{"id":81411,"date":"2025-11-07T21:45:19","date_gmt":"2025-11-07T21:45:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/81411\/"},"modified":"2025-11-07T21:45:19","modified_gmt":"2025-11-07T21:45:19","slug":"pa-tide-a-lytte-til-oss-unge","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/81411\/","title":{"rendered":"P\u00e5 tide \u00e5 lytte til oss unge"},"content":{"rendered":"<p>Eg g\u00e5r i 9. klasse p\u00e5 Dalsfjord skule, og synest det er sv\u00e6rt viktig at elevane p\u00e5 skulen f\u00e5r uttale seg om saka. Ikkje berre er eg elev p\u00e5 skulen, men eg er b\u00e5de representant i elevr\u00e5det og medlem av Volda ungdomsr\u00e5d. Derfor kjenner eg eit ansvar i \u00e5 representere ungdom p\u00e5 vestsida.<\/p>\n<p>Meir enn ein liten skule<\/p>\n<p>Dalsfjord skule er ein liten bygdeskule, men for meg er den s\u00e5 mykje meir. Her har eg g\u00e5tt sidan eg var seks \u00e5r, med nokre av dei same l\u00e6rarane og mange av dei same elevane. Det er ikkje rart at eg kjenner ei sterk tilknyting til skulen min. Mange utanfor ser p\u00e5 det vesle elevtalet som noko negativt, men eg er sikker p\u00e5 at dei fleste som har g\u00e5tt her ser p\u00e5 det som mykje positivt. N\u00e5r ein er f\u00e6rre i klasserommet f\u00e5r ein mykje betre oppf\u00f8lging, og l\u00e6raren kan ta seg betre tid til kvar enkelt elev. Eg merkar sj\u00f8lv at elevane p\u00e5 Dalsfjord skule har ei unik l\u00e6revilje, som kanskje kan dette ogs\u00e5 vere grunna i f\u00e5 elevar. Vi f\u00e5r gjere mykje kjekke ting p\u00e5 skulen. Kvart \u00e5r har vi til d\u00f8mes ulike temaveker. L\u00e6ringa er generelt b\u00e5de aktiv, praktisk, teoretisk og estetisk. Vi l\u00e6rer oss \u00e5 sj\u00e5 samanhengar, og vi gjer det saman. Andre kjekke minner er turdagane som skulen har arrangert. Det \u00e5 f\u00e5 g\u00e5 saman, alle p\u00e5 skulen, er kjekt for b\u00e5de store og sm\u00e5. Ein fordel med turdagane er at me vert meir kjende med naturen rundt oss.<\/p>\n<p>Unikt samhald<\/p>\n<p>Her i Dalsfjorden kjenner alle kvarandre. Dei vi gjekk i barnehagen med, er dei same som vi g\u00e5r p\u00e5 barne- eller ungdomsskulen med. N\u00e5r vi er s\u00e5 f\u00e5 som vi er, vert det sett p\u00e5 som ei sj\u00f8lvf\u00f8lge at alle vert inkludert. Det er sjeldent at nokon hamnar utanfor, men om det skjer vert det fort fanga opp og tatt tak i. Etter kva eg veit, har det aldri vore mobbing p\u00e5 skulen, den tida eg har g\u00e5tt her. Den praktiske undervisninga p\u00e5 skulen har ofte f\u00f8rt oss end\u00e5 n\u00e6rare kvarandre. Det er stor sorg blant b\u00e5de elevar og l\u00e6rarar n\u00e5r avgangselevane sluttar, eller n\u00e5r nokon m\u00e5 flytte fr\u00e5 fjorden. Av og til ser eg tilbake p\u00e5 til d\u00f8mes overnatting med klassa. Eg f\u00f8ler me er ei slags stor familie, der alle vil kvarandre vel. Ogs\u00e5 p\u00e5 tvers av trinna. Dei eldste elevane g\u00e5r fint saman med dei yngste elevane. Dette samhaldet er noko unikt som ikkje oppst\u00e5r kor som helst.<\/p>\n<p>Som spelebrikker p\u00e5 eit brett<\/p>\n<p>Den siste tida har det vore fleire saker som gjeld skulen. Det verkar som kommuna gl\u00f8ymer litt at vi faktisk er mennesker. Eg og nokre klassekameratar kom fram til at situasjonen er som spelebrikker p\u00e5 eit brett. Elevane vert flytta p\u00e5, og kommuna er dei som speler. No har vi f\u00e5tt nok, og synast det er p\u00e5 tide at vi vert tekne p\u00e5 alvor.<\/p>\n<p>Lang reiseveg<\/p>\n<p>Om skulen vert lagt ned, p\u00e5verkar dette kvardagen til elevane sv\u00e6rt mykje. Skulane i Volda er bede om \u00e5 endre start-og sluttider som er tilpassa v\u00e5re ferjeruter. Dette er i grunnen positivt, men dagen til elevane vil uansett verte drastisk forandra. Ein ferjetur varer i 25 minutt, som betyr at reising til og fr\u00e5 skule vil vare rundt ein time berre i ferjetid. Fleire born og ungdommar fr\u00e5 bygda har fritidssaktivitetar i Volda\/\u00d8rsta. Dagar med fritidsaktivitetar vil derfor verte veldig lange. Dette g\u00e5r i mot FN sin barnekonvensjon, som seier at alle born har rett til kvile, leik og fritid.<\/p>\n<p>Barneskuleelevane m\u00e5 ha med seg ein vaksen til \u00e5 reise med ferjene og p\u00e5 vegen til skulen. Eg veit ikkje korleis dette vil foreg\u00e5 eller om dette er fastsl\u00e5tt, men eg veit godt at det \u00e5 ta ferje \u00e5leine som 6-8 \u00e5ring er skummelt. Det \u00e5 g\u00e5 til og fr\u00e5 ferjekaia er i teorien ikkje s\u00e5 vanskeleg, men sm\u00e5 born er ikkje vant til \u00e5 orientere seg rundt i trafikken i sentrum.<\/p>\n<p>Vi ungdomsskuleelevane kan reise enklare, men ein s\u00e5 lang dag med skule og reising t\u00e6rer kraftig p\u00e5 energien til ein ungdom.<\/p>\n<p>For lite plass p\u00e5 sentrumsskulane<\/p>\n<p>Det har tidlegare vore snakk om at det allereie er lite plass i klasseromma, b\u00e5de p\u00e5 \u00d8yra og p\u00e5 Volda ungdomsskule. No er dette tydelegvis ikkje tilfellet lenger. Om det likevel viser seg at klasseromma vert fulle, vil dette verte ein veldig stor overgang for oss elevane p\u00e5 Dalsfjord skule. Eg trur det vil p\u00e5verke konsentrasjonen i klasseromma. Dette kan ein vise til forsking om.<\/p>\n<p>Ei forbisett framtid<\/p>\n<p>Eg synast Volda kommune kan ha ein tendens til \u00e5 tenke kort fram i tid. Politikarane ser vekk ifr\u00e5 at elevtalet p\u00e5 Dalsfjord skule stig om nokon \u00e5r. Lauvstad barnehage er stappfull av born som i framtida kjem til \u00e5 begynne p\u00e5 Dalsfjord. Om berre nokre f\u00e5 \u00e5r kan Dalsfjord skule n\u00e5 rundt 60 elevar. I tillegg er det ikkje umogleg at nye born og ungdommar kjem flyttande til bygda etterkvart.<\/p>\n<p>Synspunktet til ein elev<\/p>\n<p>Mange har uttalt seg om saka tidlegare, men aldri ein ungdomselev. Det var dette som fekk meg til \u00e5 skrive denne teksta. Mange av ungdommane har gode og viktige meiningar om saka. Eg har vore i kontakt b\u00e5de med klassa mi og tidlegare elevar fr\u00e5 skulen. Alle er samde i at forslaget berre er negativt. Eg har f\u00e5tt mange fine innspel b\u00e5de om reiseveg, lite plass i klasseromma p\u00e5 Volda ungdomsskule, og at Volda kommune burde prioritere vekk andre ting enn skule. Dei finaste innspela eg fekk inn har handla om fine minner fr\u00e5 skulen v\u00e5r, kva me likar med plassen og kor mykje bygda og skulen betyr for oss. Alt dette er nevnt med mykje f\u00f8lelsar som tydeleggjer kor viktig dette er for oss. Det er fort gjort \u00e5 tenke at skule er kjedeleg, men n\u00e5r ein st\u00e5r i ein situasjon der ein risikerer \u00e5 miste alt innser ein kor fint vi faktisk har det her. Fleire har sterkt \u00f8nske om \u00e5 ein gong \u00e5 danne familie i bygda, men om skulen forsvinn vert ikkje dette lenger mogleg.<\/p>\n<p>Eit nytt og fullkomment skulebygg<\/p>\n<p>I 2012 vart Dalsfjord skule renovert og bygd som ny, og skulen har blitt godt bevart dei siste \u00e5ra. B\u00e5de basseng, gymsal, kj\u00f8kken, amfi, sl\u00f8ydsal, store klasserom, skulehage og eit flott uteomr\u00e5de har vi her. Ikkje alle skular har fjell, skog og hav rett utanfor vindauget. Det er f\u00e5 skular som har slike gode moglegheiter, og trass i f\u00e5 elevar vert omr\u00e5det godt brukt b\u00e5de av elevar og bygdefolket. Det er trist \u00e5 tenkje p\u00e5 at ein s\u00e5 fin n\u00e6rskule kan leggast ned. Om det vert slik sparar kanskje kommuna pengar. Men kva er viktigast? Pengar eller framtida v\u00e5r?<\/p>\n<p>No har eg nevnt ulike problemstillingar som kan oppst\u00e5 om skulen vert lagt ned. Eg vil avslutte teksta med \u00e5 minne alle p\u00e5 kor viktig skulen v\u00e5r er for oss i krinsen. Forslaget har f\u00f8rt til mykje f\u00f8lelsar, bekymringar og sterke meiningar. Om Dalsfjord skule vert lagt ned kjem vestsida v\u00e5r aldri til \u00e5 verte det same igjen. No har eg f\u00e5tt sagt det eg ville, og avgjerdsla til politikarane gjenst\u00e5r. Mitt \u00f8nske er d\u00e5 at dei vil gjere det som er best for alle, ikkje berre dei sj\u00f8lve.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg g\u00e5r i 9. klasse p\u00e5 Dalsfjord skule, og synest det er sv\u00e6rt viktig at elevane p\u00e5 skulen&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":81412,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,10777,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,1941,26,27,2079],"class_list":{"0":"post-81411","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-dalsfjorden","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-news","17":"tag-no","18":"tag-norge","19":"tag-norway","20":"tag-nyheter","21":"tag-overskrifter","22":"tag-skule","23":"tag-top-stories","24":"tag-topstories","25":"tag-volda"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115510609483895962","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/81411","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=81411"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/81411\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/81412"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=81411"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=81411"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=81411"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}