{"id":91409,"date":"2025-11-19T21:21:13","date_gmt":"2025-11-19T21:21:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91409\/"},"modified":"2025-11-19T21:21:13","modified_gmt":"2025-11-19T21:21:13","slug":"norled-har-fatt-8-millionar-i-gebyr-sidan-sommaren-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91409\/","title":{"rendered":"Norled har f\u00e5tt 8 millionar i gebyr sidan sommaren \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Dei elektriske hurtigb\u00e5tane k\u00f8yrer lydlaust rundt blant \u00f8yane utanfor Flor\u00f8 i Vestland.<\/p>\n<p>Men det gr\u00f8ne skiftet p\u00e5 sj\u00f8en har skapt mykje br\u00e5k.<\/p>\n<p>Selskapet Norled drifter b\u00e5trutene. Kvar dag ting ikkje er p\u00e5 stell, f\u00e5r dei ei gebyr p\u00e5 80.000 kroner av Vestland fylkeskommune.<\/p>\n<p><strong>Sidan i sommar har Norled f\u00e5tt gebyr i 100 dagar \u2013 totalt 8 millionar kroner.<\/strong><\/p>\n<p>Norled slit med \u00e5 halde rutetidene dei lova, if\u00f8lge fylkeskommunen.<\/p>\n<p>Men Norled er ikkje einige i saka \u2013 og sender fakturaene i retur.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i en svart og hvit genser st\u00e5r foran glassveggen til en bygning. I bakgrunnen er uklare skikkelser og sykler. Omgivelsene tyder p\u00e5 et urbant milj\u00f8. Det er gr\u00e5 v\u00e6rforhold.\" title=\"Foto: Preben Nedreberg Holm\u00f8y \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fylkeskommunen gir 80.000 i gebyr kvar dag noko ikkje er p\u00e5 stell.<\/p>\n<p>Foto: Preben Nedreberg Holm\u00f8y \/ NRK<\/p>\n<p>Elektrisk n\u00f8tt<\/p>\n<p>Det er ti \u00e5r sidan verdas f\u00f8rste elektriske bilferje vart sett i drift p\u00e5 Sognefjorden.<\/p>\n<p><strong>I dag har over 40 prosent av norske ferjesamband minst eitt elektrisk fart\u00f8y, if\u00f8lge Norsk klimastiftelse.<\/strong><\/p>\n<p>Langt f\u00e6rre hurtigb\u00e5tar er elektriske. Hurtigb\u00e5tar k\u00f8yrar ofte lengre og raskare enn tradisjonelle bilferjer.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fergekaien viser en avstengt rampe med sn\u00f8 p\u00e5 overflaten. Ferge er tilknyttet kiens bakgrunn, sammen med flere bygninger. Det er en gr\u00e5, overskyet himmel over omr\u00e5det. Kj\u00f8ret\u00f8y og utstyr er synlig p\u00e5 kaien.\" title=\"Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hurtigb\u00e5tar bruker mykje straum, og kan ikkje lade like ofte som bilferjer.<\/p>\n<p>Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK<\/p>\n<p>Dei brukar mykje straum, men f\u00e5r mindre tid til \u00e5 lade.<\/p>\n<p>Dette har vore ei teknologisk n\u00f8tt. Dei siste \u00e5ra har likevel eit tjuetals elektriske hurtigb\u00e5tar blitt sette i drift.<\/p>\n<p>Meiner hurtigb\u00e5tane g\u00e5r for sakte<\/p>\n<p>\u2013 Ein innstilt avgang er full krise for ganske mange. Det snur opp ned p\u00e5 heile kvardagen, seier Terje Svardahl, som pendlar med b\u00e5ten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r ved vannet i en havn omgitt av b\u00e5ter og bygninger. Det er sn\u00f8 p\u00e5 bakken og takene. Personen har p\u00e5 seg en m\u00f8rk jakke og en stripete skjerf, med en lue p\u00e5 hodet. Bakgrunnen viser flere fargerike hus og b\u00e5ter, under en gr\u00e5 himmel.\" title=\"Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Terje Svardahl pendlar med b\u00e5ten, og har f\u00e5tt sin dose b\u00e5ttr\u00f8bbel dei siste \u00e5ra.<\/p>\n<p>Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK<\/p>\n<p>If\u00f8lge fylkeskommunen er hovudproblemet at hurtigb\u00e5tane ikkje g\u00e5r hurtig nok.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/sa-mykje-ma-norled-betale-i-dagboter-til-skyss\/s\/5-16-946814\" ec-id=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/sa-mykje-ma-norled-betale-i-dagboter-til-skyss\/s\/5-16-946814\" ec-name=\"Firdaposten\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Firdaposten <\/a>skreiv om saka f\u00f8rst.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Grunnleggjande sett handlar dette om fart. Det er det som er bakgrunnen for forseinkingar, seier pressekontakt \u00d8yvind Str\u00f8mmen i fylkeskommunale Skyss.<\/strong><\/p>\n<p>Men Norled er ikkje einig i at dei kan lastast for dei bakanforliggande \u00e5rsakene til l\u00e5g fart, if\u00f8lge Str\u00f8mmen.<\/p>\n<p>Kven Norled meiner har ansvaret, svarar dei ikkje p\u00e5. Kommunikasjonssjef Cathrine Gjeldsen svarar skriftleg svar til NRK:<\/p>\n<p>\u2013 Vedtaket om dagb\u00f8ter er uheldig og beklageleg. Vi jobbar hardt p\u00e5 fleire omr\u00e5de for \u00e5 f\u00e5 passasjerar og varer fram. Vi har direkte dialog med Skyss i samband med kontraktsforhold, betaling og fakturering.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde av en ladestasjon med to ladere merket &quot;LADER 1&quot; og &quot;LADER 2&quot;. Omgivelsene er sn\u00f8dekte med spor etter biler. Ladestasjonen er hvit og har klare markeringsdetaljer. Det er ingen personer eller annet utstyr synlig i bildet.\" title=\"Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hurtigb\u00e5tane m\u00e5 ha tunge og store batteri om bord.<\/p>\n<p>Foto: Oddmund Reis\u00e6ter Haugen \/ NRK<\/p>\n<p>Bl\u00f8r pengar<\/p>\n<p>Professor i transport\u00f8konomi, Gisle Solvoll, meiner teknologien er prematur.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ikkje bra for dei som skal reise. Men det er bra for milj\u00f8et, seier han.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha satsa tungt p\u00e5 ny teknologi gjekk Norled over 800 millionar kroner i minus i fjor.<\/p>\n<p>Liknande tr\u00f8bbel finst fleire stader i landet. I Norland har det vore over 200 innstilte avgangar med to moderne hybridb\u00e5tar s\u00e5 langt i \u00e5r.<\/p>\n<p>No nedbemannar Norled.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Slik den \u00f8konomiske situasjonen er no, er det diverre naudsynt, sa Norled-sjef Marianne \u00c5nestad til <a href=\"https:\/\/www.aftenbladet.no\/okonomi\/i\/eMbxBR\/norled-har-tapt-en-milliard-paa-to-aar-naa-mister-flere-jobben\" ec-id=\"https:\/\/www.aftenbladet.no\/okonomi\/i\/eMbxBR\/norled-har-tapt-en-milliard-paa-to-aar-naa-mister-flere-jobben\" ec-name=\"Stavanger Aftenblad\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Stavanger Aftenblad<\/a> i oktober.<\/strong><\/p>\n<p>Norled skulle eigentleg kj\u00f8pe nye hybrid-hurtigb\u00e5tar som skulle brukast i Tr\u00f8ndelag. Heller ikkje her gjekk b\u00e5tane raskt nok.<\/p>\n<p>Norled kansellerte kontrakten om b\u00e5tane, og b\u00e5tbyggaren <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/170-ansatte-fra-brodrene-aa-i-hyen-og-eikefjord-sviktes-av-nav-etter-konkurs-1.17469070\" ec-id=\"pp:article:1.17469070\" ec-name=\"Br\u00f8drene Aa gjekk konkurs i v\u00e5r.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Br\u00f8drene Aa gjekk konkurs i v\u00e5r.<\/a><\/p>\n<p>El-piffen har g\u00e5tt ut<\/p>\n<p>If\u00f8lge Norsk klimastiftelse har utsleppa for ferje- og hurtigb\u00e5tsamband blitt halvert p\u00e5 ti \u00e5r.<\/p>\n<p>Det er Vegvesenet og fylkeskommunar som har gitt marsjordre om klimavennlege ferjer og passasjerb\u00e5tar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Medstraum \" title=\"Foto: Ole Andreas B\u00f8 \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hurtigb\u00e5ten Medstraum l\u00e5g til kai i Stavanger i ein m\u00e5nad f\u00f8rre vinter.<\/p>\n<p>Foto: Ole Andreas B\u00f8 \/ NRK<\/p>\n<p>No har pipa f\u00e5tt ein annan lyd. <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/droppar-utsleppskrav-pa-nye-ferjer-og-hurtigbatar-1.16885963\" ec-id=\"pp:article:1.16885963\" ec-name=\"Nesten ingen stiller krav\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Nesten ingen stiller krav<\/a> om null- eller l\u00e5gutslepp av klimagassar i nye anbod for ferjer og hurtigb\u00e5tar, f\u00f8r regjeringa kjem med pengar.<\/p>\n<p><strong>Men det ser ogs\u00e5 ut som el-piffen har g\u00e5tt ut av regjeringa. Eit forslag om krav til nullutslepp for hurtigb\u00e5tar vart i fjor utsett p\u00e5 ubestemt tid.<\/strong><\/p>\n<p>For at det skal bli ei solskinshistorie, meiner professor Solvoll at staten m\u00e5 ta ein st\u00f8rre del av den \u00f8konomiske risikoen.<\/p>\n<p>\u2013 Og det m\u00e5 nok skje mykje p\u00e5 batterisida. For hurtigb\u00e5tar krev veldig mykje energi, seier Solvoll.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>19.11.2025, kl. 19.06<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dei elektriske hurtigb\u00e5tane k\u00f8yrer lydlaust rundt blant \u00f8yane utanfor Flor\u00f8 i Vestland. Men det gr\u00f8ne skiftet p\u00e5 sj\u00f8en&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":91410,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-91409","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115578462915141612","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91409","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=91409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91409\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/91410"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=91409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=91409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=91409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}