{"id":92367,"date":"2025-11-20T21:37:11","date_gmt":"2025-11-20T21:37:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92367\/"},"modified":"2025-11-20T21:37:11","modified_gmt":"2025-11-20T21:37:11","slug":"fleire-tor-a-sei-ifra-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92367\/","title":{"rendered":"Fleire t\u00f8r \u00e5 sei ifr\u00e5 \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg har opplevd at menn i kulturbransjen ikkje er klar over at seksuell trakassering framleis er eit tema. <\/strong><\/p>\n<p>Det seier Judit Elena \u00d8stern Lien. Ho er filmstudent og p\u00e5 veg inn i eit yrkesliv i kulturbransjen. Men det er s\u00e6rleg \u00e9in ting som uroa Lien.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.fafo.no\/images\/pub\/2025\/20937.pdf\" ec-id=\"http:\/\/www.fafo.no\/images\/pub\/2025\/20937.pdf\" ec-name=\"Ein ny rapport fr\u00e5 Fafo\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Ein ny rapport fr\u00e5 Fafo<\/a> viser at seksuell trakassering er utbreidd i nettopp denne bransjen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mille Dahl-Folden og Judit Elena \u00d8stern Lien er filmstudentar og sit p\u00e5 stolar ved sidan av kvarandre \" title=\"Foto: Mari Andersen Lunde \/ Mari Andersen Lunde\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Judit Elena \u00d8stern Lien (venstre) og Mille Dahl-Folden (h\u00f8gre) er filmstudentar og er uroa for at unge i bransjen deira er s\u00e6rleg utsett for seksuell trakassering.\n<\/p>\n<p>Foto: Mari Andersen Lunde \/ Mari Andersen Lunde<\/p>\n<p>Rapporten viser at 41 prosent av dei som jobbar i kulturbransjen har blitt seksuelt trakasserte i l\u00f8pet av karrieren sin.<\/p>\n<p>Dette er 9 prosent h\u00f8gare enn d\u00e5 den same <a href=\"https:\/\/www.fafo.no\/images\/pub\/2018\/20688.pdf\" ec-id=\"https:\/\/www.fafo.no\/images\/pub\/2018\/20688.pdf\" ec-name=\"unders\u00f8kinga blei gjort i 2018\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">unders\u00f8kinga blei gjort i 2018<\/a>.<\/p>\n<p><strong>Likevel meiner forskarane at problemet er blitt eit mindre problem dei siste \u00e5ra. S\u00e5 kva er det som har skjedd?<\/strong><\/p>\n<p>Milep\u00e6len #metoo<\/p>\n<p>#metoo-r\u00f8rsla starta hausten 2017. Under emneknaggane #stilleforopptak, #visyngerut, #n\u00e5rdansenstopper og #n\u00e5rmusikkenstilner blei det ingen tvil om at seksuell trakassering var eit utbreidd problem ogs\u00e5 i norsk kulturbransje.<\/p>\n<p>Med m\u00e5l om \u00e5 sj\u00e5 korleis #metoo-r\u00f8rsla hadde endra bransjen, utf\u00f8rte seniorforskar ved Fafo Mona Br\u00e5ten og kollega J\u00f8rgen Svalund unders\u00f8kingar b\u00e5de i 2018 og i \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi tolkar det slik at det ikkje er blitt verre, seier Br\u00e5ten. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mona Br\u00e5ten, seniorforskar i Fafo, har p\u00e5 blazer og ser i kamera \" title=\"Foto: Forskningsstifelsen Fafo\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mona Br\u00e5ten er seniorforskar i Fafo og er av dei som har forska p\u00e5 korleis #metoo endra kulturbransjen. <\/p>\n<p>Foto: Forskningsstifelsen Fafo<\/p>\n<p>I rapporten diskuterer forskarane korleis det h\u00f8ge talet kan forklarast med at det er blitt vanlegare med varslingsrutinar og merksemd rundt seksuell trakassering i bransjen.<\/p>\n<p><strong>Det kan ha gjort terskelen l\u00e5gare for \u00e5 seie ifr\u00e5 om slike hendingar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det kan ogs\u00e5 vere at fleire situasjonar blir definerte som seksuell trakassering i dag, enn f\u00f8r, trur Br\u00e5ten.<\/p>\n<p>Kvar kjem tala fr\u00e5? <\/p>\n<p>Rapporten byggjer p\u00e5 ei sp\u00f8rjeunders\u00f8king sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.<\/p>\n<p>I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I \u00e5r var dette l\u00e5gare, med 8 prosent.<\/p>\n<p>\u2013 Er funna i rapporten fr\u00e5 i \u00e5r d\u00e5 framleis gyldige?<\/p>\n<p>\u2013 Med dei metodiske atterhalda vi har gjort, meiner vi at desse konklusjonane st\u00e5r seg greitt, st\u00e5r Br\u00e5ten fast ved. <\/p>\n<p>Ho seier unders\u00f8kinga likevel ikkje er eigna til \u00e5 gje eit tal p\u00e5 omfanget av seksuell trakassering i bransjen totalt sett.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er to unders\u00f8kingar som viser svar p\u00e5 to ulike tidspunkt. Utvalet er litt ulikt n\u00e5r det gjeld alder og kvar i sektoren dei jobbar i 2018 og 2025, noko som kan bidra til \u00e5 forklare forskjellar i svara.<\/p>\n<p>Fafo-rapporten oppsummert <\/p>\n<p>L\u00e5g svarprosent<\/p>\n<ul>\n<li>Rapporten byggjer p\u00e5 ei <strong>sp\u00f8rjeunders\u00f8king <\/strong>sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.<\/li>\n<li>I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I 2025 var dette l\u00e5gare med <strong>8 prosent, som svarar til 1328 svar<\/strong>.<\/li>\n<li>46 prosent av dei som svarte var menn. 54 prosent var kvinner. Dette er identisk med unders\u00f8kinga i 2018.<\/li>\n<li>Medianalderen p\u00e5 dei som har svart er h\u00f8gare i 2025 (46 \u00e5r) enn i 2018 (41 \u00e5r).<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kva seier tala?<\/p>\n<ul>\n<li><strong>41 prosent <\/strong>av dei som jobbar i film\/TV, scenekunst, musikk og spel har opplevd seksuell trakassering <strong>i l\u00f8pet av karriera si. <\/strong><\/li>\n<li>I 2018 var dette talet <strong>32 prosent<\/strong>.<\/li>\n<li>Talet personar som seier dei har opplevd seksuell trakassering dei <strong>tre siste \u00e5ra<\/strong> har g\u00e5tt <strong>ned fr\u00e5 16 til 12 prosent.<\/strong><\/li>\n<li>19 prosent ynskjer \u00e5 <strong>slutte i jobben<\/strong> sin etter ei hending med seksuell trakassering.<\/li>\n<li>1 av 10 blir sjukemelde p\u00e5 grunn av hendinga(ne).<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kvar skjer seksuell trakassering i kulturbransjen?<\/p>\n<ul>\n<li>42 % i sosiale settingar<\/li>\n<li>40 % i jobbsituasjonar<\/li>\n<li>11 % i rekruttering<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kulturendring i kulturbransjen<\/p>\n<p>Trass ein nedgang er tala framleis h\u00f8ge.<\/p>\n<p>Det uroar Joakim Aadland, dagleg leiar i Balansekunst, eit ressurssenter og ei medlemsforeining som samlar kulturfeltet i eit felles arbeid for likestilling og mangfald.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ganske kritisk. Dette er ei utfordring som ligg i heile bransjen. Menneske opplev b\u00e5de fysiske og psykiske plager. Nokre vurderer \u00e5 slutte. Andre har allereie slutta. Da m\u00e5 vi finne de verkemidla som trengst for \u00e5 endre dette, seier Aadland. <\/strong><\/p>\n<p>Unge p\u00e5 veg inn i kulturbransjen set pris p\u00e5 at det er meir rom for \u00e5 snakke om temaet, men er ikkje i tvil om at det framleis er eit problem.<\/p>\n<p>\u2013 Det er sinnssjukt, men heller ikkje overraskande, seier Mille Dahl-Folden.<\/p>\n<p>Ho er filmstudent i Trondheim og sit som styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mille Dahl-Folden ser i kamera og har p\u00e5 seg ei svart T-skjorte. Ho har oppsett h\u00e5r. \" title=\"Foto: Kalle Frog Huelssner \/ Kalle Frog Huelssner\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mille Dahl-Folden er styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.<\/p>\n<p>Foto: Kalle Frog Huelssner \/ Kalle Frog Huelssner<\/p>\n<p>Dahl-Folden trur nokre av kulturbransjen sine s\u00e6rtrekk kan forklare noko av kvifor talet er s\u00e5 h\u00f8gt.<\/p>\n<p>\u2013 Vi jobbar med sensitive tema. Nokre gonger kan det vere vanskeleg \u00e5 skilje mellom privatliv og jobb. Det er ogs\u00e5 mykje festing og drikking i kulturbransjen, peikar ho p\u00e5.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne med fotografkamera tar bilder av en svart bil med hvit cabriolet-top. I bilen sitter to personer. Omgivelsene ser ut til \u00e5 v\u00e6re en studiosetting med bakgrunnslys. Det er en stativ med lyselementer i n\u00e6rv\u00e6r av fotograferingen.\" title=\"Foto: Kalle Frog Huelssner\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det kan bli seine kveldar og tidlege morgonar for filmstudentane i Trondheim. Skilje mellom jobb og privatliv kan vere vanskelege \u00e5 skilje. <\/p>\n<p>Foto: Kalle Frog Huelssner<\/p>\n<p>Rapporten peikar ogs\u00e5 p\u00e5 at det er der trakasseringa skjer: 42 prosent oppgav \u00e5 ha blitt trakasserte i sosiale samanhengar i bransjen. 40 prosent oppgav \u00e5 ha blitt trakasserte i ein jobbsituasjon \u2013 til d\u00f8mes under ei framsyning eller innspeling.<\/p>\n<p>Verken Dahl-Folden eller Judit Elena \u00d8stern Lien har sj\u00f8lv opplevd seksuell trakassering p\u00e5 jobb, men seier at det er eit tema som opptek mange i bransjen.<\/p>\n<p>Kulturendring i kulturbransjen<\/p>\n<p>Seniorforskar Br\u00e5ten meiner f\u00f8rebygging og merksemd rundt temaet kan bidra til \u00e5 f\u00e5 ned tala.<\/p>\n<p>Rapporten viser at mykje allereie g\u00e5r i riktig retning.<\/p>\n<p>Tilbake i 2018 var det berre 30 prosent av dei som hadde opplevd seksuell trakassering, som varsla om alt eller noko av det som hadde skjedd.<\/p>\n<p><strong>I dag er situasjonen snudd p\u00e5 hovudet: Over 80 prosent oppgav \u00e5 ha meldt ifr\u00e5 om alt eller noko i 2025.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi st\u00e5r ikkje stille. Det er framleis for mange som ikkje melder fr\u00e5, men det er tydeleg at det g\u00e5r i riktig retning, seier Aadland i Balansekunst.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre personer sitter p\u00e5 stoler i et svakt opplyst rom. En av dem holder p\u00e5 en kamera, mens de to andre ser p\u00e5 skjermen. Omgivelsene er preget av r\u00f8d belysning og en uformell atmosf\u00e6re. I bakgrunnen er noen andre personer synlige.\" title=\"Foto: August Toven Gautun \/ August Toven Gautun\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Unge studentar seier det er meir toleranse for \u00e5 snakke om seksuell trakassering. <\/p>\n<p>Foto: August Toven Gautun \/ August Toven Gautun<\/p>\n<p>Det er filmstudentane Lien og Dahl-Folden einige i, men dei jublar ikkje enno.<\/p>\n<p>\u2013 Trass tiltak og openheit, vil det ta tid f\u00f8r kulturen endrar seg, meiner Dahl-Folden.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>20.11.2025, kl. 21.02<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg har opplevd at menn i kulturbransjen ikkje er klar over at seksuell trakassering framleis er eit&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":92368,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-92367","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115584187931408679","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92367","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=92367"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92367\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/92368"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=92367"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=92367"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=92367"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}