{"id":90106,"date":"2025-11-18T13:30:18","date_gmt":"2025-11-18T13:30:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90106\/"},"modified":"2025-11-18T13:30:18","modified_gmt":"2025-11-18T13:30:18","slug":"vert-dei-folkevalde-i-hareid-fort-bak-lyset","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90106\/","title":{"rendered":"Vert dei folkevalde i Hareid f\u00f8rt bak lyset?"},"content":{"rendered":"<p><a href=\"https:\/\/www.vikebladet.no\/i\/0Vwl5g\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">I kommunedirekt\u00f8ren sitt framlegg til budsjett vert det foresl\u00e5tt skulenedlegging som innsparingstiltak.<\/a> Eine forslaget er Bigset skule. \u00abF\u00f8rebelse utrekningar viser at kommunen vil spare omlag 6 millionar kroner \u00e5rleg p\u00e5 dette.\u00bb, st\u00e5r det p\u00e5 kommunen sine eigne nettsider. Kva i alle dagar er det slags uferdig reknestykke dokker serverer til v\u00e5re folkevalde? Skal dei verkeleg fatte vedtak basert p\u00e5 desse tala?<\/p>\n<p>Det er provoserande for oss foreldre \u00e5 m\u00e5tte bruke store mengder dugnadstimar fr\u00e5 fleirfaldige personar p\u00e5 \u00e5 gjere research, for s\u00e5 \u00e5 f\u00e5 bekrefta at mistankane v\u00e5re er korrekte. Denne posten i budsjettet framst\u00e5r som d\u00e5rleg f\u00f8rebudd, ber preg av hastverksarbeid og har i beste fall store manglar i informasjonsinnhenting. Dette forhasta forslaget, som er stikk i strid med dei signala som er sendt ut, ogs\u00e5 heilt nyleg, er ikkje tillitsvekkande. Det heile har ein eim av br\u00f8nnpissing.<\/p>\n<p>Er dette ein fordekt m\u00e5te \u00e5 sette grupper opp i mot kvarandre for \u00e5 f\u00e5 flytte fokus? N\u00e5r krybben er tom bites hestene heiter det. Vi p\u00e5 Bigset nektar \u00e5 la dette rive sund bygda v\u00e5r. Det er ikkje v\u00e5r kultur, vi veit betre enn \u00e5 g\u00e5 etter nesten v\u00e5r. Men administrasjonen i Hareid har her gitt oss ein kort tidsfrist til \u00e5 svare ut p\u00e5standane sine. Dette har auka det psykiske stresset hos oss innbyggarane. B\u00e5de store og sm\u00e5. Og det har vore vanskeleg \u00e5 halde utspel fri fr\u00e5 kjensleladda formuleringar.<\/p>\n<p>La oss sj\u00e5 litt p\u00e5 caset Bigset skule:<\/p>\n<p>Vi ser ikkje vekk i fr\u00e5 at Bigset skule har eit straumforbruk per kvm. som er bort i mot halvparten av det andre skulebygg i kommunen har. Bigset skule er ein gr\u00f8n skule, det vil seie at den har fokus p\u00e5 lavt forbruk i praksis. Flagget vaiar i flaggstonga som FAU har skaffa skulen. Dei sosiale tilh\u00f8va p\u00e5 skulen er gode og det er eit godt heim-skulesamarbeid. Klasseroma p\u00e5 Bigset er store, og h\u00f8ver godt til varierte l\u00e6ringsaktivitetar. Oppsummeringa v\u00e5r er at dette m\u00e5 vere det beste skulebygget i Hareid. Kommunen har publisert tal som viser at Bigset skule brukar f\u00e6rrast kroner pr. elev. At det kan sparast 6 millionar p\u00e5 \u00e5 legge ned skulen kan ikkje stemme.<\/p>\n<p>Erfaringar fr\u00e5 andre stadar har vist at det psykiske stresset ved overfylte skular gir fleire sjukmeldingar, s\u00e5leis auka vikarbruk og tapte innsparingar. Oppfylging av elevar som fell utanfor pga. l\u00e5g vaksentettleik kostar mykje og blir dyrt. Resultata kjem til \u00e5 bli d\u00e5rlegare.<\/p>\n<p>Kva plan har dokker for v\u00e5re sm\u00e5 som skal krysse den h\u00f8gtrafikkerte ferdsels\u00e5ra i Hareidsdalen p\u00e5 veg til eit busstopp midt i rushtida? Har dokker rekna inn kostnadane for dei trafikale sikringstiltaka, gangbru og liknande? Hugs at det tok fleire ti\u00e5r f\u00f8r vi fekk den einaste trygge kryssinga vi har av Hareidsvegen!<\/p>\n<p>Har dokker rekna inn skysskostnadar, og eventuelle utbetringar av fasilitetar p\u00e5 Hareid skule? Tatt h\u00f8gde for SFO, uteomr\u00e5de og liknande? Ugjennomarbeidde budsjettpostar med slike manglar kan vanskeleg gi ein god rekneskap. Logikken til administrasjonen i skulenedleggingsforslaget blir som \u00e5 slutte drive vedlikehald av eit hus, for s\u00e5 \u00e5 kalle det eit langsiktig sparetiltak. Dette er lite tillitsvekkande.<\/p>\n<p>For nokre veker sidan sa leiinga i kommunen at skulenedlegging ikkje er noko dei jobbar med. Korleis kan dokker d\u00e5 legge fram dette no? Kvifor utgreier dokker ikkje kostnadane fyrst og presenterer s\u00e5 reelle gjennomarbeidde tal til dei folkevalde? Dette viser kor prematur prosessen er.<\/p>\n<p>Sp\u00f8r gjerne oss i krinsen om kva vi tenker dokker treng \u00e5 ta med n\u00e5r det skal utgreiast, for eksempel:<\/p>\n<p>Bigset krins har jamn tilflytting av barnefamiliar, heimattvende s\u00e5 vel som folk fr\u00e5 nabokommunar som tenker at boligprisane i Ulsteinvik er noko hissige. Det har vor stipulert lave elevtal f\u00f8r; femti elevar i \u00e5r to tusen og ditt og 50 elevar i \u00e5r to tusen og datt. Skremselstala har aldri f\u00f8r halde seg oppe. Viss vi beheld skule og barnehage p\u00e5 Bigset kjem det ikkje til \u00e5 skje denne gongen heller. Her er noko flott og unikt her framme; den gode gamle kulturen, dugnad, basar, julegrantenning, p\u00e5gangsmot, 17. mai, bygdetun og godt naboskap. Slik som vi bygde og framleis bygger landet p\u00e5. Berre sj\u00e5 p\u00e5 talet aspirantar i skulekorpset v\u00e5rt! Det er ein grunn til at mange i Hareid krins \u00f8nskjer \u00e5 sende borna sine framover.<\/p>\n<p>Viss dokker legg ned skulen vil tilflyttinga til kommunen g\u00e5 ned, forgubbinga g\u00e5 opp, skatteinntektene fr\u00e5 foreldra utebli og overf\u00f8ringane fr\u00e5 staten g\u00e5 ned. Det er det dyraste dokker kan gjere. Ikkje kast eit lite stykke kultur-Noreg p\u00e5 kortsiktigheitas b\u00e5l!<\/p>\n<p>Er denne prosessen dokkar i det heile tatt lovleg? Kan ein legge inn i budsjettinnsparingar postar som i ettertid krev utgreiing, h\u00f8yring og vedtak for \u00e5 kunne gjennomf\u00f8re? Kva med prinsippet om kva som er barnets beste? Kva er best samfunnsmessig, pedagogisk og \u00f8konomisk? Har dei tilsette ved skulane f\u00e5tt uttale seg? Vi foreldre har i alle fall ikkje f\u00e5tt det.<\/p>\n<p>Denne budsjettposten om skulenedlegging treng meir arbeid f\u00f8r den b\u00f8r leggast fram for votering. Om det er med overlegg eller ikkje s\u00e5 har administrasjonen ikkje belyst kostnadane godt nok, og dermed st\u00e5r dei folkevalde i m\u00f8rket, eller bak lyset.<\/p>\n<p>Budsjett\u00e8r heller med sal av overfl\u00f8dige bygg. Og nei, Bigset skule er ikkje eit av dei.<\/p>\n<p><strong>Noko du vil dele di meining om? Send inn dine lesarbrev til\u00a0<a href=\"https:\/\/www.vikebladet.no\/meiningar\/lesarbrev\/i\/MnxMbr\/mailto:redaksjon@vikebladet.no\" rel=\"noopener nofollow\" target=\"_blank\">redaksjon@vikebladet.no<\/a><\/strong><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.vikebladet.no\/meiningar\/n\/KMWydo\/send-inn-dine-lesarbrev\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">   Send inn dine lesarbrev  <\/a> <\/p>\n<p>Open <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I kommunedirekt\u00f8ren sitt framlegg til budsjett vert det foresl\u00e5tt skulenedlegging som innsparingstiltak. Eine forslaget er Bigset skule. \u00abF\u00f8rebelse&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":90107,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[11828,20,21,24,25,10584,15,22,23,13,30,28,29,14,16,3129,26,27],"class_list":{"0":"post-90106","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-bigset","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-hareid","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-news","18":"tag-no","19":"tag-norge","20":"tag-norway","21":"tag-nyheter","22":"tag-overskrifter","23":"tag-skulenedlegging","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115570948554284463","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90106","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=90106"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90106\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/90107"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=90106"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=90106"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=90106"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}