{"id":87094,"date":"2025-11-14T13:36:07","date_gmt":"2025-11-14T13:36:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87094\/"},"modified":"2025-11-14T13:36:07","modified_gmt":"2025-11-14T13:36:07","slug":"retten-let-salet-av-hoiby-boka-halde-fram-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87094\/","title":{"rendered":"Retten let salet av H\u00f8iby-boka halde fram \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Retten har avsagt ei avgjerd som legg avgjerande vekt p\u00e5 ytringsfridomen, og at boka nyt eit vidtg\u00e5ande vern etter ytringsfridomen. Det er etter Aschehougs syn ei heilt rett vurdering, seier Aschehougs advokat, J\u00f8rgen Vangsnes til NRK.<\/p>\n<p><strong>Marius Borg H\u00f8iby er d\u00f8md til \u00e5 betale sakskostnader p\u00e5 totalt 530.500 kroner til forlaget og Forleggerforeininga.<\/strong><\/p>\n<p>NRK har f\u00f8rebels ikkje f\u00e5tt ein kommentar fr\u00e5 forsvararane til H\u00f8iby.<\/p>\n<p>Retten legg vekt p\u00e5 ytringsfridommen<\/p>\n<p>I avgjerda sl\u00e5r retten fast at H\u00f8iby i utgangspunktet er ein privatperson.<\/p>\n<p>Samstundes peikar den p\u00e5 at koplinga til kongefamilien og p\u00e5standar om kontakt med kriminelle milj\u00f8 gjer saka viktig for allmenta:<\/p>\n<p>\u00abDet vil under disse omstendigheter v\u00e6re et utvidet rom for \u00e5 omtale H\u00f8iby og forhold omkring ham som har relevans for temaet\u00bb, heiter det i kjennelsen.<\/p>\n<p>Retten vurderer at boka \u00abi utgangspunktet ut fra sitt tema og form\u00e5l har et utvidet ytringsvern\u00bb.<\/p>\n<p>Dermed f\u00e5r forlaget omtale H\u00f8iby enn det som vanlegvis gjeld for privatpersonar.<\/p>\n<p>Avviser skuldingane<\/p>\n<p>Det var tidlegare i november at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/anmeldelser\/anmeldelse_-_hvite-striper_-sorte-far_-av-oistein-norum-monsen-og-torgeir-p.-krokfjord-1.17622460\" ec-id=\"pp:article:1.17622460\" ec-name=\"Aschehoug gav ut boka\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Aschehoug gav ut boka<\/a> \u00abHvite striper, sorte f\u00e5r\u00bb.<\/p>\n<p>Gjennom advokatane sine har H\u00f8iby kravd at salet av boka blir stansa.<\/p>\n<p>Striden handlar s\u00e6rleg om ein p\u00e5stand om at politiet skal ha sett H\u00f8iby selje kokain p\u00e5 Karl Johan.<\/p>\n<p>I boka st\u00e5r det mellom anna:<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje s\u00e5nn at H\u00f8iby skal bli skulda grovt for \u00e5 ha gjort ting han faktisk ikkje har gjort, sa Elias Christensen, ein av forsvararane til H\u00f8iby.<\/p>\n<p>Han meiner boka blir marknadsf\u00f8rt p\u00e5 ein m\u00e5te som overdriv og skadar H\u00f8iby.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann og en kvinne som st\u00e5r ved siden av hverandre\" title=\"Foto: Jonas F\u00e6ste Laksekj\u00f8n \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Forsvararane til Marius Borg H\u00f8iby Petar Sekulic og Ellen Holager Anden\u00e6s.<\/p>\n<p>Foto: Jonas F\u00e6ste Laksekj\u00f8n \/ NTB<\/p>\n<p>NRK har dekt saka <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/hoibys-forsvarere-ber-retten-stoppe-salget-av-omstridt-bok-1.17625896\" ec-id=\"pp:article:1.17625896\" ec-name=\"under rettsm\u00f8tet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">under rettsm\u00f8tet<\/a>.<\/p>\n<p>D\u00e5 sa politimeister Ida Melbo \u00d8ystese at politiet ikkje har sett H\u00f8iby selje kokain p\u00e5 Karl Johan.<\/p>\n<p>Ho ville likevel ikkje svare p\u00e5 om politiet har informasjon om narkotikasal knytt til H\u00f8iby.<\/p>\n<p>\u2013 Det er opplysningar som er underlagt mi tausheitsplikt, og det kan eg ikkje kommentere, sa ho.<\/p>\n<p>Det same gjaldt sp\u00f8rsm\u00e5l om politiet har observert H\u00f8iby andre stader i Oslo sentrum.<\/p>\n<p>Forfattarane st\u00e5r p\u00e5 sitt<\/p>\n<p>Boka er skrive av krimjournalistane \u00d8istein Monsen og Torgeir Krokfjord i Dagbladet.<\/p>\n<p>Den omtalar kriminelle nettverk som forfattarane meiner Marius Borg H\u00f8iby er kopla til.<\/p>\n<p>Krokfjord, har tidlegare sagt at dei er trygge p\u00e5 dokumentasjonen bak boka.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre personer st\u00e5r i en moderne bygning, ventende ved heisen. Den f\u00f8rste personen har p\u00e5 seg en blazer, mens de andre har mer uformelle kl\u00e6r. Den ene av dem holder en papirbecher med drikke. Omgivelsene er lyst med vinduer og et tregulv.\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Forfattarane Torgeir Krokfjord og \u00d8istein Norum Monsen i retten, her med Se og H\u00f8rs Ulf Andre Andersen.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>\u2013 Vi er trygge p\u00e5 den informasjonen vi har avdekt og kjeldegrunnlaget i boka. Vi meiner boka bringar viktig ny informasjon om den organiserte kriminaliteten i Noreg.<\/p>\n<p>Vangsnes, meiner saka viser prosjektets betydning.<\/p>\n<p>\u2013 Det som f\u00f8regjekk her i dag, underbygger i seg sj\u00f8lv prosjektets betydning, fordi det teikna eit tydeleg bilete av eit politidistrikt som selektivt vel kva dei vil kommentere utan at den grensedraginga er sakleg grunna, sa han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>14.11.2025, kl. 13.58<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>14.11.2025, kl. 14.34<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Retten har avsagt ei avgjerd som legg avgjerande vekt p\u00e5 ytringsfridomen, og at boka nyt eit vidtg\u00e5ande&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":65873,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-87094","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115548322849482359","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87094","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=87094"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87094\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/65873"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=87094"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=87094"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=87094"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}