{"id":91467,"date":"2025-11-19T22:41:10","date_gmt":"2025-11-19T22:41:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91467\/"},"modified":"2025-11-19T22:41:10","modified_gmt":"2025-11-19T22:41:10","slug":"likelonsdagen-blir-markert-i-dag-resten-av-aret-jobbar-kvinner-gratis-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/91467\/","title":{"rendered":"Likel\u00f8nsdagen blir markert i dag \u2013 resten av \u00e5ret jobbar kvinner gratis \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Ein vil helst ha betalt det same som alle andre, som i dette tilfellet er menn, seier Gunnhild Riis\u00f8en.<\/p>\n<p>Ho jobbar som sjukepleiar. p\u00e5 Kleppest\u00f8 sjukeheim p\u00e5 Ask\u00f8y.<\/p>\n<p><strong>Eit kvinnedominert yrke, kor mange fra og med i dag i praksis jobbar gratis resten av \u00e5ret.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Gratisarbeid er urettferdig. Jobben min som sjukepleiar inneb\u00e6rer eit stort ansvar for andre menneskers liv og helse, seier ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne if\u00f8rt bl\u00e5tt arbeidst\u00f8y st\u00e5r ved en apotekbenk. Hun strever etter \u00e5 n\u00e5 opp til en hylle fylt med medisiner. Det er flere pakker og beholdere synlige, organisert p\u00e5 reolene. Omgivelsene virker ryddige med arbeidsmaterialer og dokumenter p\u00e5 benken.\" title=\"Foto: Eskil Byrkjeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sjukepleiar Gunnhild Riis\u00f8en seier at \u00ab\u200b\u200b\u200b\u200b\u200b\u200b\u200bgratisarbeid\u00bb er urettferdig. <\/p>\n<p>Foto: Eskil Byrkjeland \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eg tenkjer ikkje at l\u00f8nna gjenspegler jobben eg leggjer ned.<\/p>\n<p>Tener 88 prosent av menn <\/p>\n<p>I \u00e5r blir likel\u00f8nsdagen markert 19. november for \u00e5 rette lys mot forskjellane i l\u00f8n mellom menn og kvinner i Noreg.<\/p>\n<p>Kvinner tener i gjennomsnitt 88 prosent av det menn gjer, og 19. november er 88 prosent av dette arbeids\u00e5ret ferdig, opplyser LO.<\/p>\n<p>Men reknestykket er ikkje s\u00e5 enkelt at l\u00f8nsgapet berre er mellom kvinner og menn.<\/p>\n<p>Vil ha fleire kvinner i leiarstillingar<\/p>\n<p>Gapet mellom l\u00f8nsniv\u00e5et i offentleg og privat sektor spelar inn p\u00e5 forskjellen mellom kvinner og menn.<\/p>\n<p>Dei aller fleste er s\u00e5 godt som likt l\u00f8na, men samtidig er det flest kvinner i l\u00e5gtl\u00f8nte deltidsstillingar i den eine enden, og h\u00f8gtl\u00f8nte mannlege direkt\u00f8rar i den andre.<\/p>\n<p><strong>Dette spennet p\u00e5verkar gjennomsnittstalet.<\/strong><\/p>\n<p>Men kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) er likevel ikkje n\u00f8gd.<\/p>\n<p>\u2013 Det g\u00e5r utruleg sakte og det er fleire forskjellar me m\u00e5 ta tak i, seier Jaffery.<\/p>\n<p>Ministeren vil f\u00e5 kvinnene opp p\u00e5 same niv\u00e5 som mennene.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me vil at dei som har leiarstillingar skal f\u00e5 tene den l\u00f8na dei fortener, men poenget er at me m\u00e5 l\u00f8fte kvinner inn der, legg ho til.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som st\u00e5r i et rom fullt av mennesker\" title=\"Foto: Jonas F\u00e6ste Laksekj\u00f8n \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) vil f\u00e5 kvinnene opp p\u00e5 same niv\u00e5 som mennene.<\/p>\n<p>Foto: Jonas F\u00e6ste Laksekj\u00f8n \/ NTB<\/p>\n<p>Jamnar seg ut<\/p>\n<p>Val av yrke p\u00e5verkar l\u00f8nsgapet mellom kvinner og menn. Det stadfester r\u00e5gjever Knut H\u00e5kon Grini i Statistisk sentralbyr\u00e5 (SSB).<\/p>\n<p>Ein av dei viktigaste \u00e5rsakene, er at det er flest menn som har dei aller h\u00f8gaste l\u00f8nningane.<\/p>\n<p><strong>70 prosent av dei med h\u00f8gast l\u00f8n, er menn.<\/strong><\/p>\n<p>Likevel hevdar Grini at dette i ferd med \u00e5 jamne seg ut.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har vore st\u00f8rre endringar i l\u00f8na til kvinner over tid enn hos menn. Likel\u00f8nsgapet blir mindre fordi det blir fleire h\u00f8gt l\u00f8nna kvinner, seier Grini.<\/strong><\/p>\n<p>Nett som gjennomsnittsl\u00f8na blir dratt opp av h\u00f8gt l\u00f8nna menn, ser vi tilsvarande trekk hos kvinner, noko som bidrar til \u00e5 trekke gjennomsnitta mot kvarandre, legg han til.<\/p>\n<p>Det g\u00e5r sakte, men hovudtrekket er at kvinner n\u00e6rmar seg menn n\u00e5r det kjem til l\u00f8n.<\/p>\n<p>Utakt i l\u00f8nsutvikling<\/p>\n<p>Statsr\u00e5den legg til grunn at staten ikkje skal bestemme kva folk tener, men at dette er mellom partane i arbeidslivet.<\/p>\n<p>\u2013 Likevel kan me heve statusen til ein del yrke, sidan me ser at status er med p\u00e5 \u00e5 utvikle l\u00f8n. Typiske omsorgsyrke har treigare l\u00f8nsutvikling enn andre, seier Jaffery.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer sitter ved et bord. En person i bl\u00e5 arbeidskl\u00e6r ser mot en eldre dame med gr\u00e5tt h\u00e5r. P\u00e5 bordet er det en stearinlys og en liten fuglefigur. I bakgrunnen er det bilder av personer p\u00e5 veggen.\" title=\"Foto: Eskil Byrkjeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er for lite framgang i l\u00f8nsutvikling, meiner sjukepleiar Gunnhild Riis\u00f8en. <\/p>\n<p>Foto: Eskil Byrkjeland \/ NRK<\/p>\n<p>Ho vil ogs\u00e5 jobbe for \u00e5 jamne ut dei tradisjonelle kj\u00f8nnsskilnadane p\u00e5 utdanningsval.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me m\u00e5 jobbe aktivt for \u00e5 f\u00e5 jentene til \u00e5 velje teknologi, og gutane til \u00e5 velje omsorgsyrke.<\/strong><\/p>\n<p>Sjukepleiar Riis\u00f8en saknar politisk vilje.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir halde alt for mange fine festtaler,men n\u00e5r det kjem til forhandlingsbordet, d\u00e5 skjer det ingenting, seier sjukepleiaren p\u00e5 Ask\u00f8y.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>19.11.2025, kl. 19.34<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Ein vil helst ha betalt det same som alle andre, som i dette tilfellet er menn, seier&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":62464,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-91467","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115578777594915153","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91467","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=91467"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91467\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/62464"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=91467"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=91467"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=91467"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}