{"id":82717,"date":"2025-11-09T19:01:08","date_gmt":"2025-11-09T19:01:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/82717\/"},"modified":"2025-11-09T19:01:08","modified_gmt":"2025-11-09T19:01:08","slug":"the-beatles-smp-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/82717\/","title":{"rendered":"The Beatles &#8211; smp.no"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er fattern sin skyld. Han hadde nesten alltid 60-talsmusikk p\u00e5 platespelaren. Eg vaks opp med The Beatles p\u00e5 h\u00f8gtalarane, fortel Ola Ling\u00e5s (50) i \u00d8rsta.<\/p>\n<p>Allereie i \u00e5tte-ni \u00e5rs alderen var vesle Ola s\u00e5 milj\u00f8skadd at han sende inn eit plate\u00f8nske til NRK M\u00f8re og Romsdal der han bad om \u00e5 f\u00e5 h\u00f8yre dei to Beatles-l\u00e5tane \u00abLove me do\u00bb og \u00abShe loves You\u00bb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Autografen til John Lennon, som vart skoten i 1980.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5sRadioen st\u00e5r p\u00e5<\/p>\n<p>Vi har akkurat sett oss ned i stova i \u00d8rsta. I bakgrunnen st\u00e5r det p\u00e5 ein radio. Svakt. Den forstyrrar oss ikkje. Nyheitene er snart ferdige. Og kva skjer d\u00e5? Tilfeldig eller ikkje?<\/p>\n<p>Dei spelar Beatles. \u00abA Hard Day`s Night\u00bb. Kanskje ikkje s\u00e5 oppsiktsvekkande, for det viser seg etter to minutt og 34 sekund at programleiar er B\u00e5rd Ose, ein stor fan av Liverpool-bandet, og forfattar av ei bok nettopp om The Beatles. Eit eksemplar av boka ligg p\u00e5 stovebordet framf\u00f8re oss, med personleg helsing fr\u00e5 B\u00e5rd Ose. Til Ola Ling\u00e5s.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein er skikkeleg hekta p\u00e5 noko, blir det oftast ogs\u00e5 ei samling. Ola Ling\u00e5s har sin del, av slikt som LP-plater, CD-ar, b\u00f8ker, blad, filmar, puslespel, bilete, gateskilt, Beatles-musematte, autografar \u2013 og ikkje minst opplevingar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Dette biletet har Paul McCartney signert. Det f\u00f8lgjer med ein garanti p\u00e5 at autografen er ekte.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5sPaul live<\/p>\n<p>\u2013 Eg har vore to gonger p\u00e5 konsert med Paul McCartney \u2013 i 1994 og 2004. Det er han eg har f\u00f8lgd mest fr\u00e5 eg var liten.<\/p>\n<p>D\u00e5 Ola vart 40 \u00e5r, stod eit bes\u00f8k til Liverpool p\u00e5 programmet, sj\u00f8lvsagt med overnatting p\u00e5 Hard Day\u00b4s Night Hotel. Det vart ogs\u00e5 guida Beatles-rundtur i byen ved Merceyside, med innlagt bes\u00f8k s\u00e5 vel ved grava til Elanor Rigby \u2013 kvinna som Beatles syng om \u2013 til klubben The Cavern som var staden der bandet slo igjennom.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har ogs\u00e5 vore p\u00e5 fotballkamp i Liverpool. Det er der eg har favorittklubben min, sj\u00f8lvsagt.<\/p>\n<p>\u2013 Liverpool FC, d\u00e5? Dei raude?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, dei bl\u00e5 er mitt lag. Det var eit naturleg val etter at eg fekk vite at Paul McCartney var Everton-fan.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Ola Ling\u00e5s har sj\u00f8lv pusla saman dette Beatles-puslespelet.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5sThe Cavern<\/p>\n<p>P\u00e5 f\u00f8rste halvdel av 1960-talet kunne pent pynta unge menn i Liverpool f\u00f8rst g\u00e5 p\u00e5 fotballkamp, og deretter stramme slipsknuten for s\u00e5 \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 The Beatles nede p\u00e5 The Cavern. Der var det alltid jenter, ogs\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Dei var heldige som fekk oppleve den f\u00f8rste Beatles-tida i Liverpool, seier Ola.<\/p>\n<p>Han har forresten ogs\u00e5 vore p\u00e5 Beatles-oppdagingsferd i London.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kjende at eg fekk g\u00e5sehud d\u00e5 eg gjekk over fotgjengarfeltet i Abbey Road. Det ein ser p\u00e5 platecoveret, der dei fire g\u00e5r over.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Eit Beatles-monospel h\u00f8yrer sj\u00f8lvsagt med i samlinga.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5sPaul i live<\/p>\n<p>P\u00e5 biletet g\u00e5r Paul berrf\u00f8tt, som av fleire vart tolka som eit signal om at han var d\u00f8d. Det var sj\u00f8lvsagt berre tull, sl\u00e5r Ola fast.<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor la dei opp som band? Dei fire var jo ikkje fylt 30 \u00e5r?<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur dei hadde g\u00e5tt lei av kvarandre. At dei var leie av The Beatles. Dei ville g\u00e5 kvar sine vegar.<\/p>\n<p>Og det gjorde dei ogs\u00e5, sj\u00f8lv om John Lennon si karriere vart kort. Han vart skoten og drepen allereie i 1980. 21 \u00e5r seinare d\u00f8ydde ogs\u00e5 George Harrison \u2013 av sjukdom. S\u00e5 no er det berre Paul og Ringo att.<\/p>\n<p>Ola f\u00f8ler at den som aller mest har vidaref\u00f8rt Beatles-sounden er Paul McCartney.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Kunnskap om favorittbandet sitt skaffar Ola seg mellom anna fr\u00e5 ulike blad.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s\u00abHelp\u00bb til husarbeid<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r h\u00f8yrer du p\u00e5 Beatles?<\/p>\n<p>\u2013 Gjerne n\u00e5r eg skal kose meg og kople heilt av. Dessutan h\u00f8ver Beatles godt til \u00e5 ha p\u00e5 \u00f8yra n\u00e5r eg gjer husarbeid.<\/p>\n<p>Ola er gift med Annike \u00d8ye Ling\u00e5s. Vigselen fann stad i \u00d8rsta kyrkje. S\u00e5 vi undrar sj\u00f8lvsagt p\u00e5 musikkvalet i kyrkja den gongen i 2004.<\/p>\n<p>\u2013 Var det Beatles?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, det var noko tradisjonelt. Det vanlege.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  B\u00e5rd Ose har skrive bok om The Beatles, og Ola Ling\u00e5s har sikra seg eit signert eksemplar.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5sIngen \u00abhelp\u00bb i kyrkja<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 organisten spelte ikkje \u00abHelp\u00bb?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, ha ha. Men det skulle han kanskje ha gjort. For eg var sv\u00e6rt nerv\u00f8s. S\u00e5 det hadde vore ein god id\u00e9. Men p\u00e5 bryllaupsfesten etterp\u00e5 vart det ein god del Beatles. B\u00e5rd L\u00f8demel stod for musikken og visste kva eg likte.<\/p>\n<p>\u2013 Og forresten, hadde det ikkje vore for Anikke, s\u00e5 hadde det aldri blitt nokon Liverpool-tur. Ho er dyktig i engelsk og ordna alt. Ogs\u00e5 er ho tolmodig. Du m\u00e5 ta med det, spelar Ola inn.<\/p>\n<p>Men noko instrument spelar han derimot ikkje.<\/p>\n<p>\u2013 Nei, eg har ikkje greie p\u00e5 notar og tonar, s\u00e5 eg n\u00f8yer meg med \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 at andre spelar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Ei plastkasse full av Beatles-filmar.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s\u00abRevolver\u00bb <\/p>\n<p>P\u00e5 stovebordet ligg ein bunke med LP-plater som The Beatles har gjeve ut. Vi sp\u00f8r Ola om kva som er favorittplata:<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5, det var eit vanskeleg sp\u00f8rsm\u00e5l, svarer han \u2013 og m\u00e5 ha ei tenkepause.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur eg svarar \u00abRevolver\u00bb. Men \u00abRubber Soul\u00bb er ogs\u00e5 utruleg fin. Nei, dette var eit vanskeleg sp\u00f8rsm\u00e5l, seier han ein gong til \u2013 og s\u00e5 ramsar opp end\u00e5 fleire Beatles-plater.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Pete Best var trommeslagaren som vart kasta ut av The Beatles allereie i 1962, \u00e5ret f\u00f8r dei verkeleg slo igjennom. Pete Best lever framleis.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s\u00abFor no one\u00bb <\/p>\n<p>\u2013 Favorittl\u00e5t, d\u00e5? Er det like vanskeleg?<\/p>\n<p>\u2013 Eg tenkte du kom til \u00e5 sp\u00f8rje om akkurat det. S\u00e5 det har eg f\u00f8rebudd meg litt p\u00e5, og bestemt meg for \u00e5 svare \u00abFor no one\u00bb. Det er ein utruleg fin l\u00e5t, skriven av Paul McCartney. Du finn han p\u00e5 \u00abRevolver\u00bb-plata fr\u00e5 1966.<\/p>\n<p>\u2013 Kvar f\u00e5r du tak i alle platene og anna knytt til The Beatles som du har i samlinga di?<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00f8lgjer med p\u00e5 nettet, p\u00e5 auksjonar \u2013 men prisniv\u00e5et p\u00e5 mykje av det eg kunne ha tenkt meg ligg langt over det eg er i stand til \u00e5 betale.<\/p>\n<p> \u2013 H\u00f8yrer du forresten berre p\u00e5 Beatles?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, slett ikkje. Eg h\u00f8yrer ogs\u00e5 p\u00e5 anna musikk, men aller helst p\u00e5 musikk fr\u00e5 1960- og 70-talet. Der er det mykje bra.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Miniatyrutg\u00e5ve av eit gateskilt. Ola har eit mykje st\u00f8rre p\u00e5 husveggen. Abbey Road er namnet p\u00e5 gata der platestudioet deira l\u00e5g i London og ogs\u00e5 namnet p\u00e5 ei av platene.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s\u00abRain\u00bb <\/p>\n<p>Ola jobbar p\u00e5 Gr\u00f8vik Verk i \u00d8rsta, bedrifta som lagar takrenner. P\u00e5 jobb har han ofte p\u00e5 \u00f8yreklokker med radio. P\u00e5 den m\u00e5ten f\u00e5r han med seg mykje musikk ogs\u00e5 p\u00e5 jobb.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r dei spelar Beatles p\u00e5 radioen nyttar det ikkje for kollegaene mine \u00e5 snakke til meg. D\u00e5 m\u00e5 eg f\u00f8rst h\u00f8yre ferdig l\u00e5ten, seier Ola Ling\u00e5s med eit smil.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Autografen til gitaristen George Harrison, som d\u00f8ydde i 2001.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s<img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Ola Ling\u00e5s med autograf og bilete av Ringo Starr, trommeslagaren The Beatles.<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Terje Eng\u00e5s<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er fattern sin skyld. Han hadde nesten alltid 60-talsmusikk p\u00e5 platespelaren. Eg vaks opp med The&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":82718,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,11149,10912,1848,30,28,29,2080,10911,11150,10910,72],"class_list":{"0":"post-82717","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-george-harrison","10":"tag-john-lennon","11":"tag-liverpool","12":"tag-no","13":"tag-norge","14":"tag-norway","15":"tag-orsta","16":"tag-paul-mccartney","17":"tag-ringo-starr","18":"tag-the-beatles","19":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115521289150553024","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/82717","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=82717"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/82717\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/82718"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=82717"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=82717"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=82717"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}