{"id":84395,"date":"2025-11-11T17:20:42","date_gmt":"2025-11-11T17:20:42","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/84395\/"},"modified":"2025-11-11T17:20:42","modified_gmt":"2025-11-11T17:20:42","slug":"gamalt-fangstanlegg-dukka-opp-fra-isen-ved-aurlandsfjellet-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/84395\/","title":{"rendered":"Gamalt fangstanlegg dukka opp fr\u00e5 isen ved Aurlandsfjellet \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<p>\u2022 Arkeologar fr\u00e5 Universitetsmuseet i Bergen har oppdaga eit 1500 \u00e5r gamalt massefangstanlegg for reinsdyr p\u00e5 Aurlandsfjellet.<br \/>\u2022 Anlegget, som er s\u00e6rs godt bevart, best\u00e5r av trestokkar og gjerde som leia reinsdyra inn i ein b\u00e5s kor dei vart avliva.<br \/>\u2022 Funna inkluderer ogs\u00e5 tregjenstandar, gevir og andre reiskapar som gir innsikt i fangstmetodane fr\u00e5 eldre jernalder.<br \/>\u2022 Anlegget vart g\u00f8ymd i isen grunna ein kuldeperiode for 1500 \u00e5r sida, men kjem no til syne p\u00e5 grunn av klimaendringar.<br \/>\u2022 Fleire arkeologiske funn fr\u00e5 isbrear og fonner har blitt gjort dei siste \u00e5ra, noko som gir verdifull innsikt.<br \/>\u2022 Forskarane har avgrensa med tid til \u00e5 finne gjenstandane f\u00f8r dei blir \u00f8ydelagde som f\u00f8lge av issmelting.<\/p>\n<p>Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Denne hausten har arkeologar fr\u00e5 Universitetsmuseet i Bergen oppdaga eit 1500 \u00e5r gamalt massefangstanlegg for reinsdyr p\u00e5 Aurlandsfjellet.<\/p>\n<p>Det kan gi heilt ny kunnskap om korleis folk levde og jakta tilbake p\u00e5 500-talet.<\/p>\n<p>\u2013 Det manglar heilt sidestykke. Det er noko vi ikkje har funne f\u00f8r. Det har ein bevaringsgrad som vi ikkje er vande til, seier forskar og arkeolog Leif Inge \u00c5stveit.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fangstanlegg i Aurland\" title=\"Foto: Thomas Bruen Olsen \/ Universitetsmusset, UiB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Alle trestokkane p\u00e5 botnen av isfonna er ein del av eit st\u00f8rre anlegg som fanga villrein for 1500 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Foto: Thomas Bruen Olsen \/ Universitetsmusset, UiB<\/p>\n<p>I og rundt ei isfonn 1400 meter over havet er det funne mange hundre tilhogde trestokkar som er restar etter et stort fangstanlegg.<\/p>\n<p>Konstruksjonen til den mest intakte delen av anlegget best\u00e5r av to gjerde av trestaur.<\/p>\n<p>Desse har f\u00f8rt reinsdyra inn i ein b\u00e5s i bygget av massive trestokkar, kor dei har blitt avliva.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en haug med gevir p\u00e5 en steinete overflate\" title=\"Foto: Universitetsmuseet i Bergen, UiB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Anlegga var konstruert for \u00e5 lokke til seg fleire villrein om gongen.<\/p>\n<p>Foto: Universitetsmuseet i Bergen, UiB<\/p>\n<p>Jern og spyd<\/p>\n<p>Omkring anlegget er det ogs\u00e5 funne ei rekke andre godt bevarte gjenstandar, som kan gi fleire svar om korleis fangsten skjedde. <\/p>\n<p>Mellom anna eit stort tal tregjenstandar som er tilarbeida, i tillegg til masse gevir fr\u00e5 villrein.<\/p>\n<p>Det er f\u00f8rebels usikkert kva funksjon desse tregjenstandane har hatt, men forskarane trur det er reiskap som er brukt i samband med fangsten. <\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en brun og hvit slange p\u00e5 en steinete overflate\"  width=\"3840\" height=\"2157\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Spyd var ein viktig del av jakta.<\/p>\n<p> Foto: Leif Inge \u00c5stveit \/ Universitetsmuseet, UiB <\/li>\n<li><img alt=\"Gevir fr\u00e5 sn\u00f8fonn\"  width=\"3840\" height=\"2136\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Gevir fr\u00e5 villrein er godt bevart i isen i rundt 1500 \u00e5r<\/p>\n<p> Foto: Thomas Bruen Olsen \/ Universitetsmuseet, UiB. <\/li>\n<li><img alt=\"Et n\u00e6rbilde av en vei\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>I enkelte av tregjenstande er det avanserte m\u00f8nster.<\/p>\n<p> Foto: Thomas Bruen Olsen \/ Universitetsmuseet, UiB <\/li>\n<li><img alt=\"en h\u00e5nd som holder en pinne\"  width=\"3840\" height=\"5120\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Ei tynn n\u00e5l var eit av funna fr\u00e5 isen.<\/p>\n<p> Foto: Thomas Bruen Olsen \/ Universitetsmuseet i Bergen, UiB <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Dette er slutten p\u00e5 den eldre jernalderen (500 f.Kr. \u2013 550 e.Kr.), ei tid med veksande og meir organiserte samfunn.<\/p>\n<p>Funnet er ikkje berre unikt i Noreg, men ogs\u00e5 i europeisk samanheng.<\/p>\n<p>\u2013 Funnet opnar opp for heilt nye tolkingar og forst\u00e5ing av korleis desse anlegga har fungert i praksis. Det gir ogs\u00e5 eit innblikk i kva betydning reinfangsten kan ha hatt i ein st\u00f8rre samfunnsmessig samanheng i eldre jernalder, seier \u00c5stveit.<\/p>\n<p>Forskaren viser til at p\u00e5 denne tida sit det masse rikfolk rundt om i fjordbygdene p\u00e5 Vestlandet, til d\u00f8mes i Aurland og L\u00e6rdal. <\/p>\n<p>\u2013 Det \u00f8konomiske overskotet kjem jo fr\u00e5 ein stad. Og vi trur kanskje at villreinfangst har hatt enda st\u00f8rre betydning enn det vi har vore klar over tidlegare.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Forskar fr\u00e5 UiB med ei \u00e5re\" title=\"Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leif Inge \u00c5stveit er forskar og arkeolog, her med ei \u00e5re som er s\u00e5 godt som intakt.<\/p>\n<p>Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB<\/p>\n<p>Kulda slukte anlegget<\/p>\n<p>\u00c5rsaka til at anlegget har blitt s\u00e5 godt bevart, er at anlegget var i bruk ved inngangen til ein kuldeperiode.<\/p>\n<p>L\u00e5gare temperatur har medf\u00f8rt at anlegget vart dekt av sn\u00f8 \u00e5ret rundt, og meir eller mindre innkapsla i isen. <\/p>\n<p>I meir enn 1500 \u00e5r har desse gjenstandane hatt optimale forhold for oppbevaring. Nede i isen har det vore kaldt, m\u00f8rkt og passe fuktig. <\/p>\n<p>No smeltar dei igjen, og kjem fram i dagen som f\u00f8lge av eit varmare klima.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Spydspiss, fra Aurland. Funnet under befaring i 2025\" title=\"Foto: Adnan Icagic, Universitetsmusset, UiB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">N\u00e5r gjenstandane blir lyssett og fotografert p\u00e5 n\u00e6rt hald kan ein sj\u00e5 kor bra dei har halde seg.<\/p>\n<p>Foto: Adnan Icagic, Universitetsmusset, UiB<\/p>\n<p>Fleire funn<\/p>\n<p>Dei siste \u00e5ra har det blitt gjort fleire funn av ulike gjenstandar fr\u00e5 isen.<\/p>\n<ul>\n<li>I 1972 styrta eit fly p\u00e5 Jostedalsbreen. Det vart borte, inntil det vart funne <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/gamalt-flyvrak-dukka-fram-pa-jostedalsbreen-1.15682469\" ec-id=\"pp:article:1.15682469\" ec-name=\"49 \u00e5r seinare\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">49 \u00e5r seinare<\/a>, i 2021.<\/li>\n<li>Alt i 2014 vart funne ei <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/varmere-klima-avslorer-fortida-1.11971057\" ec-id=\"pp:article:1.11971057\" ec-name=\"1300 \u00e5r gamal ski\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">1300 \u00e5r gamal ski<\/a> i Reinheimen.<\/li>\n<li>I 2019 dukka det opp eit <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/mysteriet-om-skrinet-som-smeltet-fram-fra-isbreen-i-breheimen-nasjonalpark-er-lost-1.15522282\" ec-id=\"pp:article:1.15522282\" ec-name=\"skrin\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skrin<\/a> som vart funne i Breheimen nasjonalpark.<\/li>\n<li>Det har dukka opp s\u00e5 mange gjenstandar f\u00e5r ulike brear og fonner dei siste \u00e5ra at det til og med er laga eit eige <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/smeltet-frem-av-isen-1.16440111\" ec-id=\"pp:article:1.16440111\" ec-name=\"museum\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">museum<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Flyvraket p\u00e5 Jostedalsbreen 1972\"  width=\"3840\" height=\"2158\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>I 1972 vart flyvraket slukt av ismassane p\u00e5 Jostedalsbreen. I 2021 titta det fram att.<\/p>\n<p> Foto: ukjent <\/li>\n<li><img alt=\"Det er et utrolig vakkert funn. ca. 3600 \u00e5r gammel. Her ser en eldgammelt godt h\u00e5ndtverk. Hvordan de har formet en elvemusling til pilspiss. Laget et flott pilskaft. Surret spissen til skaftet med dyresener og trolig limt med bek (av bj\u00f8rkebark)\"  width=\"3840\" height=\"2313\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Denne rundt 3600 \u00e5r gamle pil med pilspiss av elvemusling vart funne i isen i Jotunheimen i 2023. <\/p>\n<p> Foto: ESPEN FINSTAD,  SECRETS OF THE ICE,  INNLANDET FYLKESKOMMUNE <\/li>\n<li><img alt=\"Arkeolog Runar Hole med den 1300 \u00e5r gamle skia\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>I ei isfonn i Reinheimen vart det mellom anna funne ei 1300 \u00e5r gamal ski i 2014.<\/p>\n<p> Foto: Oppland fylkeskommune <\/li>\n<li><img alt=\"3000 \u00e5r gammel skinnsko\"  width=\"3840\" height=\"5120\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Denne skinnskoa skal vere 3.000 \u00e5r gamal, og vart funne i Langfonna i Jotunheimen<\/p>\n<p> Foto: Lars Holger Pil\u00f8 <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>\u2013 Teikn p\u00e5 at klimaet endrar seg<\/p>\n<p>Breforskar Liss Marie Andreassen ved NVE seier det er god grunn til \u00e5 tru at det blir fleire funn fr\u00e5 forhistorisk tid framover.<\/p>\n<p>\u2013 Mange brear vil forsvinne i l\u00f8pet av dette \u00e5rhundret,<\/p>\n<p>Den s\u00f8rlegaste breen i Noreg, Breifond i Rogaland \u2013 og den nordlegaste, Nordmannsj\u00f8kelen i Finnmark, er allereie i ferd med \u00e5 forsvinne. Den f\u00f8rre, store kartlegginga viste at 20 isbrear i Noreg no er borte.<\/p>\n<p>364 kvadratkilometer isbre har forsvunne i landet v\u00e5rt sidan f\u00f8rre m\u00e5ling i 2006. Det tilsvarar eit omr\u00e5de p\u00e5 st\u00f8rrelse med Mj\u00f8sa.<\/p>\n<p>\u2013 Det er spanande \u00e5 f\u00f8lge med p\u00e5 funna som kjem fram, til d\u00f8mes b\u00e5de fr\u00e5 ferdsel og jakt. Men det er ogs\u00e5 eit teikn p\u00e5 at klimaet er i endring, og at vi mistar mykje av fonnene og breane v\u00e5re.<\/p>\n<p>Ho legg til at n\u00e5r ulike gjenstandar dukkar opp som f\u00f8lge av at isfonner og brear smeltar, s\u00e5 vil kvaliteten p\u00e5 materialet raskt bli d\u00e5rlegare. Difor har forskarane avgrensa med tid p\u00e5 \u00e5 finne gjenstandar som skal gi nye svar om fortida.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Liss Andreassen\" title=\"Foto: Kirsti Haga Honnings\u00f8y \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Isbreforskar Liss Marie Andreassen i NVE.<\/p>\n<p>Foto: Kirsti Haga Honnings\u00f8y \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>10.11.2025, kl. 07.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert \u2022 Arkeologar fr\u00e5 Universitetsmuseet i Bergen har oppdaga eit 1500 \u00e5r gamalt massefangstanlegg for reinsdyr p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":84396,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-84395","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115532216598477466","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84395","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=84395"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84395\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/84396"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=84395"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=84395"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=84395"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}