{"id":84702,"date":"2025-11-11T23:18:50","date_gmt":"2025-11-11T23:18:50","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/84702\/"},"modified":"2025-11-11T23:18:50","modified_gmt":"2025-11-11T23:18:50","slug":"minneord-om-colin-hicky-alias-kolbjorn-solsnes","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/84702\/","title":{"rendered":"Minneord om Colin Hicky, alias Kolbj\u00f8rn S\u00f8lsnes"},"content":{"rendered":"<p><strong>Skrevet av Bj\u00f8rn Morst\u00f8l<\/strong><\/p>\n<p>Isfjordingar som er gamle nok, veit inderleg godt kven Colin Hicky var. Slik eg ser det, var han kanskje den mest talentfulle og allsidige idrettsut\u00f8var Isfjorden har hatt, Tove Beathe Dahle, og Inge Morst\u00f8l medrekna.<\/p>\n<p>Colin Hicky, alias Kolbj\u00f8rn S\u00f8lsnes, var hatling og f\u00f8lgjeleg ein temmeleg allsidig idrettsut\u00f8var, hadde eg n\u00e6r sagt. Kva slags idrett han var best i, kan diskuterast, men han huserte idrettsleg sv\u00e6rt i friminutta utanfor Isfjorden skule p\u00e5 1950-talet, d\u00e5 ein dreiv med idrett s\u00e5 \u00e5 seie i kvart einaste friminutt. Og skulle ein sl\u00e5 han i tresteg, kunne ein i alle fall ikkje satse langt bak satsstreken.<\/p>\n<p>Colin Hicky var ikkje hatling for ingen ting. P\u00e5 1950-talet sto grendaidretten i Isfjorden temmeleg sterkt. Og hatlingane var knapt nok til \u00e5 sl\u00e5, sj\u00f8lv om ein Magne S\u00e6ther nok kunne greie det i kast\u00f8vingar. I 1958 var Colin Hicky ein av dei to som konkurrerte i 17 friidretts\u00f8vingar p\u00e5 same dag under Kavlileikane Nedp\u00e5 med han Johan p\u00e5 Unhjem. Det skulle norske friidrettsut\u00f8varar i dag ha sett det, folk som tek skade p\u00e5 si sjel om dei til saman konkurrerer meir enn ein gong pr. dag sju- \u00e5tte gonger i ei \u00f8ving p\u00e5 eit heilt \u00e5r. Heia Ulsteinvik! Og Torvikbukt!<\/p>\n<p>Hatlingane kom den gongen, alts\u00e5 i 1958, til Kavlileikane i samla tropp, med Gullik i spissen, eller han som nokre \u00e5r seinare vart far til ei jente som vart svensk meister i orientering, ein idrett som enno var ukjent i Isfjorden. Og som f\u00f8rst fekk vind i segla d\u00e5 ein kretsmeister for Aust-Finnmark begynte \u00e5 lee p\u00e5 seg,Reset sin salige Oddmund Unhjem.<\/p>\n<p>Hatlingane kom i alle fall i full fart nedover bakkestrekninga fr\u00e5 vegen, til den storveges arenaen p\u00e5 Unhjem, men saka var den at dei i enden av bakken m\u00e5tte hoppe over eit piggtr\u00e5gjerde. Og Gullik som gaule at ein no skulle sl\u00e5 kavlingane, gjekk p\u00e5 hovudet over dette gjerdet &#8211; Og det vart hatlingane sitt Waterloo!<\/p>\n<p>I det heile spara hatlingane likevel ikkje p\u00e5 konfekten, i alle fall ikkje n\u00e5r dei p\u00e5 ski bevega seg mellom portar i Furulia. I 1958 var Jan Bredeli kretsmeister i slalom rett f\u00f8re Bjarne Kylling nettopp der, mens Odd Kavli hadde vore NM-deltakar i utfor seks \u00e5r tidlegare. S\u00e5 sp\u00f8rst det d\u00e5 likevel om ikkje dei to beste hatlingar i alpint var Colin Hicky og Gullik. Utover det visste sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 \u00d8sti og Ingard Hatla inderleg godt kva ein port var. Og p\u00e5 1960-talet var det vel klubbrenn s\u00e5 \u00e5 seie kvar veke i Furulia, der hatlingane opererte med bravur.<\/p>\n<p>I hopprenn p\u00e5 Unhjem, i Olabakken, strekte ogs\u00e5 hatlingane seg langt nedover mot undergangen, og ein kunne sj\u00f8lvsagt ikkje sj\u00e5 bort ifr\u00e5 Colin Hicky, sj\u00f8lv om dei hadde sin eigen hoppbakke i Hatla, den tida skuleidretten enno ikkje var eit naturstridig fenomen. N\u00e5ja,hopp, hopp Karoline, skal visstnok eidsv\u00e5gingen Bj\u00f8rnstjerne ein gong ha sagt!\u2019 Men han sa det ikkje i Hatla.<\/p>\n<p>At det gjekk ei skilinje fr\u00e5 dei gamle hatlingane og fram til H\u00e5vard Bjerkeli tre-fire ti\u00e5r seinare, er det neppe tvil om. Om ein hadde hatt ei skeisebane i gamle dagar, skal eg vedde p\u00e5 at isens store heltar i Isfjorden som Colin Hicky og Gullik ville kunne ha bevega seg med den st\u00f8rste eleganse. Det gjorde dei faktisk ogs\u00e5 n\u00e5r dei gjekk p\u00e5 skeiser p\u00e5 elva nedanom Bedehuset i Hatla. Og der kunne det vere ein glimrande st\u00e5lis utan like om elva fraus til p\u00e5 det rette tidspunktet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lvsagt sto ogs\u00e5 hatlingane i sentrum i grendafotballen si tid, f\u00f8r ein enno hadde gutelag i bygda p\u00e5 kretsniv\u00e5. Og Colin Hicky var ogs\u00e5 med i den kampen der Indre Isfjorden slo Ytre Isfjorden 7-0 p\u00e5 \u00d8r\u00e5. Og p\u00e5 fotballbana var det noks\u00e5 vanskeleg \u00e5 komme forbi Colin Hicky, i alle fall om ein ikkje heitte Magne S\u00e6ther. Og som fotballspelar kunne Colin HIcky m\u00e5le seg med kavlingen David Gr\u00f8vdal, ogs\u00e5 han ein temmeleg allsidig idrettsmann, i tida si \u00e5nd.<\/p>\n<p>Aller best var kanskje likevel Colin Hicky i friidrett, og ikkje minst i h\u00f8gde, stav, tresteg, lengde og springing, der han ein gong vann eit veldisponert terrengl\u00f8p p\u00e5 R\u00e5kja. Under eit KM derimot p\u00e5 \u00c5ndalsnes, der han fekk fire andreplassar, gav dei sparsommeleg \u00e5ndalsnesingane han berre eitt s\u00f8lvmerke, mens han alle andre stader ville ha f\u00e5tt fire.<\/p>\n<p>Sitt kallenamn hadde Kolbj\u00f8rn S\u00f8lsnes, sidan han meistra skeisene temmeleg godt, og kva var meir naturleg enn d\u00e5 \u00e5 vise til ein internasjonal skeiserennar med omtrent same namn. Og s\u00e5 m\u00e5 ein ha klart for seg at ein idrett som i dag er nesten gl\u00f8ymd, den gongen var ein idrett over alle idrettar. Og h\u00f8yrde ein tala 16,32,6 var det nokon kvar som forsto kva Paradis var. Og at ein i dag ville g\u00e5 fire minutt fortare, var utenkeleg. No gjekk nok ikkje Colin Hicky 10000 m, men hatlingane turnerte isen med bravur p\u00e5 elva nedom bedehuset, der han kunne gjere Gullik rangen stridig.<\/p>\n<p>Hatlingane var ikkje berre god i idrett, men dei var nok ogs\u00e5 kvinnene sine yndlingar. Og slik fekk dei sogar ein idrett utan lyte!<\/p>\n<p>I vaksen alder fekk Kolbj\u00f8rn S\u00f8lsnes seg teknisk utdanning i G\u00f8teborg, og han var nok ikkje lenger s\u00e5 ofte d\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 heimlege trakter.<\/p>\n<p>Fred over over ein god venn og ein god klassekamerat sitt matematiske minne!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Skrevet av Bj\u00f8rn Morst\u00f8l Isfjordingar som er gamle nok, veit inderleg godt kven Colin Hicky var. Slik eg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":84703,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[2211,10893,692,30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-84702","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-idrett","9":"tag-isfjorden","10":"tag-minneord","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-sport","15":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115533628248177502","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84702","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=84702"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84702\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/84703"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=84702"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=84702"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=84702"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}