{"id":89798,"date":"2025-11-18T06:51:11","date_gmt":"2025-11-18T06:51:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/89798\/"},"modified":"2025-11-18T06:51:11","modified_gmt":"2025-11-18T06:51:11","slug":"79-datasenter-forsterkar-forskjellane-mellom-fattig-og-rik-i-kommune-noreg-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/89798\/","title":{"rendered":"79 datasenter forsterkar forskjellane mellom fattig og rik i Kommune-Noreg \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<p>Siste oppteljing viser at det er 79 datasenter i Noreg \u2013 heilt i tr\u00e5d med vyane til regjeringa om \u00e5 skape konkurransedyktige vilk\u00e5r for ein vekstindustri med l\u00e5gt karbonavtrykk.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r datasenterstrategien st\u00f8yter mot den 100 \u00e5r gamle lova om konsesjonskraft, har det dukka opp eit par uventa konsekvensar:<\/p>\n<ol>\n<li>Den oppmuntrar kraftkommunane til \u00e5 bruke meir kraft.<\/li>\n<li>Den forstyrrar fordelinga av kraftinntekter.<\/li>\n<\/ol>\n<p>I denne saka gjer vi greie for 2008-vedtaket om \u00e5 definere datasenter som noko anna enn \u00abindustri\u00bb, og eit verkemiddelapparat som strevar med \u00e5 stokke beina. Prisen betaler gode naboar.<\/p>\n<p>I Sirdal tar dei vare p\u00e5 den gode naboskapen ved \u00e5 vere rause og sjener\u00f8se i staden for \u00e5 f\u00f8lge lovteksten slavisk<\/p>\n<p>Det er ein tysdag i november og det surklar og krafsar i bekker, oppdrettsanlegg og turbinar.<\/p>\n<p>Gjennom bilvindauget glir bedehus, Joker-butikkar, grustak, merdar og vindturbinar forbi.<\/p>\n<p><strong>Og eit datasenter i ein gamal gruvesjakt.<\/strong><\/p>\n<p>Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) er p\u00e5 rundreise i Sogn og Fjordane, og turen har komme til Lefdal Mine Datacenter under fjorden utanfor M\u00e5l\u00f8y.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) er p\u00e5 rundreise i Sogn og Fjordane, og turen har komme til Lefdal Mine Datacenter utanfor M\u00e5l\u00f8y.&#10;\" title=\"Foto: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Kvar og ein av oss er innom minst 40 datasenter om dagen n\u00e5r vi er p\u00e5 nett. Da er det viktig at vi har trygge datasenter i Noreg, og at datasentern\u00e6ringa er berekraftig og bidrar til arbeidsplassar, seier Tung. Her p\u00e5 bes\u00f8k i Lefdal Mine Datacenter. <\/p>\n<p>Foto: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet<\/p>\n<p>Dei siste \u00e5ra har vekslande regjeringar rydda unna praktiske, tekniske og juridiske hinder som st\u00e5r i vegen for utbygginga, og denne m\u00e5naden blei datasenter nummer <a href=\"https:\/\/nkom.no\/datasenter\/oversikt\" ec-id=\"https:\/\/nkom.no\/datasenter\/oversikt\" ec-name=\"79\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">79 <\/a>registrert.<\/p>\n<p>Heilt i tr\u00e5d med <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/tydeliggjor-krav-til-sikkerhet-og-setter-mal-for-en-barekraftig-og-samfunnsnyttig-datasenternaring\/id3113430\/\" ec-id=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/tydeliggjor-krav-til-sikkerhet-og-setter-mal-for-en-barekraftig-og-samfunnsnyttig-datasenternaring\/id3113430\/\" ec-name=\"visjonen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">visjonen<\/a> om at Noreg skal vere det beste vertskapet i verda for kritisk digital infrastruktur med l\u00e5gt karbonavtrykk.<\/p>\n<p>Men aldri s\u00e5 godt at det ikkje er vondt for noko.<\/p>\n<p><strong>Dette er historia om kva som skjer n\u00e5r 79 datasenter st\u00f8yter mot ei hundre \u00e5r gammal solidaritetsordning som heiter \u00abkonsesjonskraft\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>Kortversjonen er at kollisjonen f\u00f8rer til ufred og d\u00e5rleg stemning blant det som var gode naboar.<\/p>\n<p>Den lange versjonen er at det ogs\u00e5 kan g\u00e5 bra. Det f\u00e5r du h\u00f8yre meir om heilt nedst i saka.<\/p>\n<p>Kva er konsesjonskraft?<\/p>\n<p>Konsesjonskraft er ei ordning i Noreg som gir kommunar og fylkeskommunar rett til \u00e5 f\u00e5 ein del av den krafta som blir produsert innanfor deira geografiske omr\u00e5de.<\/p>\n<p>Dette er eit av krava til kraftselskapa n\u00e5r dei f\u00e5r l\u00f8yve til \u00e5 utnytte vassressursar til kraftproduksjon.<\/p>\n<p>Ordninga blei etablert som eit verkemiddel for \u00e5 sikre at lokalsamfunna f\u00e5r direkte nytte av dei naturressursane som dei forvaltar.<\/p>\n<p>Konsesjonskrafta blir typisk levert til ein pris som ligg godt under marknadsprisen, noko som kan bidra til l\u00e5gare straumprisar for innbyggarar og n\u00e6ringsliv i dei aktuelle kommunane.<\/p>\n<p>Dei same kommunane kan ogs\u00e5 velje \u00e5 selje krafta vidare \u2013 med forteneste.<\/p>\n<p><strong>Konsesjonskraftprisen for 2025 er fastsett til 12,89 \u00f8re per kilowattime (kWh).<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde viser et stort byggeprosjekt med en ny fabrikkbygning under konstruksjon. Bygningen har et lyst, flatt tak og er omgitt av maskiner og arbeidsomr\u00e5der. Flere lastebiler og utstyr er plassert langs veien, mens det er synlig mye jordarbeid rundt. Omgivelsene inkluderer skog og \u00e5pne omr\u00e5der med h\u00f8stfarger.\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">For 20 \u00e5r sidan hadde internett knapt 100 millionar brukarar p\u00e5 verdsbasis. I dag er vi meir enn 4 milliardar menneske som sender, s\u00f8ker og str\u00f8ymer. Dei neste \u00e5ra vil kunstig intelligens auke databruken ytterlegare.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>\u2013 Heilt hol i hovudet<\/p>\n<p>Da systemet med konsesjonskraft blei innf\u00f8rt p\u00e5 byrjinga av 1900-talet, handla det om \u00e5 kompensere vertskommunen for tapte naturverdiar og \u00e5 sikre \u00abelektrisk kraft til smaaindustri, gardsdrift og belysning\u00bb i heile landet.<\/p>\n<p>For \u00e5 sikre regional aksept blei det i tillegg bestemt at fylket skulle f\u00e5 den konsesjonskrafta som var til overs n\u00e5r vertskommunen var forsynt.<\/p>\n<p>Dermed var alle partar vel forlikte.<\/p>\n<p><strong>Vel hundre \u00e5r seinare har \u00abdatasenter-kappl\u00f8pet\u00bb sett balansen mellom regionale og lokale interesser i spel:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Dei rikaste kommunane f\u00e5r ein st\u00f8rre del av kaka.<\/li>\n<li>Og kakestykket blir st\u00f8rre jo meir straum dei bruker.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Paradokset er at begge ting skjer p\u00e5 same tid som myndigheitene oppmuntrar til \u00e5 spare straum og til \u00e5 spreie inntektsstraumane i Kommune-Noreg jamnare utover.<\/p>\n<p>Medlem av energi- og milj\u00f8komiteen p\u00e5 Stortinget, Sofie Marhaug (Raudt) seier til NRK at det er \u00abheilt hol i hovudet\u00bb korleis systemet spenner bein p\u00e5 seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Ho krev full stans i utbygginga av datasenter innan staten greier \u00e5 stokke beina.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er ein skummel felle. Det er store tek-gigantar som tener godt p\u00e5 dette, ikkje Noreg, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p>Dette svarer regjeringa<\/p>\n<p>Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister<\/p>\n<p>\u2013 Datasenter er moderne industribygging som bidrar til lokale arbeidsplassar i distriktet og til lagring, eller prosessering av viktige data om norske innbyggarar.<\/p>\n<p>\u2013 I Nordfjordeid er det investert milliardar i eit datasenter i ei nedlagd gruve som sikrar arbeid til fleire lokale bedrifter innan, bygg, elektro og data. Det kjem i tillegg til dei 40 tilsette ved datasenteret. Det er oppsiktsvekkande at Marhaug er ein klar motstandar av lagring av data om norske innbyggarar p\u00e5 norsk jord og viktige arbeidsplassar i distrikt-Noreg, som i Nordfjordeid.<\/p>\n<p>\u2013 Noregs fremste superdatamaskin (Olivia) for forsking, offentleg sektor og utvikling st\u00e5r plassert i Lefdal Mine og blir blant anna brukt til kunstig intelligens. Dedikerte KI-datasenter p\u00e5 norsk jord styrker Noregs posisjon i det globale KI-kappl\u00f8pet. Det er viktig for oppbygging av nasjonale spr\u00e5kmodellar, for forsking p\u00e5 kreft og det bidrar til kompetansebygginga og arbeidsplassar innan kunstig intelligens i Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 Ber preg av \u00e5 ha blitt etablert i ei anna tid<\/p>\n<p>NRK har snakka med fleire som tidfestar syndefallet til 2018.<\/p>\n<p>Da bestemte regjeringa at datasenter ikkje er for industri \u00e5 rekne, etter <a href=\"https:\/\/lvk.no\/media\/sites\/2\/2021\/09\/2019-08-09_lvk_arsberetning_2018_endelig_webversjon-1.pdf\" ec-id=\"https:\/\/lvk.no\/media\/sites\/2\/2021\/09\/2019-08-09_lvk_arsberetning_2018_endelig_webversjon-1.pdf\" ec-name=\"p\u00e5trykk\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">p\u00e5trykk<\/a> fr\u00e5 Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).<\/p>\n<p><strong>I staden blei straumbruken i datasenter definert som <a href=\"https:\/\/www.europower.no\/politikk\/datasentre-kan-gi-kommunene-mer-konsesjonskraft\/1-2-289645\" ec-id=\"https:\/\/www.europower.no\/politikk\/datasentre-kan-gi-kommunene-mer-konsesjonskraft\/1-2-289645\" ec-name=\"\u00abalminneleg forbruk\u00bb\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00abalminneleg forbruk\u00bb<\/a>.<\/strong><\/p>\n<p>For kraftkommunar betyr det at dei kan bli vertskap for fleire vanlege straumbrukarar, og dermed f\u00e5r ein st\u00f8rre del av konsesjonskrafta.<\/p>\n<p>Prisen betaler naboane, som skulle f\u00e5 restane.<\/p>\n<p>(Meir detaljert forklaring her.)<\/p>\n<p>Abelia-direkt\u00f8r \u00d8ystein E. S\u00f8reide meiner klassifiseringa av datasenter heng igjen i gamle f\u00f8restillingar om at \u00abindustri\u00bb er noko som produserer fysiske varer.<\/p>\n<p><strong>Han seier skiljet mellom tradisjonell og ny kraftforedling (som datasenter) er \u00abutdatert og manglar fagleg grunngiving\u00bb:<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Datasenter vidareforedlar energi til tenester med h\u00f8g verdiskaping p\u00e5 same m\u00e5te som annan industri, og er ein del av det samla industrielle \u00f8kosystemet.<\/p>\n<p>Dagleg leiar i Kraftfylka, Olav Hallset, meiner det er p\u00e5 tide \u00e5 justere systemet p\u00e5 ein m\u00e5te \u00absom ikkje set kommunar og fylkeskommunar opp mot kvarandre\u00bb:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det kan vere gode grunnar til \u00e5 revurdere klassifiseringa. Ho ber preg av \u00e5 ha blitt etablert i ei anna tid.<\/strong><\/p>\n<p>Derfor er definisjonen omstridd<\/p>\n<p>Fleire har etterlyst ein meir finmaska definisjon av kva eit datasenter eigentleg er og kva for ein kategori dei tilh\u00f8yrer.<\/p>\n<p>Resonnementet g\u00e5r slik: Dersom datasenteret er vert for kommunen si webl\u00f8ysing og e-postar, s\u00e5 er det rimeleg \u00e5 tenke p\u00e5 det som lokal tenesteproduksjon, og ikkje industri.<\/p>\n<p>Men eit datasenter kan ogs\u00e5 vere ein del av industrielle \u00f8kosystemet: Eit datasenter som har ein eksportretta og kraftintensiv operasjon, er for alle praktiske form\u00e5l for industri \u00e5 rekne.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.\" title=\"Foto: Hafslund Eco\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Da det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet i 2022 foreslo at kraftkommunane burde vere meir solidariske med resten av Kommune-Noreg, blei forslaget \u00ablagt d\u00f8dt\u00bb etter berre \u00e9in dag. Ogs\u00e5 tidlegare fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 omfordele norske kraft-milliardar har stranda. I 2020 snudde Solberg-regjeringa etter at 200 vasskraftkommunar reiste bust.<\/p>\n<p>Foto: Hafslund Eco<\/p>\n<p>\u2013 M\u00e5 bli mykje hardare regulert<\/p>\n<p>NRK har tidlegare <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestfoldogtelemark\/vinje-kommune-vil-bygge-datasenter-ved-vinjevatn-og-totak-1.16783612\" ec-id=\"pp:article:1.16783612\" ec-name=\"skrive\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skrive<\/a> om Telemark-kommunen Vinje, som har \u00abmeir konsesjonskraft enn dei klarer \u00e5 bruke\u00bb, og derfor planlegg to datasenter.<\/p>\n<p>Eit anna eksempel er Sirdal kommune, som i dag bruker rundt ein tredel av det potensielle konsesjonskraftvolumet sitt.<\/p>\n<p><strong>Om dei utnytta heile potensialet, kunne kommunen hatt fleire titals millionar i auka inntekter.<\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00e5 utrekninga her.<\/p>\n<p><strong>Marhaug karakteriserer \u00abdatasenter-kappl\u00f8pet\u00bb som eit slags omvendt kinderegg:<\/strong><\/p>\n<ol>\n<li>Fleire datasenter aukar presset p\u00e5 naturen<\/li>\n<li>Det gir <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sorlandet\/mener-nytt-datasenter-_spiser_-en-fjerdepart-av-strombuffer-1.17547041\" ec-id=\"pp:article:1.17547041\" ec-name=\"h\u00f8gare\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">h\u00f8gare<\/a> straumprisar <\/li>\n<li>Det <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/uro-for-kraftmangel-i-noreg-_-landet-kan-bli-_stovsugd_-for-straum-1.16780535\" ec-id=\"pp:article:1.16780535\" ec-name=\"\u00abst\u00f8vsugar\u00bb\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00abst\u00f8vsugar\u00bb<\/a> landet for kraft<\/li>\n<\/ol>\n<p>I fjor blei det klart at Google \u00f8nsker 7,5 terawattimar til eit nytt datasenter i Skien. <\/p>\n<p>Det svarer til 5 prosent av den norske straumbruken og er meir enn dobbelt s\u00e5 mykje som elektrifiseringa av Melk\u00f8ya vil koste (3,6 TWh).<\/p>\n<p><strong>\u2013 Denne n\u00e6ringa m\u00e5 bli mykje hardare regulert, seier Marhaug.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 V\u00e5r eiga sikkerheit og infrastruktur m\u00e5 vere f\u00f8rande, ikkje smotthol i tildelinga av konsesjonskraft mellom kommune og fylkeskommune. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet er tatt under leggingen av r\u00f8rgate ned til Glomfjord kraftverk i Mel\u00f8y kommune i Nordland i 1918. Den gang var det ikke samme krav til arbeidsforhold og sikkerhet som i dag. \" title=\"Foto: Statkraft\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Prinsippet bak det norske kraftmirakelet blei f\u00f8rste gong formulert av kong Salomo for 3000 \u00e5r sidan: Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane f\u00f8r har runne, fortset dei \u00e5 renne.<\/p>\n<p>Foto: Statkraft<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar: \u2013 M\u00e5 kome heile regionen til gode<\/p>\n<p><strong>I Agder har vasstraumen fr\u00e5 Sirdalheiene til havet s\u00f8rgt for kraftinntekter, vekst og levande bygdesamfunn i meir enn femti \u00e5r. <\/strong><\/p>\n<p>Sirdal-ordf\u00f8rar Jonny Liland (Ap) ser inga motsetning mellom lokale og regionale interesser. <\/p>\n<p>Kommunen gjer det godt n\u00e5r fylket har det godt \u2013 og vice versa.<\/p>\n<p>Om fordelinga av konsesjonskraft endrar seg som f\u00f8lge av eit datasenter, har derfor kommunen og fylkeskommunane blitt einige om ei anna fordeling enn det lova legg opp til. <\/p>\n<p>Av same grunn har kommunen sponsa rassikringar og oppgraderingar p\u00e5 fylkesvegane, forklarar Liland: <\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi vil bidra p\u00e5 ein m\u00e5te som kjem heile regionen til gode.<\/strong><\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Jonny Liland\"  width=\"3840\" height=\"2157\" loading=\"lazy\"\/>Jonny Liland, ordf\u00f8rar Sirdal kommune og nestleiar i LVK\n<p>Det er rimeleg at delar av verdiskapinga blir igjen der verdiane blir utnytta. S\u00e5 inneber etablering av datasenter n\u00e6r produksjonen ein stor naturmessig gevinst. Da unng\u00e5r ein \u00e5 bygge milevis med linjer i ur\u00f8rt natur.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Mann i r\u00f8d gensen H\u00e5vard Kilhavnmann i gr\u00f8nn jakke: Truls Gulowsenkvinne i hvir t-skjorte: Vivian Kaulen Nedenesmanni dress uten slips: Andreas Fl\u00e5m \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Hallgeir Braastad \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet<\/p>\n<p>Utan ein heilskapleg plan, er utbygginga katastrofalt for andre kraftbrukarar, for energiomstillinga og for naturen. Noreg treng ein seri\u00f8s diskusjon om kor mange datasenter vi skal vere vertskap for, kor mykje kraft dei kan bruke, kor dei skal ligge og om det er greitt at enorme mengder overskotsvarme ikkje blir utnytta. Inntil da: Pause!<\/p>\n<p>(fr\u00e5 debattinnlegg hos <a href=\"https:\/\/www.altinget.no\/digital\/artikkel\/vi-trenger-en-serioes-diskusjon-om-hvor-mange-datasentre-vi-skal-vaere-vertskap-for\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Altinget<\/a>.)<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Rikard Spets i norsk fyrverkeriforening\"  width=\"3840\" height=\"2155\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        privat\n      <\/p>\n<p>Rikard Spets (Frp), medlem i energi- og milj\u00f8komiteen<\/p>\n<p>Datasenter er ein naturleg del av den digitale utviklinga og bidrar til effektivisering og verdiskaping. Det er ogs\u00e5 eit poeng at n\u00e5r data blir lagra i Noreg, styrkar vi b\u00e5de beredskap og nasjonal sikkerheit. Problemet er ikkje datasentera \u2013 problemet er at regjeringa har svekt kraftoverskotet gjennom ukritisk elektrifisering av samfunnet, som ved elektrifisering av sokkelen.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"\u00d8ystein E. S\u00f8reide\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\u00d8ystein E. S\u00f8reide, administrerande direkt\u00f8r i Abelia\n<p>Kraftsystemet b\u00f8r bygge p\u00e5 prinsipp om n\u00e6ringsn\u00f8ytralitet og teknologin\u00f8ytralitet. For \u00e5 st\u00f8tte Noregs omstillingsevne b\u00f8r klassifisering og prissetting av kraft vere teknologi- og n\u00e6ringsn\u00f8ytral, og baserast p\u00e5 objektive kriterium. Dette vil bidra til eit meir f\u00f8reseieleg kraftregime og gi like rammevilk\u00e5r for b\u00e5de tradisjonell industri og moderne datasenter- og teknologiverksemd.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Olav Hallset\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>Olav Hallset, dagleg leiar i Kraftfylka\n<p>Det kan vere gode grunnar til \u00e5 revurdere klassifiseringa om kraftforedlande industri. Det naturlege ville vere \u00e5 legge faktisk energiforbruk til grunn for \u00e5 vurdere om det er \u00e5 rekne som kraftkrevjande eller ikkje. Hovudanliggandet v\u00e5rt er \u00e5 bidra til at det blir etablert auka produksjon av fornybar energi, meir effekt og auka nettkapasitet, i samarbeid med kommunane.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Reynir Jhannesson\"  width=\"3840\" height=\"2156\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Norsk datasenterindustri\n      <\/p>\n<p>Reynir J\u00f3hannesson, Dagleg leiar i Norsk datasenterindustri<\/p>\n<p>Dei fleste av oss bruker fleire titals datasenter kvar einaste dag utan \u00e5 tenke over at det er slik det fungerer. N\u00e5r vi digitaliserer transport, helsevesen, undervisning og industri, aukar behovet for datakraft. \u00c5 framstille dette som \u00abluksusforbruk\u00bb eller \u00abnice to have\u00bb er \u00e5 undervurdere den digitale grunnmuren som heile samfunnet n\u00e5 st\u00e5r p\u00e5.<\/p>\n<p>(fr\u00e5 debattinnlegg hos <a href=\"https:\/\/www.altinget.no\/artikkel\/hvis-ikke-vi-bygger-datasentre-gjoer-andre-det-for-oss\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Altinget<\/a>.)<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"En kvinne med kort blondt h\u00e5r sitter i en m\u00f8tesal. Hun har p\u00e5 seg en hvit bluse med h\u00f8y hals. Bakgrunnen viser en rekke spesialdesignede stoler i mahogny. Lysstr\u00f8mning fra vinduet bidrar til rommets seri\u00f8se atmosf\u00e6re.\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ole Berg-Rusten \/ NTB\n      <\/p>\n<p>Sofie Marhaug, andre nestleiar i Raudt <\/p>\n<p>Noreg har allereie datasenter med langt st\u00f8rre kapasitet enn det folket i Noreg lagrar og prosesserer av data i dag. Store tek-gigantar tener godt p\u00e5 dette, men det gjer ikkje Noreg i stort.\u00a0Raudt vil ha ein full stopp i utbygginga av datasenter til vi f\u00e5r eit nasjonalt konsesjonssystem p\u00e5 plass.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Siste oppteljing viser at det er 79 datasenter i Noreg \u2013 heilt i tr\u00e5d med vyane&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":89799,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-89798","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115569379433635166","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89798","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=89798"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89798\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/89799"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=89798"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=89798"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=89798"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}