{"id":92498,"date":"2025-11-21T02:23:20","date_gmt":"2025-11-21T02:23:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92498\/"},"modified":"2025-11-21T02:23:20","modified_gmt":"2025-11-21T02:23:20","slug":"kultur-musikk-det-vart-heilt-stille-da-eg-sa-det","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92498\/","title":{"rendered":"Kultur, Musikk | Det vart heilt stille d\u00e5 eg sa det"},"content":{"rendered":"\n<p>Eg s\u00e5g utover Torgalmenningen gjennom dei store glasveggane i lokala til Festspillene. Eg var heilt fersk som kommunikasjonsr\u00e5dgjevar i kulturen si h\u00f8gborg i Bergen og det var klart for lunsj.<\/p>\n<p>P\u00e5 den eine sida s\u00e5g ein rett p\u00e5 den h\u00f8greiste veggen til Hotel Norge. Den var pryda av ein gigantisk banner for Vinskvetten sitt show p\u00e5 Rick`s. Praten rundt bordet byrja \u00e5 g\u00e5 om strilaorkesteret og showa deira. Til mi store forskrekking, var det ikkje unison hyllest av komikarane og historiefortellarane. Men ei lettvindt avfeiing av Vinskvetten som eit harry bygdefenomen.<\/p>\n<p>Lettare sjokkert sat eg med halvopen munn, fram til blikka retta seg mot meg og det var naturleg at eg sa noko.<\/p>\n<p>Kva skulle eg gjere? Spele med, seie meg einig i oppfattninga eller g\u00e5 i mot det som var fremja som betre viten.<\/p>\n<p>&laquo;Vinskvetten er verdas beste band&raquo;, sa eg.<\/p>\n<p>Ingen sa noko. Etter eit par sekund med stillheit, gjekk samtala vidare med nytt tema.<\/p>\n<p>Eg fors\u00f8ker ikkje med denne historia \u00e5 framheve meg sj\u00f8lv som forkjempar for strilekulturen i dei h\u00f8gkulturelle kretsar, for eg sa berre det som var naturleg, alt anna ville vore grenselaust feigt.<\/p>\n<p>Men det er eit bilde p\u00e5 at Vinskvetten, trass \u00e5revis med suksess, ikkje har f\u00e5tt anerkjenninga for det som gjer dei tidlause og geniale.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1712\" height=\"1239\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/xBA976790.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1712 \/ 1239;\"\/><\/p>\n<p>      Vinskvetten i 1997 i samband med platelansering.<br \/>\n      Foto: Arne Ristesund\/BA\n    <\/p>\n<p>Tekstane til Vinskvetten latterleggjer ikkje karakterane dei handlar om, men byr til gjenkjenning, humor og melankoli.<\/p>\n<p>Ofte handlar dei om menn som slit med \u00e5 forst\u00e5 og finne sin plass i samfunnet. Om Ingolf Kvamme som gjekk heilt aleina, heilt til den dagen han fekk sykkelen mellom beina.<\/p>\n<p>Om han som ikkje finn par til sokkane og til slutt utbryt: &laquo;Eg har slutta og leita, eg leita ikkje lenger, eg berre set her&raquo; og om han som er heime fr\u00e5 jobb og &laquo;f\u00e5r f\u00e5 k\u00e5n\u00e5 te \u00e5 ringja ner s\u00e5 sjefen veit kor sjuk eg e&raquo;.<\/p>\n<p>Framleis h\u00f8yrast Dans p\u00e5 Grasdal i festlege lag. Mykje grunna melodien, men samstundes er det ikkje ei brautande drikkevise, den handlar om ein litt usikker kar som fors\u00f8ker \u00e5 finne dei rette orda i m\u00f8te med jenta han liker.<\/p>\n<p>Nettopp difor lever musikken til Vinskvetten framleis, for sj\u00f8lv om det meste g\u00e5r f\u00f8re seg i Salhus og omegn, er den menneskelege tematikken tidlaus.<\/p>\n<p>I eit nasjonalt perspektiv kan Vazelina Bilopph\u00f8ggers samanliknast med Vinskvetten, sj\u00f8lv om Vinskvetten (etter mi meining) overg\u00e5r Innlands-bandet.<\/p>\n<p>Likevel er det Vazelina som har blitt folkekj\u00e6re rikskjendisar med jamnlege opptredener p\u00e5 TV. Den strilske humoren og historiefortellartradisjonen er kanskje vanskelegare \u00e5 ta inn. Den krevjer at ein kan sj\u00e5 forbi det komiske ytre og inn i nyansane og alvoret som g\u00f8ymer seg bak.<\/p>\n<p>Difor h\u00f8yrer eg framleis p\u00e5 heltane fr\u00e5 Salhus. Ein vits er berre morosam ein gong, men historier om mennesker varar evig.<\/p>\n<p>Og det er nettopp difor eg framleis med klar r\u00f8yst kan seie at: Vinskvetten er verdas beste band.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nordhordland.no\/5-33-778315\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/Claus+Sellevoll+og+Gunnar+L%C3%A5stad.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              P\u00e5 nobel grunn, men \u00abutan samanlikning elles\u00bb, seier bokdebutant Claus Sellevoll med eit breitt smil\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg s\u00e5g utover Torgalmenningen gjennom dei store glasveggane i lokala til Festspillene. Eg var heilt fersk som kommunikasjonsr\u00e5dgjevar&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":92499,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,71,266,410,221,30,28,29,1533,72],"class_list":{"0":"post-92498","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-entertainment","10":"tag-kommentar","11":"tag-kultur","12":"tag-musikk","13":"tag-no","14":"tag-norge","15":"tag-norway","16":"tag-opinion","17":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115585312724767058","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92498","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=92498"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92498\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/92499"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=92498"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=92498"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=92498"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}