{"id":93431,"date":"2025-11-22T04:41:08","date_gmt":"2025-11-22T04:41:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/93431\/"},"modified":"2025-11-22T04:41:08","modified_gmt":"2025-11-22T04:41:08","slug":"over-200-elevar-bortforte-fra-katolsk-skule-i-nigeria-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/93431\/","title":{"rendered":"Over 200 elevar bortf\u00f8rte fr\u00e5 katolsk skule i Nigeria \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 tolv l\u00e6rarar skal ha vorte bortf\u00f8rte, i tillegg til 215 skuleelevar, seier ein talsperson for Christian Association of Nigeria (CAN).<\/p>\n<p>\u2013 Eg har nettopp komme tilbake fr\u00e5 eit bes\u00f8k p\u00e5 skolen. Der m\u00f8tte eg foreldra til barna for \u00e5 f\u00e5 forsikre dei om at vi samarbeider med myndigheitene og sikkerheitsorgana for \u00e5 s\u00f8rgje for at barna blir redda og bringa trygt tilbake, seier talsperson Daniel Atori til nyheitsbyr\u00e5et AP fredag kveld.<\/p>\n<p>CAN er ein paraplyorganisasjon for ei rekkje kristne kyrkjesamfunn i Nigeria.<\/p>\n<p>Tidlegare p\u00e5 dagen melde den lokale TV-stasjonen Arise at 52 skulebarn var bortf\u00f8rte.<\/p>\n<p>Saknar fire barnebarn<\/p>\n<p>Angrepet var retta mot St. Marys skule i byen Agwara i delstaten Niger. Delstatsmyndigheitene har ikkje oppgitt talet p\u00e5 elevar eller l\u00e6rarar som er bortf\u00f8rte, eller kven dei mistenker for \u00e5 st\u00e5 bak.<\/p>\n<p>\u2013 Det eksakte talet p\u00e5 elevar er enno ikkje bekrefta, sa Abubakar Usman i delstatsregjeringa i ei fr\u00e5segn tidlegare fredag.<\/p>\n<p>If\u00f8lgje myndigheitene er skulen ein ungdomsskule, noko som betyr at dei er mellom 12 og 17 \u00e5r. Satellittbilde viser likevel at skuleomr\u00e5det er knytt til ein n\u00e6rliggande barneskule, med meir enn 50 klasserom og sovesalar.<\/p>\n<p>AP har snakka med ein bestefar som seier at fire av barnebarna hans, i alderen sju til ti \u00e5r, var blant skulebarna som vart bortf\u00f8rte.<\/p>\n<p>\u2013 Vi veit ikkje kva som skjer no, for vi har ikkje h\u00f8yrt noko sidan i dag tidleg, seier bestefaren.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rommet viser metallkoier med madrasser, noe som indikerer et sovesal. Det er kl\u00e6r liggende p\u00e5 gulvet og p\u00e5 hyllene. Veggene er malt bl\u00e5, og vinduene har gitter. Det er f\u00e5 m\u00f8bler og lite annen innredning, noe som gir et spartansk inntrykk.\" title=\"Foto: (Christian Association of Nigeria via AP)NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dette bildet, gitt ut av Christian Association of Nigeria, viser sovesalane ved St. Mary\u2019s katolske grunn- og vidareg\u00e5ande skole etter at v\u00e6pna menn bortf\u00f8rte barn og tilsette i Papiri-samfunnet i Nigeria, fredag 21. november 2025<\/p>\n<p>Foto: (Christian Association of Nigeria via AP)NTB<\/p>\n<p>L\u00f8ysepengar<\/p>\n<p>Hendinga skjer f\u00e5 dagar etter at 25 jenter blei bortf\u00f8rte fr\u00e5 ein kostskule i delstaten Kebbi, nordvest i Nigeria.<\/p>\n<p>Fredag kom det ogs\u00e5 meldingar om at 38 medlemmer av ei kyrkje er bortf\u00f8rt i delstaten Kwara. Ein representant for kyrkja seier til Reuters at v\u00e6pna menn kom og bortf\u00f8rte dei 38, og at dei krev cirka 69.000 dollar per person f\u00f8r offera blir frigjorde.<\/p>\n<p>Bortf\u00f8ringar har blitt vanleg i delar av det nordlege Nigeria, der titals v\u00e6pna grupper utnyttar den svake sikkerheita til \u00e5 g\u00e5 til angrep i landsbyar og langs hovudvegar.<\/p>\n<p>Dei fleste offera blir sette fri f\u00f8rst n\u00e5r det er betalt l\u00f8ysepengar. Krava kan vere p\u00e5 fleire tusen dollar.<\/p>\n<p>I 15 \u00e5r har militante islamistiske og jihadistiske oppr\u00f8rarar herja i regionen, blant dei Boko Haram.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.11.2025, kl. 04.21<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ogs\u00e5 tolv l\u00e6rarar skal ha vorte bortf\u00f8rte, i tillegg til 215 skuleelevar, seier ein talsperson for Christian Association&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":93432,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-93431","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115591517492841873","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93431","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=93431"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93431\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/93432"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=93431"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=93431"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=93431"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}