{"id":88743,"date":"2025-11-16T18:06:12","date_gmt":"2025-11-16T18:06:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/88743\/"},"modified":"2025-11-16T18:06:12","modified_gmt":"2025-11-16T18:06:12","slug":"teater-teater-vestland-litt-langtekkeleg-men-til-slutt-kom-tarene","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/88743\/","title":{"rendered":"Teater, Teater Vestland | Litt langtekkeleg \u2013 men til slutt kom t\u00e5rene"},"content":{"rendered":"\n<p><b>\u2013 N\u00e5r eg tenkjer p\u00e5 d\u00f8den no, tenkjer eg p\u00e5 Nagijalia, h\u00f8yrer eg ei ung jente seie etter framsyninga. <\/b><\/p>\n<p>Korleis f\u00e5 i gang ein samtale om d\u00f8den? Dette var regiss\u00f8r, Miriam Prest\u00f8y Lie, sitt utgangspunkt for \u00e5 skape eit teaterstykkeom Br\u00f8rne L\u00f8vehjarte.<\/p>\n<p>Gripne <\/p>\n<p>Fr\u00e5 f\u00f8rste augneblink var publikum gripne, trass i at starten var litt langtekkeleg. Teaterframsyninga kombinerer enkel scenografi med sterke visuelle og musikalske verkemiddel \u2013 ei tolking som legg stor vekt p\u00e5 kjensler, modning og s\u00f8skenkj\u00e6rleik.<\/p>\n<p>            Hovudpersonar i forteljinga<\/p>\n<p><b>Karl (Kavring)<\/b> \u2013 spelt av Filip Kremner: er den yngste broren. Han er sjuk, redd og usikker i starten, men utviklar seg til \u00e5 bli modig gjennom forteljinga. Han fungerer ogs\u00e5 fleire gonger som forteljar, og held monolog p\u00e5 scena mens det g\u00e5r f\u00f8re seg ting i bakgrunnen. <\/p>\n<p><b>Jonatan <\/b>\u2013 spelt av Jonas Stene Skjelde: er storebroren \u2013 modig, snill og omsorgsfull. Han er den som tek ansvar b\u00e5de heime og i Nangijala, og han blir ein naturleg leiar i kampen mot Tengil.<\/p>\n<p><b>Mora <\/b>\u2013 spelt av Idun Losneg\u00e5rd: er berre med i byrjinga av boka. Ho er utsliten og fattig, og viser kor vanskeleg livet er for br\u00f8rne f\u00f8r dei kjem til Nangijala. Ho forsvinn heilt fr\u00e5 historia etter brannen.<\/p>\n<p><b>Sofia<\/b> \u2013 ogs\u00e5 spelt av Idun Losneg\u00e5rd: er duedronninga i Kirseb\u00e6rdalen. Ho er ein klok og viktig del av motstanden mot Tengil. Ho brukar duene sine til \u00e5 sende bodskap mellom dei frie dalane.<\/p>\n<p><b>Mattias (farfar som Karl kallar han i historia) \u2013 <\/b>spelt av Kyrre Eik\u00e5s Ottersen: er ein eldre mann i Klungerdalen og ein av dei mest sentrale motstandarane. Han g\u00f8ymer Jonatan, hjelper Karl vidare, og fungerer som ein slags farsfigur i Nangijala. Han l\u00e6rer Karl at mot handlar om \u00e5 handle trass i frykta. Mattias sin d\u00f8d blir eit viktig vendepunkt i forteljinga.<\/p>\n<p><b>Orvar<\/b> \u2013 spelt av Jacob Nasseri: er den store helten som alle set si lit til. Han var ein av dei fremste i kampen mot Tengil, men vart fanga. \u00c5 frigjere Orvar er heilt avgjerande for at oppr\u00f8ret skal lykkast. Han er modig, uredd og ein inspirasjon for b\u00e5de Jonatan og Karl.<\/p>\n<p><b>Jossi<\/b> \u2013 ogs\u00e5 spelt av Kyrre Eik\u00e5s Ottersen: er vertshushaldar i Kirseb\u00e6rdalen. Han verkar hyggeleg i starten, men viser seg \u00e5 vere ein forr\u00e6dar som samarbeider med Tengil.<\/p>\n<p><b>Hubert<\/b> \u2013 ogs\u00e5 spelt av Jacob Nasseri: er ein av dei f\u00f8rste personane Karl og Jonatan m\u00f8ter p\u00e5 vertshuset hos Jossi. Han er ein jordn\u00e6r, litt munnrapp og humoristisk karakter, som brukar dialektord som \u00abdao so\u00bb. Hubert er lojal mot dalane, men i starten av forteljinga trur fleire han er forr\u00e6daren. Etter kvart blir han ein viktig alliert i kampen mot Tengil. <\/p>\n<p><b>Tengil<\/b> \u2013 dekka til med raud kappe, men truleg spelt av Idun Losneg\u00e5rd: er tyrannen som styrer Klungerdalen med brutalitet og frykt. Han held innbyggjarane i fangenskap og kontrollerer den farlege draken <b>Katla <\/b>gjennom hornet sitt.<\/p>\n<p>Overgangen fr\u00e5 den m\u00f8rke, fattige verkelegheita der Karl er sjuk, til eventyrverda Nangijala, skapar sterke kontrastar.<\/p>\n<p>Brannscena der ein animert skugge spelt av Jonatan hoppar ut vindauget med Karl p\u00e5 ryggen, i tillegg til replikkar som \u00abIkkje gr\u00e5t, kavringen min, vi sj\u00e5ast i Nangijala\u00bb, gjer overgangen til eventyrverda levande.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2040\" height=\"1360\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Brorne_Lovehjarte_TEA_00816_Foto_David_Zadig.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2040 \/ 1360;\"\/><\/p>\n<p>      FLUKT: Br\u00f8rne l\u00f8vehjarte p\u00e5 flukt fr\u00e5 det vonde i Klungerdalen.<br \/>\n      Foto: David Zadig\n    <\/p>\n<p>  Hjarte i framsyninga<\/p>\n<p>Rollene Karl og Jonatan var hjarte i framsyninga. Karl sin reise \u2013 fr\u00e5 redd, sjuk og utrygg til den som seier \u00abEg er ingen liten lort\u00bb \u2013 vart spelt med ei s\u00e5rbarheit som r\u00f8rte dei fleste. Jonatan var varm, trygg og smilande \u2013 den perfekte motvekta.<\/p>\n<p>Birollene var tydelege og leikne. Jossi, som er ein morosam og tvitydig karakter heilt til maska fell. Hubert, som skapte latter med \u00abdao so\u00bb og andre dialektfarga replikkar. Sofia, duedronninga, som var ein modig karakter s\u00e6rleg mot kampen p\u00e5 slutten, i tillegg til eit truverdig anker i historia.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2040\" height=\"1360\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Brorne_Lovehjarte_TEA_00820_Foto_David_Zadig.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2040 \/ 1360;\"\/><\/p>\n<p>      HJELP: Mattias (farfar) passar p\u00e5 gutane i sin t\u00f8ffe kamp mot Tengil.<br \/>\n      Foto: David Zadig\n    <\/p>\n<p>Nokre replikkar verka litt overdrivne, men kanskje n\u00f8dvendige fordi f\u00f8restillinga skulle treffe eit breitt publikum. Humoren og leikenyheita trefte m\u00e5lgruppa tydeleg, med mange barn som lo h\u00f8gt i salen.<\/p>\n<p>Tek publikum med inn<\/p>\n<p>Scenografien var enkel, men sv\u00e6rt effektiv. Eit eksempel er hestehovuda som , der skaparane har fanga det uskyldige blikket hestar har. I bakgrunnen var det , og lys som m\u00e5lar stjernehimmel og skapte ei eventyrleg atmosf\u00e6re. I m\u00f8tet med Tengil og Katla vart lyset skarpare, m\u00f8rkare og meir truande. Bruken av lys mot salen f\u00f8rte publikum tettare p\u00e5 innbyggarar i Klungerdalen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2040\" height=\"1360\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Brorne_Lovehjarte_TEA_00815_Foto_David_Zadig.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2040 \/ 1360;\"\/><\/p>\n<p>      UNDER STJERNHIMMELEN: lys, lyd og rekvisittar gjorde framsyninga levande.<br \/>\n      Foto: David Zadig\n    <\/p>\n<p>Musikken var vekslande mellom roleg og dramatisk og bar stemninga utan \u00e5 ta fokus. Songen \u00abSk\u00e5l for Karl v\u00e5r nye mann\u00bb og dei rolege sekvensane med stjerner og dis var h\u00f8gdepunkt.<\/p>\n<p>Tematikk og tolking<\/p>\n<p>Regiss\u00f8ren har valt ei tolking som er b\u00e5de s\u00e5r og dramatisk. Tema som mot, det gode mot det vonde, s\u00f8skenkj\u00e6rleik, d\u00f8dsangst og fridom blir formidla p\u00e5 ein m\u00e5te som b\u00e5de barn og vaksne forst\u00e5r.<\/p>\n<p>Kjensla av fantasi og leik \u2013 \u00abKorleis kan eg gjere alt i Nangijala?\u00bb \u2013 l\u00e5g side om side med m\u00f8rkare motiv, som undertrykking, svik og offer. Dette gav framsyninga god balanse.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2040\" height=\"1360\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Brorne_Lovehjarte_TEA_00833_Foto_David_Zadig.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2040 \/ 1360;\"\/><\/p>\n<p>      FJALER: I framsyninga har Jonatan og Karl eigne hestar. Namna er Fjaler og Grim.<br \/>\n      Foto: David Zadig\n    <\/p>\n<p>  Det som kunne vore betre<\/p>\n<p>Starten kunne opplevast litt treig. Nokre biroller (som mora og Mattias) kunne f\u00e5tt meir tydeleg n\u00e6rv\u00e6r. Men dette er sm\u00e5 justeringar i ei elles sterk framsyning.<\/p>\n<p><b>Mot slutten var det ikkje stille, men snufs og utpust som fylte salen. P\u00e5 veg ut h\u00f8yrde eg b\u00e5de vaksne som sa \u00abdette var heilt fantastisk\u00bb og barn som sa \u00abspennande!\u00bb og \u00abeg vil sj\u00e5 den igjen\u00bb.<\/b><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-1974452\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Kjell+Eide+bilde_2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Hadde tre fulle framsyningar i Hyllestad. No kjem dei til Dale\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-1972240\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/2025-11-07IMG_3249_firdaweb.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Terje er ny i F\u00f8rde. No inviterer han byen til eit heilt nytt prosjekt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-1963987\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/NTB_w2paaiUfZq4.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Har kalla F\u00f8rde verste standup-by. Det har endra seg\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 N\u00e5r eg tenkjer p\u00e5 d\u00f8den no, tenkjer eg p\u00e5 Nagijalia, h\u00f8yrer eg ei ung jente seie etter&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":88744,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,71,410,30,28,29,1533,2909,11727,7349,72],"class_list":{"0":"post-88743","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-entertainment","10":"tag-kultur","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-teater","16":"tag-teater-vestland","17":"tag-teateranmeldelse","18":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115560709367241254","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/88743","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=88743"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/88743\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/88744"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=88743"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=88743"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=88743"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}