{"id":80995,"date":"2025-11-07T13:21:17","date_gmt":"2025-11-07T13:21:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/80995\/"},"modified":"2025-11-07T13:21:17","modified_gmt":"2025-11-07T13:21:17","slug":"dette-skaper-hovudbry-for-hogre-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/80995\/","title":{"rendered":"Dette skaper hovudbry for H\u00f8gre \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Dag Einar Thorsen, F\u00f8rsteamanuensis i statsvitskap<\/p>\n<p>\u2013 Konflikten mellom sentrum og periferi i Noreg er nok skarpare enn i mange andre land, paradoksalt nok, fordi vi har hatt ein aktiv distriktspolitikk gjennom lang tid, som har gjort at distrikta har ein god del \u00e5 tape. I Sverige er nok konflikten mindre intens, fordi store delar av Sverige blei praktisk talt avfolka i etterkrigstida. Distrikta der har mindre \u00e5 tape, fordi dei alt har tapt det meste. Ogs\u00e5 blir det naturlegvis annleis i land med forholdsvis korte avstandar og mykje industrielt landbruk, som Danmark eller Nederland, der konflikten mellom sentrum og periferi nok ogs\u00e5 er mildare, fordi interessemotsetningane mellom prim\u00e6rn\u00e6ringane og resten av \u00f8konomien er mindre skarpe. Geografi og historie er skjebne, og Noreg er eit land med b\u00e5de spreidd busetting og store geografiske avstandar. Vi kunne kanskje likna meir p\u00e5 Sverige om vi hadde hatt ein like aggressiv politikk for sentralisering i etterkrigs\u00e5ra som dei, men n\u00e5 m\u00e5 vi nok leve med at konflikten mellom sentrum og periferi blir relativt intense hos oss, fordi utkantane er i stand til organisere seg mot overmakta.<\/p>\n<p>Yngve Flo, professor i historie ved UiB<\/p>\n<p>\u2013 Sp\u00f8rsm\u00e5let om geografisk representasjon er ei viktig kraft i norsk politikk av litt ulike grunnar. Det mest openberre er at politikk handlar om fordeling av gode (og byrdar) som \u00f2g har ein geografisk dimensjon: Det handlar mest openlyst om kvar pengane skal brukast; kva store samferdsleprosjekt og andre store infrastrukturtiltak som skal realiserast \u2013 men \u00f2g om rammevilk\u00e5ra for einskildn\u00e6ringar som er s\u00e6rleg viktige i geografisk avgrensa omr\u00e5de av landet. Striden kan \u00f2g handle om kultur i vid tyding, s\u00e6rleg om vi g\u00e5r til historia, der skiljet mellom ein elitekultur og motkulturar (jf. m\u00e5lsak, alkoholpolitikk, andre verdi- og moralsp\u00f8rsm\u00e5l) var brennheite, og hadde ein tydeleg geografisk dimensjon. Slike stridar er mindre utprega i v\u00e5re dagar, men dei er ikkje utviska.<\/p>\n<p>\u2013 Geografiske konfliktm\u00f8nster er ikkje eintydige. Ofte handlar det om landsdel mot landsdel, men somme tider kan motstandarane vere naboar som kjempar om same gode \u2013 jf. striden om kvar hovudflyplassen skulle vere lokalisert, eller kvar stamvegen skal g\u00e5. I kommunalpolitikken har ulike kommunetypar ulike interesser, knytt til graden av utjamning.<\/p>\n<p>\u2013 At geografisk representasjon er viktig, handlar difor for ein stor del om at ulike interesser skal ta del i den interessestriden\/kampen om ressursar som g\u00e5r f\u00f8re seg i politiske institusjonar og organisasjonar, som i regjeringa, i Stortinget (som i Noreg fysisk er organisert etter geografi, ikkje etter parti!) og i politiske parti. Men interessekamp er ikkje det einaste argumentet: Representasjon handlar \u00f2g om at differensierte kunnskapar og erfaringar skal vere representerte.<\/p>\n<p>\u2013 Diskusjonar knytt til tilh\u00f8vet mellom Oslo og resten av landet tek ofte farge av dette: Oslo er i utgangspunktet stort i folketal, men vert like fullt ofte overrepresentert. Derifr\u00e5 er vegen kort til skuldingar om at Oslo p\u00e5 ulikt vis f\u00e5r meir av v\u00e5re felles ressursar enn byen rettmessig skal ha (dette vert naturlegvis ofte utfordra, med argument om at det motsette ofte er tilfelle) \u2013 men \u00f2g at ein slik snever representasjon undergrev evna institusjonen eller organisasjonen har til sj\u00e5 og forst\u00e5 heile landet.<\/p>\n<p>Marta Rekdal Eidheim, Institutt for politikk og forvaltning, UiB<\/p>\n<p>\u2013 Geografisk representasjon har vore viktig i norsk politikk. Tanken er at politikarane tek med seg perspektiv og interesser fr\u00e5 distrikta sine inn i politikken.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r det i tillegg er snakk om at fleire potensielle kandidatar kjem fr\u00e5 det sentrale Austlandet, kan vi sj\u00e5 desse forslaga i lys av den tradisjonelle sentrum-periferi-konflikten som har vore eit grunntema i norsk politikk. Veljarar i periferien er ikkje alltid n\u00f8gd med m\u00e5ten sentrale myndigheiter tek omsyn til periferien p\u00e5. For \u00e5 demme opp for at mykje makt sitt i Oslo, er det derfor ikkje overraskande at partiorganisasjonen i resten av landet spelar inn sine kandidatar til leiinga.<\/p>\n<p>Jo Saglie, Institutt for samfunnsforsking<\/p>\n<p>\u2013 Partia vil ha folk med ulik bakgrunn inn i ulike organ, med omsyn til m.a. kj\u00f8nn, alder og geografi. Dels ut fr\u00e5 at folk med ulike erfaringar bringar ulike perspektiv inn i politikken. Viss alle tenker likt, kan resultatet bli d\u00e5rleg politikk og d\u00e5rleg veljarappell. Dels ut fr\u00e5 ein rettferdstanke: alle b\u00f8r ha same h\u00f8ve til \u00e5 delta og til \u00e5 bli representerte. Eg veit ikkje om geografiske konfliktar er sterkare i Noreg enn i andre land. Men vi har eit land med store avstandar, og det kan gjere at geografi blir viktigare.<\/p>\n<p>J\u00f8rgen B\u00f8lstad, Professor \u2013 Institutt for Statsvitskap<\/p>\n<p>\u2013 Noreg er eit langstrekt land, og for mange ligg hovudstaden langt unna. Samtidig st\u00e5r distrikta kulturelt sett sterkt \u2013 vi har tradisjon b\u00e5de for \u00e5 verdsette regionale s\u00e6reigenheiter og \u00e5 sikre geografisk representasjon i politikken. Dette har blant anna gitt seg utslag i ei spesiell valordning som gir st\u00f8rre vekt til veljarar i grisgrendte distrikt. Det gir seg ogs\u00e5 utslag i meir uformelle normer om geografisk spreiing av politiske posisjonar \u2013 slik som i dette tilfellet.<\/p>\n<p>Bjarte Folkestad, professor ved H\u00f8gskulen i Volda<\/p>\n<p>\u2013 Geografisk representasjon speglar ofte sentrum-periferi konfliktlinja i norsk politikk. Dette er alle konfliktars mor som med ujamne mellomrom p\u00e5verkar dei fleste politiske parti i Noreg. Sprengkrafta ligg ofte i at ulike grupperingar (b\u00e5de innanfor og mellom parti) kjem saman i felles kamp mot ein definert motpol (oss mot dei). Ein l\u00e6rar fr\u00e5 Finnmark og ein fiskar fr\u00e5 Sunnm\u00f8re vil fort kunne finne felles forst\u00e5ing i ein opplevd Oslodominans. Dei fleste parti pr\u00f8var derfor for \u00e5 finne ein balanse mellom representasjon fr\u00e5 b\u00e5de sentrum og periferien.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dag Einar Thorsen, F\u00f8rsteamanuensis i statsvitskap \u2013 Konflikten mellom sentrum og periferi i Noreg er nok skarpare enn&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":80996,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-80995","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115508627686593920","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/80995","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=80995"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/80995\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/80996"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=80995"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=80995"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=80995"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}