{"id":83795,"date":"2025-11-10T22:14:14","date_gmt":"2025-11-10T22:14:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/83795\/"},"modified":"2025-11-10T22:14:14","modified_gmt":"2025-11-10T22:14:14","slug":"kommentar-sogndal-fotball-hei-du-unge-fotballspelar-om-du-har-lyst-a-bli-god-bor-du-sja-til-denne-karen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/83795\/","title":{"rendered":"Kommentar, Sogndal Fotball | Hei du, unge fotballspelar! Om du har lyst \u00e5 bli god, b\u00f8r du sj\u00e5 til denne karen"},"content":{"rendered":"\n<p>Nokre gonger er det like greitt \u00e5 innsj\u00e5 at andre formulerer det betre enn meg.<\/p>\n<p>Difor, i eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 summera opp karrieren til Per-Egil Flo, viser eg til det hans tidlegare lagkamerat og trenar Rune Bolseth skreiv p\u00e5 Facebook i helga:<\/p>\n<p>\u00abDu har hatt ein fantastisk karriere, Per-Egil! Takk for alt du har gjeve klubben gjennom alle desse \u00e5ra. P\u00e5 alle m\u00e5tar ein flott ambassad\u00f8r for klubben. Jordn\u00e6r, hardtarbeidande og alltid med eit beskjedent smil rundt munnen. Ein av dei mest profesjonelle spelarane eg har spelt med og vore trenar for. Alltid 100 prosent for lagets beste og ein rollemodell med tanke p\u00e5 \u00e5 vera til stades p\u00e5 feltet og det \u00e5 leggja ned den harde jobben. Ein st\u00f8dig kar som deg f\u00e5r det nok bra framover og skal du sj\u00e5. Vel bl\u00e5st\u00bb.<\/p>\n<p>Meir presist kan det vel ikkje seiast?<\/p>\n<p>Nokre fakta: 310 obligatoriske kampar for Sogndal. 400 inkludert treningskampar. Scoring mot Fredrikstad i kampen som sikra opprykk i 2010. Serie- og cupgull med Molde. Serie- og cupgull med Slavia Praha. Opprykk med Lausanne. Fem A-landskampar.<\/p>\n<p>Og: Truleg eitt av dei viktigaste individuelle bidraga i klubbens historie. Eg brukar store ord no, men utan Per-Egil Flo kunne faktisk eventyret om Sogndal Fotball vore over.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1370490\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/untitled-294_1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              T\u00e5rene kom ikkje for Per-Egil, men g\u00e5va fr\u00e5 fansen gjev han ei utfordring: \u2013\u00a0M\u00e5 ha st\u00f8rre hus\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Eit nedrykk i fjor ville fort knekt ryggen p\u00e5 klubben. \u00d8konomisk, sportsleg og omd\u00f8memessig. Sogndal p\u00e5 niv\u00e5 tre er noko heilt anna enn Sogndal i OBOS-ligaen.<\/p>\n<p>Laget var berre tre poeng fr\u00e5 \u00e5 hamna p\u00e5 kvalik, og fem poeng fr\u00e5 direkte nedrykk. Per-Egil var s\u00e5 god i 2024, at eg trur dette ville g\u00e5tt gale utan hans kvalitet og st\u00f8dige ro ute p\u00e5 bana.<\/p>\n<p>Den m\u00e5llause bortekampen mot Mj\u00f8ndalen 21. oktober blir aldri hugsa som ein klassikar. Men den er \u00e9in av dei mest avgjerande kampane Sogndal har spelt i nyare tid. Tap der, og avgrunnen kunne opna seg.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4292\" height=\"2877\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/untitled-135.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4292 \/ 2877;\"\/><\/p>\n<p>      Utan Flo kunne det g\u00e5tt skikkeleg gale med Sogndal i fjor, meiner Endre Rom\u00f8ren.<br \/>\n      Foto: Christian Blom\n    <\/p>\n<p>Dette visste spelarane, og det var tydeleg at mange var prega av stundas alvor p\u00e5 Consto Arena. Den som spreidde tryggleik til lagkameratane sine var ein vaksen midtstoppar fr\u00e5 Stryn, og dermed blei det katastrofale unng\u00e5tt.<\/p>\n<p>Om du er ein ung og lovande fotballspelar i dag, b\u00f8r du ta etter l\u00e6reboka til denne karen.<\/p>\n<p>Korleis \u00e5 alltid jaga utvikling, uansett om du er 16 eller 36 \u00e5r. Korleis \u00e5 vera seri\u00f8s og ambisi\u00f8s p\u00e5 eigne vegner, utan \u00e5 gl\u00f8yma det kollektive. Korleis \u00e5 endra og utvikla eigenskapar etter alder og posisjon.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1369300\" class=\"related-teaser has-image default-feature-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/1762812851_525_IMG_1729.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              No byrjar neste del av livet for Per-Egil og Hedda: \u2013 Det blir nok emosjonelt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>I st\u00f8rsteparten av karrieren handla det om \u00e5 ha ein evigvarande motor kombinert med ein god innleggsfot som venstreback. N\u00e5r skadar og alder byrja \u00e5 gjera seg gjeldande, bygde han om kroppen til \u00e5 bli midtstoppar. Klokskap og rutine fr\u00e5 ein lang karriere blei ein del av pakken, totalen gjorde at det ikkje var mange betre i hans posisjon p\u00e5 nest \u00f8vste niv\u00e5 i norsk fotball dei siste \u00e5ra.<\/p>\n<p>Dessutan, som Bolseth er inne p\u00e5, er det vel lov \u00e5 hevda at han rett og slett er ein veldig bra fyr?<\/p>\n<p>Per-Egil er fin i kleda, det skal seiast, men han er sjeldan upretensi\u00f8s. Eg har kjend han sidan 2008, men aldri h\u00f8yrt at han har snakka seg sj\u00f8lv opp. Lojaliteten mot Sogndal og trenarane sine har vore total, same kor tungt det har vore ute p\u00e5 bana.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3889\" height=\"2730\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/untitled-307.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3889 \/ 2730;\"\/><\/p>\n<p>      Flo omtalar Torbj\u00f8rn Glomnes som den viktigaste trenaren han har hatt. Dei to fekk ein prat med kvarandre etter kampslutt mot Ranheim.<br \/>\n      Foto: Christian Blom\n    <\/p>\n<p>Trening, fotball og kvardagen heime med Hedda, Filippa, Saga og Vilja er det som har betydd noko.<\/p>\n<p>Solide og jordn\u00e6re verdiar.<\/p>\n<p>Dette blir vel ikkje meir tydeleg enn ved at han fr\u00e5 nytt\u00e5r byrjar \u00abnedst\u00bb i arbeidslivet, som l\u00e6rling i t\u00f8mrarfaget. Her er det ingen forventningar om at ei 20 \u00e5r lang karriere i toppfotballen skal gjera han fortent til nokre snarvegar.<\/p>\n<p>Han vil gradvis jobba seg opp, akkurat slik han gjorde d\u00e5 han kom til Sogn som ein 16 \u00e5r ung fotballspelar i 2005.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-980553\" class=\"related-teaser has-image default-feature-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/IMG_3306.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Hedda og jentene er det viktigaste laget til Per-Egil \u2013 som snart m\u00e5 spikra ein ny plan for livet\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Det er fleire gode representantar for Sogndal Fotball enn Flo som snart takkar for seg p\u00e5 Fosshaugane Campus.<\/p>\n<p>Terje Teigen er inne i sine siste veker som sals- og marknadsansvarleg, etter sju \u00e5r i jobben. Sj\u00e5 p\u00e5 kalenderen, og tenk litt p\u00e5 det.<\/p>\n<p>2018 til 2025. Det er ikkje akkurat dei lystigaste \u00e5ra i klubbens historie, utanom junior-oppturen i 2018 og den nesten-eventyrlege 2020-sesongen.<\/p>\n<p>Utanom det, trass nokre kjekke lommer med oppturar, har dette vore t\u00f8ft.<\/p>\n<p>Resultata har svikta, forholdet mellom klubb og bygd har vore svingande, og det har blitt stilt sp\u00f8rsm\u00e5l ved dei strategiske vala som er tekne undervegs.<\/p>\n<p>Midt i denne jungelen av nedturar, meiningar, kritikk og negativitet har Teigen st\u00e5tt med ansvaret for \u00e5 henta pengar fr\u00e5 klubbens mange sponsorar.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4007\" height=\"2829\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/IMG_8334.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4007 \/ 2829;\"\/><\/p>\n<p>      Terje Teigen har oftast sett slik ut n\u00e5r klubbens sponsorar har treft p\u00e5 han. No takkar han snart for seg p\u00e5 Fosshaugane.<br \/>\n      Foto: Endre Rom\u00f8ren\n    <\/p>\n<p>Legg til at dette dei siste \u00e5ra har blitt gjort i dyrtida, og som del av ein administrasjon som ikkje akkurat er overbefolka. D\u00e5 seier det seg sj\u00f8lv at det har vore utfordrande.<\/p>\n<p>Men med ein ukueleg optimisme, \u00abdrive\u00bb og positivitet har han likevel levert p\u00e5 eit niv\u00e5 det er vanskeleg \u00e5 fatta for utanforst\u00e5ande.<\/p>\n<p>Eg trur det har kosta. Eg kjenner sj\u00f8lv p\u00e5 korleis det er \u00e5 konstant bli identifisert gjennom jobben. Det m\u00e5 ha vore gonger hundre for Teigen sin del.<\/p>\n<p>Likevel har han st\u00e5tt p\u00e5, smilt, jobba og levert. For nokre veker sidan var eg med sonen min p\u00e5 Kiwi Bama Cup i Sognehallen. Du kan jo gjetta kven som k\u00f8yrde 12-timars\u00f8kt p\u00e5 dugnad for arbeidsgjevaren sin.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1356969\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/5_115_1104232+IMG_8334.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Terje vert ny senterleiar: \u2013 Ei kjekk moglegheit til \u00e5 gjera noko anna\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Kristian Ask fortener ein blome, \u00f2g. Han har vore kortare i klubben enn Flo og Teigen, men sett tydelege spor etter seg som sportsleg leiar for breiddefotballen.<\/p>\n<p>Eg kan ikkje tenkja meg mange andre jobbar der ein m\u00e5 meistra ein slik miks av organisatoriske og menneskelege eigenskapar. Breiddeavdelinga i klubben er stor. Det er mange foreldre, trenarar og born. Ulike personlegdommar, behov, krav, forventningar og ambisjonsniv\u00e5.<\/p>\n<p>Ask har, slik eg opplever det, navigert dette komplekse landskapet p\u00e5 ein ryddig, roleg og empatisk m\u00e5te. Det trur eg ikkje er enkelt, men han har lukkast med det.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4754\" height=\"3374\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/IMG_0867.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4754 \/ 3374;\"\/><\/p>\n<p>      Kristian Ask har styrt breidden i Sogndal Fotball dei siste \u00e5ra. Fr\u00e5 nytt\u00e5r g\u00e5r han over til ny jobb i fotballkretsen.<br \/>\n      Foto: Endre Rom\u00f8ren\n    <\/p>\n<p>Tidlegare i haust sende eg melding til han i 20-tida ein tysdag, i samband med at me mangla noko utstyr p\u00e5 G6-\u00f8kta tidlegare same dag. Eg tok meg kjapt i \u00e5 angra p\u00e5 at eg plaga ein familiefar-kollega p\u00e5 denne tida av d\u00f8gnet, og bad om orsaking.<\/p>\n<p>Svaret fr\u00e5 Ask? Han takka for tilbakemeldinga, sa at han skulle ordna det, og at det berre var \u00e5 ta kontakt n\u00e5r som helst om det var noko.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1365151\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/2x.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Skal erstatta to n\u00f8kkelstillingar p\u00e5 same tid: \u2013 Viktig \u00e5 finna dei rette personane\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Dette er tre personar som har levert til terningkast seks n\u00e5r det gjeld \u00e5 representera klubbens verdiar.<\/p>\n<p>Ambisi\u00f8se, utviklande, inkluderande, \u00e6rlege.<\/p>\n<p>Det er freistande \u00e5 k\u00e5ra dei tre overgangsvinnarane i vinter allereie no: Nordbohus Sogn, Pyramiden Kj\u00f8pesenter og NFF Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>Difor har Sogndal Fotball ein stor jobb framfor seg. Dei skal ikkje berre erstatta midtstopparen Flo, marknadssjefen Teigen og breiddefotballsjefen Ask.<\/p>\n<p>Dei skal erstatta menneska og personane Per-Egil, Terje og Kristian.<\/p>\n<p>Det handlar om omd\u00f8me, og der b\u00f8r ikkje klubben bomma no.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Nokre gonger er det like greitt \u00e5 innsj\u00e5 at andre formulerer det betre enn meg. Difor, i eit&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":83796,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,92,266,30,28,29,1533,1029,7865,83,82],"class_list":{"0":"post-83795","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-fotball","10":"tag-kommentar","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-sogndal","16":"tag-sogndal-fotball","17":"tag-sport","18":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115527711114860203","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/83795","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=83795"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/83795\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/83796"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=83795"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=83795"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=83795"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}