{"id":85868,"date":"2025-11-13T07:26:08","date_gmt":"2025-11-13T07:26:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/85868\/"},"modified":"2025-11-13T07:26:08","modified_gmt":"2025-11-13T07:26:08","slug":"femteklassingar-les-stadig-darlegare-men-attandeklassingar-gjer-det-betre-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/85868\/","title":{"rendered":"femteklassingar les stadig d\u00e5rlegare, men \u00e5ttandeklassingar gjer det betre \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er litt bob-bob. Eg vil helst h\u00f8yre lydbok.<\/p>\n<p>Ludvig-Bj\u00f8rn Kumlin-Herfjord g\u00e5r i 5. klasse p\u00e5 Voldsdalen skule i \u00c5lesund.<\/p>\n<p>Han les helst p\u00e5 nettbrett, og berre p\u00e5 skulen. No har han auga godt planta i ei stor bok. Kvar dag har dei lesestund p\u00e5 skulen, der alle i klassa skal lese fr\u00e5 ei valfri bok.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et barn sitter p\u00e5 en stol og leser en bok med tittelen &quot;\u00c5ret rundt med Rampete Robin&quot;. Barnet har p\u00e5 seg en gr\u00e5 hettegenser og jeans. I bakgrunnen er det en vinduskarm med gr\u00f8nne planter. Omgivelsene gir et inntrykk av et klasselokale.\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ludvig-Bj\u00f8rn Kumlin-Herfjord sit djupt investert i boka han har valt for lesestunda. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Dette er eit av tiltaka p\u00e5 skulen for \u00e5 auke leselysta til femteklassingane.<\/p>\n<p><strong>Norske femteklassingar blir stadig d\u00e5rlegare til \u00e5 lese. Over kvar fjerde femteklassing presterer p\u00e5 l\u00e5gaste niv\u00e5, viser ferske resultat fr\u00e5 nasjonale pr\u00f8ver. <\/strong><\/p>\n<p>Fleire les d\u00e5rlegare<\/p>\n<p>Leseevnene til norske femteklassingar har g\u00e5tt jamt nedover sidan 2022. Det er like lenge som leseevna har blitt m\u00e5lt p\u00e5 denne m\u00e5ten.<\/p>\n<p><strong>29 prosent av norske femteklassingar presterer p\u00e5 l\u00e5gaste niv\u00e5 i lesing <\/strong>\u2013<strong> ein auke p\u00e5 seks prosentpoeng sidan 2022.<\/strong><\/p>\n<p><strong>25 prosent presterer p\u00e5 h\u00f8gste niv\u00e5. Ein nedgang p\u00e5 fire prosentpoeng p\u00e5 tre \u00e5r.<\/strong><\/p>\n<p>Norske femteklassingar gjer det ogs\u00e5 d\u00e5rlegare i engelsk, medan rekneevna held seg p\u00e5 same niv\u00e5 fr\u00e5 i fjor.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et barn leser en tegneserie med fargerike karakterer, inkludert en r\u00f8drev og en kvinne. Barnet har p\u00e5 seg en gr\u00f8nn genser og ser konsentrert p\u00e5 sidene. Omgivelsene best\u00e5r av et bord med en lys overflate. Tegneserien inneholder tekstboblene med dialog mellom karakterene.\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Elevane i Klasse 5b p\u00e5 Voldsdalen i \u00c5lesund les helst teikneseriar. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig alvorleg. Etter fleire \u00e5r med nedgang held det fram, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.<\/p>\n<p><strong>Ho meiner at \u00e5rsaka botnar i at l\u00e6rarane har f\u00e5tt mindre autoritet i klasserommet, og bruken av nettbrett og andre digitale verkt\u00f8y.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det \u00e5 f\u00e5 fleire b\u00f8ker inn i skulen er viktig, i staden for skjerm. Ein les betre og fleire komplekse tekstar p\u00e5 papir, seier Nordtun.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer sitter i et klasserom, fokusert p\u00e5 hver sin oppgave. Den n\u00e6rmeste eleven bruker en nettbrett p\u00e5 pulten. Veggen bak dem har undervisningsmateriell og dekorasjoner. Den andre eleven sitter lengre bak med en bok.\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Iben Olivia Moholt Hatmos\u00f8y les bok kvar kveld. Ho liker best \u00e5 lese p\u00e5 papir. Det er lettare \u00e5 halde styr p\u00e5. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Blir litt betre<\/p>\n<p>Det er nokre lyspunkt i resultatet. Norske \u00e5ttandeklassingar presterer litt betre i b\u00e5de rekning og i engelsk. Leseevna held seg p\u00e5 same niv\u00e5.<\/p>\n<p><strong>Dei siste \u00e5ra har ogs\u00e5 evnene til \u00e5ttandeklassingar g\u00e5tt jamt nedover. Resultatet er framleis d\u00e5rlegare enn i 2022, men trenden snur.<\/strong><\/p>\n<p>Nordtun meiner tala likevel jamt over burde bli betre. Ho meiner alle m\u00e5 ta i eit tak for \u00e5 f\u00e5 lesing inn i kvardagen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Om det er foreldre eller besteforeldre: Sett dokker ned \u00e5 lese med ungane. Skulen m\u00e5 bruke tid til lese kvar einaste dag med elevane.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Les ein ikkje kvar dag i femte klasse?<\/p>\n<p>\u2013 Dei fleste gjer heldigvis det. Men det er framleis fleire som ikkje har sett dette godt nok i system, seier Nordtun.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne i bl\u00e5 skjorte st\u00e5r ved en bokhylle med flere b\u00f8ker. Bakhullet har en m\u00f8rk trefinish. Hyllen inneholder b\u00e5de eldre og nyere b\u00f8ker, inkludert r\u00f8de utgaver av &quot;Norges Lover.&quot; Det er glassgjenstander som reflekterer lyset i bakgrunnen av hyllen.\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Les kvar dag<\/p>\n<p>P\u00e5 Voldsdalen skule har dei allereie tatt r\u00e5det fr\u00e5 kunnskapsministeren i bruk. Kontaktl\u00e6rar Kristina B\u00f8e St\u00f8len seier at ho ser forskjell p\u00e5 korleis elevane les no, og d\u00e5 dei starta med \u00e5 lese kvar dag.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg f\u00f8ler dei les meir no enn dei gjorde d\u00e5 vi starta, og dei kan til \u00e5 med sp\u00f8rje om vi kan ha lenger lesekvart eller ein lesekvart til, seier St\u00f8len.<\/strong><\/p>\n<p>Skulen har eit s\u00e6rleg fokus p\u00e5 lesing. Lesekvart er eit av tiltaka. Elevane f\u00e5r velje bok sj\u00f8lv. Det er ein sjanger som regjerer: Teikneseriar.<\/p>\n<p>Siri Ristesund Svin\u00f8 elskar \u00e5 lese, og trur at lesekvart har gjort ho til ein betre lesar.<\/p>\n<p>\u2013 Ja, mykje betre. Og det g\u00e5r veldig kjapt, seier Svin\u00f8.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person sitter ved et bord i et klasserom, med en \u00e5pen bok foran seg. Personen har p\u00e5 seg en gr\u00f8nn genser og har h\u00e5nden sin p\u00e5 hodet. Bakgrunnen viser en pult med plakater og verkt\u00f8y til undervisning. Klasserommet har en lys og fargerik atmosf\u00e6re.\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Siri Ristesund Svin\u00f8 les opp til ei halv bok i veka. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.11.2025, kl. 07.57<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er litt bob-bob. Eg vil helst h\u00f8yre lydbok. Ludvig-Bj\u00f8rn Kumlin-Herfjord g\u00e5r i 5. klasse p\u00e5 Voldsdalen&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":85869,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-85868","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115541205712148910","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/85868","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=85868"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/85868\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/85869"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=85868"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=85868"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=85868"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}