{"id":92565,"date":"2025-11-21T05:47:08","date_gmt":"2025-11-21T05:47:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92565\/"},"modified":"2025-11-21T05:47:08","modified_gmt":"2025-11-21T05:47:08","slug":"globalt-toppmote-utan-globale-toppar-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/92565\/","title":{"rendered":"Globalt toppm\u00f8te utan globale toppar \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Jonas Gahr St\u00f8re og andre statsleiarar er p\u00e5 veg til Johannesburg. Dei skal delta p\u00e5 G20 \u2013 ein m\u00f8teplass for verdas 19 st\u00f8rste \u00f8konomiar \u2013 pluss EU og AU.<\/p>\n<p><strong>Vertskapsnasjonen S\u00f8r-Afrika har sett \u00abafrikanske\u00bb tema \u00f8vst p\u00e5 dagsorden:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li><strong>Investeringar i utviklingsland<\/strong><\/li>\n<li><strong>Jobbskaping<\/strong><\/li>\n<li><strong>Mindre \u00f8konomiske forskjellar<\/strong><\/li>\n<li><strong>Gjeldslette<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>For Noreg er det neppe noko alternativ \u00e5 takke nei til spesialinvitasjonen som vertskapet har sendt nordover.<\/p>\n<p>For Noreg er vanlegvis sterk tilhengjar av internasjonalt samarbeid. Det er fordi Noreg er eit lite land uti den store verda, og dermed ein altfor liten fisk i det store havet som verds\u00f8konomien er. Saman med andre sm\u00e5fisk kan me derimot f\u00e5 til meir.<\/p>\n<p>Seinast denne veka viste EU kor viktig det kan vere for norsk \u00f8konomi \u00e5 f\u00e5 til avtaler og samarbeid internasjonalt d\u00e5 unionen <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/dokumentar\/xl\/tollsjokk-fra-eu-1.17655551\" ec-id=\"pp:article:1.17655551\" ec-name=\"innf\u00f8rte toll p\u00e5 norsk jernlegering.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">innf\u00f8rte toll p\u00e5 norsk jernlegering.<\/a><\/p>\n<p>Men internasjonalt samarbeid er ikkje akkurat i vinden, og det blir \u00e5rets G20-toppm\u00f8te det ferskaste beviset p\u00e5.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Donald Trump og USA boikottar vertsnasjonen og sender berre byr\u00e5kratar til S\u00f8r-Afrika.<\/strong><\/li>\n<li><strong>Vladimir Putin er etterlyst av domstolen S\u00f8r-Afrika er medlem av, og ingen veit heilt kva som har skjedd med utanriksminister Sergej Lavrov.<\/strong><\/li>\n<li><strong>Og Xi Jinping har venta heilt til det siste, og no ser det ut til at han ikkje set seg p\u00e5 noko fly mot Afrika.<\/strong><\/li>\n<li><strong>Presidentane i Argentina og Mexico kjem heller ikkje til S\u00f8r-Afrika.<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>Internasjonalt samarbeid i motbakke<\/p>\n<p>Multilateralisme blir det kalla n\u00e5r fleire land jobbar saman mot eit felles m\u00e5l. Men noko er i ferd med \u00e5 endre seg p\u00e5 den internasjonale scenen.<\/p>\n<p><strong>I det FNs mektigaste rom, Tryggingsr\u00e5det, heng det eit kunstverk gitt i g\u00e5ve fr\u00e5 Noreg. Det er laga av Per Krohg, og viser fuglen F\u00f8niks som veks fram fr\u00e5 oska.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Solberg taler i Sikkerhetsr\u00e5det\" title=\"Foto: Utenriksdepartementet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Erna Solberg representerte Noreg p\u00e5 eit m\u00f8te i Tryggingsr\u00e5det medan Noreg var medlem av verdas viktigaste r\u00e5d i 2021 og 2022.<\/p>\n<p>Foto: Utenriksdepartementet<\/p>\n<p>I skuggen av fuglen er det m\u00f8rke teikn p\u00e5 krig, d\u00f8d og ei verd som har falt saman. Det symboliserer minna fr\u00e5 andre verdskrig.<\/p>\n<p>Men det g\u00e5r ein stige opp til den \u00f8vste og lysare delen. Verdas folk skal klatre opp stigen og inn i ei lysare framtid. FN sitt mandat om \u00e5 bidra til fred, samarbeid og dialog er n\u00f8kkelen for \u00e5 klare \u00e5 klatre opp stigen.<\/p>\n<p>Og FN har vakse seg store i etterkrigstida, og den er framleis viktig for internasjonalt samarbeid, og spelar ei sentral rolle som m\u00f8teplass.<\/p>\n<p><strong>Men FNs organisering er for lengst utdatert. Europeiske kolonimakter held fast p\u00e5 makta dei fekk i 1945. I det viktige Tryggingsr\u00e5det klarer stormaktene stadig sjeldnare \u00e5 bli einige.<\/strong><\/p>\n<p>Og ein FN-reform har s\u00e5 langt blitt m\u00f8tt med mykje snakk og lite handling. Dermed kan FN til tider bli oppfatta som utdatert n\u00e5r organisasjonens maktstrukturar speglar verda i 1945 \u2013 ikkje 2025.<\/p>\n<p>Etter FN er kanskje G20 den nest viktigaste m\u00f8teplassen for internasjonalt samarbeid. Her er det \u00f8konomi som st\u00e5r sentralt.<\/p>\n<p><strong>Verdas 20 st\u00f8rste \u00f8konomiar diskuterer \u00f8konomiske sp\u00f8rsm\u00e5l. Dette er ein arena statssjefar har pleid \u00e5 prioritere. Slik er det ikkje lenger.<\/strong><\/p>\n<p>Trumps kamp for kvite s\u00f8rafrikanarar<\/p>\n<p>At Donald Trump ikkje kjem har vore venta. Men at USA n\u00e6rast boikottar m\u00f8tet var ikkje like opplagt.<\/p>\n<p>Det s\u00e5g ei stund ut som at USAs visepresident JD Vance skulle reise, men i starten av november la Trump ut ein lang post p\u00e5 sitt eige sosiale medium.<\/p>\n<p><strong>Han gjekk p\u00e5 ny hardt ut mot S\u00f8r-Afrika og kalla det \u00abtotalt skammeleg\u00bb at dei var vertskap. Han gjentok sine p\u00e5standar om forf\u00f8lging og drap av kvite b\u00f8nder i S\u00f8r-Afrika.<\/strong><\/p>\n<p>Kvite s\u00f8rafrikanarar er ei menneskegruppe Trump har vist mykje interesse for. Ogs\u00e5 d\u00e5 han hadde bes\u00f8k av sin s\u00f8rafrikanske kollega, Cyril Ramaphosa i mai.<\/p>\n<p>P\u00e5standane til Trump gjekk verda rundt, og sj\u00f8lv om dei er tilbakevist fleire gonger held Trump fast p\u00e5 si ganske ekstreme tolking av situasjonen i S\u00f8r-Afrika.<\/p>\n<p>Som eit d\u00f8me viste han fram eit bilete han p\u00e5stod var d\u00f8de kvite b\u00f8nder i likposar i S\u00f8r-Afrika. Biletet var av likposar i Kongo.<\/p>\n<p><strong>Trumps forteljing om S\u00f8r-Afrika f\u00e5r lite st\u00f8tte i landet det er snakk om. B\u00e5de folk flest og regjeringa i S\u00f8r-Afrika har avvist at det skjer noko som liknar p\u00e5 etnisk forf\u00f8lging og folkemord.<\/strong><\/p>\n<p>Det som derimot er eit tema i S\u00f8r-Afrika er ein omstridd landlov og ein partileiar p\u00e5 venstre fl\u00f8y som blir skulda for hatretorikk mot kvite.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 slit S\u00f8r-Afrika, akkurat som USA, med vald og drap. Dette rammer ogs\u00e5 kvite s\u00f8rafrikanarar, men svarte s\u00f8rafrikanarar er mest utsette if\u00f8lge landets drapsstatistikk.<\/p>\n<p>Men det er f\u00e5 i S\u00f8r-Afrika som snakkar om systematisk forf\u00f8lging av kvite, eller noko som liknar p\u00e5 folkemord. Trump held likevel fast p\u00e5 si forteljing, og viser til S\u00f8r-Afrikas handtering av kvite b\u00f8nder som \u00e5rsak til at USA boikottar G20-toppm\u00f8tet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ingen representant for USAs regjering vil delta s\u00e5 lenge desse menneskerettsbrota held fram, skreiv Trump.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Tidlegare i \u00e5r gjekk ogs\u00e5 utanriksminister Marco Rubio ut mot S\u00f8r-Afrikas val av motto for G20: \u00abSolidaritet. Likskap. Berekraft\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>I eit innlegg p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/SecRubio\/status\/1887288685517021298\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/SecRubio\/status\/1887288685517021298\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a> antyda Rubio at dette er antiamerikanske verdiar.<\/p>\n<p>USA kjem til \u00e5 vere representerte p\u00e5 G20 av byr\u00e5kratar. Boikotten er kanskje ekstra oppsiktsvekkande n\u00e5r ein legg til at USA skal ta over stafettpinnen og vere vertskap for G20 i 2026.<\/p>\n<p>Trump har tidlegare sagt at toppm\u00f8tet neste \u00e5r skjer p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/trump_-usa-avholder-g20-mote-i-miami-neste-ar-1.17558056\" ec-id=\"pp:article:1.17558056\" ec-name=\"hans eigen resort i Florida.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">hans eigen resort i Florida.<\/a><\/p>\n<p>B\u00e5de Putin og Lavrov blir heime<\/p>\n<p>Det er heller ikkje overraskande at Vladimir Putin droppar \u00e5 reise til S\u00f8r-Afrika.<\/p>\n<p><strong>Det var mykje styr f\u00f8r BRICS-toppm\u00f8tet i S\u00f8r-Afrika i 2023. Ville Vladimir Putin komme, eller ikkje? Han var, og er framleis, etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) p\u00e5 grunn av krigen i Ukraina.<\/strong><\/p>\n<p>S\u00f8r-Afrika er medlem av ICC, og difor er dei eigentleg forplikta til \u00e5 arrestere Putin om han kjem til landet.<\/p>\n<p>Men Putin har alts\u00e5 meldt avbod. Det som derimot er langt meir overraskande er at heller ikkje utanriksminister Sergej Lavrov reiser til Johannesburg.<\/p>\n<p>\u00c5rsaka til dette handlar nok lite om S\u00f8r-Afrika, og meir om intern russisk politikk.<\/p>\n<p><strong>Det svirrar ein del rykte rundt Lavrov for tida. Han har vore borte fr\u00e5 fleire m\u00f8te han vanlegvis ville delteke p\u00e5. Det russiske tryggingsr\u00e5det og statsbes\u00f8k til Kasakhstan. No kjem han alts\u00e5 heller ikkje til G20.<\/strong><\/p>\n<p>Det heile blir tolka som at Lavrov kan ha kome p\u00e5 kant med Putin. Endringane vart f\u00f8rst synlege etter at Lavrov var i m\u00f8te med sin amerikanske kollega, Marco Rubio. Dei skulle snakke om eit planlagd toppm\u00f8te mellom Putin og Trump.<\/p>\n<p>Men etter m\u00f8tet mellom Lavrov og Rubio avlyste Trump-administrasjonen m\u00f8tet mellom statssjefane.<\/p>\n<p>Spekulasjonane handlar om at Lavrov kan ha stilt for strenge krav til amerikanarane, og at Putin er misn\u00f8gd med at det ikkje blei noko m\u00f8te med Trump.<\/p>\n<p>Uansett, s\u00e5 har Lavrov vore p\u00e5 jobb i det siste, men ein tur til S\u00f8r-Afrika blir det ikkje p\u00e5 Russlands utanriksminister \u2013 og klart mest erfarne diplomat.<\/p>\n<p>Kinas fr\u00e5v\u00e6re er s\u00f8rafrikansk nedtur<\/p>\n<p>Akkurat som i Russland, s\u00e5 er heller ikkje Kina veldig opne opp presidentens prioriteringar, og det har lenge vore uklart om Xi Jinping, president i Kina, skal til S\u00f8r-Afrika. Denne veka kom avklaringa: Ogs\u00e5 Xi melder avbod.<\/p>\n<p>Men i motsetnad til USA og Russland sender kinesarane sin nestkommanderande, statsminister Li Qiang, til G20-m\u00f8tet.<\/p>\n<p><strong>For S\u00f8r-Afrika er dette kanskje den st\u00f8rste nedturen. Det var venta at Trump og Putin droppa m\u00f8tet. Men Xi sitt bes\u00f8k var nok \u00f8nska i eit land der Kina spelar ei viktig \u00f8konomisk rolle. Ja, for heile Afrika er Kina ein viktig stormakt.<\/strong><\/p>\n<p>Argentinas president, Javier Milei, f\u00f8lger i sin allierte Trump sine fotspor og uteblir fr\u00e5 m\u00f8tet. Heller ikkje Mexicos president, Claudia Sheinbaum, reiser til S\u00f8r-Afrika.<\/p>\n<p>Ramaphosa: \u2013 Deira tap<\/p>\n<p>I S\u00f8r-Afrika gjer dei seg klare for innspurten av eit langt \u00e5r som vertskap for ein rekke G20-m\u00f8te. Det er sj\u00f8lve toppniv\u00e5m\u00f8tet denne helga<\/p>\n<p>\u2013 Me kjem til \u00e5 ta djuptg\u00e5ande avgjersler, og det er deira tap at dei uteblir fr\u00e5 m\u00f8tet, svarte S\u00f8r-Afrikas president, Cyril Ramaphosa, d\u00e5 nyheitsbyr\u00e5et AFP spurte kva han tenker om den amerikanske boikotten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"S\u00f8r-Afrikas president, Cyril Ramaphosa, er vertskap for G20\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Cyril Ramaphosa meiner det er USA som taper p\u00e5 at dei boikottar G20 i S\u00f8r-Afrika.<\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p><strong>\u2013 P\u00e5 mange vis gir USA fr\u00e5 seg den veldig viktige rolla som dei burde spele sidan dei er verdas st\u00f8rste \u00f8konomi, meiner Ramaphosa.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Dei har vald \u00e5 boikotte m\u00f8tet, og boikott f\u00f8rer aldri til at ein kan p\u00e5verke, for avgjersler vert berre fatta av dei som bidrar til \u00e5 bevege politikk framover, seier den s\u00f8rafrikanske presidenten.<\/p>\n<p><strong>S\u00f8r-Afrika, i likskap med Noreg, treng \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass gode rammer for internasjonalt samarbeid. Og difor er ein arena som G20 s\u00e5 viktig for dei mellomstore landa. Her kan avgjersler takast, m\u00f8ter kan gjennomf\u00f8rast, planar kan leggast.<\/strong><\/p>\n<p>Toppm\u00f8tet i Johannesburg blir ein sjanse for Noreg \u00e5 p\u00e5verke, men det kjem ogs\u00e5 til \u00e5 bli ei p\u00e5minning om at internasjonal politikk er inne i ei tid der stadig fleire land vel solol\u00f8p framfor lagarbeid.<\/p>\n<p>For Noreg er det neppe godt nytt.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>21.11.2025, kl. 06.11<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Jonas Gahr St\u00f8re og andre statsleiarar er p\u00e5 veg til Johannesburg. Dei skal delta p\u00e5 G20 \u2013 ein&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":92566,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-92565","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115586114727229251","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92565","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=92565"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/92565\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/92566"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=92565"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=92565"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=92565"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}