{"id":87205,"date":"2025-11-14T16:16:25","date_gmt":"2025-11-14T16:16:25","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87205\/"},"modified":"2025-11-14T16:16:25","modified_gmt":"2025-11-14T16:16:25","slug":"hipp-hurra-for-fotballen-vikebladet-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87205\/","title":{"rendered":"Hipp hurra for Fotballen! &#8211; vikebladet.no"},"content":{"rendered":"<p>Eg spurde eingong ein sportsjournalist om fotball var ein sjukdom. Han sa at d\u00e5 er det mykje som kunne kallast det. Fotball er ikkje ein sjukdom, men ein fantastisk idrett.<\/p>\n<p>Pave Johannes Paul<\/p>\n<p>Pave Johannes Paul II (1920\u20132005) var ein ihuga fotballtilhengar og viktige avtalar vart tilpassa Manchester United sine kampar. Paven vart vidgjeten for orda: \u00abAv alle uviktige ting i verda er fotball den viktigaste.\u00bb Fotball er viktig. P\u00e5 eit fotballag kan ein ha spelarar fr\u00e5 ulike land og kulturar, men det er evnene og talenta til fotballspelarane som st\u00e5r i sentrum. Mange fotballspelarar har kome fr\u00e5 fattige k\u00e5r, men har klart \u00e5 hevda seg i denne sporten. Den brasilianske spelaren Pele er eit d\u00f8me p\u00e5 ein fotballspelar som har kome fr\u00e5 fattige k\u00e5r og han har kanskje vore verdens beste fotballspelar. Pele sa i si tid: \u00abEg vart f\u00f8dt for \u00e5 spele fotball, akkurat som Beethoven var f\u00f8dt til \u00e5 komponere musikk og Michelangelo var f\u00f8dt til \u00e5 male.\u00bb<\/p>\n<p>Fotballuttrykk<\/p>\n<p>Den tidlegare trenaren til Rosenborg George Curtis heldt ein gong fram ein ball og sa: \u00abThis is a ball.\u00bb D\u00e5 svarte Odd Iversen kjapt: \u00abDu m\u00e5 itj g\u00e5 s\u00e5 fort frem.\u00bb I fotball finst det eit mangfald av uttrykk. Her er nokre f\u00e5 av dei: \u00abOffside. Sette p\u00e5 frimerke. Flo-pasning. L\u00e5rh\u00f8ne. Hawai-fotball. G\u00e5 p\u00e5 l\u00f8p. Tigersprang. Hat-trick. Feberredning. Bananskru. Overgang. P\u00e5 han som ein klegg. Forsvaret er ope som ei l\u00e5ved\u00f8r. Gjennombrotspasning. Heading. Straffespark. Avspark.\u00bb Sj\u00f8lv om ein ikkje kan alle orda som vert brukt i fotball kan det likevel vere stor spenning \u00e5 sj\u00e5 ein fotbalkamp.<\/p>\n<p>Dommarar<\/p>\n<p>Ein dommar skal handheve spelereglane og vere rettferdig. Pierluigi Collina har vore ein av dei mest respekterte dommarar som nyt stor tillit b\u00e5de av trenar og spelarar.<\/p>\n<p>Ein gammal fotballhistorie handlar om dommaren Ivar Fredriksen som representerte Lillestr\u00f8m Fotballklubb. Ein gong Ivar d\u00f8mte gjekk det litt vilt for seg. Ivar reiv det gule kortet i stykke og sa at no har eg berre raudt igjen. No m\u00e5tte spelarane passe seg.<\/p>\n<p>Fleire dommarar har vorte litt hetsa opp gjennom tidene. Det har vorte sagt om ein eldre dommar p\u00e5 Sunnm\u00f8re at han h\u00f8yrde godt, men s\u00e5g d\u00e5rleg. Ein mann kom bort til ein dommar og sa at det var ein god kamp som han nettopp hadde d\u00f8md. Dommaren seier: Synst du det? Ja, den skulle du ha sett. Det har ogs\u00e5 vorte sagt til ein dommar at vi har optikar lenger ned i gata.<\/p>\n<p>Fotballspelar Rune Bratseth brukte \u00e5 kaste eit handkle over hovudet f\u00f8r kamp. Kameratane visste alltid kva som f\u00f8regjekk d\u00e5. Han hadde ei b\u00f8nnestund. Mange trudde han bad om siger, men han bad om at dei beste m\u00e5tte vinne. Han bad ogs\u00e5 om ein skadefri kamp og rettferdig d\u00f8mming. Ei framferd som vi treng \u00e5 l\u00e6re av.<\/p>\n<p>Fotball som idrett<\/p>\n<p>Fotball er den idretten i verda som tiltrekke seg flest TV- sj\u00e5arar. I Norge er fotballen den st\u00f8rste idretten. Fotballen har flest ut\u00f8varar, flest tilskodarar og st\u00f8rst publisitet i norske medier. Norge har saman med Sverige og Danmark vore pionerar innan kvinnefotball.<\/p>\n<p>Fotball kan skape relasjonar og kameratskap p\u00e5 tvers av kulturar, politiske meiningar og generasjonar. Fleire i same familie kan glede seg til same kampen. Nils Arne Eggen sa ein gong at du blir aldri god \u00e5leine i fotball, dine medspelarar er dine beste trenarar. Fotball gir tilh\u00f8yrsle. N\u00e5r fotballaget eg heiar p\u00e5 vinn, d\u00e5 sigrar eg ogs\u00e5 saman med dei andre tilhengarane.<\/p>\n<p>Fotball som oppseding<\/p>\n<p>I fotball l\u00e6rer ein \u00e5 handtere b\u00e5de nederlag og siger. Ein m\u00e5 ikkje sj\u00e5 for mykje i bakspegelen, men heller gjennom frontruta. Ein m\u00e5 l\u00e6re seg restitusjon og m\u00e5 alltid nullstille seg til neste kamp. Afrikas f\u00f8rste nobelprisvinnar m\u00e5lvakta Albert Camus sa ein gong: \u00abAlt eg veit om moral, har eg l\u00e6rt av fotballen\u00bb. I fotball er det vanleg \u00e5 takke kvarandre etter kampen.<\/p>\n<p>Det har vore sagt at fotball er meir enn ein idrett. Den representerer unike verdiar som vi skal verne om for \u00e5 byggje fellesskap og eit inkluderande samfunn. <strong>NFF sin visjon er:<\/strong> \u00abFotball for alle \u2013 glede, draumar og fellesskap.\u00bb<\/p>\n<p>Som gutunge var eg p\u00e5 nokre treningar p\u00e5 H\u00f8ddvoll. Den legendariske Arne Erlandsen har sagt at gamle H\u00f8ddvoll hadde den tyngste fotballbana i landet, sidan grasmatta var s\u00e5 v\u00e5t.<\/p>\n<p>Ein gong eg var p\u00e5 trening sa ein av trenarane at dersom motstandaren hadde ein rask ving skulle eg g\u00e5 bak han n\u00e5r ballen kom og pirke han p\u00e5 skuldra. N\u00e5r den nyfikne vingen snudde seg rundt var ballen forbi. Eg praktiserte det aldri, sj\u00f8lv om eg synst det var eit morosamt p\u00e5funn.<\/p>\n<p>I nokre bygder p\u00e5 Austre og Nordre Sunnm\u00f8re vert o uttala \u00f8. Rotte blir r\u00f8tte og folk blir til f\u00f8lk. I Stordal kan byen Molde verte uttala M\u00f8lde. Ein l\u00e6rar p\u00e5 Ulstein ungdomskule kom inn i klasserommet og sa: \u201dVil dokke oppf\u00f8re dokke som f\u00f8lk\u201d. I fotball gjeld det \u00e5 oppf\u00f8re seg som \u201df\u00f8lk\u201d. Vi m\u00e5 ta vare p\u00e5 b\u00e5de spelarane og dommaren &#8211; og saman skape samkjensle. N\u00e5r ein greier det s\u00e5 kan ein seie: Hipp Hurra for Fotballen!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg spurde eingong ein sportsjournalist om fotball var ein sjukdom. Han sa at d\u00e5 er det mykje som&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":87206,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[92,3743,30,28,29,11558,83,82,1069],"class_list":{"0":"post-87205","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-fotball","9":"tag-hoddvoll","10":"tag-no","11":"tag-norge","12":"tag-norway","13":"tag-pave-johannes-paul-ii","14":"tag-sport","15":"tag-sports","16":"tag-sunnmore"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115548952131698380","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87205","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=87205"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87205\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/87206"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=87205"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=87205"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=87205"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}