{"id":91177,"date":"2025-11-19T17:01:13","date_gmt":"2025-11-19T17:01:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91177\/"},"modified":"2025-11-19T17:01:13","modified_gmt":"2025-11-19T17:01:13","slug":"debatt-politikk-ei-lite-tillitvekkande-tillitserklaering","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91177\/","title":{"rendered":"Debatt, Politikk | Ei lite tillitvekkande tillitserkl\u00e6ring"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Onsdag gjekk det <\/b>som venta, d\u00e5 dei 67 bystyrerepresentantane skulle ta stilling til om dei hadde tillit til om Charlotte Spurkeland (H) skal f\u00e5 halda fram som sosialbyr\u00e5d i byen.<\/p>\n<ul>\n<li>Dei som har forplikta seg til \u00e5 st\u00f8tta byr\u00e5det har tillit til byr\u00e5den.<\/li>\n<li>Dei som ikkje har forplikta seg til \u00e5 st\u00f8tta byr\u00e5det har ikkje tillit til byr\u00e5den.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Dermed har bystyrefleirtalet lagt ei list som nesten er umogleg \u00e5 riva for Christine Meyer (H) og dei seks utvalde fagbyr\u00e5dane hennar.<\/p>\n<p><b>N\u00e5r bystyret driv<\/b> med kontroll og tilsyn m\u00e5 me kunna forventa at kvar og ein av representantane i bystyret let partihatten ligga att i garderoben, er prinsipielle, og politisk fargeblinde.<\/p>\n<p>Me m\u00e5 \u00f2g kunna forventa at bystyrerepresentantane legg seg p\u00e5 ei konsekvent linje, og at forventingane til ein byr\u00e5d er dei same uavhengig av parti.<\/p>\n<p><b>Derfor var det<\/b> i aller h\u00f8gaste grad paradoksalt at det nettopp var Linn Eng\u00f8 (Ap) som fremja mistillitsforslaget mot Charlotte Spurkeland.<\/p>\n<p>Om me skrur tida tilbake til ny\u00e5ret 2020 var det Eng\u00f8 som var byr\u00e5den som var i tr\u00f8bbel. Foreldre som aldri skulle hatt tilgang, vart lagt til som brukarar av ein ny app som skulle brukast til kommunikasjon mellom skule og heim i Bergen kommune.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8048\" height=\"5366\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/SE1_5017_kopi.jpg\" alt=\"Finansbyr\u00e5d Jacob M\u00e6hle legger frem bybudsjettet for Bergen Bystyre. \" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8048 \/ 5366;\"\/><\/p>\n<p>      Linn Eng\u00f8 gjekk i 2020 til slutt av som skulebyr\u00e5d etter at fleirtalet i bystyret varsla at dei ville st\u00f8tta eit mistillitsforslag. No er det ho som meiner at byr\u00e5den burde g\u00e5 av.<br \/>\n      Foto: SKJALG EKELAND\n    <\/p>\n<p><b>Den gong var<\/b> det partia som no styrer byen som kvessa dei parlamentariske strids\u00f8ksene sine, og kravde at byr\u00e5den tok ansvar og gjekk av.<\/p>\n<p>Byr\u00e5dspartia p\u00e5 si side, svara med at Eng\u00f8 var for flink til \u00e5 g\u00e5 av, og var den som var best eigna til \u00e5 ordna opp.<\/p>\n<p><b>Alle var einige<\/b> om at Linn Eng\u00f8 personleg ikkje kunne lastast for at feilen hadde skjedd, men at ho som sittande byr\u00e5d var ansvarleg for at det hadde skjedd, og burde ha stoppa implementeringa av feilen end\u00e5 tidlegare.<\/p>\n<p>Litt over fem \u00e5r seinare, er det parlamentarisk sett, ei langt meir alvorleg sak som har skapt tr\u00f8bbel for sosialbyr\u00e5d Charlotte Spurkeland.<\/p>\n<p><b>Byr\u00e5dsavdelinga Spurkeland har<\/b> ansvar for har nemleg forfalska eit bystyrevedtak. Det fekk konsekvensar for over tusen bergensarar.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8256\" height=\"5504\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/3__22_+%281%29.jpg\" alt=\"Eli Waagb\u00f8 B\u00f8e klaget p\u00e5 bost\u00f8tte-feilen i henhold til bystyrets vedtak i mai. Vi m\u00f8tte henne sammen med nabo Irene Fjeldsb\u00f8 (til venstre).\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8256 \/ 5504;\"\/><\/p>\n<p>      Eli Waagb\u00f8 B\u00f8e og Irene Fjeldsb\u00f8 fekk mindre bust\u00f8tte enn det dei hadde krav p\u00e5. D\u00e5 dei klaga til kommunen vart dei f\u00f8rst neglisjerte, sj\u00f8lv om dei hadde rett.<br \/>\n      Foto: ANDERS KJ\u00d8LEN\n    <\/p>\n<p>I sommarm\u00e5nadane d\u00e5 mange av oss svei av litt ekstra pengar, kanskje for \u00e5 unna seg ein liten ferietur, fekk nemleg over tusen av dei bergensarane med d\u00e5rlegast \u00f8konomi mindre pengar enn dei hadde krav p\u00e5, p\u00e5 grunn av at byr\u00e5kratane hadde klussa med det nemnde bystyrevedtaket.<\/p>\n<p><b>Fleire pensjonistar stod<\/b> fram i BA og p\u00e5peikte at dei hadde f\u00e5tt mindre enn dei hadde krav p\u00e5, men vart neglisjerte av byr\u00e5det.<\/p>\n<p>I tillegg gjorde ein reknefeil at fleire barnefamiliar i byen \u00f2g fekk mindre pengar enn dei hadde krav p\u00e5. D\u00e5 byr\u00e5dsavdelinga til Spurkeland vart gjort oppmerksam p\u00e5 dette, vart det bestemt at ein skulle lata som ingenting, og ikkje betala ut det kommunen skulda barnefamiliane.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2688\" height=\"1792\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/EH9_0479.jpg\" alt=\"Charlotte Spurkeland er kjent for \u00e5 v\u00e6re grundig, analytisk og samvittighetsfull, skriver innsender.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2688 \/ 1792;\"\/><\/p>\n<p>      Charlotte Spurkeland har st\u00e5tt rakrygga i stormen. Onsdag fekk ho tilitserkl\u00e6ringa fr\u00e5 bystyrefleirtalet.<br \/>\n      Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n    <\/p>\n<p><b>Utgangspunktet for den<\/b> f\u00f8rste feilen var at Spurkeland og byr\u00e5det ikkje hadde kontroll p\u00e5 innhaldet i eit vedtak dei la fram for bystyret. Vedtaket lova at kommunen skulle greia \u00e5 henta inn langt meir pengar p\u00e5 bust\u00f8ttekuttet enn det som var realiteten.<\/p>\n<p>Seinare kunne BT \u00f2g melda om at dette ikkje var den einaste saka der byr\u00e5det ikkje hadde kontroll over kva dei leverte fr\u00e5 seg. D\u00e5 ein handlingsplan vart lagt ut p\u00e5 h\u00f8yring, vart konfidensiell informasjon om samarbeidet mellom skular og krisesenter delt.<\/p>\n<p>I sum er dette sakskomplekset langt meir parlamentarisk alvorleg, enn det Eng\u00f8 m\u00e5tte hanskast med i 2020.<\/p>\n<p><b>Likevel m\u00e5tte Eng\u00f8<\/b> g\u00e5, mellom anna fordi opposisjonspartia H\u00f8gre og Framstegspartiet meinte det var parlamentarisk riktig, medan dei same partia no meiner at det er parlamentarisk riktig at Spurkeland f\u00e5r sitta.<\/p>\n<p>Det motsette kan ein seia om Arbeidarpartiet. Dei forsvarte sin eigen byr\u00e5d i 2020, men meinte at Spurkeland burde g\u00e5 fem \u00e5r seinare.<\/p>\n<p><b>Av partia som<\/b> sat i bystyret i begge periodane, er det faktisk berre SV som fall ned p\u00e5 den same konklusjonen i 2020 og i 2025.<\/p>\n<p>Dei var nemleg som einaste parti konsekvente p\u00e5 at b\u00e5de Eng\u00f8 og Spurkeland burde ta det parlamentariske ansvaret og g\u00e5 av.<\/p>\n<p><b>Alle andre parti <\/b>snudde alts\u00e5 kappen etter kva som gagna den alliansen dei var ein del av.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om mistillit er eit vesentleg verkt\u00f8y i den parlamentariske verkt\u00f8ykassen, finst det andre m\u00e5tar \u00e5 ta ansvar p\u00e5, enn at ein byr\u00e5d p\u00e5 d\u00f8d og liv skal kastast.<\/p>\n<p><b>Slik treng det<\/b> ikkje vera. Det er fullt mogleg \u00e5 ta ansvar gjennom \u00e5 rydda opp.<\/p>\n<p>Det skal Charlotte Spurkeland ha. Ho har vore audmjuk, open og vist vilje til \u00e5 rydda opp. Akkurat slik Linn Eng\u00f8 gjorde for fem \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Det som er lite tillitvekkande med bergenspolitikken, er at desse to sakene viser total mangel p\u00e5 vilje til \u00e5 vera prinsipiell og konsekvent.<\/p>\n<p>Om H\u00f8gre og Framstegspartiet verkeleg meinte at det var rett og kasta Eng\u00f8, burde dei ha komme fram til same konklusjon i sp\u00f8rsm\u00e5let om Spurkeland.<\/p>\n<p><b>Det aller mest<\/b> oppsiktsvekkande er likevel at st\u00f8ttepartia til byr\u00e5det heller vel \u00e5 vera lydige og godt likte blant byr\u00e5dspartia, enn \u00e5 markera st\u00f8tte til alle dei \u00f8konomisk vanskelegstilte i byen, som fekk svi for feila som vart gjorde.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8229\" height=\"5486\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/7+%285%29.jpg\" alt=\"Bergenslisten fremmer sterk kritikk mot sosialbyr\u00e5den: \u2013 Var sterke synspunkt om avgang  - 31 i bystyret krever sosialbyr\u00e5den sin avgang. Mens byr\u00e5dspartiene har full tillit til henne, fremmer flere samarbeidspartnere sterk kritikk.&#10;&#10;Trond Tystad, Frode Helleb\u00f8 og Fred Risberg\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8229 \/ 5486;\"\/><\/p>\n<p>      Trond Tystad reiste sterk kritikk mot byr\u00e5den i bystyret, men ville ikkje fella byr\u00e5den.<br \/>\n      Foto: ANDERS KJ\u00d8LEN\n    <\/p>\n<p>Bergenslisten og Industri og n\u00e6ringspartiet vart valde inn i bystyret fordi dei skulle snakka vanlege folk si sak mot makta p\u00e5 r\u00e5dhuset. I denne saka valte dei heller \u00e5 verna byr\u00e5det, enn s\u00f8rga for at feilen som ramma bust\u00f8ttemottakarane fekk konsekvensar.<\/p>\n<p><b>Pensjonistpartiet burde vel<\/b> ta side med dei r\u00e5ka minstepensjonistane? Neida. Ogs\u00e5 dei valte \u00e5 verna makta framfor \u00e5 ta parti med pensjonistane som lenge varsla om feilen for d\u00f8ve \u00f8yre.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6192\" height=\"4128\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/DSC_7492.jpg\" alt=\"Finansbyr\u00e5d Jacob M\u00e6hle (H) legger frem byens budsjett i dag. finanstalen i bystyresalen, deretter pressekonferanse. \" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6192 \/ 4128;\"\/><\/p>\n<p>      Tom-Ove Koteng Monsen verna byr\u00e5den i staden for \u00e5 ta parti med minstepensjonistane som vart ramma av at bystyrevedtaket vart forfalska.<br \/>\n      Foto: Skjalg Ekeland\n    <\/p>\n<p>I staden meinte representanten til partiet, Tom-Ove Koteng Monsen at feila hadde sine \u00abnaturlege \u00e5rsaker\u00bb.<\/p>\n<p><b>Andre forklarte at <\/b>det var systemfeil som hadde skjedd.<\/p>\n<p>Nei. Det er ikkje \u00abnaturlege \u00e5rsaker\u00bb at byr\u00e5kratar forfalskar lovleg fatta bystyrevedtak. Det er ikkje systemsvikt at ei byr\u00e5dsavdeling oppmodar om \u00e5 endra eit bystyrevedtak eller oppmodar om \u00e5 ikkje betala ut det kommunen skuldar barnefamiliar. Det er heller ikkje systemsvikt eller naturleg at byr\u00e5det sender fr\u00e5 seg saker der dei ikkje er kjende med innhaldet.<\/p>\n<p>I sum gjer alt dette at det er vanskeleg \u00e5 ha tillit til at bystyret i Bergen \u00f8nsker \u00e5 handtera mistillitssaker p\u00e5 ein tillitvekkande m\u00e5te.<\/p>\n<p><b>Nei, det finst<\/b> andre l\u00f8ysingar enn at byr\u00e5dar m\u00e5 g\u00e5. Men i framtida m\u00e5 ein forventa at bystyret greier \u00e5 vera meir prinsipielle og meir konsekvente, \u00f2g n\u00e5r det vert vanskeleg p\u00e5 det personlege planet.<\/p>\n<p>Om ikkje bergenspolitikarane \u00f8nsker det, b\u00f8r dei ta farvel med byparlamentarismen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Onsdag gjekk det som venta, d\u00e5 dei 67 bystyrerepresentantane skulle ta stilling til om dei hadde tillit til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":91178,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-91177","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115577440681176345","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91177","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=91177"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91177\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/91178"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=91177"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=91177"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=91177"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}