{"id":90228,"date":"2025-11-18T16:21:12","date_gmt":"2025-11-18T16:21:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90228\/"},"modified":"2025-11-18T16:21:12","modified_gmt":"2025-11-18T16:21:12","slug":"usa-vil-selje-f-35-til-saudi-arabia-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90228\/","title":{"rendered":"USA vil selje F-35 til Saudi-Arabia \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Vi kjem til \u00e5 gjere det. Vi kjem til \u00e5 selje dei F-35-fly.<\/p>\n<p>Det sa USAs president Donald Trump i forkant av den saudiske kronprinsens bes\u00f8k i Det kvite huset tysdag ettermiddag.<\/p>\n<p>Saudi-Arabia har bedt om \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pe 48 av det avanserte kampflyet, og Trump er med.<\/p>\n<p>Dette skjer ikkje ofte. Det er i hovudsak berre USAs formelt allierte som f\u00e5r kj\u00f8pe fly av denne typen.<\/p>\n<p>I Midtausten har Israel vore aleine om \u00e5 ha flya, og alle fordelane som kjem med p\u00e5 kj\u00f8pet.<\/p>\n<p><strong>Om Trump no f\u00e5r vilja si, kan det endre den milit\u00e6re balansen i regionen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress med r\u00f8dt slips st\u00e5r ansikt til ansikt med en mann if\u00f8rt tradisjonell arabisk drakt. De er i et rom med m\u00f8rke vegger og dekorative detaljer. Bak dem st\u00e5r flere personer i tradisjonelle kl\u00e6r. Handlingen ser ut til \u00e5 v\u00e6re en formell samtale eller hilsen.\" title=\"Foto: BRENDAN SMIALOWSKI \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Donald Trump og Mohammed bin Salman i Riyadh i mai.<\/p>\n<p>Foto: BRENDAN SMIALOWSKI \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Handlar om ein ting<\/p>\n<p>\u00c5 sikre Israels milit\u00e6re fortrinn har vore s\u00e5 viktig for begge parti i amerikansk politikk at Kongressen skreiv det inn i lovverket i 2008.<\/p>\n<p>Kva er det USA vil ha fr\u00e5 Saudi-Arabia som gjer Trump villig til \u00e5 rokke ved dette?<\/p>\n<p>Midtausten-forskar Eirik Kvindesland m\u00e5 le litt p\u00e5 kontoret sitt i Wien f\u00f8r han gir fr\u00e5 seg det korte svaret:<\/p>\n<p>\u2013 Pengar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En gruppe mennesker st\u00e5r foran en stor skjerm med saudiarabiske og amerikanske flagg. En mann kledd i tradisjonelt saudiarabisk antrekk g\u00e5r mot scenen. Skjermen viser en video av en annen mann som g\u00e5r i en gang. Arrangementet finner sted innend\u00f8rs, belyst av krystallkroner.\" title=\"Foto: FAYEZ NURELDINE \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Trump og den saudiske kronprinsen, kjend som MBS, under Saudi-US investment forum i Riyadh i mai.<\/p>\n<p>Foto: FAYEZ NURELDINE \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>B\u00e5de Trump og kronprins Mohammed bin Salman (MBS) er glade i ein god \u00abdeal\u00bb. Det g\u00e5r rykte om at kronprinsens reisef\u00f8lge til Washington D.C. best\u00e5r av ein liten arm\u00e9 av forretningsmenn.<\/p>\n<p>Etter m\u00f8tet i Det kvite huset, skal eit saudisk-arabisk business forum g\u00e5 av stabelen i den amerikanske hovudstaden.<\/p>\n<p>Visjonar og investeringar<\/p>\n<p>MBS er tydeleg p\u00e5 at han vil forvandle landet sitt fr\u00e5 eit sv\u00e6rt konservativt oljerike til ein meir moderne stat med fleire \u00f8konomiske bein \u00e5 st\u00e5 p\u00e5. Han vil gjere Saudi-Arabia til b\u00e5de eit ferieparadis og ein global tungvektar innan kunstig intelligens (KI).<\/p>\n<p>Det heile er oppsummert i Saudi Vision 2030<\/p>\n<p>Men det betyr ikkje naudsynleg mindre autorit\u00e6rt.<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 den eine sida har det vore ein sosial liberalisering, men Mohammed bin Salman har ogs\u00e5 stramma grepet politisk, seier Midt\u00f8sten-forskar Charlotte Lysa ved Universitetet i Oslo til NRK (UiO).<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et panel av tre personer sitter i stoler p\u00e5 en scene under et arrangement. En av dem gestikulerer mens han snakker, mens de andre lytter oppmerksomt. I bakgrunnen er en stor skjerm som viser grafikk relatert til temaet. Publikum best\u00e5r av en blanding av menn og kvinner, kledd i formelle kl\u00e6r.\" title=\"Foto: Future Investment Initiative Media Center \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Donald Trump Jr, presidentens son, under den \u00e5rlege Future Investment Initiative-konferansen i Riyadh i oktober.<\/p>\n<p>Foto: Future Investment Initiative Media Center \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Den saudiske ambassad\u00f8ren til USA, prinsesse Reema bint Bandar, gjorde det klart at dei \u00f8nsker USA i ryggen under p\u00e5 eit businessforum i Miami for to veker sidan:<\/p>\n<p>\u2013 Der forholdet v\u00e5rt tidlegare var tufta p\u00e5 forsvar og olje, er det no teknologi, innovasjon og relasjonar som ligg til grunn, sa ho.<\/p>\n<p>Trump \u00f8nsker p\u00e5 si side \u00e5 realisere kronprinsens lovnad om \u00e5 investere 600 milliardar dollar i USA. Lovnaden blei gitt d\u00e5 presidenten bes\u00f8kte Golflanda i mai i \u00e5r, men har framleis ikkje blitt til faktiske investeringar.<\/p>\n<p>\u2013 Kampflya er nok eit av mange kort i samtalen om desse, trur Kvindesland.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eirik Kvindesland\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eirik Kvindesland er forskar ved Austrian Academy of Sciences.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>Dyrekj\u00f8pt sikkerheit<\/p>\n<p>Kronprinsen er villig til \u00e5 investere tungt i amerikansk \u00f8konomi i bytte mot tilgang p\u00e5 KI-teknologi, amerikansk l\u00f8yve til \u00e5 utvikle atomenergi og sikkerheitsgarantiar.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg etter Israels angrep p\u00e5 Qatar tidlegare i \u00e5r, har Golflanda sett seg om etter sikkerheitsgarantiar.<\/p>\n<p>Qatar fekk ein lovnad om vern i form av ein presidentordre signert Trump, men MBS er ute etter noko meir forpliktande.<\/p>\n<p>\u2013 Dei \u00f8nskjer seg eigentleg ein milit\u00e6rpakt, eller ein forsvarspakt. Ein sterkare forplikting fr\u00e5 USA, seier Charlotte Lysa ved UiO.<\/p>\n<p>Kvindesland peikar p\u00e5 noko av det same:<\/p>\n<p>\u2013 Saudiarane \u00f8nsker seg ein slags Nato-aktig allianse med USA. Det er vanskeleg for amerikanarane \u00e5 gi dei dette, men dei kan gi dei F-35, seier han.<\/p>\n<p>Framleis m\u00e5 salet bli godkjent av Kongressen. Om det g\u00e5r gjennom, vil Israels milit\u00e6re overtak i lufta bli utfordra.<\/p>\n<p>\u2013 Dei fryktar nok at Saudi-Arabia vil blande seg inn i deira aktivitetar i regionen. Dei siste \u00e5ra har vi sett at Israel bruker luftkapasitetane sine ikkje berre til \u00e5 forsvare seg, men ogs\u00e5 til \u00e5 aktivt p\u00e5verke regionen, seier Kvindesland.<\/p>\n<p>Han viser til nylege luftangrep i b\u00e5de Qatar og Syria.<\/p>\n<p>\u2013 Det bekymrar saudiarane, som vil unng\u00e5 destabilisering i fleire omr\u00e5de av regionen.<\/p>\n<p>Vil ha normalisering<\/p>\n<p>B\u00e5de USA og Israel er allierte av USA, samarbeider i all hemmelegheit p\u00e5 ei rekke felt. Men internt i regionen har dei ulike prioriteringar.<\/p>\n<p>Israelske tenestpersonar seier til Axios at dei ikkje er direkte imot at Saudi-Arabia f\u00e5r kj\u00f8pe kampflya. Men dei skal ha bedt Trump om \u00e5 feste ein f\u00f8resetnad ved kj\u00f8pet: Normalisering av forholdet til Israel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En stor digital skjerm viser en gruppe menn i dress, som st\u00e5r sammen. Skjermens tekst annonserer &quot;A New Chance For a New Middle East.&quot; I forkant av skjermen er det en r\u00f8d trafikksignal, en syklist og en motorsykkel med en sj\u00e5f\u00f8r. Omgivelsene viser en urbane gate med butikker.\" title=\"Foto: Violeta Santos Moura \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein reklameplakat for Abraham-avtalene i Ramat Gan i Israel i juni.<\/p>\n<p>Foto: Violeta Santos Moura \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Trump har sidan sin f\u00f8rste periode som president pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 Saudi-Arabia til \u00e5 g\u00e5 slutte seg til Abraham-avtalene, som formelt har normalisert forholdet mellom Israel og fleire arabiske nasjonar.<\/p>\n<p>Det er venta at han vil presse p\u00e5 for dette ogs\u00e5 under dagens bes\u00f8k. Men Kvindesland trur ikkje det blir noko normalisering med det f\u00f8rste.<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 ingen m\u00e5te. Der har Saudi-Arabia vore klinkande klare sidan 2002: Ingen normalisering utan ein palestinsk stat i Gaza og p\u00e5 Vestbreidda.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein plakat av Trump og MBS som tar kvarandre i handa\" title=\"Foto: JACK GUEZ \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Israel h\u00e5par at MBS sitt bes\u00f8k i Det kvite huset resulterer i normalisering med Saudi-Arabia.<\/p>\n<p>Foto: JACK GUEZ \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Blikk mot Vesten<\/p>\n<p>Saudi-Arabia har vore vestleg orientert sidan dei og USA formaliserte \u00abolje mot sikkerheit\u00bb-forholdet i 1945. Forholdet har stort sett vore godt, sett bort fr\u00e5 drapet p\u00e5 den amerikanske journalisten Jamal Khashoggi i 2018.<\/p>\n<p>\u2013 Saudi-Arabia har hatt eit godt forhold til USA b\u00e5de under Trumps f\u00f8rre administrasjon og administrasjonen som er n\u00e5, seier Midt\u00f8sten-forskar Charlotte Lysa.<\/p>\n<p>\u2013 Khashoggi-drapet har ikkje vore eit kritisk punkt mellom dei to landa p\u00e5 ei god stund.<\/p>\n<p>Men MBS sine ambisjonar om \u00e5 gi landet fleire \u00f8konomiske bein \u00e5 st\u00e5 p\u00e5, ikkje berre olja, har f\u00f8rt til ein meir ambisi\u00f8s utanrikspolitikk, seier seniorforskar Tine Gade ved Nupi.<\/p>\n<p>Kronprinsen har pleia forholda til BRICS-land som Russland og India, og fleire latinamerikanske land.<\/p>\n<p>\u2013 Desse relasjonane bruker han s\u00e5 til \u00e5 presse USA for \u00e5 oppn\u00e5 det han vil, seier Gade.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"MBS og den pakistanske statsministeren omfamnar kvarandre og held gr\u00f8nne b\u00f8ker\" title=\"Foto: Saudi Press Agency \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Pakistans statsminister Shehbaz Sharif og MBS etter \u00e5 ha signert ein forsvarsavtale i september.<\/p>\n<p>Foto: Saudi Press Agency \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld regionen trur Lysa at Saudi-Arabia h\u00e5per p\u00e5 fred og mindre uro.<\/p>\n<p>\u2013 Dei treng stabilitet rundt seg dersom de skal klare \u00e5 tiltrekke seg investeringar og turisme, seier ho, og peikar p\u00e5 at Saudi-Arabia skal arrangere fotball-VM i 2034.<\/p>\n<p>Trump vil p\u00e5 si side s\u00f8rge for at saudiarane held seg i den amerikanske sf\u00e6ren.<\/p>\n<p>\u2013 Han vil at dei skal vere knytte til USA heller enn Kina p\u00e5 felt som KI, finans og sikkerheit, seier tidlegare Midtausten-utsending Dennis Ross til The Times of Israel.<\/p>\n<p>Heldigvis for Trump, er USA framleis Saudi-Arabia sitt f\u00f8rsteval, if\u00f8lge Kvindesland.<\/p>\n<p>\u2013 Det er f\u00f8rst n\u00e5r det er uklart kor mykje USA er villig til \u00e5 gi, at saudiarane ser seg om andre plassar for \u00e5 f\u00e5 det dei treng.<\/p>\n<p>Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens eigen podkast:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>18.11.2025, kl. 16.37<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>18.11.2025, kl. 17.12<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Vi kjem til \u00e5 gjere det. Vi kjem til \u00e5 selje dei F-35-fly. Det sa USAs president&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":90229,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-90228","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115571620671298769","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90228","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=90228"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90228\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/90229"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=90228"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=90228"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=90228"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}