me in the backseat (red wet paint) \u00bb<\/li>\n<li>\u00abDragonfly\u00bb<\/li>\n<li>\u00abit&#8217;s you it&#8217;s you it&#8217;s you it&#8217;s you\u00bb<\/li>\n<li>\u00abrodeo\u00bb<\/li>\n<li>\u00abSpring Rush (a hot platonic subatomic crush) \u00bb<\/li>\n<li>\u00abshaky\u00bb<\/li>\n<li>\u00abAlchemy (Living Is Not For The Heart)\u00bb<\/li>\n<\/ol>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>06.11.2025, kl. 16.04<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>06.11.2025, kl. 16.05<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u00abKven d\u00e5?\u00bb kan vere eit freistande sp\u00f8rsm\u00e5l \u00e5 stille n\u00e5r det kjem til Iris Caltwait. Men, altpop-artisten fr\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":80686,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-80685","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115507235538472111","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/80685","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=80685"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/80685\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/80686"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=80685"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=80685"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=80685"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}