{"id":9495,"date":"2025-08-16T08:19:11","date_gmt":"2025-08-16T08:19:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/9495\/"},"modified":"2025-08-16T08:19:11","modified_gmt":"2025-08-16T08:19:11","slug":"debatt-kommentar-det-er-ingen-grunn-til-at-jentene-skal-sta-med-bottehatten-i-handa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/9495\/","title":{"rendered":"Debatt, Kommentar | Det er ingen grunn til at jentene skal st\u00e5 med b\u00f8ttehatten i handa"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Torsdag n\u00e5dde Sportsklubben<\/b> Brann den s\u00e5rt etterlengta milep\u00e6len.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha mista avansementet med minst mogleg margin to \u00e5r p\u00e5 rad, greidde endeleg herrelaget til Brann \u00e5 komma seg inn i eit europeisk ligaspel.<\/p>\n<p><b>For norske klubbar<\/b> vil den europeiske klubbfotballen p\u00e5 herresida alltid vera ein kamp mot Goliat. Mot klubbar med heilt andre ressursar enn det norske klubbar kan skilta med.<\/p>\n<p>Som Bod\u00f8\/Glimt dei siste \u00e5ra har vist, er det likevel mogleg \u00e5 hevda seg til eit visst niv\u00e5. Med suksess kjem \u00f2g pengane.<\/p>\n<p>Likevel. Det vil alltid vera veldig mange klubbar der ute som har langt st\u00f8rre \u00f8konomiske musklar.<\/p>\n<p><b>Det finst likevel<\/b> ein fotball der Brann er blant dei store. B\u00e5de n\u00e5r ein tel ressursar og n\u00e5r ein tel resultat.<\/p>\n<p>Tidlegare i \u00e5r kom den internasjonale konsulentgiganten Deloitte med <a href=\"https:\/\/www.deloitte.com\/uk\/en\/services\/financial-advisory\/analysis\/deloitte-football-money-league-women.html\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">ein rapport<\/a> der det st\u00e5r svart p\u00e5 kvitt.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld inntekter fr\u00e5 sponsorar, inntekter p\u00e5 kampdagar og inntekter fr\u00e5 tv er Brann p\u00e5 Champions League- niv\u00e5.<\/p>\n<p><b>Talknusarane har berre<\/b> greidd \u00e5 finna 14 klubbar p\u00e5 kvinnesida i verda (!) som i 2024 hadde st\u00f8rre inntekter enn Brann i dei tre kategoriane.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"785\" height=\"930\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/brann.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 785 \/ 930;\"\/><\/p>\n<p>    Deloitte si rangering av dei 15 fotballklubbane i verda med dei st\u00f8rste inntektene fr\u00e5 sponsorar, kampdag, og tv-rettigheiter.<\/p>\n<p>Rett nok er det to klubbar som ikkje har rapportert inn tal; Lyon, som uansett har st\u00f8rre inntekter enn Brann, og Wolfsburg. Det gjer at Brann reelt sett er p\u00e5 16. eller 17. plass p\u00e5 lista.<\/p>\n<p><b>Ogs\u00e5 n\u00e5r det<\/b> kjem til sportslege prestasjonar, h\u00f8yrer Brann heime i det ypparste sjiktet i Europa. If\u00f8lge rangeringa til det europeiske fotballforbundet er Brann den 17. beste klubben p\u00e5 kontinentet. F\u00f8rst og fremst grunna at klubben kom seg heilt til kvartfinalen i Champions League i fjor.<\/p>\n<p>I seriespelet i Champions League er det fr\u00e5 i \u00e5r 18 lag denne sesongen. B\u00e5de m\u00e5lt mot tidlegare prestasjonar og \u00f8konomiske f\u00f8resetnader h\u00f8yrer Brann alts\u00e5 heime der.<\/p>\n<p>Til samanlikning er Bod\u00f8\/Glimt rangert som nummer 40 p\u00e5 herresida. Brann er nummer 203.<\/p>\n<p><b>Men som alle<\/b> veit: I fotball kjem ein ikkje langt med \u00e5 vera god p\u00e5 papiret. M\u00e5lt mot ressursbruken har ikkje Brann-kvinnene greidd \u00e5 vera stabile nok dei siste \u00e5ra. Her ligg lista skyh\u00f8gt!<\/p>\n<p>Sidan Brann ikkje greidde \u00e5 vinna den norske serien i fjor, vert vegen til Champions League t\u00f8ffare i \u00e5r.<\/p>\n<p><b>F\u00f8rst m\u00e5 Brann<\/b> vinna ei miniturnering i Milano mot italienske Inter, portugisiske Braga og islandske Valur. Sj\u00f8lv om det kan verta t\u00f8ft nok, er desse klubbane l\u00e5gare rangert enn Brann b\u00e5de \u00f8konomisk og sportsleg.<\/p>\n<p>Deretter ventar truleg ein verkeleg kanon i den endelege kvalifiseringskampen.<\/p>\n<p>Om Brann ikkje lykkast i \u00e5 n\u00e5 Champions League er h\u00e5pet den nye utslagsturneringa som vert eit andre niv\u00e5 i den europeiske kvinnefotballen. Der b\u00f8r Brann ha veldig gode sjansar.<\/p>\n<p><b>Det aller viktigaste <\/b>denne sesongen, er likevel \u00e5 vinna Toppserien. Det vil gje Brann ein enklare veg inn i Champions League neste \u00e5r.<\/p>\n<p>Laurdag ventar den aller viktigaste seriekampen p\u00e5 Stadion.<\/p>\n<p>D\u00e5 spelar Signe Gaupset sin f\u00f8rste kamp p\u00e5 bergensk jord etter landslagsgjennombrotet i EM i Sveits. Brann m\u00f8ter erkerivalen V\u00e5lerenga. Med tre poeng vil Brann skaffa seg ei etterlengta luke i toppen av Toppserien.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3000\" height=\"1998\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/NTB_zvdjFrqYhFM.jpg\" alt=\"Mobilen har lyst i ett sett etter storkampen: \u2013 Helt sykt - Brann-spilleren herjet da hun endelig fikk starte i EM. P\u00e5 tribunen satt faren, m\u00e5ll\u00f8s av stolthet. N\u00e5 h\u00e5per han datteren f\u00e5r vise seg frem p\u00e5 samme m\u00e5te i kvartfinalen.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3000 \/ 1998;\"\/><\/p>\n<p>    Signe Gaupset markerte seg verkeleg i EM i Sveits. No skal ho igjen spela framfor bergenspublikummet.<br \/>\n    Foto: Bergensavisen\n  <\/p>\n<p><b>Fredag ettermiddag kunne<\/b> Brann melda om at dei hadde selt om lag 6000 billettar til toppkampen.<\/p>\n<p>Det er ikkje noko \u00e5 skamma seg over. Heller ikkje i eit internasjonalt perspektiv. Halvparten av klubbane i den engelske toppdivisjonen, den desidert mest popul\u00e6re ligaen i Europa, greidde ikkje \u00e5 dra s\u00e5 mange p\u00e5 ein enkeltkamp i fjor.<\/p>\n<p><b>Likevel er det<\/b> ingen tvil om at Brann hadde h\u00e5pa p\u00e5 eit st\u00f8rre drag p\u00e5 publikum, og aller helst greidd \u00e5 sl\u00e5 publikumsrekorden i Toppserien.<\/p>\n<p>Den er p\u00e5 11636 og tilh\u00f8yrer Rosenborg. Brann sin rekord er p\u00e5 10582.<\/p>\n<p>Ein m\u00e5 tilbake til 2022 for \u00e5 finna begge bestenoteringane.<\/p>\n<p><b>Sidan har det<\/b> slettes ikkje vorte enklare \u00e5 lokka folk p\u00e5 kamp. Tvert i mot.<\/p>\n<p>Akkurat no er ikkje interessa stor nok, rett og slett. Det m\u00e5 Brann greia \u00e5 gjera noko med om dei skal halda p\u00e5 posisjonen sin blant dei st\u00f8rste klubbane i Europa. Publikumsinntekter er viktige.<\/p>\n<p><b>Det vert krevjande<\/b> denne hausten. Med europafotball for herrelaget heilt fram til jul, med minst fire utanlandsturar for supporterane, vert det fort vanskeleg \u00e5 f\u00e5 til full mobilisering p\u00e5 borte- og heimebane for kvinnene.<\/p>\n<p>Til og med for dei aller ivrigaste finst det grenser for kor mykje tid og pengar som kan brukast p\u00e5 Brann.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4128\" height=\"2752\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/EWB_9856.jpg\" alt=\"Sesong\u00e5pning i Toppserien Brann Rosenborg 3-0\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4128 \/ 2752;\"\/><\/p>\n<p>    I sesongopninga mot Rosenborg var det over 6000 p\u00e5 stadion.<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p><b>Det er lov \u00e5<\/b> h\u00e5pa at engasjerte grupperingar som \u00abJenter med b\u00f8ttehatt\u00bb og \u00abRakkadis\u00bb kan lokka nye grupper og fleire jenter til Stadion.<\/p>\n<p>Den beste garantien for at publikum skal m\u00f8ta opp, er uansett at laget leverer varene p\u00e5 bana. Det er \u00f2g det som m\u00e5 til for at Brann skal f\u00e5 inn meir sponsorpengar.<\/p>\n<p><b>B\u00e5de publikumsvekst og<\/b> sponsorvekst er nemleg det som skal til for at Brann skal greia \u00e5 henga med i det europeiske selskapet.<\/p>\n<p>Utviklinga skjer nemleg fort. Inntektene som i fjor var nok til \u00e5 plassera Brann p\u00e5 15. plass i den internasjonale rangeringa ville \u00e5ret f\u00f8r ha plassert klubben p\u00e5 11. plass og ein 6. plass \u00e5ret f\u00f8r.<\/p>\n<p><b>Likevel er det<\/b> p\u00e5 ein heilt annan planet enn i herrefotballen. I sommar gjekk Hulken fr\u00e5 Fana, Aune Heggeb\u00f8, til niv\u00e5 to i engelsk fotball. Overgangssummen p\u00e5 65 millionar kroner er ganske illustrerande for skilnaden p\u00e5 pengane i herre- og kvinnefotballen.<\/p>\n<p>Kj\u00f8pesummen middelhavsfararen i Championship kunne betala for ein bergensk spiss utan a-landskampar, tilsvarar inntektene som trengst for \u00e5 driva ein heil topp ti-klubb p\u00e5 kvinnesida. Som Liverpool eller Paris Saint-Germain.<\/p>\n<p><b>Det viser at <\/b>det i motsetning til p\u00e5 herresida, faktisk er realistisk at Brann faktisk kan henga med blant dei 15\u201320 st\u00f8rste klubbane.<\/p>\n<p>I eit debattinnlegg i BA<a href=\"https:\/\/www.ba.no\/mikal-telle-er-skuffet-over-mangel-pa-kok-for-brann-det-er-nettopp-i-situasjoner-som-dette-bergen-pleier-a-vise-seg-fra-sin-beste-side\/o\/5-8-3119407\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\"> ber musikkmanager Mikal Telle ei rekke akt\u00f8rar i Bergen om \u00e5 skjerpa se<\/a>g, og f\u00e5 opp auga for potensialet i jentesatsinga i Brann. Han ber b\u00e5de oss i media, publikum og n\u00e6ringslivet om \u00e5 vakna.<\/p>\n<p><b>Telle har rett<\/b>. Etter ein veldig lovande start, skjer ikkje utviklinga rundt kvinnene i Brann fort nok.<\/p>\n<p>Ei slik satsing b\u00f8r ikkje skje gjennom at kvinnelaget skal subsidierast av engasjementet rundt herrelaget, men eit ektef\u00f8lt l\u00f8ft for \u00e5 sikra at jentene er konkurransedyktige.<\/p>\n<p>Det er kvinnesatsinga som m\u00e5 generera inntektene. Det vil bety mykje for jenter i Bergen. Mykje for norsk idrett.<\/p>\n<p>Det vil krevja at b\u00e5de Brann, sponsorane og bergensarane tar sats og satsar p\u00e5 jentene. Det hadde verkeleg kledd Bergen.<\/p>\n<p><b>Ute i Europa <\/b>skjer utviklinga no. Der er det ingen som har tenkt seg \u00e5 venta p\u00e5 Brann.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3891\" height=\"2594\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/DSC_7352_kopi+%282%29.jpg\" alt=\"UEFA Womens Champions League, kvartfinale Barcelona - Brann p\u00e5 Johan Cruyff stadion i Barcelona. &#10;&#10;Signe Gaupset\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3891 \/ 2594;\"\/><\/p>\n<p>    Signe Gaupset og Alexia Putellas i aksjon i Champions League i fjor. Begge spelar for klubbar som Deloitte rangerer blant dei 15 st\u00f8rste i verda (!).<br \/>\n    Foto: Skjalg Ekeland\n  <\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3122780\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/eb9df5c9-d863-45fa-ae1b-24105f427e10.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Gaupsets gladmelding f\u00f8r gullkampen\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3116275\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/_TzF6cM0gfc+%281%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Dr\u00f8mmestarten fortsetter\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3110821\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/SE1_3229+kopi.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Hyller nyansettelsen: \u2013 Den beste treneren jeg har hatt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Torsdag n\u00e5dde Sportsklubben Brann den s\u00e5rt etterlengta milep\u00e6len. Etter \u00e5 ha mista avansementet med minst mogleg margin to&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":9496,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,37,266,30,28,29,1533,418,1382,83,82],"class_list":{"0":"post-9495","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-kommentar","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-sk-brann","16":"tag-solve-rydland","17":"tag-sport","18":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9495","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9495"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9495\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/9496"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9495"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9495"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9495"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}