{"id":88099,"date":"2025-11-15T18:51:41","date_gmt":"2025-11-15T18:51:41","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/88099\/"},"modified":"2025-11-15T18:51:41","modified_gmt":"2025-11-15T18:51:41","slug":"debatt-sk-brann-kan-verkeleg-ei-kvinne-verta-eit-ekte-fotballikon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/88099\/","title":{"rendered":"Debatt, SK Brann | Kan verkeleg ei kvinne verta eit ekte fotballikon?"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Laurdag skjer ein<\/b> avskjed utanom det vanlege p\u00e5 Brann Stadion. Den st\u00f8rste profilen Brann har hatt p\u00e5 kvinnesida skal takka for seg, utan \u00e5 ein gong f\u00e5 vera med p\u00e5 kampen.<\/p>\n<p>Men korleis vil me eigentleg snakka om Signe Gaupset i framtida?<\/p>\n<p><b>Berre for \u00e5<\/b> legga lista p\u00e5 eit urealistisk og skyh\u00f8gt niv\u00e5: Eit bes\u00f8k i fotballbyen Lisboa har sine interessante sider. Der veit dei nemleg ein del om \u00e5 dyrka dei som har vore verkeleg store.<\/p>\n<p>I byen finst det to store fotballklubbar med kvart sitt enorme og synlege ikon.<\/p>\n<p><b>Det eine ikonet<\/b> seier seg sj\u00f8lv. I den raude delen av byen, i Benfica, er det Eusebio som definerer alt. Statistikken til angrepsspelaren talar for seg. P\u00e5 614 kampar for klubben sk\u00e5ra portugisaren 638 m\u00e5l, og vann serievinnarcupen for klubben.<\/p>\n<p>Den andre er litt snodigare. Hj\u00e5 byrivalane Sporting er det ingen ringare enn Cristiano Ronaldo som er det store ikonet. Sj\u00f8lv om den evigunge portugisaren berre spelte 25 kampar for hovudstadsklubben, vert det framleis selt drakter med C. Ronaldo og nummer 28 p\u00e5 ryggen.<\/p>\n<p><b>Det som skje<\/b>r etter ein spelar forl\u00e8t ein klubb, kan alts\u00e5 i aller h\u00f8gaste grad danna grunnlag for legendestatus. I historieforteljinga til Sporting-fansen hadde dei framleis nokre aksjar i den suksessen som Ronaldo seinare skulle gjera.<\/p>\n<p>D\u00e5 han vann EM, gullballar og meisterligafinalar, var det framleis litt Sporting igjen i han.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4061\" height=\"2848\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/NTB_Ktgb72Umd90.jpg\" alt=\"Portuguese soccer player Cristiano Ronaldo, center, holds the European Golden Boot while posing for a photo with former Portuguese players Eus\u00e9bio da Silva Ferreira, left, and Fernando Gomes Saturday, Sept. 13 2008, in Funchal, in the Portuguese island of Madeira. Ronald was awarded the trophy Saturday as the top scorer of the European leagues during the 2007\/2008 season. Eusebio won the trophy in 1968 and 1973 while Gomes won it in 1983 and 1985. (AP Photo\/Helder Santos)\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4061 \/ 2848;\"\/><\/p>\n<p>      Eus\u00e9bio da Silva Ferreira saman med Cristiano Ronaldo. I Portugal er desse dei to st\u00f8rste, i kvar sin Lisboa-klubb.<br \/>\n      Foto: Helder Santos\n    <\/p>\n<p>Slapp av. Det er eigentleg ikkje Signe Gaupset eg skal samanlikna med Cristiano Ronaldo.<\/p>\n<p><b>La det ikkje<\/b> vera nokon som helst tvil. I Bergen og Sportsklubben Brann har det vore mange gode fotballspelarar, men berre eitt ikon, ei legende, ein fotballkonge.<\/p>\n<p>Han som rangar skyh\u00f8gt over alle andre, og truleg vil gjera det i absolutt all framtid.<\/p>\n<p><b>Roald Kniksen Jensen<\/b>, eller berre Kniksen, var spelaren som definerte kva Brann var for noko.<\/p>\n<p>F\u00f8r Kniksen var det til dels kniving om fotballhegemoniet i Bergen. Brann var ein sosseklubb som ikkje appellerte til heile byen. Engasjementet, begeistringa og underhaldninga dette fotballfenomenet skapte, gjorde at det etter Kniksen berre var Sportsklubben Brann i Bergen.<\/p>\n<p><b>Akkurat som i <\/b>Sporting i Portugal vart ikkje legendestatusen mindre, av at Kniksen ein dag i 1965 sette seg p\u00e5 eit fly til Skottland, og vart fotballproff i Hearts fr\u00e5 Edinburgh.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2599\" height=\"1789\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/kniksen.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2599 \/ 1789;\"\/><\/p>\n<p>      Kniksen er spelaren som definerte kva Brann er for noko.<\/p>\n<p>Bergensarane var stolte og folk fekk spekulera i kor gode Brann kunne ha vore om Kniksen ikkje hadde reist. Og ikkje minst, at Kniksen \u00f2g hadde takka nei til eit tilbod fr\u00e5 Inter fr\u00e5 Milano var med p\u00e5 \u00e5 bygga myten end\u00e5 st\u00f8rre.<\/p>\n<p><b>Og til slutt <\/b>kom Kniksen heim, og krona det heile med \u00e5 vinna ein cupfinale.<\/p>\n<p>Fram til denne hausten er Kniksen framleis den mestvinnande i klubbhistoria. Ingen andre har kunna skilta med to seriemeisterskap og eitt cupgull med Brann.<\/p>\n<p><b>Ikkje la deg<\/b> lura. Om nokon skulle utfordra Kniksen si merittliste, betyr ikkje det dermed at dei utfordrar Kniksen som ikon. Det skal meir til.<\/p>\n<p>Denne hausten er det faktisk ein Brann-spelar som kopierer dei sportslege bragdene til legenda.<\/p>\n<p><b>Berre 20 \u00e5r <\/b>gammal sikrar Signe Gaupset sitt andre seriemeisterskap i Brann-drakt, og ho har allereie eit cupgull p\u00e5 samvitet.<\/p>\n<p>\u00c5 l\u00f8fta pokalen kjem til \u00e5 vera det aller siste Gaupset gjer som Brann-spelar, f\u00f8r ho reiser vidare til London.<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv om det<\/b> er litt urettferdig, og fleire av lagveninnene har vore med p\u00e5 dei same bragdene: Det var ho som avgjorde cupfinalen i 2022, det var ho som sikra ei sensasjonell poengdeling mot Lyon i Champions League i f\u00f8rjulsstria i \u00c5sane i 2023, og ho har vore i ein klasse for seg i gullsesongen som vert avgjort med pokall\u00f8ft p\u00e5 Stadion laurdag.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5668\" height=\"3781\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/1763232700_366_NTB_RsHhJgrcTKY.jpg\" alt=\"Like f\u00f8r slutt bestemte Gaupset seg for \u00e5 gi hele Bergen en julegave. P\u00e5 corner var det hun som fikk fatt i ballen og utlignet til 2-2 mot en av fotballstormaktene i Europa. Det var ren eufori i \u00c5sane.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5668 \/ 3781;\"\/><\/p>\n<p>      I desember 2023 gav Gaupset heile Bergen ei solid juleg\u00e5ve. Brann spelte 2-2 mot verdsstjernene fr\u00e5 Lyon.<br \/>\n      Foto: Paul S. Amundsen\/NTB\n    <\/p>\n<p>I sin vektklasse, alts\u00e5 kvinnefotballen, har Signe Gaupset skrive seg inn i brannhistoria med gullskrift.<\/p>\n<p>Berre for \u00e5 vera veldig tydeleg p\u00e5 det: Nokon Kniksen vert ho ikkje, av den grunn.<\/p>\n<p><b>Til det har<\/b> rett og slett ikkje kvinnefotballen for liten status. Sj\u00f8lv om Gaupset har vore med p\u00e5 \u00e5 skapa eit heilt nytt engasjement rundt kvinnefotballen i Norge og Bergen, er det ganske langt igjen til ein kan samanlikna med engasjementet om herrefotballen i Brann.<\/p>\n<p>Ein kunne av politiske grunnar h\u00e5pa at det var annleis. Men slik er det berre.<\/p>\n<p><b>Faktisk er denne<\/b> Roald Kniksen Jensen eit s\u00e5 stort namn, at eg vil komma med ein ganske dryg historisk p\u00e5stand:<\/p>\n<p>Det engasjementet som Kniksen skapte rundt Brann i Bergen og p\u00e5 Strilelandet p\u00e5 60-talet, var unikt i norsk m\u00e5lestokk. Det er dei nedarva elementa av det Kniksen skapte, som gjer at Brann og Bergen i st\u00f8rre grad enn alle andre i dette landet har omfamna kvinnene til Brann.<\/p>\n<p>Den heilt spesielle relasjonen mellom lag og by, som berre eit ekte ikon kan skapa.<\/p>\n<p><b>\u00c5 vera god<\/b> i fotball er slettes ikkje nok. Som ung var eg s\u00e5 heldig \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 Tore Andr\u00e9 Flo i Brann-drakt. Ingen andre, i mi levetid, har gjort det same med ein ball p\u00e5 Stadion. Sj\u00f8lv i m\u00f8te med stjernene til Liverpool og PSV.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det var till\u00f8p til eufori d\u00e5 stryningen sk\u00e5ra tre i avskjedskampen p\u00e5 Stadion, er ikkje Tore Andr\u00e9 Flo ei Brann-legende. Tvert imot.<\/p>\n<p><b>Til det var<\/b> m\u00e5ten Flo reiste fr\u00e5 Stadion for opprivande. Sj\u00f8lv om Flo visst nok betalte ein del til Brann fr\u00e5 eiga lomme, stakk det djupt at han gjekk til Chelsea som bosman-spelar utan at Brann fekk ei krone i overgangssum.<\/p>\n<p>I staden var det den langt meir begrensa kulthelten Geir Hasund, som levde vidare som den verkelege mytiske karakteren fr\u00e5 Flo sin epoke i Brann.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1028\" height=\"736\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/xBA97241.jpg\" alt=\"Bergen (BA) 19970306: Brann - Liverpool kvartfinale Europacup&#10;Geir Hasund og Tore Andre Flo&#10;Foto: Eirik Hagesaeter, Bergensavisen\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1028 \/ 736;\"\/><\/p>\n<p>      Der og d\u00e5 kunne det nok verka rart at Geir Hasund vart ei st\u00f8rre Brann-stjerne enn langt meir talentfulle Tore Andre Flo.<br \/>\n      Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n    <\/p>\n<p><b>Ogs\u00e5 n\u00e5r det<\/b> gjeld Signe Gaupset kunne Sportsklubben Brann ha sete igjen med meir pengar. Andre klubbar med feitare lommebok har vore villige til \u00e5 bla opp. Likevel fekk Gaupset det som ho ville, og vert gjenforent med gamletrenaren Martin Ho i Tottenham Hotspur.<\/p>\n<p>Det kjem neppe til \u00e5 sverta etterm\u00e6let til 20-\u00e5ringen. Til det har ho brukt meir av tida si i Brann enn nokon kunne ha forventa.<\/p>\n<p><b>Laurdag hadde alle<\/b> jenter med b\u00f8ttehatt, alle med hjarta i Brann, og ikkje minst Signe Gaupset sj\u00f8lv uansett fortent ein avskjedskamp ala den Tore Andr\u00e9 Flo fekk i 1997.<\/p>\n<p>Eit skikkeleg farvel med ein spelar som har skapt publikumsopplevingar ingen annan kvinneleg fotballspelar har skapt p\u00e5 norsk jord. Ja, det er verkeleg det me snakkar om.<\/p>\n<p><b>Det punktumet f\u00e5r<\/b> me aldri sj\u00e5. Eit usselt gult kort i nest siste kamp gjer at Gaupset ikkje f\u00e5r den sjansen.<\/p>\n<p>Det er synd. Kvinnefotballen treng nemleg fleire av dei mytiske historiene som nettopp dette kunne ha vore. Kor var du d\u00e5 Signe Gaupset spelte sin siste kamp for Brann?<\/p>\n<p><b>For dette er<\/b> ei historie som ingen har skrive f\u00f8r. Ei historie med ukjend slutt. Kva status vil Signe Gaupset ha i Brann og Bergen om fem, ti, femten, ja, femti \u00e5r?<\/p>\n<p>Svaret vil avhenga av b\u00e5de Signe Gaupset og Sportsklubben Brann.<\/p>\n<p><b>I beste fall<\/b>: Dersom Gaupset ein vakker dag skulle henta heim ein gullball, eller avgjera ein finale i Champions League, noko som ikkje er heilt utenkeleg, men samtidig eit enormt trongt n\u00e5lauga, vil Brann-fansen akkurat som Sporting-fansen i Lisboa, kunna mala ein myte om at det heile starta i Brann og Bergen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2472\" height=\"1648\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/1763232701_550_DSC_8892_kopi.jpg\" alt=\"UEFA Womens Champions League, kvartfinale Barcelona - Brann p\u00e5 Johan Cruyff stadion i Barcelona. &#10;&#10;Etter kamp ble Signe Gaupset tr\u00f8stet av Gullballen vinner Aitana Bonmati\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2472 \/ 1648;\"\/><\/p>\n<p>      Aitana Bonmati, som har vunne gullballen tre gongar, tr\u00f8ysta Signe Gaupset etter kvartfinale-exiten mot FC Barcelona i fjor.<br \/>\n      Foto: Skjalg Ekeland\n    <\/p>\n<p>Slik Christiano starta i Lisboa, starta Signe i Bergen. Signe Gaupset vil i det minste verta nemnd blant dei store i Brann.<\/p>\n<p><b>I verste fall<\/b>: Dersom Sportsklubben Brann ikkje greier \u00e5 bygga vidare p\u00e5 den gnisten som Gaupset og resten av damene i Brann har skapt, kan historiene om dette eventyret i framtida berre vera for spesielt interesserte.<\/p>\n<p>I tillegg kjem det an p\u00e5 om nokon greier \u00e5 ta plassen til Gaupset. Eit sentral perspektiv i historia om Kniksen, men \u00f2g andre legender, handlar nemleg om at det ikkje var nokon som greidde \u00e5 fylla dei store skoa, og den dagen det kunne ha skjedd, hadde skoa vakse seg s\u00e5 store at det eigentleg var heilt umogleg.<\/p>\n<p><b>Fotballikon vert uansett<\/b> ikkje k\u00e5ra av nokon jury, nokon ekspert, eller nokon komit\u00e9. Her finst det slettes ingen kj\u00f8nnskvotering, ingen sympatistemmer, ingen eksakte kriterium.<\/p>\n<p>Her er det mytane, kjenslene, og forteljingane til dei som verkeleg bryr seg som r\u00e5r. Skal me vera \u00e6rlege, er sjansane ganske sm\u00e5.<\/p>\n<p>Det er uansett berre \u00e5 \u00f8nska Signe Gaupset lykke til vidare, og takka for alt ho har gjort for Bergen og Brann. S\u00e5 er det berre \u00e5 h\u00e5pa at framtida er slik at \u00f2g kvinnelege fotballspelarar ein gong kan skapa mytar som er st\u00f8rre enn seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><b>Signe Gaupset har<\/b> snakka for seg med beina og ballen. Ingenting anna. Ho har gjort det ho kunne.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"7940\" height=\"5293\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/558.jpg\" alt=\"Brann Rosenborg 2-1 Brann Seriemester 2025\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 7940 \/ 5293;\"\/><\/p>\n<p>      Signe Gaupset har lete andre ta seg av dei utanomsportslege krumspringa. Det er utelukkande det 20-\u00e5ringen har gjort p\u00e5 bana, som gjer henne til den st\u00f8rste spelaren i den korte kvinnehistoria til klubben.<br \/>\n      Foto: Emil Weatherhead Breistein\n    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Laurdag skjer ein avskjed utanom det vanlege p\u00e5 Brann Stadion. Den st\u00f8rste profilen Brann har hatt p\u00e5 kvinnesida&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":88100,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,37,92,266,30,28,29,1533,418,83,82],"class_list":{"0":"post-88099","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-fotball","11":"tag-kommentar","12":"tag-no","13":"tag-norge","14":"tag-norway","15":"tag-opinion","16":"tag-sk-brann","17":"tag-sport","18":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115555223931408928","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/88099","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=88099"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/88099\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/88100"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=88099"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=88099"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=88099"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}