{"id":86623,"date":"2025-11-13T22:42:10","date_gmt":"2025-11-13T22:42:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/86623\/"},"modified":"2025-11-13T22:42:10","modified_gmt":"2025-11-13T22:42:10","slug":"sa-ja-til-landets-storste-kjopesenter-ville-sagt-nei-i-dag-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/86623\/","title":{"rendered":"Sa ja til landets st\u00f8rste kj\u00f8pesenter \u2013 ville sagt nei i dag \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Kj\u00f8pesenteret Lagunen i Bergen er no Skandinavias st\u00f8rste kj\u00f8pesenter i areal, p\u00e5 om lag 100.000 kvadratmeter.<\/p>\n<p>P\u00e5 opningsdagen var det stor p\u00e5gang.<\/p>\n<p>Lagunen er ogs\u00e5 st\u00f8rst i landet p\u00e5 omsetning.<\/p>\n<p>For senterleiar Tone Havner\u00e5s er dette ein festdag ho har venta lenge p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Heilt enormt. Det er nesten litt uvirkelig at me st\u00e5r her i dag etter to \u00e5r med byggest\u00f8y og st\u00f8v, men samtidig entusiasme og glede, seier ho.<\/p>\n<p><strong>Men nokon er sj\u00f8lverkl\u00e6rt festbrems i dag, sj\u00f8lv om dei sa ja til planen for ti \u00e5r sidan.<\/strong><\/p>\n<p>Ville ikkje stemt for i dag<\/p>\n<p>Dagens utviding med 15.000 kvadratmeter meir kj\u00f8pesenter er i tr\u00e5d med omr\u00e5deplanen for Lagunen som blei vedtatt i 2015.<\/p>\n<p>Geir Steinar Dale i Arbeidarpartiet var ein av dei som stemte for planen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Er ein med i politikken lenge m\u00f8ter ein seg sj\u00f8lv i d\u00f8ra av og til, og d\u00e5 er det viktig \u00e5 seie hei, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 No for tida er det mykje hei, seier han ti \u00e5r etter at han vedtok planen for Lagunen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein mann med bart og briller\" title=\"Foto: Martin V\u00e6rum Anda \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Geir Steinar Dale trekk fram mange grunnar til at han ville sett annleis p\u00e5 saka i dag. Han seier ein tenker heilt annleis om byutvikling no, ti \u00e5r seinare.<\/p>\n<p>Foto: Martin V\u00e6rum Anda \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har skjedd s\u00e5pass store endringar knytt til tenkem\u00e5ten kring byutvikling. I dag hadde me nok g\u00e5tt inn for ei end\u00e5 st\u00f8rre reduksjon av handelsareal, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Han understrekar at vedtaket var eit kompromiss, han ville hatt ei mindre utbygging.<\/p>\n<p>I dag ville han st\u00e5tt hardare p\u00e5 krava om meir bustad- og gr\u00f8ntareal.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ein del problem som er mykje meir framme i diskusjonen i dag, som at me st\u00e5r i ein natur- og klimakrise, seier politikaren.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg feirar absolutt ikkje dette<\/p>\n<p>Det store trekkplasteret p\u00e5 opningsdagen var giganten Zara. Men ikkje alle jubla.<\/p>\n<p>\u2013 Eg feirar absolutt ikkje dette. Sj\u00f8lv om Zara verkar kulare for den norske marknaden, er det heilt likt som H &amp; M og Cubus, som alt finst p\u00e5 Lagunen. Dei har same form for produksjon og \u00abfast fashion\u00bb. Det blir produsert billeg slik at det ikkje skal vare lenge, for kundane skal helst kj\u00f8pe nye klede \u00e5ret etter, seier Volia Hasvik, leiar i Natur og Ungdom Vestland.<\/p>\n<p>Senterleiar Havr\u00e5s er godt klar over at ikkje alle ser p\u00e5 dagens opning som ein festdag.<\/p>\n<p>Ho seier f\u00f8lgande til kritikken om at kj\u00f8pesenteret har blitt for stort:<\/p>\n<p>\u2013 Ja, s\u00e5nn er det. Eg tenker at her finn ein alt p\u00e5 ein stad, og tilbodet er veldig, veldig bra. Me kan ikkje tilby alt dette utan \u00e5 vere store.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Blond dame utenfor kj\u00f8pesenter\" title=\"Foto: Per Vidar Raunholm \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Senterleiar ved Lagunen storsenter, Tone Havner\u00e5s.<\/p>\n<p>Foto: Per Vidar Raunholm \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Er det grenser for kor stort Lagunen skal vere?<\/p>\n<p>\u2013 Det neste som skjer her er bustadbygging. S\u00e5 n\u00e5 er vi p\u00e5 plass med kj\u00f8pesenterbiten og skal halde den levande og hele tida utvikle den.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.11.2025, kl. 20.43<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kj\u00f8pesenteret Lagunen i Bergen er no Skandinavias st\u00f8rste kj\u00f8pesenter i areal, p\u00e5 om lag 100.000 kvadratmeter. P\u00e5 opningsdagen&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":86624,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-86623","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115544807475609010","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/86623","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=86623"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/86623\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/86624"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=86623"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=86623"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=86623"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}