{"id":83717,"date":"2025-11-10T20:08:11","date_gmt":"2025-11-10T20:08:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/83717\/"},"modified":"2025-11-10T20:08:11","modified_gmt":"2025-11-10T20:08:11","slug":"synspunkt-debatt-kven-eig-vassfallet-aasland-bommar-pa-bade-lov-og-historie","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/83717\/","title":{"rendered":"Synspunkt, Debatt | Kven eig vassfallet? Aasland bommar p\u00e5 b\u00e5de lov og historie"},"content":{"rendered":"\n<p>N\u00e5r energiminister Terje Aasland seier i ulike medier at sm\u00e5kraftverk f\u00e5r \u00abein eksklusiv rett til \u00e5 utnytte v\u00e5re naturressursar\u00bb og at \u00abfellesskapet skal ha ein del av gevinsten\u00bb, avsl\u00f8rer han ei grunnleggande misforst\u00e5ing. For fallretten, retten til \u00e5 nytte vassfallet, er ikkje staten sin eigedom. Den h\u00f8yrer grunneigaren til.<\/p>\n<p>Dette er ikkje noko nytt eller uklart sp\u00f8rsm\u00e5l. I vannressurslova \u00a7 13 st\u00e5r det heilt tydeleg:<\/p>\n<p>\u00abVassdrag tilh\u00f8rer eieren av den grunn det dekker (\u2026) Grunneieren kan motsette seg at andre uten s\u00e6rskilt rettsgrunnlag ut\u00f8ver r\u00e5dighet over vassdrag som tilh\u00f8rer ham.\u00bb<\/p>\n<p>Med andre ord eig ikkje staten fallretten. Staten forvaltar lovar og rammer, men sj\u00f8lve r\u00e5digheita over vassdraget ligg hos grunneigaren. Det er grunneigaren, ofte saman med profesjonelle partar som tek risikoen, finansierar utbygginga og st\u00e5r ansvarleg for prosjektet.<\/p>\n<p>\u00c5 omtala desse som om dei f\u00e5r ein \u00abeksklusiv rett fr\u00e5 staten\u00bb er ikkje berre feil. Det er etter mi meining ei spr\u00e5kleg forfalsking av eigedomsretten.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 Magnus Lagab\u00f8te til moderne vassdragsrett<\/p>\n<p>Prinsippet om at vatnet f\u00f8lgjer jorda g\u00e5r heilt tilbake til Magnus Lagab\u00f8tes landslov fr\u00e5 1274, der det heiter:<\/p>\n<p>\u00abVatnet h\u00f8yrer garden til s\u00e5 langt det renn og str\u00f8ymer gjennom hans jord.\u00bb<\/p>\n<p>Denne regelen har st\u00e5tt fast gjennom 750 \u00e5r med norsk rettshistorie og er vidaref\u00f8rt gjennom Christian Vs Norske Lov (1687), vassdragslova av 1887 og fram til Vannressurslova slik me kjenner den i dag. Eigedomsretten til vatnet er derfor ikkje noko som fellesskapet tildeler, men ein grunnleggjande del av grunneigaren sin r\u00e5derett.<\/p>\n<p>N\u00e5r staten krev grunnrente fordi sm\u00e5kraftverk \u00abutnyttar naturressursane v\u00e5re\u00bb (Aasland hevdar), trer den inn som part i noko den aldri har eigd. Det er ikkje staten som har investert, teke risiko, finansiert bygging eller tatt milj\u00f8ansvar. Likevel st\u00e5r staten klar til \u00e5 henta ut gevinst i fellesskapet sitt namn.<\/p>\n<p>Grunnrenta som straff for initiativ<\/p>\n<p>Aasland meiner at dagens ordning hindrar god ressursutnytting fordi mange sm\u00e5kraftverk held seg under 10 MW for \u00e5 unng\u00e5 grunnrente. Dette har Sm\u00e5kraftforeininga tilbakevist, og hevdar i staden at landet har f\u00e5tt over 250 GWh fordi det ikkje er grunnrenteskatt under 10 MVA.<\/p>\n<p>Grunnrenta verkar som ei brems p\u00e5 investeringar, ikkje som ein motor for fornybar utvikling slik regjeringa ser ut til \u00e5 tru.<\/p>\n<p>Dette handlar ikkje om kven som f\u00e5r for mykje gevinst, men om kven som faktisk skapar verdiane. Sm\u00e5krafta er distriktsn\u00e6r, privatfinansiert og bygd p\u00e5 lokale fallrettar som brukar eigen grunn til \u00e5 produsere rein energi for landet.<\/p>\n<p>N\u00e5r staten tek store delar av avkastninga, blir sm\u00e5krafta mindre l\u00f8nsam, og i mange tilfelle ul\u00f8nsam. Resultatet blir nedleggingar, konkursar og tapt lokal verdiskaping. Det gjer landet mindre sj\u00f8lvforsynt med kraft, ikkje meir.<\/p>\n<p>N\u00e5r regjeringa pr\u00f8ver \u00e5 hente ut ein del av verdiskapinga fr\u00e5 dei som faktisk bygg, undergrev dei b\u00e5de rettsprinsipp, fornybarpolitikk og distrikts\u00f8konomi.<\/p>\n<p>Ein rettsstat b\u00f8r kjenna si historie<\/p>\n<p>Magnus Lagab\u00f8te fastslo for snart \u00e5tte hundre \u00e5r sidan at vatnet f\u00f8lgjer jorda. Den regelen st\u00e5r framleis, b\u00e5de i lovtekst og i rettspraksis.<\/p>\n<p>Dersom energiministeren \u00f8nskjer \u00e5 omdefinera denne eigedomsretten til eit statleg felleseige, b\u00f8r han vere \u00e6rleg nok til \u00e5 seie det rett ut, i staden for \u00e5 kalla det \u00abrett og rimeleg\u00bb.<\/p>\n<p>I norsk rett er det grunneigaren, ikkje staten, som eig retten til vassfallet. N\u00e5r staten likevel krev grunnrenta, handlar det ikkje om \u00e5 fremja fornybar energi, men om \u00e5 skattleggja initiativ og verdiskaping p\u00e5 feil grunnlag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"N\u00e5r energiminister Terje Aasland seier i ulike medier at sm\u00e5kraftverk f\u00e5r \u00abein eksklusiv rett til \u00e5 utnytte v\u00e5re&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":83718,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,6150,26,27,42,43,44,45,963],"class_list":{"0":"post-83717","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-news","18":"tag-no","19":"tag-norge","20":"tag-norway","21":"tag-nyheter","22":"tag-opinion","23":"tag-overskrifter","24":"tag-synspunkt","25":"tag-top-stories","26":"tag-topstories","27":"tag-verden","28":"tag-world","29":"tag-world-news","30":"tag-worldnews","31":"tag-ytring"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115527215318276500","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/83717","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=83717"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/83717\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/83718"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=83717"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=83717"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=83717"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}