{"id":90637,"date":"2025-11-19T06:05:12","date_gmt":"2025-11-19T06:05:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90637\/"},"modified":"2025-11-19T06:05:12","modified_gmt":"2025-11-19T06:05:12","slug":"av-og-til-reagerer-pa-vinmonopolet-sin-julekalender-med-akevitt-i-desember-nrk-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/90637\/","title":{"rendered":"Av-og-til reagerer p\u00e5 Vinmonopolet sin julekalender med akevitt i desember \u2013 NRK Nordland"},"content":{"rendered":"<p>Adventskalendrane har blitt ein fast del av julesalet.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Vinmonopolet sel ein variant med 24 sm\u00e5 flasker akevitt.<\/p>\n<p><strong>Alkovettorganisasjonen Av-og-til meiner det sender uheldige signal i ei tid der alkoholkonsumet allereie er h\u00f8gt blant nordmenn. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 telje ned til jul med sprit kvar dag i desember er ein d\u00e5rleg id\u00e9. Desember er allereie ein m\u00e5nad med mange h\u00f8ve til \u00e5 drikke.<\/p>\n<p>Det seier generalsekret\u00e6r Ragnhild Kaski.<\/p>\n<p>Folk p\u00e5 gata: \u2013 Hadde spart dei<\/p>\n<p>I 2024 blei det omsett 6,16 liter rein alkohol per person over 15 \u00e5r i Noreg.<\/p>\n<p>Det er 17 prosent mindre enn rekord\u00e5ret 2021, kor det blei omsett for 7,44 liter rein alkohol.<\/p>\n<p>Grensehandel er ikkje inkludert i den <a href=\"https:\/\/www.helsedirektoratet.no\/rapporter\/utviklingen-i-norsk-kosthold-2024\/energi-og-naeringsstoffer\/alkohol\" ec-id=\"https:\/\/www.helsedirektoratet.no\/rapporter\/utviklingen-i-norsk-kosthold-2024\/energi-og-naeringsstoffer\/alkohol\" ec-name=\"registrerte omsetnaden\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">registrerte omsetnaden<\/a> av alkohol.<\/p>\n<p><strong>Folk p\u00e5 gata i Bod\u00f8 er ikkje direkte negative til \u00e5 f\u00e5 ein akevittkalender, men dei NRK snakka med er n\u00f8kterne: <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Korleis hadde du reagert dersom du fekk ein slik adventskalender?<\/p>\n<p>    <img alt=\"en mann med briller\" width=\"1600\" height=\"2132\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>\u2013 Det verkar valdsamt. Eg hadde nok spara dei, kanskje gitt nokon vidare. Men det kostar jo litt, s\u00e5 tanken er jo fin. Og eg er jo glad i akevitt.<\/p>\n<p>Elias Albert Bergseth<\/p>\n<p><img alt=\"En ung mann if\u00f8rt hvit lue og svart jakke med mikrofon\" width=\"1600\" height=\"2132\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje meg \u00e5 drikke kvar dag i adventstida. Eg\u00a0 hadde nok tatt dei med p\u00e5 et vors. Helst et vors med 24 stykk<\/p>\n<p>Andreas Sandnes Olsen<\/p>\n<p><img alt=\"en kvinne st\u00e5r foran inngangen til Vinmonopolet\" width=\"1600\" height=\"2132\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde blitt kjempeforn\u00f8gd! Men eg hadde spart dei.<\/p>\n<p>\u2013 Du hadde ikkje drukke ei flaske kvar dag i desember, alts\u00e5? <\/p>\n<p>\u2013 \u00c5, nei, nei. Kanskje til julaftan og nytt\u00e5rsaften.<\/p>\n<p>Ingunn Pedersen<\/p>\n<p>Foto: Synn\u00f8ve Sundby Fallmyr\/NRK<\/p>\n<p>Kaski f\u00e5r st\u00f8tte fr\u00e5 nestleiar i KrF og helsepolitisk talsperson, Ida Lindtveit R\u00f8se.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er f<\/strong><strong>ullstendig toned\u00f8vt med ein julekalender som aktivt oppfordrar til \u00e5 drikke sprit kvar dag fram til jul.<\/strong> <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med langt lyst h\u00e5r og bl\u00e5 dressjakke.&#10;\" title=\"Foto: Nadir Alam \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">IKKJE IMPONERT: Vinmonopolet sin alkoholkalender f\u00e5r Ida Lindtveit R\u00f8se (KrF) til \u00e5 sj\u00e5 raudt.<\/p>\n<p>Foto: Nadir Alam \/ NRK<\/p>\n<p>Peikar p\u00e5 paradoks<\/p>\n<p>R\u00f8se seier til NRK at ho meiner Vinmonopolet b\u00f8r skrote produktet. <\/p>\n<p>Ho peikar p\u00e5 eit ansvar for \u00e5 ikkje bidra til meir fyll i ei h\u00f8gtid som b\u00f8r bli feira p\u00e5 barna sine premiss.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg lurer p\u00e5 kva Vinmonopolet har \u00e5 seie til desse barna? <\/strong><\/p>\n<p>(Les Vinmonopolet sitt svar lenger ned i saka).<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Kaski i Av-og-til tenker s\u00e6rleg p\u00e5 dei barna som allereie opplever at mamma og pappa har litt for mange grunnar til \u00e5 drikke meir i desember.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ragnhild Kaski\" title=\"Foto: Thomas Brun NTB Kommunikasjon\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ETTERLYSER ETISKE VAL: Kaski skulle \u00f8nske at nokon tok eit etisk val om \u00e5 ikkje tilby produktet, om det s\u00e5 er pol eller distribut\u00f8r.<\/p>\n<p>Foto: Thomas Brun NTB Kommunikasjon<\/p>\n<p>Reklameforbod mot alkohol<\/p>\n<p>If\u00f8lge reklameforbodet, som er heimla i <a href=\"http:\/\/lovdata.no\/dokument\/NL\/lov\/1989-06-02-27\/KAPITTEL_10#%C2%A79-2\" ec-id=\"http:\/\/lovdata.no\/dokument\/NL\/lov\/1989-06-02-27\/KAPITTEL_10\" ec-name=\"alkohollova\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">alkohollova<\/a>, er det <strong>ikkje tillate med s\u00e5kalla tilgift.<\/strong><\/p>\n<p>Det betyr at det f\u00f8lger med eit produkt, ein fordel eller ein tilleggseffekt ved kj\u00f8p av alkoholhaldig drikke, som er meint til \u00e5 <strong>tiltrekke seg kj\u00f8par si merksemd.<\/strong><\/p>\n<p>Her er nokre d\u00f8me p\u00e5 kva som blir rekna som tilgift:<\/p>\n<ul>\n<li><strong>G\u00e5veinnpakning <\/strong>som cellofan, sl\u00f8yfer, g\u00e5veposar og papirinnpakning som har til hensikt \u00e5 tiltrekke seg kj\u00f8par si merksemd.<\/li>\n<li><strong>Emballasje med klare<\/strong> <strong>tilleggsfunksjonar <\/strong>utover det \u00e5 vere emballasje. For eksempel kj\u00f8lefunksjon, serveringsutstyr, g\u00e5veesker med anna utstyr eller effektar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Helsedirektoratet: \u2013 Tilr\u00e5r ikkje dette<\/p>\n<p>Helsedirektoratet seier til NRK at dei ikkje tilr\u00e5r sal av adventskalendrar med alkohol, slik Vinmonopolet no tilbyr med 24 flasker akevitt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kvart glas alkohol folk vel bort, bidrar til betre folkehelse. <\/strong><\/p>\n<p>Det seier avdelingsdirekt\u00f8r \u00d8yvind Gi\u00e6ver, og understrekar at produkta likevel ikkje er forbode, s\u00e5 lenge innpakning og utforming er innanfor lova.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"JOBBER FOR BEDRE INFORMASJON: \u00d8yvind Gi\u00e6ver sier det jobbes for \u00e5 spre informasjon om alkoholloven til influensere.\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>\u00d8yvind Gi\u00e6ver\n<p>Avdelingsdirekt\u00f8r i Helsedirektoratet.<\/p>\n<p>Dei er einige med Av-og-til i at akevitt-kalender ikkje er spesielt godt for folkehelsa.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Kvifor blir g\u00e5veinnpakning rekna som tilgift og dermed ulovleg, mens ein adventskalender med 24 flasker brennevin ikkje blir omfatta av same forbod?<\/p>\n<p>\u2013 Ein adventskalender kan ogs\u00e5 bli ramma av reklameforbodet, litt avhengig av korleis produktet ser ut, alts\u00e5 emballasjen, kva opplysningar som kjem fram p\u00e5 det og korleis det blir marknadsf\u00f8rt.<\/p>\n<p>        Kva synast du om ein slik alkohol-kalender? \ud83c\udf81<\/p>\n<p>        Heilt topp! Eg hadde tatt ei flaske kvar dag.<\/p>\n<p>        Heilt topp! Men eg hadde nok fordelt det utover, gitt nokre bort eller delt dei med andre<\/p>\n<p>        Dette synast eg ikkje noko om. Det er nok alkohol i desember allereie.<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p><strong>Giv\u00e6er i Helsedirektoratet seier at dette m\u00e5 bli vurdert konkret i kvart enkelt tilfelle.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Men kva er det som skil ein kalenderinnpakning fr\u00e5 \u00e5 pakke inn alkohol i g\u00e5vepapir? <\/p>\n<p>\u2013 Skilnaden er at ein pakke med 24 sm\u00e5flasker ikkje er pakka i g\u00e5vepapir, like lite som ein six-pack med \u00f8l er det. Begge kan likevel rammast av reklameforbodet, det kjem heilt an p\u00e5 emballering og utforming av produktet.<\/p>\n<p>Vinmonopolet: \u2013 Ikkje noko vi sj\u00f8lv ettersp\u00f8r <\/p>\n<p>Vinmonopolet peikar p\u00e5 at dei ikkje kan nekte produktet s\u00e5 lenge det er lovleg.<\/p>\n<p><strong>Samtidig verkar dei ikkje vidare begeistra over julekalender som produkt.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi har hatt ein gjennomgang av dette produktet og ser at vi ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for \u00e5 unnlate \u00e5 listef\u00f8re det.<\/p>\n<p>Det seier kommunikasjonsr\u00e5dgivar i Vinmonopolet, Kristine Sanne.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Kristine Sanne, senior kommunikasjonsr\u00e5dgiver i Vinmonopolet, blir intervjuet av NRK. Hun er ikledd en hvit t-skjorte og st\u00e5r utend\u00f8rs og snakker inn i en NRK-mikrofon.\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Kristine Sanne\n<p>Senior kommunikasjonsr\u00e5dgivar i Vinmonopolet.<\/p>\n<p>Ho fortel at kalenderen har eit avgrensa sal og ikkje f\u00e5r salsfremjande plassering i Vinmonopolet sine butikkar.\u00a0<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Ho forklarar at \u00ab24 norske akevittar\u00bb er i Vinmonopolet sitt bestillingsutval. I dette har alle grossistar med avtale med Vinmonopolet rett til \u00e5 registrere produkt.<\/p>\n<p><strong>Ho legg til at Vinmonopolet sj\u00f8lv har hatt ein gjennomgang av produktet.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Og ser at vi ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for \u00e5 unnlate \u00e5 listef\u00f8re det.<\/p>\n<p>\u2013 Vinmonopolet skal bidra til \u00e5 avgrense alkoholkonsumet og skadeverknadane av alkohol i samfunnet og slike julekalendrar er ikkje noko vi sj\u00f8lv ettersp\u00f8r, men denne er alts\u00e5 lansert i bestillingsutvalet.<\/p>\n<p>\u2013 Ser Vinmonopolet p\u00e5 seg sj\u00f8lv som ein akt\u00f8r med ansvar for \u00e5 redusere alkoholkonsumet i h\u00f8gtida?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vinmonopolet si rolle er \u00e5 avgrense alkoholkonsumet hos den enkelte og i samfunnet og det gjeld s\u00e5 absolutt i desember ogs\u00e5, seier ho og legg til:<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Derfor er Vinmonopolet stengt p\u00e5 julaftan og vi er opptatte av \u00e5 gi gode, men balanserte og n\u00f8kterne r\u00e5d om drikke til julematen.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>19.11.2025, kl. 05.24<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Adventskalendrane har blitt ein fast del av julesalet. Ogs\u00e5 Vinmonopolet sel ein variant med 24 sm\u00e5 flasker akevitt.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":90638,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-90637","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115574860942332676","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90637","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=90637"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/90637\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/90638"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=90637"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=90637"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=90637"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}