{"id":89538,"date":"2025-11-17T18:48:36","date_gmt":"2025-11-17T18:48:36","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/89538\/"},"modified":"2025-11-17T18:48:36","modified_gmt":"2025-11-17T18:48:36","slug":"nar-ingenting-skjer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/89538\/","title":{"rendered":"N\u00e5r ingenting skjer"},"content":{"rendered":"<p>\n        Skolestreik for klimaet er blant dei mange venstreorienterte aktivistiske gater\u00f8rslene fr\u00e5 dei siste ti\u00e5ra som er utan medlemslister og har vanskar med \u00e5 opptre strategisk og disiplinert, skriv Astrid Sverresdatter Dypvik.<br \/>\n        FOTO: Ole Berg-Rusten \/ NTB\n    <\/p>\n<p class=\"kicker t30 tertiary color_mobile_tertiary\" style=\"\">Kommentar<\/p>\n<p>    Kvifor har venstresida i Vesten protestert s\u00e5 mykje, og samtidig f\u00e5tt til s\u00e5 lite dei siste ti\u00e5ra? Belgiaren Anton J\u00e4ger har eit svar.<\/p>\n<p> Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten st\u00e5r for skribentens regning.<\/p>\n<p>I boka \u00abHyperpolitikk\u00bb<br \/>\nskildrar den belgiske id\u00e9historikaren Anton J\u00e4ger eit skipsforlis utanfor Azorane<br \/>\ni 1957. Lasteskipet Palmir var p\u00e5 veg fr\u00e5 Buenos Aires til Hamburg med ei last<br \/>\nbygg, men hamna i hardt ver. Skipet sendte ut SOS-signal. S\u00e5 vart det sporlaust<br \/>\nborte. Det var tilsynelatande eit mysterium. Skipet var bygd for \u00e5 tole orkan.<br \/>\nFeilen viste seg \u00e5 ligge i lasterommet. D\u00e5 bygget vart heist om bord, vart det<br \/>\ngjort i full fart. Ingen tok seg bryet med \u00e5 fylle kornet i sekkar, det vart<br \/>\nlagt laust i lasterommet. Og slik vart katastrofen skapt. D\u00e5 kornet byrja krenge,<br \/>\nvar r\u00f8rslene s\u00e5 ukontrollerte og uf\u00f8reseielege at det tunge lasteskipet ikkje<br \/>\nklarte \u00e5 rette seg opp. Skipet og lasta forsvann ned i avgrunnen. Berre seks av<br \/>\neit mannskap p\u00e5 86 overlevde.<\/p>\n<p>        Alle kan arrangere eit karnevalsopptog. Sp\u00f8rsm\u00e5let er kva som er att neste morgon.<\/p>\n<p>Dette er,<br \/>\nif\u00f8lgje J\u00e4ger, ikkje mindre enn eit perfekt bilete p\u00e5 v\u00e5r hyperpolitiske<br \/>\nsamtid. Det er m\u00f8rkt. Men for J\u00e4ger handlar det ikkje om ei verd som er d\u00f8mt<br \/>\ntil undergang. Det handlar om farane knytt til fragmentering, individualisering<br \/>\nog gamle institusjonar som forvitra. Hyperpolitikk er n\u00e5r denne oppl\u00f8ysinga av<br \/>\nfellesskap g\u00e5r hand i hand med ei sterk<br \/>\npolitisk polarisering. <\/p>\n<p>Manglande<br \/>\nsamhald i ei tid som harmonisk og f\u00f8reseieleg er ein ting. I ei uroleg tid som<br \/>\nv\u00e5r med klimakrise, krig i Ukraina og Midtausten, tillitskrise, og fordelingskrise, er verknaden \u00f8ydeleggjande.<br \/>\nFragmenteringa gjer diskusjonen tung, og det er vanskeleg \u00e5 etablere ei<br \/>\nsamlande kraft for endring. <\/p>\n<p>J\u00e4ger er<br \/>\npolitisk aktiv p\u00e5 venstresida og byrjar analysen sin av hyperpolitikken p\u00e5<br \/>\n1990-talet, i etterd\u00f8nningane etter den kalde krigen. I desse \u00e5ra var refrenget<br \/>\nom at frie marknader skaper uendeleg velstand og fridom for alle menneske s\u00e5<br \/>\neiner\u00e5dande at dei som tenkte annleis brukte slagord som \u00abei anna verd er<br \/>\nmogleg\u00bb. For var det eigentleg mogleg \u00e5 sj\u00e5 for seg noko anna? Mange<br \/>\nopplevde det som ei lite politisk tid. Folk var opptatt av s\u00e5 mykje anna. <\/p>\n<p>Det var i<br \/>\ndesse \u00e5ra at samfunnsberande organisasjonar mista fotfeste over heile den<br \/>\nvestlege verda. J\u00e4ger skriv at DGB, det tyske motsvaret til LO, hadde 12<br \/>\nmillionar medlemer i 1991 og berre 5,7 millionar tretti \u00e5r seinare. I USA st\u00e5r<br \/>\nfagr\u00f8rsla svakare enn ho gjorde for tretti \u00e5r sidan. J\u00e4ger viser ogs\u00e5 til<br \/>\nstatistikkar som viser at f\u00e6rre amerikanarar enn f\u00f8r er religi\u00f8se. I<br \/>\nStorbritannia og Italia taper kyrkja terreng. Denne typen fellesskap som vart<br \/>\nskapt av kyrkje og fagr\u00f8rsle forma b\u00e5de ei kjensle av \u00e5 h\u00f8yre til, og eit syn<br \/>\np\u00e5 samfunnet hos dei som tok del. <\/p>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.dagsavisen.no\/kommentar\/ei-bor-med-sprikende-staur\/10057616\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.dagsavisen.no\/a\/10057616\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>            Ei b\u00f8r med sprikende staur<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>J\u00e4ger<br \/>\nskriv om dei mange venstreorienterte aktivistiske gater\u00f8rslene fr\u00e5 dei siste<br \/>\nti\u00e5ra: Occupy Wall Street, Greta Thunbergs skolestreik for klimaet, den spanske<br \/>\nsosiale r\u00f8rsla Los Indignados, og p\u00e5peikar ein strukturell likskap. Dei er utan<br \/>\nmedlemslister og har vanskar med \u00e5 opptre strategisk og disiplinert. Han siterer<br \/>\nden slovenske filosofen Slavoj \u017di\u017eek\u00a0som sa at alle kan arrangere eit<br \/>\nkarnevalsopptog, sp\u00f8rsm\u00e5let er kva som er att neste morgon. Og det er dette<br \/>\nJ\u00e4ger eigentleg er opptatt av. Bokas undertittel er \u00abekstrem politisering uten<br \/>\npolitiske f\u00f8lger\u00bb. <\/p>\n<p>Det gjeld<br \/>\niallfall for den typen r\u00f8rsler J\u00e4ger set sitt h\u00e5p til. Boka blei utgitt i 2023,<br \/>\ns\u00e5 J\u00e4ger inkluderer ogs\u00e5 diverse ytre h\u00f8gre-r\u00f8rsler i analysen. Med Donald<br \/>\nTrump som president i USA har det skjedd ei s\u00e5 radikal og rask omkalfatring av landet<br \/>\nat ein m\u00e5 kunne snakke om ei hyperpolitisert tid med enorme politiske endringar.<br \/>\nDette sa J\u00e4ger seg ogs\u00e5 einig i d\u00e5 han bes\u00f8kte Norsk Sakprosafestival for nokre<br \/>\nveker sidan. <\/p>\n<p>Analysen<br \/>\nhans byr likevel p\u00e5 ei slags forklaring av dette. Han skriv at den radikale h\u00f8gresida<br \/>\nverkar vere betre organisert enn venstresida. MAGA-r\u00f8rsla er knytt til sterke kyrkjesamfunn<br \/>\nog organisasjonar som National Rifle Association, som samlar folk fr\u00e5 USAs<br \/>\nperiferi og eliten i det republikanske partiet. J\u00e4ger skriv ogs\u00e5 at samfunnets<br \/>\n\u00f8vste sjikt gjerne har ein distinkt felles kultur: dei sender barna p\u00e5 dyre<br \/>\nelitskoler, pleier nettverk som krev ein spesiell livsstil og luksusforbruk som<br \/>\ningen andre kan henge med i. I tillegg ser det ut som om dei har ein plan.<br \/>\nStadig meir av tenketanken Heritage Foundations notat <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/c977njnvq2do\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Project 2025<\/a> blir gjort verkeleg i dagens USA. <\/p>\n<p>J\u00e4ger<br \/>\nskildrar eit havari. Men han har ogs\u00e5 h\u00e5p. J\u00e4ger knyter det til reinstitusjonalisering.<br \/>\nDet er eit langt ord for medlemsorganisasjonar med struktur og strategi. Dei<br \/>\nsiste \u00e5ra har iallfall vist oss at den som vil ha sosial rettferd, gr\u00f8nt skifte<br \/>\nog solidaritet ikkje kjem s\u00e6rleg langt om ein held seg til nettbaserte indignasjonsfellesskap.<\/p>\n<p class=\"italic m-italic\" data-lab-italic=\"italic\">F\u00e5 nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg p\u00e5\u00a0<a href=\"https:\/\/www.dagsavisen.no\/om-dagsavisen\/2023\/12\/20\/fa-daglig-nyhetsbrev\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">her<\/a>!<\/p>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.dagsavisen.no\/kommentar\/er-det-nettopp-deg-vi-leter-etter\/10053678\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.dagsavisen.no\/a\/10053678\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>            Er det nettopp deg vi leter etter?<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Skolestreik for klimaet er blant dei mange venstreorienterte aktivistiske gater\u00f8rslene fr\u00e5 dei siste ti\u00e5ra som er utan medlemslister&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":89539,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-89538","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115566536505501314","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89538","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=89538"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89538\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/89539"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=89538"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=89538"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=89538"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}