{"id":87586,"date":"2025-11-15T02:40:20","date_gmt":"2025-11-15T02:40:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87586\/"},"modified":"2025-11-15T02:40:20","modified_gmt":"2025-11-15T02:40:20","slug":"noreg-har-rapportert-altfor-hoge-utslepp-fra-sau-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/87586\/","title":{"rendered":"Noreg har rapportert altfor h\u00f8ge utslepp fr\u00e5 sau \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Dette er i beste fall litt spesielt, seier sauebonde Knut Tore Nes Hjelle om saka.<\/p>\n<p>For nokre \u00e5r sidan fekk Noreg eit sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 FN. Dei lurte p\u00e5 kvifor den norske sauen hadde s\u00e5 h\u00f8ge utslepp av klimagassen metan, samanlikna med sau i nabolanda v\u00e5re.<\/p>\n<p>Professor Egil Prestl\u00f8kken ved NMBU fekk oppg\u00e5va med \u00e5 unders\u00f8ke saka. Han fann ein 20 \u00e5r gamal berekning, og oppdaga raskt at noko skurra.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med gr\u00f8nn jakke og lue st\u00e5r i en stall med sauer. Personen holder en stokk og ser mot sauene. Stallveggen er av tre og maleriet er delvis r\u00f8d. Det er flere sauer i bakgrunnen, som ser ut til \u00e5 v\u00e6re rolig.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sauebonde Knut Tore Nes Hjelle har aldri heit hatt tru p\u00e5 at sauene hans skulle utgjere eit stort milj\u00f8trugsm\u00e5l. No gir forskarane han delvis rett.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>No har SSB justert ned utsleppet av enterisk metan fr\u00e5 sau i Noreg med 28 prosent.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er litt rart at vi ikkje har sett dette f\u00f8r, seier Prestl\u00f8kken.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nationen.no\/norge-har-rapportert-altfor-hoge-utslepp-fra-sauer-i-over-30-ar\/s\/5-148-816146\" ec-id=\"https:\/\/www.nationen.no\/norge-har-rapportert-altfor-hoge-utslepp-fra-sauer-i-over-30-ar\/s\/5-148-816146\" ec-name=\"Nationen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Nationen <\/a>skreiv f\u00f8rst om saka.<\/p>\n<p>75.000 bensinbilar<\/p>\n<p>Det gamle reknestykket la til grunn at sauar m\u00e5 ete mykje meir f\u00f4r enn det som faktisk er realistisk.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rte til at kalkylen over utslepp gjekk over alle st\u00f8velskaft.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Egil Prestl\u00f8kken, professor p\u00e5 NMBU\" title=\"Foto: privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Egil Prestl\u00f8kken s\u00e5g raskt at noko skurra med tala.<\/p>\n<p>Foto: privat<\/p>\n<p>\u2013 Det var godt \u00e5 finne ut av. No f\u00e5r vi ein l\u00e5gare berekning for sau, som eg trur er meir riktig, seier Prestl\u00f8kken.<\/p>\n<p>If\u00f8lge Nationen er justeringa kvart \u00e5r like stor som CO\u2082-utsleppet fr\u00e5 75.000 bensinbilar i \u00e5ret.<\/p>\n<p>Svekker ikkje tilliten<\/p>\n<p>Det er oppunder 900.000 vinterf\u00f4ra sauar i Noreg. Drygt 90 av dei bur hos Knut Tore Nes Hjelle ved Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har sett p\u00e5 sauane som gr\u00f8ne heile tida, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r foran tre biler p\u00e5 en grusvei med fjell og bakker i bakgrunnen. Det er en r\u00f8d bil til venstre, og en annen r\u00f8d bil til h\u00f8yre ved en bygning. Omgivelsene viser et gr\u00f8nt landskap under en overskyet himmel. Veien i bakgrunnen er delvis synlig.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">P\u00e5 garden til Knut Tore Nes Hjelle finn du raud Volvo og kvit sau (som no har blitt gr\u00f8nare).<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p>Den nye berekninga vil ikkje ha noko \u00e5 seie direkte for bonden. Men ogs\u00e5 jordbruket skal redusere klimaavtrykket sitt, og da er det bra \u00e5 ha s\u00e5 gode tal som mogleg.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er veldig opptatt av at bonden og matproduksjonen skal ta sin del av kutta. Det har vi forplikta oss til, seier Nes Hjelle.<\/p>\n<p>Saka svekker ikkje tilliten han har til fagfolka. Tvert om er det eit godt teikn at tala blir justert n\u00e5r dei forst\u00e5r at noko er i ulage, meiner Nes Hjelle.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To sauer st\u00e5r inne i en stall, der den ene tygger p\u00e5 h\u00f8y. Omgivelsene er preget av halm og metallgjerder. Den n\u00e6rmeste sauen har et gr\u00f8nt \u00f8remerke. Bildevisningen fokuserer p\u00e5 sauenes ansikter og interaksjon med f\u00f4ret.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein nyklipt sau kosar seg med f\u00f8remiddagsmaten.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p>Klimarekneskapen blir stadig betre<\/p>\n<p>Dei samla utsleppa i jordbruket vart 3 prosent l\u00e5gare som f\u00f8lge av saue-endringa, if\u00f8lge SSB.<\/p>\n<p>\u2013 Rekneskap for utslepp er eit kontinuerleg forbetringsarbeid. Vi gjer forbetringar kvart \u00e5r, fordi det kjem stadig ny kunnskap, seier Berit Storbr\u00e5ten i SSB.<\/p>\n<p>Dr\u00f8vtyggar-professor Prestl\u00f8kken er trygg p\u00e5 at tala for andre husdyr gode.<\/p>\n<p>\u2013 Dei har vore gjennomg\u00e5tt mykje meir nyleg og meir grundig, seier han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>14.11.2025, kl. 14.51<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>14.11.2025, kl. 15.31<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dette er i beste fall litt spesielt, seier sauebonde Knut Tore Nes Hjelle om saka. For nokre&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":87587,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-87586","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115551405557893153","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87586","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=87586"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/87586\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/87587"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=87586"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=87586"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=87586"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}