{"id":94803,"date":"2025-11-23T20:26:08","date_gmt":"2025-11-23T20:26:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/94803\/"},"modified":"2025-11-23T20:26:08","modified_gmt":"2025-11-23T20:26:08","slug":"okt-uro-for-ki-juks-i-skolen-vil-ha-tydlegare-ki-regler-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/94803\/","title":{"rendered":"\u00d8kt uro for KI-juks i skolen \u2013 vil ha tydlegare KI-regler \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Elevar blir oppfordra til \u00e5 bruke kunstig intelligens (KI) i skulen, men blir samtidig skulda for juks.<\/li>\n<li>Det manglar tydelege retningslinjer for n\u00e5r og korleis KI kan brukast i skulearbeid.<\/li>\n<li>Mange elevar opplever at det er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 toppkarakterar utan \u00e5 bruke KI.<\/li>\n<li>Elevar ved Elvebakken vidareg\u00e5ande skule \u00f8nsker eit eige fag om KI.<\/li>\n<li>Kunnskapsministeren erkjenner utfordringane med KI i skulen, men meiner det er behov for meir tid og arbeid for \u00e5 finne gode l\u00f8ysingar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Dei kan ikkje berre legge det p\u00e5 oss unge, seier Pernille Hedl\u00f8v Aase (18).<\/p>\n<p>NRK m\u00f8ter ho og klassekameratane Leone Tambuscio Kloster (18), Marte Torset Gj\u00f8sund (18) og H\u00e5kon Eidsv\u00e5g Myhre (18) utanfor Elvebakken vidareg\u00e5ande skule i Oslo.<\/p>\n<p>Dei g\u00e5r alle linja medium og kommunikasjon, og kunstig intelligens (KI)  er eit tema som engasjerer.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Portrett av unge vaksne ute. Haust. \" title=\"Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Pernille Hedl\u00f8v Aase meiner at dei vaksne m\u00e5 ta meir ansvar for KI i skulen. <\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Nokon l\u00e6rarar oppfordrar oss til \u00e5 bruke det, mens nokon er veldig mot det. Det er det som er problemet, seier Aase.<\/p>\n<p><strong>\u2013 N\u00e5r vi menneske har klart \u00e5 lage eit verkt\u00f8y som KI, s\u00e5 synest eg vi b\u00f8r kunne ta det i bruk utan \u00e5 f\u00e5 d\u00e5rleg samvit for det, legg ho til.<\/strong><\/p>\n<p>L\u00e6rarane bruker ogs\u00e5 KI, utan at det blir sett p\u00e5 som eit problem, p\u00e5peikar Kloster.<\/p>\n<p>\u2013 Dei er veldig opptatte av det, bortsett fr\u00e5 n\u00e5r dei bruker det sj\u00f8lv. Det verkar som dei har litt dobbeltmoral, seier han.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Portrett av unge vaksne ute. Haust. \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Portrett av kvinne som st\u00e5r ute. Ho har blondt h\u00e5r og ei brun boblejakke. \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Leone Tambuscio Kloster og Pernille Hedl\u00f8v Aase.<\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Rektor ved Elvebakken, Camilla Hauren Leirvik, seier dei aller fleste l\u00e6rarane ved skulen oppmodar elevane til \u00e5 bruke KI.<\/p>\n<p>\u2013 Men kvar stor skule vil ha nokre l\u00e6rarar som synest dette er litt utfordrande, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 vil elevane oppleve noko ulik bruk, men vi opplever i utgangspunktet at det har vore veldig lite st\u00f8y rundt bruken av KI.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Portrett av personar som st\u00e5r ute. \" title=\"Foto: Isabel M\u00fcller Eidhamar \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gj\u00f8sund, Aase, Kloster og Myhre seier dei bruker KI i sin skulekvardag.<\/p>\n<p>Foto: Isabel M\u00fcller Eidhamar \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Ein ny standard<\/p>\n<p>Kunstig intelligens blir brukt meir og meir i skulen \u2013 b\u00e5de til l\u00e6ring, men fleire bekymrar seg ogs\u00e5 for at det kan brukast til juks.<\/p>\n<p>Samtidig er politikarane ueinige om korleis reglane b\u00f8r vere.<\/p>\n<p><strong>Allereie i 2023 etterlyste <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/elever-og-lektorforeningen-forventer-foringer-pa-chatgpt-pa-plass-i-skolen-1.16380001\" ec-id=\"pp:article:1.16380001\" ec-name=\"Elevorganisasjonen tydelege retningslinjer for bruk av KI i skulen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Elevorganisasjonen tydelege retningslinjer for bruk av KI i skulen<\/a>. Ogs\u00e5 Norsk Lektorlag har sagt dei forventar f\u00f8ringar for ChatGPT.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg trur elevar er einige i at KI kan vere eit problem, men eg trur ikkje dei bryr seg nok til \u00e5 endre \u00e5tferd, seier Myhre.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Portrett av en ung mann som smiler. Han er ute. Mannen har brunt h\u00e5r og en svart jakke. \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Portrett av unge vaksne ute. Haust. \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>H\u00e5kon Eidsv\u00e5g Myhre og Marte Torset Gj\u00f8sund.<\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Nokon elevar opplever ogs\u00e5 at det blir vanskelegare \u00e5 f\u00e5 toppkarakterar utan hjelp fr\u00e5 ein datamaskin.<\/p>\n<p>\u2013 Det l\u00f8nner seg \u00e5 gjere jobben sj\u00f8lv med tanke p\u00e5 eiga l\u00e6ring, men eg trur l\u00e6rarane ubevisst har blitt ganske vant til KI-svar p\u00e5 oppg\u00e5ver, seier Gj\u00f8sund.<\/p>\n<p>\u2013 Utan at dei meiner det set dei ein annan standard for oss enn det var for ti \u00e5r sidan, sj\u00f8lv om l\u00e6ringsm\u00e5la er ganske like, legg ho til.<\/p>\n<p>Dette seier Udir: <\/p>\n<p>Ingen nasjonale retningslinjer:<\/p>\n<p>Det finst per i dag ingen nasjonale retningslinjer som detaljstyrer bruk av kunstig intelligens i skulen. Skuleeigar har ansvaret for at personvernet og tryggleiken for elevar og tilsette blir ivaretatt i l\u00f8ysingane som blir tatt i bruk.<\/p>\n<p>Det er opp til kvar enkelt skule eller l\u00e6rar \u00e5 vurdere kva l\u00e6remiddel og verkt\u00f8y som best st\u00f8ttar l\u00e6ringsm\u00e5la i undervisninga. Udir har publisert <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/kvalitet-og-kompetanse\/digitalisering-skole\/kunstig-intelligens-ki-i-skolen\/kunstig-intelligens-ki-i-skolen\/\" ec-id=\"https:\/\/www.udir.no\/kvalitet-og-kompetanse\/digitalisering-skole\/kunstig-intelligens-ki-i-skolen\/kunstig-intelligens-ki-i-skolen\/\" ec-name=\"r\u00e5d om KI i skulen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">r\u00e5d om KI i skulen<\/a>. R\u00e5da er eit godt utgangspunkt for \u00e5 lage lokale retningslinjer for bruk.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 2026 vil EU-forordninga om kunstig intelligens gradvis bli innf\u00f8rt ogs\u00e5 i Noreg. Det vil f\u00f8re til fleire krav til bruk ogs\u00e5 i utdanningssektoren.<\/p>\n<p>KI er ei av dei st\u00f8rste utfordringane skulane st\u00e5r overfor i dag, if\u00f8lgje Udir. Den raske utviklinga har vore krevjande \u00e5 handtere for dei som jobbar i skulen, opplyser dei.<\/p>\n<p>KI og eksamen:<\/p>\n<p>Kunstig intelligens skaper ogs\u00e5 utfordringar for dagens eksamensordning. Udir opplyser at dei har stilt krav om at alle skular skal gjennomf\u00f8re eksamen p\u00e5 sikkert eksamensnett og med auka vakthald. Saman med fylkeskommunane har dei kutta tal tillatne nettbaserte hjelpemiddel fr\u00e5 160 til 15.<\/p>\n<p>F\u00f8rebuingsdelen p\u00e5 dei fleste skriftlege eksamenar er fjerna, slik at elevane ikkje kan levere tekstar p\u00e5 eksamen, som dei har laga med KI p\u00e5 f\u00f8rehand.<\/p>\n<p>I 2025 har bruk av ein sikker nettlesar vore testa p\u00e5 enkelte eksamenar. Denne ordninga inneber store endringar for elevane, ettersom dei ikkje kan bruke tekstbehandlingsprogram og hjelpemiddel som dei er vant til fr\u00e5 undervisninga.<\/p>\n<p>M\u00e5let er at alle digitale eksamenar kan bli gjennomf\u00f8rt i sikker nettlesar i 2027. P\u00e5 lenger sikt er det behov for st\u00f8rre endringar, og Udir jobbar no med oppdrag fr\u00e5 departementet om \u00e5 vidareutvikle eksamen og pr\u00f8var i skulen, i samarbeid med elevar, l\u00e6rarar og skulane.<\/p>\n<p>Kompetansepakke til l\u00e6rarar:<\/p>\n<p>Udir har kompetansepakkar om kunstig intelligens og digital d\u00f8mmekraft som l\u00e6rarar fritt kan bruke b\u00e5de aleine og saman med kollegiet.<\/p>\n<p>Kompetansepakken om kunstig intelligens i skulen skal st\u00f8tte l\u00e6rarar, skuleleiarar og skuleeigarar i \u00e5 handtere framveksten av kunstig intelligens.<\/p>\n<p>Pakken tar for seg utfordringar og moglegheiter med denne teknologien \u2013 spesielt i tilknyting til undervisningspraksis, vurdering, kjeldekritikk, personvern og informasjonstryggleik.<\/p>\n<p>Rundt 12.000 l\u00e6rarar er p\u00e5meldt i pakken. Udir r\u00e5r skuleeigarar til \u00e5 s\u00f8rge for tilstrekkeleg oppl\u00e6ring av l\u00e6rarar og elevar.<\/p>\n<p>M\u00e5 jukse for toppkarakter<\/p>\n<p>Lektor Anne Gr\u00f8nlie ved Drammen vidareg\u00e5ande skule er klar over utviklinga.<\/p>\n<p>\u2013 Eg ser at mange er freista \u00e5 bruke kunstig intelligens fordi dei opplever at nokon bruker KI og f\u00e5r veldig gode karakterar. D\u00e5 blir dei freista til \u00e5 gjere det same sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Anne Gr\u00f8nlie\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">L\u00e6rar Anne Gr\u00f8nlie ettersp\u00f8r retningslinjer for bruk av KI i skulen. <\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Ho har sj\u00f8lv erfart at elevar bruker KI til \u00e5 skrive oppg\u00e5ver, eksamen og til \u00e5 gi raske svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l i klassen.<\/p>\n<p>\u2013 Dei f\u00e5r KI til \u00e5 gjere alt for seg. Det er ikkje lov, men vi har ikkje nokon l\u00f8ysingar for det.<\/p>\n<p>\u2013 M\u00e5 elevar jukse for \u00e5 f\u00e5 toppkarakter?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sj\u00f8lvsagt. Ein av dei tinga vi gjer er \u00e5 kvalifisere elevar til vidare studium. D\u00e5 er n\u00e5lauget er trongt. S\u00e5 mange gjer nesten alt dei kan for \u00e5 f\u00e5 gode karakterar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 KI \u00f8ydelegg<\/p>\n<p>Elevane ved Elvebakken trur det er mogleg \u00e5 f\u00e5 betre karakterar ved hjelp av KI.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skj\u00f8nner korleis det kan bli urettferdig for folk som ikkje bruker det, men det er eit val skulen gir oss n\u00e5r vi har s\u00e5 enkel tilgang p\u00e5 det, seier Aase.<\/p>\n<p>    <img alt=\"To elevar som st\u00e5r ute i haustsola\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"To elevar som st\u00e5r ute i haustsola\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Elevane snakkar mykje om KI p\u00e5 skulen. <\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Kloster er skeptisk til at KI har blitt ein s\u00e5 stor del av skulekvardagen.<\/p>\n<p>\u2013 Dei fleste elevane i klassen bruker det til oppg\u00e5ver. Eg tenker det utan tvil er grunn til \u00e5 vere uroleg, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Skulen handlar ikkje om \u00e5 skape det aller beste. Det handlar om vegen dit. Og KI \u00f8ydelegg for det sidan det berre handlar om resultat.<\/p>\n<p>Eksamenskr\u00f8ll<\/p>\n<p>Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vedg\u00e5r at det ikkje er tvil om at KI har endra vilk\u00e5ra i skulen. Det utfordrar b\u00e5de l\u00e6ring og vurderingspraksis.<\/p>\n<p>\u2013 Mange land arbeider med dei same sp\u00f8rsm\u00e5la som oss, og ingen har alle svara enno, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 Men vi sit ikkje stille i b\u00e5ten og har alt tatt viktige grep for at spesielt skriftleg eksamen skal bli gjennomf\u00f8rt rettferdig og utan juks.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ei kvinne med m\u00f8rkt h\u00e5r i ei lys skjorte st\u00e5r foran ein fargerik bakgrunn.\" title=\"Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner det er behov for meir tid og arbeid for \u00e5 finne gode l\u00f8ysingar for KI i skulen.<\/p>\n<p>Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB<\/p>\n<p>Under \u00e5rets eksamen tok <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/presse\/pressemeldinger\/gjor-nye-grep-mot-ki-pa-eksamen\/\" ec-id=\"https:\/\/www.udir.no\/presse\/pressemeldinger\/gjor-nye-grep-mot-ki-pa-eksamen\/\" ec-name=\"Utdanningsdirektoratet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Utdanningsdirektoratet<\/a> (Udir) grep.<\/p>\n<p>Blant anna kan sensorar varsle med ein \u00abjukseknapp\u00bb dersom ein tekst er s\u00e5 god at det m\u00e5 bli vurdert om eleven har juksa p\u00e5 eksamen eller ikkje.<\/p>\n<p>Det er problematisk, meiner rektoren ved Elvebakken.<\/p>\n<p>\u2013 Ressurssterke elevar i skriftlege fag har f\u00e5tt tekstane sine flagga som KI-juks p\u00e5 eksamen, sj\u00f8lv om l\u00e6rarane som kjenner dei veit at dei har gjort jobben sj\u00f8lv og at det ikkje er juks, seier Leirvik.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skj\u00f8nner at elevane blir litt utrygge, fordi dei digitale verkt\u00f8ya og bruken av dei endrar seg omtrent fr\u00e5 veke til veke, legg ho til.<\/p>\n<p>        Trur du kunstig intelligens gjer at fleire juksar p\u00e5 skulen?<\/p>\n<p>        Ja, eg hadde sj\u00f8lv vore freista til \u00e5 jukse!<\/p>\n<p>        Nei, eg trur elevane er flinke og \u00e6rlege.<\/p>\n<p>        Veit ikkje, tanken har ikkje sl\u00e5tt meg.<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Vil ha KI-fag<\/p>\n<p>Elevane ved Elvebakken ettersp\u00f8r tydelege reglar for n\u00e5r dei kan bruke KI og korleis teknologien kan bli tatt i bruk p\u00e5 ein forsvarleg m\u00e5te.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er nok eit mindre problem enn mange skal ha det til, men samtidig trur eg det er eit problem, seier Myhre.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg synest vi b\u00f8r f\u00e5 bruke det, men eg synest ogs\u00e5 det b\u00f8r vere ganske god oppl\u00e6ring i korleis vi skal bruke det, seier Aase som meiner at eit skulefag kan vere svaret.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fire elevar ute. Dei st\u00e5r ute. \" title=\"Foto: Isabel M\u00fcller Eidhamar \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Elevane meiner at eit KI-fag kan vere nyttig \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass. <\/p>\n<p>Foto: Isabel M\u00fcller Eidhamar \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det hadde vore fint med eit fag om korleis og kva vi skal bruke KI til, kanskje allereie p\u00e5 ungdomsskulen, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p>Aase f\u00e5r st\u00f8tte fr\u00e5 kunnskapsministeren.<\/p>\n<p>Nordtun seier at regjeringa har bede Udir om \u00e5 vurdere om norske elevar treng eit eige teknologi-fag p\u00e5 skulen.<\/p>\n<p>\u2013 Her er det i s\u00e5 fall naturleg at KI vil inng\u00e5 som ein del av faget. Men vi m\u00e5 ogs\u00e5 vere kritiske til n\u00e5r elevane skal bruke kva, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 Og det er ikkje sikkert at dei yngste barna, med umodne barnehjernar under utvikling, skal bruke KI-verkt\u00f8y i skulen.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>23.11.2025, kl. 20.44<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Elevar blir oppfordra til \u00e5 bruke kunstig intelligens (KI) i skulen, men blir samtidig skulda for&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":94804,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-94803","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115600895967674235","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/94803","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=94803"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/94803\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/94804"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=94803"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=94803"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=94803"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}