{"id":93923,"date":"2025-11-22T17:05:40","date_gmt":"2025-11-22T17:05:40","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/93923\/"},"modified":"2025-11-22T17:05:40","modified_gmt":"2025-11-22T17:05:40","slug":"amund-korsaeth-fra-sarpsborg-droymer-om-ol-i-italia-nrk-ostfold-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/93923\/","title":{"rendered":"Amund Kors\u00e6th fr\u00e5 Sarpsborg dr\u00f8ymer om OL i Italia \u2013 NRK \u00d8stfold \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Amund Kors\u00e6th fr\u00e5 Sarpsborg skada seg i sesongopninga p\u00e5 Beitost\u00f8len i 2024 etter eit fall som f\u00f8rte til skulder ute av ledd.<\/li>\n<li>Trass i skaden, viste han sterke prestasjonar og vann Norgescup-renn seinare i sesongen.<\/li>\n<li>Kors\u00e6th har hatt ein god treningshaust og f\u00f8ler seg sterkare enn nokon gong.<\/li>\n<li>Han satsar p\u00e5 \u00e5 kvalifisere seg til OL i Italia i 2026, men m\u00e5 f\u00f8rst prestere godt i verdscupen f\u00f8r jul.<\/li>\n<li>Laget hans, Team Elon Oslofjord, har eit h\u00f8gt niv\u00e5, og trenar \u00c5nund Lid Byggland har stor tru p\u00e5 at Kors\u00e6th kan hevde seg blant dei beste.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Sesongopninga p\u00e5 Beitost\u00f8len er staden der draumar blir oppfylte og knuste. For Amund Kors\u00e6th blei det sistnemnde i fjor.<\/p>\n<p>I semifinalen p\u00e5 sprinten, p\u00e5 opningsdagen, snubla Elde Holmboe rett f\u00f8re sarpingen 5 meter fr\u00e5 m\u00e5l. Eitt fall var uunng\u00e5eleg, og Kors\u00e6th stupte framover.<\/p>\n<p><strong>Resultatet: ei skulder ute av ledd og krisestart p\u00e5 sesongen etter 8 minutt effektiv skig\u00e5ing.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det var ikkje heilt etter planen. Det sette meg litt tilbake.<\/p>\n<p>F\u00f8r fallet hadde han vist lovande takter. Landslagsl\u00f8parar som Taugb\u00f8l og Northug hadde blitt sl\u00e5tt ut, og Kors\u00e6th blei nummer 12 sj\u00f8lv med fall.<\/p>\n<p>Kor vondt var det?<\/p>\n<p>\u2013 Det var s\u00e5 mykje adrenalin at eg nesten ikkje merka det. Men landslagslegen m\u00e5tte dra s\u00e5 kraftig da skuldra skulle p\u00e5 plass at han nesten ikkje fekk det til.<\/p>\n<p><strong>Han kom tilbake utover vinteren og vann Norgescup-renn, men VM p\u00e5 heimebane blei det ikkje. N\u00e5 dr\u00f8ymer Kors\u00e6th om OL.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Sterkare enn nokon gong<\/p>\n<p>L\u00f8paren fr\u00e5 Tr\u00f8sken IL i Sarpsborg er \u00e9in av mange langrennsl\u00f8parar som held eit veldig h\u00f8gt niv\u00e5, men rett bak landslaget. Ofte tek nokre av dei steget opp i l\u00f8pet av ein sesong.<\/p>\n<p>Kors\u00e6th h\u00e5par det er han sin tur.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har vore mange gode testar og ein bra haust. Eg har trena bra med laget og landslaget. Eg kjenner at eg er sterkare enn nokon gong, og om alt klaffar kan eg vere i ein sprintfinale.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Amund Kors\u00e6th, ung skil\u00f8per for Team Elon Oslofjord, foran fjellbakgrunn med skikl\u00e6r.\" title=\"Foto: Team Elon Oslofjord\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Amund Kors\u00e6th seier han aldri har kjent seg sterkare enn f\u00f8r denne sesongen.<\/p>\n<p>Foto: Team Elon Oslofjord<\/p>\n<p>Sarpingen har flytta til Oslo og g\u00e5r for laget Team Elon Oslofjord, der niv\u00e5et er h\u00f8gt \u2013 s\u00e6rleg i sprint.<\/p>\n<p><strong>Tvillingane Elde Holmboe, Simen Myhre og Matz William Jenssen har alle sterke resultat \u00e5 vise til.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Alle p\u00e5 laget er gode og har toppresultat i verdscupen. Lagkameratane mine er nesten dei t\u00f8ffaste konkurrentane. Men vi pushar kvarandre kvar dag, ein m\u00e5 alltid vere p\u00e5 hogget.<\/p>\n<p>Kan hevde seg godt<\/p>\n<p>Team Elon Oslofjord blir trena av \u00c5nund Lid Byggland.<\/p>\n<p>Han var sj\u00f8lv sprintar da han var aktiv. I 2013 tok han s\u00f8lv i NM bak ikkje heilt ukjente P\u00e5l Golberg.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\u00c5nund Lid Byggland, trener for Team Elon Oslofjord, i treningst\u00f8y\" title=\"Foto: Team Elon Oslofjord\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00c5nund Lid Byggland er trenar for Kors\u00e6th, og trur skil\u00f8paren har ein god sesong framfor seg.<\/p>\n<p>Foto: Team Elon Oslofjord<\/p>\n<p>Han trur Kors\u00e6th har gode h\u00f8ve til \u00e5 yppe seg mot dei aller beste denne sesongen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han kan hevde seg veldig godt. Det gjorde han utover fjor\u00e5rssesongen \u00f2g, trass i skaden. Amund har trena godt i sommar og haust.<\/strong><\/p>\n<p>6. februar startar OL i Italia.<\/p>\n<p>\u2013 Eg m\u00e5 vere kjedeleg og seie at OL snakkar vi ikkje s\u00e5 mykje om, seier Lid Byggland.<\/p>\n<p>Amund Kors\u00e6th er likevel open om at meisterskapen er eit m\u00e5l og ein draum denne sesongen.<\/p>\n<p>Men er det realistisk?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ut fr\u00e5 korleis det har vore p\u00e5 trening, kjenner eg OL er mogleg. Men eg m\u00e5 komme meg ut i verdscup f\u00f8r jul for at det skal g\u00e5, seier Kors\u00e6th.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>21.11.2025, kl. 08.31<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Amund Kors\u00e6th fr\u00e5 Sarpsborg skada seg i sesongopninga p\u00e5 Beitost\u00f8len i 2024 etter eit fall som&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":93924,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-93923","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115594443034356723","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93923","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=93923"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93923\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/93924"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=93923"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=93923"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=93923"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}