{"id":81380,"date":"2025-11-07T20:57:07","date_gmt":"2025-11-07T20:57:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/81380\/"},"modified":"2025-11-07T20:57:07","modified_gmt":"2025-11-07T20:57:07","slug":"eldre-stylar-det-ikkje-bra-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/81380\/","title":{"rendered":"\u2013 Eldre stylar det ikkje bra \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Tr\u00f8yene blir meir og meir designa for \u00e5 kunne brukast utanom fotballbana.<strong> <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 <strong>Det blir meir for fansen enn for spelarane.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier modell og style-editor i Costume, Alphons Amuri.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann i uniform\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Amuri med ein Manchester United-tr\u00f8ye, med Prada-slips under.<\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Og det er ikkje berre fansen som vil ha tr\u00f8yene.<\/p>\n<p>For dei siste \u00e5ra har fotballdraktene blitt ein del av motebiletet.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5 \u00e5rets moteveke i Paris dukka tr\u00f8yene opp p\u00e5 catwalken.<\/strong><\/p>\n<p>Balenciaga har laga sine eigne fotballtr\u00f8yer.<\/p>\n<p>Artistar som Travis Scott har samarbeidd med fotballklubben FC Barcelona.<\/p>\n<p>\u2013 Det eksploderte<\/p>\n<p>Reportasjeleiar i D2 og spaltist for \u00abStilkoden\u00bb, Anders Kemp, seier det var etter 2010 at fotballtr\u00f8yer verkeleg blei mote.<\/p>\n<p>\u2013 Gatemotemerke som Palace byrja \u00e5 lage sine eigne fotballdrakter.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Plutseleg hadde du verdas mest kjende skatarar i fotballdrakter. Etter det eksploderte det.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann med skjegg\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Anders Kemp er sj\u00f8lv Tottenham-supporter. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 For Nike, Adidas og ambisi\u00f8se klubbar er nye drakter pengar i kassa, og eit verkt\u00f8y for historieforteljing p\u00e5 sosiale medium.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi lever i ei nostalgisk tid, der appetitten p\u00e5 arv er stor, men vi blir litt manipulerte \u00f2g.<\/strong><\/p>\n<p>Han meiner ogs\u00e5 drakter fr\u00e5 90-talet passar inn i vintagestilen ungdommen er oppteken av.<\/p>\n<p>\u2013 Dei var meir fargerike og leikne p\u00e5 90-talet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann som holder en skjorte\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kemp samlar ogs\u00e5 litt, til hans kone si store fortviling.<\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Han trudde likevel at tr\u00f8yetrenden ville g\u00e5 over, men det gjorde ho ikkje.<\/p>\n<p>\u2013 I 2016 trudde eg at det var p\u00e5 topp, og at det kom til \u00e5 g\u00e5 over. Men det har berre fortsett og fortsett.<\/p>\n<p>Vintage er best<\/p>\n<p>Krister Haraldsen driv ei Facebook-gruppe for sal av vintage fotballdrakter.<\/p>\n<p>Dei har merka ei tydeleg auke i interessa dei siste \u00e5ra.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi f\u00e5r mellom 100 og 500 nye medlemar i m\u00e5naden. No er vi over 34 000 i gruppa.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann som holder en skjorte\" title=\"Foto: Arild Eskeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Krister Haraldsen har samla sida han var \u00e5tte. <\/p>\n<p>Foto: Arild Eskeland \/ NRK<\/p>\n<p>Haraldsen seier at vintage-draktene er dei mest popul\u00e6re.<\/p>\n<p>\u2013 Alt retro kjem tilbake p\u00e5 eit tidspunkt. Jo meir gammalt design det er p\u00e5 ei drakt, desto meir popul\u00e6r er ho.<\/p>\n<p>Han begynte sj\u00f8lv \u00e5 samle d\u00e5 han var \u00e5tte \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 D\u00e5 fekk eg mi f\u00f8rste drakt av far.<\/strong><\/p>\n<p>Etter det tok det heilt av for Haraldsen.<\/p>\n<p>I huset hans er det nemleg fullt av drakter. Dei heng overalt.<\/p>\n<p>\u2013 Samlinga er verdt godt over ein million.<\/p>\n<p><strong>\u2013 S\u00e5 ikkje sei til nokon kvar eg bur, seier Haraldsen og humrar.<\/strong><\/p>\n<p>Tr\u00f8yar er fast fashion<\/p>\n<p>Stylisten Amuri synest ikkje det berre er positivt at tr\u00f8yene har blitt trendy.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Fotballtr\u00f8yer har blitt litt fast fashion, vil eg v\u00e5ge \u00e5 innr\u00f8mme.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det handlar meir og meir om pengar. Dei forst\u00e5r korleis mote p\u00e5verkar verda.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann if\u00f8rt r\u00f8d skjorte og svart slips\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Amuri bruker ikkje tr\u00f8yene s\u00e5 mykje ute. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Han merkar at det kan vere slitsamt \u00e5 bruke tr\u00f8yene ute.<\/p>\n<p>\u2013 Eg orkar ikkje \u00e5 krangle p\u00e5 bussen med nokon fordi eg har p\u00e5 meg ei Manchester United-skjorte, om eg eigentleg er fan eller ikkje.<\/p>\n<p>Men Amuri er sj\u00f8lv fan, og han spelte fotball lenge.<\/p>\n<p>Han har tru p\u00e5 at dei yngre kan style tr\u00f8yene sine.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men dei eldre har eg ikkje tru p\u00e5, dei stylar det ikkje bra.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann i uniform\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Amuri med Kongo si fotballdrakt. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Han trur \u00f2g at draktene kan skape tilh\u00f8yrsle for mange.<\/p>\n<p>\u2013 Dersom eg ser ein nordmann bruke ei Kongo-drakt, ville eg blitt stolt av landet mitt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det vil jo seie at landet mitt p\u00e5 ein eller annan m\u00e5te p\u00e5verkar verda.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>07.11.2025, kl. 21.13<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>07.11.2025, kl. 21.18<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Tr\u00f8yene blir meir og meir designa for \u00e5 kunne brukast utanom fotballbana. \u2013 Det blir meir for&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":81381,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-81380","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115510420648166200","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/81380","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=81380"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/81380\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/81381"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=81380"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=81380"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=81380"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}